søndag 14. mars 2021

HIS-1020 Ⅱ: Samandrag av Richard Kieckhefer: «The First Wave of Trials for Diabolical Witchcraft» frå The Oxford Handbook of Witchcraft

Forsida på The Oxford Handbook of Witchcraft.
Forsida på The Oxford Handbook of Witchcraft

Det hjelper meg å arbeide med teksten medan eg har han friskt i minne. Dessutan såg eg at det at eg faktisk har skrive på bloggen min igjen, har ført til ei nærast eksplosiv aukning i besøkstall, med 129 lesarar i går; det motiverar (og legg kan hende noko press på skuldrane òg?). Til forelesinga i morgon har me fått heile del to av Brian P. Levack (red) si The Oxford Handbook of Witchcraft in Early Modern Europe and Colonial America (Oxford University Press, Oxford 2013 (heretter: OHoW)) å førebu. Eg trur det kan vere ein trykkfeil, men det gjer meg ingen ting å lese mykje. Nedanfor fylgjer eit samandrag av første artikkel: The First Wave of Trials for Diabolical Witchcraft, Richard Kieckhefer, OHoW.

Dette vart opphavleg skrive då eg skulle ta HIS-1020, og eg trur eg byrja å skrive det berre eit par dagar etter den første posten – HIS-1020 Ⅰ: Dei europeiske trolldomsprosessane, første forelesning – ɔ: ikring fredag 24. august 2018. Eg blei aldri ferdig, for det blei for mykje å gjere for meg, men no, berre to og eit halvt år seinare … kan han endeleg lesast. Eg tok aldri meir enn dei første forelesingane, av di eg fekk godkjent eit 3000-emne eg tok som erstatning for 1000-emnet, skjønt dei ville ikkje gjere det umiddelbart, av di dei meinte at eg ikkje kunne erstatte eit 1000-emne med eit 3000-emne. (Ja, faktisk‽). Det var sjølvsagt berre tull, så då dei fekk ein skriftleg søknad frå meg på det, fekk eg han som venta godkjent. Den personen som sa at det ikkje gjekk an, var den same som skreiv til meg for å seie at søknaden blei godkjend.

Alle referansar i det følgjande er til Kieckhefer om ikkje anna står nemnt. Eg har vald å ikkje nemne sidetal undervegs, då det er godt nok referert med overskriftene eg har brukt, som tydeleg peikar til teksten hans.

Innleiing

Om kvifor det kumulative konseptet ikkje fungerar, sjå lenger ned.

Det var færre heksesaker i det femtande århundret – og dei var meir sporadiske – enn kva som skjedde i dei to neste hundreåra, men det var på denne tida konseptet om hekseri og diabolisme kom til. På byrjinga av det tjuande århundret verka den innverknadsrike Joseph Hansen, og verket hans Zauberwahn, Inquisition und Hexenprozeß im Mittelalter, und die Entstehung der großen Hexenverfolgung (München 1900) la grunnlaget for mykje av den moderne forskinga på hekseprosessane. Han presenterte eit kumulativt konsept, der elementa for hekseriet blei lagt til eitt etter eitt:

Her kjem ein påstand som ikkje lenger held:

I mellomalderlatin var vokallengda døydd ut, men eg har likevel valgt å markere ho. Kva endringa i uttale gjorde med trykkplassering, veit eg ikkje, men det er ikkje utenkjeleg at ord der klassisk latin fikk trykket på tredje siste staving i staden for nest siste, av di nest siste var kort, fortsatt var slek, kan hende særleg når me nærmar oss renessansen, då mange av dei klassiske tekstane vart gjenfunnen.

Dette var det eg opphavleg skreiv, men mellom anna poesi syner oss at dette ikkje er ein haldbar påstand. For meir om dette, rådar eg deg til å ta ein titt på Polýmathy, eller (om du har tilgang til det) Philomen Proberts kap. 7 Latin Vowel Length frå Latin Grammarians on the Latin Accent: The Transformation of Greek Grammatical Thought (Oxford Scholarship, 2019).

  • [hekse]sabbaten
  • flukta (bm: flyginga) til sabbaten
  • djevlepakta
  • samkvem med incŭbī og succŭbī
  • forheksingar, altså mălĕfĭcĭum gjort ved hjelp av Satan eller etter ønske fra han

Det har vore vanleg for historikarar å følgje Hansen si tenking, men Kickhefer meiner det er på tide å sjå meir nyansert på fremveksten av hekserikonseptet. I staden for ei lineær utvikling, grunnlagt i 1320 då demonisk magi vart definert som kjetteri, meiner han at me må heller sjå på prosessen som samansatt av samanknyting (coalescence), spreiing (diffusion), samansmelting (fusion), og svekking (attenuation). Sjå den fine rekka av latin – på engelsk. Kva hadde engelsk vore utan latin? Kom ikkje og seie at du ikkje har nytte av å kunne latin.

Lausanne-paradigmet om diabolsk hekseri i tekstar og rettsforhandlingar

Ikkje alle hekser blei sett på som onde. Moder Shipton var ei heks frå nordlege Yorkshire, som tydelegvis døydde naturleg. Ikkje overraskande har ho billedleg blitt bevart som a hag, men minnet av ho har no blitt heidra i form av ein statue, og kunstnaren valgte å heller avbilde ho naturleg.

BBC: Knaresborough campaign for Mother Shipton statue.

Bilete: BBC: Mother Shipton statue unveiled in Knaresborough.

Hekseri blei allereie frå tidleg av definert som eit konsept, og me har to kjelder å støtte oss på for dette. Dette er dokument som blei til i heilt spesielle omstende, så dei kan ikkje reknast som all-mellomalderske definisjonar på kva hekseri var. Dokumenta det gjeld er:

  1. Nokre tekstar frå 1430-talet, som omtalar hekseri i Sveits og omegn, og
  2. eit manuskript frå Lausanne med inkvisitørprotokollar frå byrjinga av 1430 til tidleg 1500-tal.

Det er i spreiinga av dei me ser kor mykje dei tydde. Det sistnemnte av dokumenta gjev den mest komplette definisjonen av kva hekseri var, og han vel å omtale dei samla som Lausanne-paradigmet.

Første dokumentblokk omtalar hekseprosessar, altså rettsforhandlingar, som forteljer om hekseri som har kome til syne i tidlegare tiltalar. Det er i dette dokumentet me får lese Hans Fründ si omtale av heksene frå fransktalande Valais, omtalt i forrige bloggpost, som var skuldige i evil, heresy, and sorcery (boßheit und ketzerÿe und zŏberÿe). OHoW, ss. 160f.) Men andre kjelder frå same område og tid støttar ikkje påstanden til denne Fründ. Me kan frå inkvisitørprotokollar høyre om kjettarar som fer til synagogar for å gjere ugjerningar, medan avhandlingar – som med Fründ – gjev noko meir fargerike skildringar av kva heksene gjorde. [Følgjande punktum: Mi slutning.] Rettsprotokollane, som har til hensikt å få så solide dokument som mogleg for å kunne dømme kjettaren, er altså mindre kreativt fordømmande enn kva dei lærde avhandlingane er. Det er til og med avhandlingar som eksplisitt hevdar at dei verste påstandane mot hekser er oppspinn. Noko semje om kva dei skulle ha gjort, finn me lell:

  1. Hekser deltar i samlingar leidd av Satan eller ein demon;
  2. dei fornektar trua si, skjendar heilagdomar og gjer ofringar til djevelen;
  3. dei lærer om forheksingar (som brygging av skadande drikker og å hindre menneskeleg forplantning) frå Satan eller ein demon;
  4. dei drep barn, tar lika til samlinga for å ete dei, og lagar onde pulver av restane.

Eit tema som gjerne går igjen, er usemje om meir fantastiske ting: I nokre verk framhevast det korleis heksene har ulike syndige former for sex; andre verk nemner ikkje noko om dette i det heile; nokre verk omtalar hekseflukten på kjeppar eller liknande, andre meiner dette er oppspinn; nokre meiner kvinner lettare lét seg fristas av hekseri enn menn, men ikkje alle er einige i dette; nokre hevdar heksene skriver kontraktar i blod – ei pakt – men andre nemnar det ikkje. Det dei alle er samde i, er at det er tale om ei ny form for sekterisk aktivitet i allianse med Satan, og at ho truar kristenheita.

For å forstå korleis desse kunne bli vektlagt som dei blei, når dei ikkje ein gong greide å bli sams, må me vite at det på denne tida dukka opp eit nytt medium: pamfletten. Det engelske ordet brukt, tract, blir i Oxford Dictionaries definert som A short treatise in pamphlet form, typically on a religious subject, og opphavet sporast til sein middelengelsk som […] (denoting a written work treating a particular topic), apparently an abbreviation of Latin tractatus (see tractate). The current sense dates from the early 19th century. Kun Errōrēs Gazariōrum (gazarienes feilgrep) og Tholosan sitt verk kom i pamflettform, og fikk dermed stor spreiining lokalt. Men det var Nider sitt verk, større og meir intellektuelt, som greidde å bli spreidd til eit stort publikum og etablere han som ein stor intellektuell. Det blei mykje «stor» no. Det var Nider som skreiv Maurtua (Formicarius), som omhandla aktivitetane i Bern-Alpane og omegn. Men sjølv om han var stor blant intelligentsiaen, var det pamflettane som danna grunnlaget for folkeoppfattinga av kva hekseri var.

Bilete frå phys.org som visar korleis iskappa låg over nordkalotten, henta frå artikkelen Sea-ice formation sustained the ‘Little Ice Age’.

Mange har spekulert på korleis klima- og sjukdomsforholda innverka på hekseprosessane. Det var mange uår, særs kalde vintrar og blaute somrar, og dette fekk toppunktet sitt ikring 1437–8. Det var nett på denne tida at to av dei viktigaste skriftene om hekseri blei skrive. Vêret, uforutsigbart som det alltid har vore, var på denne tida naturleg nok knytt til kampane mellom Guds og Satan sine tenarar; å knyte uår til personar ein meinte stod i teneste til djevelen, var berre naturleg etter datida sitt verdsbilete. I tillegg vaks byane voldsomt, som gjorde at sjukdom spreidde seg raskt og valdsamt. Sjukdom og matmangel kan gjere einkvar desperat.

Det ser ut til at hovuddelen av rettsforhandlingane blei gjort av dominikanske inkvisitørar (eller viseinkvisitørar). Sjølv om den enkelte ikkje forestod meir enn tre saker, er det på det reine at dei kommuniserte med kvarandre, og sakene ber preg av formalisering i form av likelydande, leiande spørsmål. Heksene blei utspurd om forholdet sitt til djevelen, og korleis han såg ut, og kva ho/han betalte han; fornektinga av Gud eller andre delar av det høgste kristne, og dessutan korleis dei skjenda heilagdomar; deltaking i aktivitetar med andre hekser, som samlingar (sekter og synagoger), og reise dit; eting av barnekjøt, dreping av barn og gravskjending; analsex mellom hekser; bruken av blåbrennande flammar; dessutan ugjerningar gjort under demonisk bod, som å bryte religiøse plikter og vanhelliging av nattverden; og forheksingar, som drap av menneske og dyr ved demoniske pulver.

Under avhøyra, var det ikkje uvanleg med forteljingar om korleis dei i desperasjon hadde blitt tilbode hjelp av ein framand og då blitt tatt med til samlinga. Naturleg nok vart heksene spurde ut om så mange andre namn som mogleg. All avvikande åtferd – som treige svar, endra svar, tilbaketrekking av tilståing – blei bøta på med tortur.

Det at me kan lese protokollar med tilståingar som er så like som dei er, frå så mange ulike område, vitnar om prosedyrisk framgangsmåte. Dommarar og påklagarar kjende nok heilt sikkert til både andre nærliggjande stadar for trolldomsprosessar, og ikkje minst dei rådande teoretiske verka.

Faktorar som bidrog til utviklinga av det klassiske paradigmet

Kva førte til kva? Var tekstane opphav til hekseprosessane, eller var hekseprosessane opphav til tekstane? Kieckhefer meiner at dei skjedde samstundes – at dei begge forverra kvarandre sin innverknad på samfunnet. I mange tilfelle ser det ut til at lærde tekstar om hekseri var inspirert av forfattaren sine erfaringar som dommar. (Desse tekstane hadde stor innverknad! Nider, til dømes, blei lese like inn i det 17. hundreåret. ɔ: forfattaren Johannes Nider, han som skreiv Formicarius på 1430-talet, som nemnt over.) Ein annan viktig faktor var hendingane som blei meldt inn av folket sjølv. Dei som vart skulda for å vere trollfolk, var gjerne upopulære hjå dei andre der dei budde, og kunne ha eit heilt liv med skuld for uhell – som forheksing av krøter, skade, eller erotisk magi – lagra i bygdeminnet. Slike historier blei samla opp skriftleg gjennom rettsforhandlingar og lærde verk, nettopp i den tida då dei sekulære intelligente byrja å synast.

Inkvisisjonen var på den eine sida foregangsmenn innan rettsforhandlingar og krav til prov, og på den andre sida ei av dei mest grufulle forlengingane av kristendomens grufulle tyranni som nokon gong har eksistert.

Ei anna kopling som er gjord, er mellom kjetteri og hekseri; dette skuldast mellom anna at inkvisitørane var kjettar-jegarar. Hypotesa om at inkvisitørane hadde utsletta det meste av kjetteriet, så dei no retta merksemda mot trollfolka, er ikkje lenger anerkjend. Fleire av skuldingane trollfolka vart utsette for – som nattesamlingar, orgiar og djeveldyrking – var gamle skuldingar retta mot kjettarar. Også datidas skrivarar såg koblinga mellom kjetteri og hekseri, men når dei lærde tala om hekser som hēréticī, tala dei ikkje om det same som allmugen. Kieckhefer refererer til Wolfgang Behringer, som viser korleis vanlege folk si kopling mellom «heretikk» og hekseri kan forståast med at Vauderie etter kvart blei brukt synonymt med diabolsk trolldom, som dermed kopla det til waldesianismen, ei av dei verste formene for kjetteri frå tidlegare tider. Eit anna døme på Vauderie kjem lenger ned.

Inkvisitørane skilde mellom ordinært kjetteri og trolldomskjetteri. Medan ordinære kjettarar berre streid imot den etablerte kirkelæra, og oppretta alternative sekter som ville gjenopprette den reine læra, var trollfolka ultimate kjettarar, i det dei som djeveldyrkarar søkte ei styrting av kirka i det heile.

Eit tredje spørsmål som blir diskutert, er geografien. Sveitseralpane representerte mykje på same måte som Finnmark (dette siste leddet er mi tolking) ein konflikt mellom lekfolk og embetsfolk, mellom dei danna og dei udanna. Nider spelar utvilsomt på fintfolket og byfolket si oppfatning av kva mystiske ting som skjedde i fjellheimen, og det er nettopp oppi fjella den første mytologien om hekseri oppstår. Fram til ny tid (den gong da), hadde desse fjellandsbyane vore nokså fjerntliggjande; no var dei enklare å reise til – altså nærare. Når autoritetane i tillegg kryssa ikkje berre kulturelle, men også språkelege grenser, er det ikkje til å undrast over at det gjekk ut over dei lokale.

Spreiing av Lausanne-paradigmet i svekka form: fransktalande territorium

Spreiinga av trolldomssakene viser korleis det kumulative konseptet ikkje kan forklare trolldomsprosessutviklinga. I fransktalande område eller andre område enn kjerneområda, hang ikkje forklaringane saman lenger, slik dei hadde vore vane til å sjå dei. Sjølv om me les om mange av dei same vedkjenningane – djevelpakt, skjendinga av heilage ting og stader, sex med Satan og liknande – manglar likevel sentrale element, som det å ete menneskekjøt. I andre saker, ser me igjen mange av dei same tinga, men viktige element er endra, som til dømes at djevelpakta ikkje er knytt til sabbaten, eller at trua fornektast utanom sabbaten. Gjennom heile dei franske territoria var det trolldomssaker i det femtande århundret, men dei er aldri like utvikla i skuldingane som i meir sentrale strøk, som Lausanne.

Regionale alternativ til det klassiske paradigmet: italiensk-talande territorium

Det er fleire problem med det kumulative konseptet enn det franske: manglande omsyn til andre hekseforteljingar enn den tyske. Det fantes myter som hadde andre innhold, som strega-ene i Italia. Det ser ut til at dette er ein tradisjon som har blitt teke vare på i moderne tid, som til dømes i USA. Om dette er noko av same slag som wicca-trua, veit eg ikkje, men det kan vere interessant å undersøkje det. Ei strega skal ha floge rundt nattestid med ei eller to andre streghe (utt.: stre:ge, ikkje stre:dzje) for å bryte seg inn hjå folk og suge blodet ut av spedbarna deira, ei handling som vart kalla stregoneria. Igjen: hard g. Kieckhefer refererer til Ugolino Nicolini som har gravd frem ei saksrekkje som gjekk frå 1445 til tidleg 1500-tal, med skuldingar liknande dei nemnde over om Vauderie. Som i dei tysktalande områda, heldt skuldingane seg stabile over lengre tider (her er det snakk om eit halvt hundreår), i motsetning til døma frå dei franske områda.

Streghe var meir framstilt som innbrytarar heller enn som sabbatssamlande hekser. Dei forbraut seg på heimane til folk, heller enn kirka, og var i så måte ikkje en kirkeleg trussel. Myta om dei kan sporast tilbake til romarane sine forteljingar om nattflygande ugler som strigēs, som på norsk tilsvarar ugler som kattugleStrix aluco. Eg må be om orsak, for eg må berre ta ein liten digresjon:

It was when I learnt the Latin for ‘screech-owl’ in my first lesson that I first thought there must be a better way.

Jerry Toner
Latin Key Words, s. vii.

Det kan sjå ut til at aluco kjem av gresk ἀλύκη. Dette kan igjen ha noko å gjere med anten ἀλυσμός (liding, støy, angst), eller kan hende med Λύκειος, avleia av anten λύκος (ulv) eller λύκη (ljos). Eg tenkjer det er mest sikkert at det er kobla til det siste, då med prefikset ἀ-, som uttrykkjer mangel/fravær av noko. Det blir då ei ugle som er utan ljos.

Finally, I should like to thank the Oleander Press for giving me this chance to give newcomers to the wonderful Latin language a means of putting the screech-owl behind us all.

Op. cit., s. ix.

Ja, eg er glad i språk – så slike digresjonar gjer meg glad. Faktisk var det her den opphavlege posten min stoppa, så alt som kjem under, blei skriven søndag 14. mars 2021.

Å begrense opphavet til Pays de Vaud er til lite hjelp. Medan Lausanne-paragdigmet i stor grad kom frå inkvisitørane sine forhøyr, fortel kjeldene oss at frå sakene at Perugia-krinsen hadde sitt eige paradigme som hadde rot i lokal folketru med røter heilt tilbake til romarane, jamfør det eg skreiv over om nattuglene eller strigene (ein strī̆x, fleire strī̆g|ēs). Men etter at desse forteljingane blei kjende utafor det lokale området, blei dei samanføyde med andre forteljingar som hadde vore vel så distinkte. Martiale Espaze stod for retten i 1491, først tiltala for å forheksing, men deretter for både Lausanne-paradigmet og dessutan det italienske strega-paradigmet. På same måte som strega, gjekk dei til åtak på born i senga, både med å trykkje dei ned, og eitt tilfelle av å ha hatt pulver i munnen til ein unge – som sjølvsagt gjorde at ungen døydde. Espaze var opphavleg ikkje knytt til sabbaten (sjølv om det er ein referanse til eit bornedrap etter ein sabbat); det viktige å sjå her, er korleis den opphavleg lokale myta om ho med tida hadde fått lånt inn trekk frå større regionale tendensar.

Diana fra Versailles. Skulptur i marmor fra ca. 345 f.Kr. Louvre, Paris.
Diana fra Versailles. Skulptur i marmor fra ca. 345 f.Kr. Louvre, Paris.
Av Ukjent/KF-arkiv.
Lisens: Falt i det fri (Public domain)
Henta frå Store norske leksikon.

Diana-spela (spel: lūdus) var eit anna nytt trekk i dei italiensktalande områda, og me ser det frå 1384 i Milan. Som ein kan vente med ein slik assosiasjon, handla det her om kvit magi: heling. I andre område hadde samhandla dei med Djevelen, med alle dei vanlege hendingane, som kannibalisme, og dyre- og barneblodsofring (puerōrum striātōrum). Ein ser hint av den større mytologien, men i bunnen meir lokale trekk, som at ei kvinne er leiar og ein tematikk kring gåver (frå avling o.l., skulle eg tru) og samhald. Det er i det heile høgst truleg at det ein her ser omtala, er lokale feiringar som inkvisitørane tolka på verst moglege måte. Kieckhefer påpeikar at:

It is in this context that the views of Carlo Ginzburg become most plausible: that the mythology of witchcraft can be represented as resting on a misconstruction of actual folk beliefs and customs.

Regionale trekk er sterke, dei held seg ved og strekkjer seg gjerne forbi 1400-talet, og skrivarane har urovekkjande lett for å slå saman tradisjonar til å fremje kva enn for eit poeng dei ser nødvendig.

Regionale alternativ til det klassiske paradigmet

Vedvarande regionalisme er ikkje fasiten for heile Europa, som dei tyske områda er eit glimrande døme på: Her blei sakene heller gjennomført av dei sivile styresmaktene. Kjeldene er tvetydige, og dei rettar fokuset heller på kva materialar dei brukte enn på kva dei prøvde å oppnå; dermed ser me kjeldene omtale trolldomsplanter, stoff teke frå ofra frå galgane, men sjeldan omtaler av kva dei ville gjere med dette. Når ein ser desse prova samla, får ein eit bilete av kva trolldom dei blei dømde får: værtrolldom (over halvparten av sakene), leikamsskade og drap (nest mest vanlegast), skade på dyr (og særleg å stele kumjølk), og kjærleikstrolldom. Ein ser dessutan at dei sivile dommarane ikkje alltid var trygge på korleis dei skulle handsame sakene, og at dei til og med rådslo seg med kyrkjefolk og «heksemestarar» (inkvisitørar), men òg med fagfellar frå andre stadar, som me ser dokumentert i brev.

Bystyra handterte på denne tida også blasfemi, sodomi, tvilsam religionsutøving og trolldom, men synte liten interesse for diabolisme, sjølv om me av og til kan sjå at dei vedkjende dette (som til dømes med at dei dømde skal ha fått kreftene frå Djevelen). Sjølv om me kan lese tilståingar om samkvem med Djevelen og/eller å ha frasagt seg Gud og hans tilhøyrande, ser me ikkje ting som heksesabbat eller konspirasjonar.

Enda lenger unna dei italienske områda, som i England, har me enda mindre av mønstra frå søndre Europa. Enda Johannes Nider tala tysk, og forfattaren av Malleus maleficārum var ein tysk inkvisitør og lånte mykje frå Nider, er det nesten inkje å sjå av paradigma frå sør. Sjølv om Heksehammaren har hint til paradigma, til og med reine attgjevingar av dei, passar dei tyske døma rett og slett ikkje inn i importmytologien hans. Når sjølv ikkje forfattaren av Heksehammaren greide å gjere om dei tyske tradisjonane i verket sitt, slik at dei passa med mytologien han ville skape, fortel dette oss at regionalismen i hekseforfølgjingane var sterk.

Kritikk og skeptisisme

Dei fleste av oss, når me tenkjer på intellektuelle strømningar frå 1400-talet, tenkjer anten på renessanseanden, eller på hekseri og dermed demonologi. Det er nettopp dette me finn i det som er bevart frå tida: på den eine sida overtru og trolldomsfrykt; på den andre sida litteraturkritikk av nettopp denne overtrua. Når det gjeld det siste, var dei ikkje berre kritiske til dei som hadde slik tru, men også til dei som trudde at slik overtru hadde noko kraft i det heile, og dei som forfulgde slik tru, ɔ: rett og slett å ha tru på at noko slik ein gong skulle vere noko å forfølgje. Faktisk var det folk som kritiserte sjølv trua på hekseflukt, og dermed og at det skulle skje noko slikt som at dei flaug til heksesabbat og at heksesabbaten ein gong skulle kunne skje; å stille folk for retten for slikt, var dermed – for dei som hevda å vere meir opplyste – berre tull. Rådgjevaren Ulrich Molitoris meinte at mesteparten av det som blei sagt at heksene skulle ha gjort var umogleg, men at dei inngjekk pakt med Djevelen var fortsatt noko som måtte straffast; medan teologen Marin Plantsch meinte at hekseflukt var umogleg, men at vêrmagi og anna forheksing var mogleg.

I Valais, nokså nære hjartet av Lausanne-paradigmet, har me ei sak frå 1467 der tre hekser som skulle avrettast trakk inn ei enke frå Chermignon d’en Haut: Françoise Bonvin. Ho blei arrestert og stilt for retten, men hadde solid forsvar:

The first argument for Bonvin’s defence had to do with how the devil tempts people. Her accusers had told hair-raising tales of their encounter with the devil, who appeared in hideously misshapen form with fire coming from his mouth. The defence insisted that when the devil seeks to deceive people he begins not by terrifying them but by blandishments to allure them. Secondly, the confessions of Bonvin’s accusers had centred largely on witches’ manipulation of the weather, but weather is under the control not of the devil or of humans but of God. To believe otherwise is heresy, ascribing to a creature the power belonging to God alone. The accusers told of killing a child and taking its body to their synagogue, where they ate it. But the cemetery where the child was buried was surrounded by many houses, and the witches could hardly have exhumed the body without being seen and heard. Further, it was not clear how many days had passed between the killing and the eating of the child, or whether the body had been preserved with salt or had decomposed, or how they could have eaten it once decomposition set in.

Sixty-seven witnesses from the vicinity were then interrogated, including the clergy at Bonvin’s parish church. They testified that she was of a good family, had lived an upright life, and had had a favourable reputation until recently defamed. She adhered to the Catholic faith, performed good works, attended church regularly, heard mass devoutly (although not always arriving on time), made the sign of the cross, confessed her sins and received communion at Easter time, and gave alms. She knew the Catholic faith in the manner of peasants, and had taught it to a young girl competently if simply. She had been charged with arousing a destructive storm, a flood, and a snowfall in July, but at the times each of these events occurred she had a convincing alibi. Witnesses also told of enmity between Bonvin and one of the accusers, with whom she had quarrelled over rights of pasturage. Bonvin evidently had a quick tongue and was eager to spread her own suspicions about her neighbours’ misconduct. Still, the evidence in her favour was overwhelming, and the bishop issued a formal statement of her innocence, restoring her to freedom and possession of her property. Alas, another witch then accused her; she was again arrested, interrogated, and tortured, but seems a second time to have been also released as innocent.

Det er interessant å merkje at me har beretningar om sterk motstand mot trolldomsrettssaker. Men med skrivinga av Malleus maleficārum og pave Innocent VIIIs Summīs dēsīderantēs affectibus prøvde dei å få has på slik motstand. For meg ser det ut til at det var enklare å få folk til å godta forheksing som reelt, medan diabolsk heksekunst var verre, sidan det kravde å slutte seg til eit heilt nytt trusregime, ein mytologi som var framand for dei fleste, i alle høve i Nord-Europa.

Konklusjon

Den første bølga med trolldomssaker var meir kompleks enn kva me har vore vane til å lese før: Det var ikkje så enkelt som at ein berre pakka på med stadig fleire konsept. Regionalismen var sterk gjennom heile seinmellomalderen og ein såg til og med nokre protestere. Regionale trekk lot seg overføre mellom regionar, men berre til ein viss grad. Dei fyrste heksejegarane og demonologane ga dermed ikkje Europa ei ferdig pakke for kva som var trolldom og hekseri, og å løyse dette skulle bli dyrt og kostbart, i alle høve i menneskeliv og liding.

lørdag 13. mars 2021

Omsut

Omsut: Pakke med godsaker fra Norge. Foto: Tor-Ivar Krogsæter.
Å motta en slik pakke på døra, gjør virkelig dagen bedre! Her er alt man trenger i hverdagen for å føle seg litt nærmere Norge, kiæmpers Fødeland!: makrell i tomat, peppermakrell, brunost, kaviar og Twist!
Omsut: Brødskive med kaviar. Foto: Tor-Ivar Krogsæter.
Brødskive med kaviar – slikt gjør livet bedre. Hvis du ikke skjønner hvorfor, er det mye mulig at du ikke er norsk. For min del, uansett hvor mye flyttsame jeg er, enkelte ting blir man aldri lei av.

omsut: f1 omsorg.

om|sorg f1 (samanheng med syrgje) tanke på, vilje til å passe noko(n); omhug, omsut, omtanke; tilsyn
ha omsorg for seg og sine
dra omsorg for sørgje for, ta seg av (noko(n))

syrgje verb; el. sørge verb; el. sørgje verb (norrønt syrgja; av sorg) […]

Bokmålsordboka|Nynorskordboka

Den 26. februar kom det en veldig trivelig overraskelse på døra. Det var ikke en stor pakke, men det som var inni var fullt av forelderlig omsorg, den sorten du merker best av alt når du har dratt fra gamlelandet. Det er rart å være her i Skottland nå; det føles så mye lengre unna enn Tromsø var fra hjemme, selv om vi faktisk er nærmere. Det kan kanskje ha noe å gjøre med at vi i praksis ikke kan reise noensteds. Det er da, i slike tider, det er ekstra godt å få en omsorgspakke (som Yngvild kaller dem).

tirsdag 9. mars 2021

Det latinske språket lever!
Lingua latīna vīvit!

Jeg har i lengre tid vært spesielt interessert i levende latin, muntlig latin, lyden av latin … og dermed også i lyden av poesi og komedie. Prof. habil. Eystein Dahl bemerket dette i attesten jeg fikk fra ham; dét, og dessuten òg interessen min for komparativ lingvistikk. Dessverre har en jo vært forholdsvis isolert i Tromsø. Det lille miljøet av latinister som var der, bestod i praksis av ham og geriljalatinistene, prof. em. Synnøve des Bouvrie og dr. Per Pippin Aspaas. Etter at jeg ble kjent med Hans H. Ørbergs bøker, forsøkte jeg så smått å få til muntlig latin-aktivitet, men det viste seg vanskelig.

Logo «Latin & Ancient Greek Chat»
Logoen til «Latin & Ancient Greek Chat» (den er klipt slik som den vises her).

Men så oppdaget jeg Scorpio Martianus og Polýmathy. Førstnevnte er en kanal der alt pågår på latin, til og med undervisninga i antikkgresk! Sistnevnte er en kanal der han tar for seg språkrelaterte tema for øvrig, på engelsk, med fokus på latin. I dag fant jeg endelig noe jeg har lett etter (ikke fryktelig aktivt) nokså lenge: Hvordan jeg kan få kontakt med det høyst levende latinsamfunnet på nett. Det viser seg at de har gruppeprater via Zoom fire dager i uka for latin og to dager i uka for gresk! Her er timeplanen:

Timeplan for zoomprat på latin og gammelgresk
Klasse Dag Klokkeslett USA Klokkeslett Storbritannia Klokkeslett Norge
Latin Mandag 1900 ET 2400 GMT 0100 CET
(påfølgende natt)
Tirsdag 1300 ET 1800 GMT 1900 CET
Torsdag 1300 ET 1800 GMT 1900 CET
Lørdag 1100 ET 1600 GMT 1700 CET
Gammelgresk Tirsdag 1900 ET 2400 GMT 0100 CET
(påfølgende natt)
Lørdag 1300 ET 1800 GMT 1900 CET
Timeplanen er fra Latin & Ancient Greek Chats’ hjemmeside, og ble sist oppdatert her av meg 9. mars 2021.

Hvem kan delta?

Alle, uansett nivå – selv de som er helt nybegynnere – kan delta. De har ei lita liste over nyttige fraser som de anbefaler at man tar en titt på før man dukker opp, som følger:

  • Salvē/Salvēte: Hei! [til én], Hei! [til flere]
    Uttrykket i seg selv betyr omtrent vær vel eller nærmere hill deg jamfør «å hele».
  • Valē/Valēte: Ha det bra [til én/flere]
    Uttrykket er noe i retning av «vær vel»
  • Quōmodo dīcitur X?: Hvordan sier man X?
  • Quid significat X?: Hva betyr X?
  • Ut vales?: Hvordan går det med deg?
  • Bene / Sat bene/ Non valeo: Bra / Greit / Ikke bra
  • Grātiās tibi/vōbīs agō. Takk (entall/flertall)
    Egentlig: Jeg gir takk til deg/dere (Takk til deg/dere jeg gir).
  • Lībenter: Vær så god
  • Obsecrō: Vær så snill
    Her kan nevnes at quaesō er et godt alternativ.
  • Quid est nomen tibi?: Hva heter du?
    Egentlig Hva er navnet [gitt] til deg?
  • Nomen mihi est ______.: Navnet mitt er ______.
    Egentlig Navnet [gitt] meg er ______.
  • Intellegis(tis)ne?: Forstår du (dere)?
  • (Nōn) Intellegō: Jeg forstår (ikke)
  • Ita: Ja
    I latin er det òg vanlig å svare ja ved å gjenta verbet i første person entall. Spørsmålet over kan for eksempel besvares med intellegō.
  • Minimē: Slett ikke
  • Fortasse: Kanskje
  • Esne magister/magistra: Er du lærer/lærerinne?
  • Magister/magistra sum: Jeg er lærer/lærerinne.
  • Esne discipulus/-la: Er du student/studine?
  • Ubi habitās?: Hvor bor du
  • In X habitō.: Her er det da faktisk en skrivefeil på sida, ettersom det står habito i stedet for habitō. Jeg bor i X
  • In Norvegiā habitō: Jeg bor i Norge
  • Quid est hoc?: Hva er dette?
  • Cūr?: Hvorfor?
  • Quandō?: Når?
  • Quamdiū?: Hvor lenge?
  • Quō?: Hvor?
    ɔ: Til hvor?
  • Unde?: Hvorfra?
  • Quāle est caelum?: Hvordan er været?
  • Nūbilum cum occāsiōne pilulōrum carnī est: Overskyet, med mulighet for kjøttboller

Den siste der er min egen, og jeg tror det er riktig. Jeg er usikker på bruken av genitiv, men tror det blir riktig. Jeg får se hva jeg finner ut!

onsdag 3. mars 2021

Skriveråd fra Plinius den yngre

Plinius den yngre, statue fra fasaden på Santa Maria Maggiore-katedralen, Como, Italia. Hentet fra Encyclopædia Britannica
Plinius den yngre, statue fra fasaden på Santa Maria Maggiore-katedralen i Como i Italia. Foto: Wolfgang Sauber. Creative Commons. Bilde hentet fra Encyclopædia Britannica.

Til seminaret i morgen, med hovedtema «villaliv», er noen av Plinius den yngres brev blant litteraturen som skal forberedes. I to av brevene beskriver han villaen sin i Toscana, og i det andre av brevene de skal lese, etter å ha beskrevet villaen og omgivelsene i detalj, bemerker han at jeg skulle i det forutgående ha unngått å ikke synes å utbrodere, med mindre jeg hadde foreslått å ta deg med til hver en krok [av huset] med dette brevet. Med litt mer moderne språk blir dette kanskje noe i retning av: Siden jeg hadde foreslått å ta deg med til hver krok av huset med dette brevet, burde jeg ikke bli opplevd som fòr utbroderende i det forutgående. Så kommer da den gode Plinius med et godt råd:

In summam (cūr enim nōn aperiam tibi vel iūdicium meum vel errōrem?) prīmum ego officium scrīptōris exīstimō, ut titulum suum legat atque identidem interroget sē, quid coeperit scrībere, sciatque, sī māteriae immorātur, nōn esse longum, longissimum, sī aliquid arcessit atque attrahit.

Summa summarum (for hvorfor skulle jeg ikke avdekke både meningene og feilene mine til deg?) har jeg som oppfatning at skriverens første plikt er at han leser tittelbladet¹ sitt og at han spør seg regelmessig hva han satte seg fore å skrive; og han vet, hvis han er dveler over tematikken, at det ikke kan bli langtekkelig; høyst langtekkelig [blir det derimot], hvis han kaller fram noe annet og haler det ut.

Plinius den yngre: Brev, bok V brev 6.
(Linjetall ikke angitt.)
Lest på Project Gutenberg.

Rådet er altså enkelt: Hold deg til saken du presenterte innledningsvis, så blir det ikke for langtekkelig. Han forteller at han ikke tror det er til plage om å lese om et sted det ikke hadde vært leseren til bry å beskue, særlig ikke når man kan sette seg ned og ta en hvil når man ønsker, legge brevet til sides, og man leser om noe skriveren har kjært.

Skriv et brev i dag; det er sikkert lenge siden du gjorde det siste. For min del er det en fantastisk måte å sortere tankene mine på, særlig når ting har vært litt tyngre. Jeg har blitt mer og mer glad i å skrive brev, å sette av tida jeg setter av til det betyr at jeg faktisk tar meg tid til å reflektere, tenke over hvordan jeg selv har det, sette ord på det og føle med hele meg. Det er sunt det.

tirsdag 2. mars 2021

Rollespel: Alternativt talsystem Ⅰ

Bilete av nokre forskjellige talsystem frå verda
Leirtavle frå Tell al-Dhabba’i i Irak; tisida terning med romartal; inskripsjon frå Hannibal funne i Tarquinia; gotisk runetal, talet 900; og prisar på kinesisk frå ein kinesisk Michelin-restaurant. Alel bileta er frå Wikimedia Commons.

Dei fleste av oss er vane til å tenkje kun i eitt talsystem: titalsystemet. Men gjennom historia har menneske brukt mangfoldige ulike talsystem, og av desse er kan hende dei best kjende babylonarane sitt heksagesimale (eller seksagesimale) talsystem (sekstitalsystem), datamaskinane sitt binære talsystem (totalsystem), dataverda sitt heksadesimale talsystem (sekstentalsystem), og kanskje òg tolvtalsystemet som me kjenn att frå historiske pengar, mål og vekt. Men problemet me har i dag når me skal attgje desse, er at me brukar anten kun dei ti sifra me har og legg til ekstrateikn (som A–F for 10–16), eller talar om til dømes tolvtalsystem med utgangspunkt i dei ti sifra med brukar og titalsystemmåten å forstå rekning på. Men har du tenkt på at me har eigne ord for 11 og 12? Så korleis kunne eit sant tolvtalsystem ha sett ut og verka?

Dette er den første av to postar; i den neste kjem eg til å presentere korleis talsystemet eg har tenkt meg kan sjå ut; i denne posten skal eg presentere opphavet til talorda elleve og tolv, og korleis talsystem verkar.

Dei andre postane om talsystem:

Om tala 11 og 12

No er det ikkje heilt rett at me har heilt eigne ord for 11 og 12. Ja, dei skil seg frå ein og tjue, to og tjue, ein og tretti, to og tretti o.s.b med at den første einar-pluss-tiar me får er på tredje trinn (ɔ: tretten). Merk forresten korleis me alle teljer på einaren først på ten-tala; me seier ikkje ti-tre, ti-fire, ti-fem, slik dei gjer i mange andre språk, som til dømes koreansk (십일, 십이, 십삼; 열하나, 열둘, 열셋)(ɔ: ② shib-il, shib-i, ship-sam; yŏr-hana, yŏl-tul, yŏl-set. ② = McCune–Reischauer-romanisering. På norsk blir det ordrett ti-ein, ti-to, ti-tre med sinokoreanske tal, deretter det same med ekte koreanske tal.) og kinesisk (og eg vil tru japansk); og dessutan i motsett rekkjefølgje i gresk, der elleve, tolv, tretten er ἔνδεκα, δώδεκα, men τρεῖσκαιδεκα (med eller utan mellomrom: ordrett «tre og ti»). Vidare, når me kjem til tjue pluss, beheld me tradisjonelt denne same måten å telje på, med å seie einaren før tiaren, og den same måten å telje på hadde dei òg i engelsk (four-and-twenty blackbirds … og jamvel i latin. Lell: Det norrøne opphavet til talorda elleve og tolv er jamfør ordboka slik:

elleve det. (norrønt ellifu; av I ein, og eit ord som har samanheng med leive og leve, eigenleg ‹ein over (ti)›) grunntalet 11

tolv det. (norrønt tolf) grunntalet 12

Bokmålsordboka|Nynorskordboka, oppslagsord: elleve og tolv.

Meir informasjon får ein frå Oxford English Dictionary:

eleven, adj. and n.

Pronunciation: /ɪˈlɛv(ə)n/

Forms: Old English endleofan, endlufon, endlyfon, endlyfan, ellefne (Northumbrian ællefne), Middle English endlevene, endleve, endluve Middle English enleve(n(e, enlevyn, (Middle English enlovene, Middle English onlevene), elleve(n(e, ellevin, ellyven, (Middle English ællevene, eolleve), Middle English–1600s elevyn, (Middle English eleivan), aleven, aleaven, aleuyn, Middle English– eleven, (1500s leauen, Scottish allevin, alewin, 1800s dialect ellebn, eleeben, lebn).

Frequency (in current use): [6 of 8]

Origin: A word inherited from Germanic.

Etymology: Common Germanic: Old English ęndleofon corresponds to Old Frisian andlova, elleva, Old Saxon elleban (Middle Dutch elleven, Dutch elf), Old High German einlif (Middle High German eilf, German elf), Old Norse ellifu (Swedish ellifva, elfva, Danish elleve), Gothic ainlif < Old Germanic *ainlif- < *ain- (shortened < *aino-) one adj., n., and pron. + -lif- of uncertain origin. Outside Germanic the only analogous form is the Lithuanian vënó-lika, where -lika (answering in function to English -teen) is the terminal element of all the numerals from 11 to 19.
The Old English, Old Frisian, Old Saxon, and Old Norse forms represent a type *ainlifun, apparently assimilated to *tehun ten adj., n., and adv. The theory that the ending is a variant of Old Germanic *tehun, Aryan *dekm ten adj., n., and adv., is now abandoned; some would derive it from the Aryan root *leiq or < *leip (both meaning to leave, to remain) so that eleven would mean ‘one left’ (after counting ten.)

Viktig å ta med seg her er det som står mot slutten, at dei gamle formene represent a type *ainlifun, apparently assimilated to *tehun ten Å assimilere i språkvitskap (fonetikk) er jamfør Oxford Dictionary å gjere […] (a sound) more like another in the same or next word. Eit døme på dette er det me gjer når me seier «spade»: Stor sett alltid vert det uttalt med ein /b/ – ikkje /p/, og i alle fall ikkje /pʰ/! – av di p-en blir følgd av ein vokal, og vokalar er stemde. Eg ser det som litt tvetydig slik forklaringa står her, men tolkar det dithen at det er varianttolkinga som no er forlaten, ikkje *ainlifun > *tehun > ten. Men kva med talordet «tolv»? Forklaringa frå den norske ordboka var fattigslig, men OED kjem til hjelp att:

twelve, adj. and n.

Pronunciation: […] /twɛlv/ […]

Forms: Illustration of Forms
α. Old English–1600s twelf, (Old English–1500s tuelf, Old English tuoelf) Middle English tweolf, ( Orm.) twellf, Middle English tueolf, twælf, twealf, twalf, Middle English twolf, Middle English twellif, -yf, Scottish tuelff (1500s twelef), 1500s–1600s Scottish twelff.

β. Old English twelfe (tuelfe, etc.), Middle English (Orm.) twellfe, Middle English–1600s twelfe, Middle English tuelfe.

γ. Middle English–1600s twelue, Middle English twælue, twalue, Middle English twelwe, Middle English–1500s twolue, Middle English tuelue (1600s twellue), Middle English– twelve.

δ. Middle English tuel, Middle English–1600s twel; Scottish1500s twoll, 1500s–1600s twell, 1500s–1800s twall, 1600s tuel(l, 1700s–1800s twal.

Frequency (in current use): [6 of 8]

Origin: A word inherited from Germanic.

Etymology: Common Germanic: Old English twelf , (also tuelf , and in Lindisf. gl. tuoelf ), = Old Frisian twelef , twilif , twelf (Old West Frisian tolef , West Frisian toalf ); Middle Dutch twalef , twaelf , twelef , twelf (Dutch twaalf ); Old Saxon twelif , twilif , twulif (Middle Low German twelf , twolf , twalf , Low German twölf ); Old High German zwelif , Middle High German zwelif , zwelf , German zwölf , Old Norse tólf , (Swedish tolf , Norwegian, Danish tolv ), Gothic twalif < Old Germanic *twaliƀi- , < twa two + liƀ- or lif- , of uncertain origin, but generally considered to belong to the same root as Old Germanic *liƀan to leave n.1, and thus to denote ‘two left or remaining over (ten)’; compare eleven adj. and n. Analogous formations to eleven and twelve are the Lithuania vênů′lika 11, dvýlika 12, in which the second element, Lithuania -lika, has also the meaning of ‘left over’. All other Indo-European languages have or had forms composed of ‘two’ + ‘ten’, like the numbers 13 to 19; compare Latin duōdecim, Greek δώδεκα, Sanskrit dwādaçan.

As an adjective standing before a noun Old English twelf was as a rule indeclinable; in other positions it was usually inflected, nominative-accusative twelfe, genitive twelfa, dative & preposition twelfum, but exceptions on both sides are found in Old English, especially in Northumbrian, and in Middle English twelfe, and at length twelve, became the form in all positions. Reduction to tuoel occurs once in Lindisfarne Gloss., and in Middle English and modern dialects twell, twall are frequent.

Det viktige å ta med seg her er at talordet (eller som det no heiter: «determinativen») «elleve» og «tolv» har i seg den same konstruksjonen: «ti-og-ein-til», «ti-og-to-til». Talorda som skil seg så ut frå resten av orda i gruppa, er altså eigenleg danna på det same prinsippet som subtraksjonstala på slutten av ten-tala som me finn i mellom anna latin og gamalgresk:

Fellesgermansk «elleve» og «tolv» ≡ latinens duodēvīgintī og ūndēvīgintī

Korleis talsystema verkar

Når du kjem til eit nytt land, er vanligvis den første utfordringa du møter på det å bli forstått. Kan du ikkje språket der, er det lettvint i dag, men før i tida, måtte ein prøve seg fram med ein lommeparlør, teiknspråk og kanskje ein frilynt interpretativ dans for å få fram bodskapen; ikkje sjeldan gjekk det slett ikkje slik ein tenkte, men opplevinga hadde ein resten av livet. Går me (kvifor kan med ikkje seie «gjeng me»?) tilbake til før trykkekunsten kom – ɔ: trykking med løse typer satt sammen til ord, linjer og hele trykksider – måtte du faktisk ha deg ein tolk, for å ha med seg ei bok full av lause frasar var noko ikkje ein gong rikfolk flest gjorde; då var ein lærd tenar langt gjevare og nyttigare.

Sidan eg synast at økonomi er spanande, kvifor ikkje gje spelarane den ekstra utfordringa å forstå eit anna rike sitt annleise talsystem? Eg tykkjer slike ting berikar spelopplevinga. Forvirringa spelarane opplever er den same forvirringa som rollene deira opplever, og det gjev dei enda ei grunn til å gjere seg kjent med folk til å få hjelp til å løyse oppgåvene dei slit med. Pengevekslaren ved byporten kan i seg sjølv bli eit eventyr. Kanskje gjeng det ei ri før dei oppdagar at nokre meir framståande folk ikkje treng å betale den same stive prisen på ein tiend i vekslingsavgift til honom, og heller slepp unna med berre ein «tjuend».

Eg fekk idéen til dette då eg såg ein DuRør-film om talsystem. Eg har jo (som kjend er for gamle lesarar) sulla med økonomi og pengesystem tidlegare, så her lanserar eg dermed eit forslag til eit nytt talsystem med tolv som grunneining, ikkje ti, som dermed blir får dess verdiane:

Tolv- og titalsystem: Grunneiningar
Talpotens n12 126 125 124 123 122 121 120
Desimalverdi 2 985 984 248 832 20 736 1 728 144 12 1
Tolvtalverdi 1 000 000 100 000 10 000 1 000 100 10 1
Talpotens n10 106 105 104 103 102 101 100
Desimalverdi 1 000 000 100 000 10 000 1 000 100 10 1
Tolvtalverdi 402 854 49 A54
=
4•9•10•5•4
5 954 6B4
=
6•11•4
84 A
=
10
1
Der eg syner tolvtalverdiar med desimaltal (ɔ: titalssystemtal), brukar eg A, B og C for verdiane 10, 11 og 12.
Omrekning gjorde eg dels med mitt eige reikneark, dels med Planetcalc.

La du merke til noko nydeleg vakkert? Det er akkurat like lettvint å flytte komma i titalsystem som i tolvtalsystem – og dermed i tjuetalsystem, tjuesjutalsystem, seksitretalsystem, ja, kva for eit system det enn skulle vere. Prinsippet er at ein har eitt symbol som representerer kvart enkeltsiffer (takk, kjære indarar, for at de gav oss denne smarte måten å skrive tal på), og om du da vil gjere multiplikasjon eller divisjon, så gjeld det same prinsippet. 1 000 00012 kg sand er lik 1 00012 tonn sand og 1 000 00010 kg sand er lik 1 00010 tonn sand.

For ordens skyld: Når eit tal står notert med subskript etter seg, syner det kva for eit talsystem det er tale om. Slik blir det binære 10002 lik 8 i titalsystemet (altså 10002 = 810), 1 0008 = 51210, 1 00012 = 1 72810, og 1 00016 = 4 09610.

Så korleis kunne eit slikt faktisk talsystem ha sett ut, og kva hadde ein kalla tala frå titalsystemet sine tal 13 og oppover? Eg skal freiste å finne ut av det.

tirsdag 23. februar 2021

Owlbear Rodeo:
Enkel, systemuavhengig tjeneste for å kjøre rollespill på nett

Owlbear Rodeos maskot og logo

Owlbear Rodeos maskot, som ut fra filnavnet heter Owlington. Skrifta han bruker i logoen, er Pacifico, som er gratis på Google Fonts.

Jeg er i råtten form i dag, så før jeg greier å bøye meg fram og gjøre gresken min, er tida mi bedre investert i å skrive litt om rollespill; det er alt for lenge siden sist jeg har gjort det. Om det skulle være noen tvil: Jeg får ikke betalt for å skrive denne posten; jeg gjør det fordi jeg liker tjenesten så godt, så kjennskap til den fortjener å spres.

Noe av det beste med å spille rollespill, er vennskapene man knytter gjennom det. Rollespillene er av natur en type spill som handler om å samarbeide; om å oppleve ting sammen; om å knytte band med hverandre, tross ulikheter; om å komme seg gjennom vanskeligheter sammen med personer man kanskje eller ikke hadde blitt kjent med, og slik utvikle seg som menneske. Rollespill er i det hele tatt en type spill som gir deg livstrening, så er det rart jeg har trivdes så godt med det i så mange år? Når man da flytter, betød det før at de gruppene man hadde spilt med, ikke lenger kunne fortsette (slik som gruppene jeg kjørte i Romsdalen), men mye har skjedd siden da, og å spille på nett med hverandre har blitt mye vanligere. Roll20 er svært (men det finnes gode grunner til å la være å bruke det); Fantasy Grounds er også brukbart stort, men ikke like godt kjent som Roll20; og så har man selvsagt systemet med regneark, vilkårsformatering og deling via nettprattjenesten man bruker: Det fungerer, men ikke kjempebra. Gleden min var stor da jeg oppdaget Owlbear Rodeo, som er tjenesten jeg skal skrive om her i dag.

Hva er Owlbear Rodeo?

Owlbear Rodeo er en nettleserbasert tjeneste for å kjøre rollespill. Målet med den er å være en lettvekter, så man finner ikke system for å lage roller, det har ikke innebygd regelverk, det har ikke et monsterbibliotek. Men nettopp disse tingene er det som gjør at tjenesten skiller seg positivt ut. Nettopp fordi det ikke har alle disse innebygde tjenestene, er det lett å kjøre det på såvel mobiltelefon, som nettbrett og datamaskin. Det er fullstendig systemuavhengig, som gjør at du kan spille alt av rollespill jeg kjenner til i alle fall: AD&D, D&D, Draug, Hackmaster, Numenera, Pathfinder, Rogue Trader, Star Wars, Vampire, Warhammer – hva nå enn du kan tenke deg. Hvis det bruker kart og terninger, er Owlbear Rodeo et glimrende alternativ for deg.

Faktisk er systemet ikke bare gratis, det er også reklamefritt, krever ingen brukerkonto, og spør deg faktisk ikke om noe som helst.

Ja, det stemmer, gratis og ingen reklame.

Hvordan begynner jeg å bruke Owlbear Rodeo?

For å ta i bruk Owlbear Rodeo, stikk innom sida og prøv det ut. Alt du trenger er et kartbilde, med eller uten rutenett, og å vite hvor mange ruter à 5′ (eller hva nå enn målestokken din måtte være – det velger du faktisk selv!) kartet er på vannrett og loddrett. Faktisk, hvis du tilføyer rutestørrelsen til slutt i filnavnet i klammer, f.eks. «Elvekryssing [10x15]», så genererer systemet riktig størrelse for deg på 50′ × 65′. Og hvis du ikke har ferdige kart, kan du tegne direkte i programmet med enkle geometriske former, så et superenkelt grottesystem er null problem å lage.

Superenkelt kart laget på 10 minutter i Owlbear Rodeo

Dette superenkle kartet tok meg ti minutter å lage i Owlbear Rodeo, og det var første gangen jeg prøvde å lage et slikt kart.

Det er viktig å være oppmerksom på at du ikke kan laste ned noe fra Owlbear Rodeo. Alt lagres i hurtiglageret til nettleseren din (cachen), så ikke slett dette. Utvikleren bak systemet har fortalt at han jobber med å tilføye en eksporteringsfunksjon i tjenesten. Nå er faktisk importerings- og eksporteringsfunksjonen blitt del av tjenesten; du finner den via tannhjulet nede til venstre.

Og når jeg er i gang med Owlbear Rodeo, hva gjør jeg?

Dersom du allerede har ei kartfil klar, er det bare å laste den opp; hvis du ikke har tilføyd størrelsen i filnavnet, kan du redigere dette når du velger fila. Alt av funksjoner finner du i menyen til venstre. Fra toppen og nedover finner du bildeimport, forflytning, tåke, tegning, linjal, peiker, og til slutt notat. Det er ekstra hendig at alt man plasserer i kartet kan klikkes på for å få opp alternativer, der du blant annet kan klikke på øyeknappen for å velge om det skal vises for spillerne. Jeg skal forklare de forskjellige verktøyene kort:

Hovedmenyen i Owlbear
Hovedmenyen i Owlbear Rodeo.
Bildeimport

Her kan du laste opp bilder du har tenkt å bruke som bakgrunn for handlinga. Av hensyn til begrensninger i bandbredde, er det lurt å ha alt som du forventer kommer til å være stasjonert, som del av bakgrunnsbildet (kartet). Det første forsøket mitt gikk galt, fordi jeg lastet opp alt for mange merker som jeg brukte for å vise hvor terrengting var (som steiner, stalagmitter og -titter, sand, varer og gods); det er mye bedre å ha dette som statiske deler av bildet, så rediger kartet du ønsker å bruke i tegneprogrammet ditt, før du laster det opp her. Når du åpner bildeimport, blir du møtt med et vindu som allerede har noen blanke kart tilgjengelig. For å importere dine egne kart, er det bare å dra og slippe inn i vinduet.

Du kan også redigere hvor stort område av bildet som faktisk skal brukes som kart; dersom det for eksempel er noen effekter rundt bildet, som skyggelegging, kan det være at rutenettet blir forskjøvet dersom du legger rutenettet over hele kartet. Bare dra og slipp hjørnene for området som skal brukes, så får du det til å stemme med virkeligheta.

Når du har importert kartet, får du også mulighet til å redigere flere av innstillingene for kartet, som for eksempel hvilken målestokk du bruker. Dette kan være nyttig hvis du ønsker å veksle mellom reisekart og kampkart; for sistnevnte er en skala på 5′ det vanligste; for det førstnevnte, her har du et gratis tips: De fleste av oss synes det er litt vanskelig å vite hvor lang ei engelsk mil er (den er ca. 1,6 km, eller nærmere bestemt 1 760 yards à 3 fot, ɔ: 5 280 fot à 12″ (à 25,4 mm), så med andre ord 1 609,344 m); det er forståelig nok. Men tilfeldigvis er ei engelsk mil og ei nautisk mil forholdsvis nær hverandre i lengde. Ei nautisk mil er den avrundede gjennomsnittsverdien av et meridianminutt – 1 852 m – så hvis du bruker kart som er tegnet opp med grader og minutter, kan beregne reisetid nært nok nøyaktig ved å regne 1 engelsk mil ≈ 1 nautisk mil. Hvis man bruker reisehastighetene fra D&D 3,5 tabell 9-3 Movement and Distance, får man følgende distanser for dagsreiser: grunnfart 15′ per runde → 12 miles per dag; 20′ per runde → 16 miles per dag; 20′ per runde → 24 miles per dag; 40′ per runde → 32 miles. Hvis du setter reisefart lik nautiske mil i stedet for engelske mil, reiser de 15 % fortere, ettersom ei engelsk mil er 86,9 % mindre enn ei nautisk mil. Hvis du vil rette opp i det, kan du bare trekke fra ei (engelsk) mil på reisen deres hver 5. mil; etter 100 mil har du et avvik på −4,9; hvis du i stedet trekker fra ei mil hver tiende mil, får du et avvik på +5,1 etter hundre mil; hvis det fortsatt ikke er bra nok, kan du trekke fra ei mil hver tiende og to mil hver tjuende, og du får da et avvik på bare 0,1 mil etter 100 mil.

Engelsk mil mot nautisk mil
Med forskyvning =0, −1 per 5. mi., −1 per 10. mi., og −1 per 10. og −2 per 20. mi.
Eng. mi. 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10
Nautisk 1,15 2,30 3,45 4,60 5,76 6,91 8,06 9,21 10,36 11,51
−1 hver 5. 1,15 2,30 3,45 4,60 4,76 5,91 7,06 8,21 9,36 9,51
−1 hver 10. 1,15 2,30 3,45 4,60 5,76 6,91 8,06 9,21 10,36 10,51
−1 hver 10. og
−2 hver 20.
1,15 2,30 3,45 4,60 5,76 6,91 8,06 9,21 10,36 10,51
Eng. mi. 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20
Nautisk 12,66 13,81 14,96 16,11 17,27 18,42 19,57 20,72 21,87 23,02
−1 hver 5. 10,66 11,81 12,96 14,11 14,27 15,42 16,57 17,72 18,87 19,02
−1 hver 10. 11,66 12,81 13,96 15,11 16,27 17,42 18,57 19,72 20,87 21,02
−1 hver 10. og
−2 hver 20.
11,66 12,81 13,96 15,11 16,27 17,42 18,57 19,72 20,87 20,02
Eng. mi. 91 92 93 94 95 96 97 98 99 100
Nautisk 104,74 105,89 107,05 108,20 109,35 110,50 111,65 112,80 113,95 115,10
−1 hver 5. 86,74 87,89 89,05 90,20 90,35 91,50 92,65 93,80 94,95 95,10
−1 hver 10. 95,74 96,89 98,05 99,20 100,35 101,50 102,65 103,80 104,95 105,10
−1 hver 10. og
−2 hver 20.
91,74 92,89 94,05 95,20 96,35 97,50 98,65 99,80 100,95 100,10
Forflytning (W)

Du får tilgang til denne funksjonen med å trykke W. Med handa kan du flytte omkring på kartet, og dra og slippe merker (som monstre og spillere, eller gods og gull).

Tåke (F)
Kartet «Amnesia Underground» (gjenskapt i Dundjinni) slik det vises med og uten tåke i Owlbear Rodeo

Til venstre hvordan det ser ut for spillerne mine; til høyre hvordan det ser ut for meg når jeg har åpnet tåkefunksjonen i Owlbear.

Dette var den desidert viktigste funksjonen for meg. Med denne funksjonen åpnes ei ny verktøylinje, der man har tilgang til flere knapper:

Verktøylinja for tåke i Owlbear Rodeo

Fra venstre: polygonverktøyet (P), firkantverktøyet (R), maleverktøyet (B for brush); slå av og på (T for toggle), viskelær (E); tåkeklipper (C for cut, lag (L), visning av og på (F for fog; angre (Ctrl + Z), gjør om (Ctrl + Skift + Z).

Helt nede til venstre har man et tannhjul; der kan man gå og stille inn hvor hardt tjenesten skal holde seg til rutenettet, som er veldig nyttig i kombinasjon med polygonverktøyet (P). Jeg synes det er enklere å bruke polygonverktøyet enn maleverktøyet når jeg lager tåka, men malefunksjonen er egentlig bedre egnet til ikke-polygonale hulerom. For å klippe opp synslinjer, bruker jeg saksa. Mens eventyrerne utforsker, bruker jeg primært bare slå av og på-funksjonen: Trykk T, og klikk så på det de skal se, men av og til får jeg også bruk for saksa.

Tegning (D)

Med denne funksjonen kan man tegne frihand, frihand med fyll, geometriske figurer, og velge om man vil at det man tegner skal være gjennomsiktig eller ikke. I bildet over, har jeg markert området de oppdaget som var magisk fryst gjørme med oransje. Sirkel- og kjegleverktøyet er svært nyttig når man vil se hva som dekkes av trolldommer, eller hvor stort område som er belyst av fakler og bål.

Linjal (M)

Linjalen lar deg måle avstand i en måleenhet du selv angir. Dette er supernyttig når man spiller med fri forflytting (ikke bundet av rutenett), slik Hackmaster legger opp til. Det er selvsagt også nyttig bare for å sjekke ting som om noe er innen rekkevidde, hvor langt bueskuddet kan nå eller hvor stort et rom er.

Peiker (Q)

Ved å trykke Q får man en markør der peikeren ens er. Hold inne venstre museknapp for å vise den til medspillerne dine.

Notat (N)

Dette sier seg selv. Jeg synes det er nyttig for å legge igjen notater i kartet om hvordan monster fungerer, hemmelige rom og lignende. Notat man ikke vil at spillerne skal se, kan man skjule, som nevnt over.

Merkemenyen

Det kanskje viktigste verktøyet du trenger mens du spiller, er merkene på høyre hand. Skaperen har laget mange flotte merker som dekker generisk bruk. Dessuten støtter systemet gjennomsiktighet, så hvis du redigerer bildene dine i PNG-format, kan du gjøre flotte ting som å ha krokodilledyrevenner med i grotta og ri på dem. Hvis man klikker på plussknappen helt nede i høyre hjørne, får man opp innstillinger for alle merkene, og der kan man legge inn blant annet hvor stort et merke skal være (i kvadrat), og velge om det skal være ei rolle (spiller eller ei), en rekvisitt, eller et ridedyr. Merker som er merket av som ridedyr, plasseres under det som settes oppå, og når man flytter ridedyret, flyttes alt som er oppå det med dyret.

Jeg har funnet ut at Paint3D (som følger med Windows) dekker alle behovene jeg har for å lage merker til bruk i slik nettsystem. Jeg klipper ut et bilde fra Monster Manual eller Hacklopedia of Beasts, redigerer det i Paint3D for å klippe ut den delen av bildet jeg ønsker å bruke, lagrer det som gjennomsiktig PNG og importerer det i Owlbear Rodeo. Hvis du åpner innstillingene (via tannhjulet), kan du eksportere alle merkene dine, slik at du lett kan importere dem til nye spill du vil kjøre.

Siste tanker

Jeg er – som sikkert har vært merkbart – nokså entusiastisk, og der en herlig følelse! Det er ei stund siden jeg har hatt overskudd til å ha være engasjert i rollespill, og jeg har genuint lyst til å skrive mer om rollespill her; blant annet har jeg noen idéer om økonomi i den ene Hackmaster-kampanjen min, til bruk når de nå snart skal reise inn i et nytt grevskap. I det hele tatt begynner jeg å få overskudd til ting igjen, så jeg ser faktisk noen lunde positivt på ting for tida. Hvem skulle trodd det for et år siden?

Gresk ordstilling for ord som står i attributiv stilling

Vasemaleri med ei som skjenker og tegneseriebobler med spørrepronomen

Τὰ τῶν ἀδελφῶν δῶρα: Slik starter øvelse IV oppgave 10. Dette er det vi kaller en khiasme (eller «kiasme», som er måten det er notert i ordboka), der ordene er stilt opp mot hverandre i et speilbilde av hverandre: Artikkelen τά står til δῶρα («de gavene», «de bestikkelsene»), med τῶν ἀδελφῶν («de brødrene») i genitiv flertall i midten. Men hvorfor er ordene stilt opp slik? Hva uttrykker det når ordstillinga endres slik? I det følgende skal jeg kort ta for meg reglene som Hansen & Quinn beskriver for ordstilling og hva det betyr for betydninga av det som sies. Før det, la meg kort gjengi definisjonen av hva attributiv ordstilling vil si (her i min oversettelse):

Boka jeg jobber med er fortsatt Hansen, Hardy & Quinn, Gerald M.: Greek : An Intensive Course, Fordham University Press, New York, 1992.

Ethvert ord som avgrenser eller avhenger av et substantiv (f.eks. genitiver, preposisjonsfraser, og adjektiv [her er i grunn oxfordkommaet helt nødvendig]) og som i forkant har en artikkel som samsvarer i kjønn, tall og kasus med dette substantivet, benevnes som å stå i attributiv posisjon.

Hansen & Quinn 1992: 28f.

Mellom artikkelen og substantivet det står til

Man kan her få et ordinært uttrykk som over, ɔ:

  1. τὰ τῶν ἀδελφῶν δῶρα –«brødrenes gaver» eller «brødrenes bestikkelser» (eller «bestikkelsene av brødrene»?)
    eller til og med med innskutt preposisjon:
  2. οἱ ἐν τῇ χώρᾱͅ ἀδελφόι –«brødrene i landet»

Ordene som er i attributiv posisjon er i begge tilfellene mellom hovedordets artikkel og hovedordets substantiv. Merk at begge versjonene har artikkel til begge substantiven, som fort blir knotete i norsk dersom en ønsker å gjengi artiklene uten å legge veldig trykk på det; vi har etterhengt artikkel og kan skille mellom «brødre», «brødrene» og «de brødrene» – et nivå av nøyaktighet som er vanskelig å gjengi i engelsk. Siste setning kan gjengis omtrent som «de brødrene i det landet», men oversettelsen her er problematisk.

Etter artikkelen og substantivet det står til, men med gjentatt artikkel

Uttrykkene over kunne ha vært skrevet om:

  1. τὰ δῶρα τὰ τῶν ἀδελφῶν
  2. οἱ ἀδελφόι οἱ ἐν τῇ χώρᾱͅ

Når substantivet står slik som dette, blir det mer som en ettertanke; det har ikke den samme likestilte betydninga som under forrige overskrift. Dermed, mens vi kan oversette setningene over som henholdsvis (de) brødrenes gaver eller (de) gavene til (de) brødrene og (de) brødrene i (det) landet, får vi i setningene i lista her heller noe i retning av de brødrenes  … gaver og/eller de brødrene – i det landet. Quinn skriver at:

To translate the last example given above as the brothers, [I mean] the ones in the country, would be to exaggerate the effect, but it gives an idea of the difference between examples (b)¹ and (d)².

  1. ɔ: οἱ ἐν τῇ χώρᾱͅ ἀδελφόι.
  2. ɔ: οἱ ἀδελφόι οἱ ἐν τῇ χώρᾱͅ.

Artikkel etter hovedsubstantivet

Ei siste mulighet er å ha artikkelen etter hovedsubstantivet, slik at begge artiklene blir stående ved siden av hverandre:

  1. δῶρα τὰ τῶν ἀδελφῶν
  2. ἀδελφόι οἱ ἐν τῇ χώρᾱͅ

Når ordstillinga blir slik som dette, er de attributive ordene enda mindre betydelige, enda mer som en ettertanke. En kan tenke seg første setning som et svar på et spørsmål à la «Hva har du der?» «Bestikkelsene … til brødrene, altså». Jeg kunne virkelig tenkt meg å få skaffet meg de norske lærebøkene, for jeg tror noe av det som kunne ha vært oversatt riktig her forsvinner i engelskens manglende mulighet til presisjon.

tirsdag 16. februar 2021

Endå meir om greske tonar

Det er ei stund no sidan eg har hatt sjansen til å jobbe vidare med gresken min, so ja: Eg er framleis i aller høgste grad på nybyrjarstadiet. Medan eg jobba meg gjennom deklinjasjonen av nokre substantiv i dag, byrja eg å undrast over kvifor τὸ δῶρον blir til τοῦ δώρου i genitiv. Kvifor ikkje *δωροῦ eller *δῶρου?

Som ein kommentar: Om du skulle ville lese dei tidlegare postane mine om gresk og gresk tonelag, er dei her:

  1. Greek : An Intensive Course
  2. Meir om greske tonar

Det siste er eigentleg lett å svare på: Siste staving (ultima) er lang i genitiv, og ein cirkumfleks fell aldri på ein kort ultima; han kan ikkje det. Men kva då med første alternativ? Cirkumfleks kan jo falle på siste staving når ho er lang. Her trur eg svaret ligg i at substantiv så langt mogleg er beheld aksenten der han var. Med det i mente kan ein ta for seg alternativa:

  • Cirkumfleks på same staving, altså nest siste (penultima).
  • Akutt på penultima.
  • Cirkumfleks på siste staving (ultima).
  • Akutt på ultima
  • Akutt på tredje siste staving (antepenultima).

Det første alternativet går ikkje, av di ultima er lang. Det tredje og fjerde er mogleg, for ultima er lang. Det femte går ikkje, av di ultima er lang, og ein får kun trykk og tonelag på antepenultima viss siste staving er kort (mønsteret må vere ⏓ ⏓ ⏑). Det tredje og fjerde alternativet er mogleg, men skjer ikkje, ettersom substantiva beheld tonemet der det er i nominativ viss mogleg; det er mogleg her, og da er det einaste moglege alternativet det andre.

Ei ny tilnærming til tonelag

Eg kom over ei ny side, Ancient Greek for Everyone, som har ei langt betre forklaring på korleis tonelaget, mŏrae og plassering av aksenter verkar saman. Det blir mest sitat i det som kjem nedover no, men eg skal no prøve å kommentere der eg kan.

Akutt aksent

Akutt aksent kan vere på so vel korte som lange vokalar. Dei korte vokalane i gresk er:

ᾰ, ε, ῐ, ο, ῠ

Dei lange vokalane i gresk er:

ᾱ, η, ῑ, ω, ῡ

Og dei er i praksis det same som ein dobla kort ein, slik:

ᾱ = αα, η = εε, ῑ = ιι, ω = οο, ῡ = υ

Det er vanleg å markere dei lange vokalane som så; det er ikkje vanleg å sjå dei korte vokalane merka som så i (læretekstane). I vanlege tekstar er vokallengde gjerne ikkje merka i det heile, så det er god praksis å øve inn orda med lange vokalar merka … slik ein alltid bør gjere i all latinsk tekst.

Når vokalane får akutt aksent, kjem han på siste mŏra, slik som dette:

α → ά, ε → έ, ι → ί, ο → ό, υ → ύ
αά = ά, εέ = ή, ιί = ί, οό = ώ, υύ = ύ

Slik eg forstår dette, skal άίύ vere å forstå som ᾱ́, ῑ́ og ῡ́ (viss dette ikkje vert rendra rett hos deg: alfa med makron- og akutt tonem-markering, og det samme med iota og ypsilon.)

Cirkumfleksaksent

Ein cirkumfleks aksent, slik eg forklarte det tidlegare, er ei stigning på første mŏra som vert følgd av tilbakeføring av tonelaget til grunnplasseringa, då på andre mŏra; dette skjer på den same vokalen, som dermed alltid er ein lang vokal. Ein annan måte å forstå det på, er slik denne ovannemnde gjer:

If the first beat of a long vowel bears the pitch accent, then the long vowel begins with a rising tone (/), followed by a falling tone that marks the absence of a pitch sound (\). These vowels are marked with a CIRCUMFLEX ACCENT (^). For example:

άὰ = ίὶ = ύὺ = έὲ = όὸ =

As a result, a circumflex accent can never occur on a short vowel (S 156).

Dermed får ein i praksis det same som nemnd tidlegare: Ein cirkumflekstone er ein tone som stig og fell tilbake til startposisjonen på same staving. Slik me merkar det òg i norsk, tek det noko tid å stige og falle. Det er vanleg å seie at norsk har stigande og fallande tone, men som dei fleste nordlendingar veit har me og eit cirkumflekstonelag, her jamfør Store norske leksikon:

Cirkumfleks tonelag i apokopeområdet

I apokopeområdet i Nordland kan det opptre eit spesielt tonelag (tonem), kalla cirkumfleks (markert med teiknet [^] over vokalen. Dette tonelaget kjem fram i fleire grammatiske kategoriar og då i staden for tonem 2. Cirkum­flekstonemet er eit resultat av at tostavingsord med tonem 2 har blitt einstava ved apokopen.

Cirkumflekstonemet blir også kalla for to-toppa tonem. I dette ligg det at rotvokalen får ei tillagd trykklett ekstra staving. Cirkumfleks gjer det mogeleg å skilja einstava ord frå kvarandre. Døme er: ei sol mot å sôl (seg) (med cirkumfleks = å sole seg), et vis (inkjekjønn eintal, ‹sett og vis›) mot å vîs (med cirkumfleks = å vise).

Og ja, eg byta ut SNL sine såkalla dummy quote med skikkelege enkle sitatteikn; eg vil at bloggen min skal se skikkeleg ut.

Gravaksent

Tidlegare skreiv eg at gravaksenten uttrykkjer synkande tonelag:

Gravaksent, altså synkande tone, som alltid kjem som erstatning for den akutte aksenten på siste staving i eit ord, og kun når neste ord følg på utan pause.

Dette er visst ikkje riktig. Ancient Greek for Everyone skriv at:

In cases where the rise in pitch – marked by an acute accent – occurs on the ultima, the pitch rise was regularly left unpronounced if another word followed in the sentence. In such cases, the acute accent symbol is inverted, and the final syllable is marked by a GRAVE ACCENT: \.

As a result, grave accents can only be found on the ultima of a word.

For example:
τιμή → τιμὴ δέ.

Det eg trudde eg hadde lært rett var altså feil. Ein gravaksent på siste staving tyder ikkje fallande tone, men heller fraver av stigande tone der ein elles hadde venta det.

Aksent på diftongar

Diftongar er å rekne som lange stavingar, skjønt viss αι eller οι er i slutten av eit ord, blir dei rekna som korte når det gjeld aksentplasseringa (Hansen & Quinn 1992: 23, 26 og 27). Vidare ser ein at på same måte som monoftongane får tonema sine, gjer òg diftongane det, her frå Ancient Greek for Everyone:

α- ε- ο- υ-
άὶ = αῖ έὶ = εῖ όὶ = οῖ ύὶ = υῖ
αί = αί εί = εί οί = οί υί = υί
άὺ = αῦ έὺ = εῦ όὺ = οῦ
αύ = αύ εύ = εύ ού = ού

Her ser ein altså tydeleg kva som skjer med aksentene: Viss det opphavleg var ein monoftong med stigande tone som blei følgd av ein monoftong, får ein ein diftong med cirkumfleks; men viss det heller var ein monoftong utan tone følg av ein monoftong med stigande tone, får ein ein diftong med stigande tone. Og så enkelt er det.

mandag 15. februar 2021

Dikt: Om livet, døden, sjølvdrap og etterlivet

I dag deltok eg på eit seminar, «PG Writing Group», og temaet for dagen var skrømta i kvardagen vår. Ei av skriveoppgåvene me fekk, ei oppgåve på ti minutt, var What is haunting you / your text / your discipline? What king of ethereal presence is there? Invisible presence? Vel, eg skal jo skrive om sjølvdrap i avhandlinga mi, eit ikkje særleg lett tema, og eg fekk nokre tankar, som gav seg uttrykk slik:

Be it by chance or by will: Suicides are ghosts, will not die. Perverting thoughts of the dead of death of life – will not die.

Det er kanskje ikkje stor kunst, men det ga meg noko. No tenkjer du kanskje at Det var no vel mørkt, var det ikkje? Tja. Det eg tenkte då eg skreiv det, var at sjølv om dei som døyr for ega hand riktignok har fjerna seg sjølve frå livet, så lever minnet om livet deira vidare for dei som er att; men handlinga som tok dei frå livet, frå dei som er att, kan forvrenge tanken om livet deira i hugen åt dei attlevande, om etterlivet deira og livet dei levde, og dessutan det til deira kjære; og sjølv om dei døydde, blir ikkje anden deira … altså minnet etter dei, idéen om kven dei var … å forsvinne frå dei sørgjande.

Til sist kjem to linjer, som for meg representerer stahet, livsvilje, ønske om å fortsetje; samstundes med det peikar det tilbake på forrige strofe, til minnet. Om ein døyr, vil ein ikkje døy heilt lell. For meg no handlar det om å trø vidare. Eg gjeng ikkje lenger i dei gamle stiane mine; eg trør nye stiar, og det kjennes godt. Men av og til kjem ei forvrengd sakning etter dei gamle stiane, dei eg kjenner og veit kor fører hen; dei er trygge, fordi eg har trødd dei før. Men eg veit òg kor dei tek meg, og eg vil ikkje dit.

Kanskje er ikkje dette dei største tankane, men det gav meg kjensler å lese over det etter at det var skriven, så da syntest eg at det var verdt å dele det.

søndag 7. februar 2021

Lingua latīna: Catullus 1

Frå Wikimedia Commons.

Ei av gåvene eg fekk til jul, frå bestemor, var Loeb 1987-utgåva av Catullus / Tibullus / Pervigilium Veneris. Catullus : Translated by F W. Cornish. Tibullus : Translated by J. P. Postgate. Pervigilium Veneris : Translated by J. W. Mackail, andre utgåve, revidert av G. P. Goold, red. Jeffrey Henderson, LCL 6, Harvard University Press, Cambridge i Massachusets og London i England, 1987, ISBN 978‑0‑674‑99007‑4) Dei som har lest bloggen min tidlegare, veit at eg er svak for romersk poesi (og no som eg skal lære meg gresk, kjem sikkert dei greske poetane til å kome med på kjøpet), og at eg trivast godt med både å analysere grammatikken i dikta og å gjendikte dei.

Eg har lenge tenkt at det hadde vore morosamt å jamnt kome med omsetjingar og kan hende gjendiktingar av romersk lyrikk, å kanskje følgje ein forfattar eit stykkje på vegen, for slik å få noko som kan bli eit komplett korpus til utgjeving. Catull er ein særs spanande diktar, særdeles urban i være- og uttrykksmåte, som for oss i dag framstår som meir plump – men det er sjølvklart før me går i djubda på han. Han har lest sin greske poesi, og dess meir ein les av han, dess meir blir ein i stand til å setje pris på han som diktar og venleiken i lyrikken hans.

Om diktaren

Eg har jo skrive om Catull før, så for ein meir djupgåande presentasjon av han, ta ein kikk på Lingua latīna: Catull i oversettelse, dikt 5, der eg presenterer utdrag frå masteroppgåva mi. Det fylgjande er basert på innleiinga i boka som nemnd innleiingsvis, samt teksten lenka over.

Gāius Valĕrius Catullus levde frå 87 til 54 f.v.t., eller frå 84 – med desse gamle diktarane har me ofte usikre dateringar. Han kom frå Vērōna, som er nordaust i Italia, ikkje langt unna Venezia. Han skal ha kome til ikring 62, og året etter – i 62 – blei han kjend med Clōdia, som seinare blei latterleggjort av Cicero i noko som (utan å ha lest forsvarstalen hans) ser ut til å ha arta seg som ein īnfāmia-sak. Hoveddelen av Catulls dikt handlar om det ulykksame forholdet mellom han og Clōdia, som han kjærleg (og hatefullt) omtala med det metrisk samsvarande kjælenamnet Lesbia; som den danna mannen han var, var det sjølvsagt ei tilvising til Sapfo (Σαπφώ (Sapphṓ) / Ψάπφω (Psápphō)). Han blei kjend med dei mektigaste familiane i Roma, Julius Cæsar inkludert, og levde eit urbant liv blant eliten.

Manuskripttradisjonen er knytt til dokumentet kjent som «V» for «Vērōnēnsis», som ein veit var i Verona i det trettande hundreåret og forsvann derifrå før hundreåret var omme. Dette og ein kopi av det blei opphavet til tre manuskript: eitt som skal vere ei direkte avskrift frå 1370; eitt datert 1375; og eitt litt yngre einn 1375-manuset, men kanskje frå same år. I tillegg ei ein antologi frå det niande hundreåret som har med dikt 62, inkludert dei same feilane som dei tre andre manusa har, som gjer at ein meinar det kjem frå same hyperarketype som V.

Dikt 1

Gāī Valerī Catullī, Vērōnēnsis liber: carmen prīmum

Hendekasyllabisk meter: ⏓ ⏓ – ⏑ ⏑ – ⏑ – ⏑ – ⏓. Dette blir gjerne delt inn i 3 + 2 + 2 + 2 + 2.

Cui dōnō lepidum novum libellum āridō modo pūmice expolītum? Cornēlī, tibi: namque tū solēbās meās esse aliquid putāre nūgās, iam tum cum ausus es ūnus Ītalōrum omne aevum tribus explicāre chartīs doctīs, Iuppiter, et labōriōsīs quārē habē tibi quicquid hoc libellī, quālecumque; quod, ō patrōna virgō, plūs ūnō maneat perenne saeclō

Gāi(us) Valer(ius) Catull(us)s veronesiske bok: første sang

Direkte oversettelse linje for linje.

Til kven gjev eg dette behagelege, nye heftet, med tørr – no nettopp – pimpstein glatta ut? Åt Cornēlius, åt deg: for du pleide å ha for vane å sjå [desse] småtteria mine [for] å vere noko som helst, heilt sidan so lengje sidan, da du våga – åtleine blant italienarane – alle tideverv å legge fram i tre bind lærde – Jupiter! – og jobba strevsommeleg. Difor, ta og behold du, kva no enn det er, dette heftet, kva no enn for eit slag [det måtte vere]; for – o, muse Venus – måtte det vedvare varig, meir enn eitt hundreår.

Gjendikta, metrisk versjon

Kæm ska få dette fine, nye hæftet, som nu nættopp e jævna ut med pimpstein? Du Cornel, førr du hadde jo førr vane: Pusleri? Nei, nu jossa du nu godt, du. Heilt fra da du, som ensom italjæner, våga dæ på å skriv om altj i lærde binnj – tre støkk! – store Jupiter, du strævde. Ta nu dæffør, ka ennj førr bok ho vis sæ, ka nu ennj førr et slag ho e, mi Venus, hundreårig, det ber æ at ho vares.

Kommentar til grammatikk

No har det seg slik at alle grammatikkane og ordbøkene mine er i Tromsø, men eg skal gjere eit forsøk.

1Verset opnar med dativ for indirekte objekt. Verbet er heilt normal presens aktiv indikativ (1. person singularis). Dei tre akkusativane som kjem, er alle direkte objekt av verbet i linje 2. 2Deretter kjem det ein midlets ablativ som står i hyperbaton til substantivet pūmice, med tidsadverbet modo i mellom. Expolītum er perfektum passiv partisipp og står dermed som adjektiv til objektet i linja over.

3Mottakaren og pronomenet står begge i dativ, som indirekte objekt. Namque er konjunksjon, og pronomenet står til verbet som kjem, som er imperfektum aktiv indikativ 2. person singularis; imperfektum uttrykkjer her klårt og tydeleg at dette var noko han hadde for vane å gjere. I linje 4 får me ein akkusativ med infinitiv, der meās står til nūgās, eit plūrālia tantum-substantiv, ɔ: eit substantiv som får ei ega tyding når det står i fleirtal. Eg tek aliquid substantivisk her, altså som pronomen. Som utfyllande infinitiv til solēbās i linja over, får me putāre. Og endeleg tek eg nūgās meās esse som akkusativ med infinitiv. Ei meir normal ordstilling hadde dermed vore tū solēbās putāre nūgās meās aliquid esse.

5 byrjar med iam tum, begge tidsadverb, og ein må forstå iam som forsterkar til tum. Cum kjem inn som konjunksjon, og her måtte eg ty til Latin Stackexchange for å finne ut kvifor verbet er i indikativ:

[…] with a single type of exception, cum In direct speech most often takes an indicative, and always when followed by a present or future tense. Even in the past, the mood is indicative when expressing the time(s) at which an event took place.

When to use cum + subjunctive and when cum + indicative

Da får me at ausus blir predikat til verbet, og ein kan kanskje ta ūnus som det same (?); medan Ītalōrum blir ein avgrensande genitiv.

I linje 6 får me først ei direkte objektsledd (akkusativ), som står til det samansette verbet ausus es explicāre, og trībus chartīs doctīs trur eg er ein slags kombinasjon av ein lokativ og ein instrumentell ablativ; eg må sjå på denne seinare. Linje 7 fortset med Jupiter sett i vokativ som ei påkalling, og ho vert avslutta med eit adjektiv i ablativ, som står til det førnmende verket.

8 opnar med eit adverb; det tyder omtrent «på kva for ein måte som enn»; vert fulgd av ein imperativ (til Cornēl) og tibī̆ som indirekte objekt. Eg forstår quicquid som akkusativ (direkte objekt) til verbet, og da må vel hoc vere det same (?), medan libellī då må stå som genitiv til dette.

9 opnar med eit samansett ord, som eg trur blir adverb grunna det siste leddet; første ledd tyder «av kva slag» medan siste ledd tyder «kva for enn», «kva no for eit slag» eller liknande. Pronomenet som kjem, må vere objekt til verbet i neste linje, ein vokativ fyljger på, og så, i linje 10 kjem ei samanlikning, med ūnō […] saeclō som samanlikningsledd i ablativ. Maneat er ein ønskekonjunktiv, og perenne er eit tidsadverb.

Siste merknad

Dei punkta eg var usikker på, lyt eg kome att att når eg me får flyttelasset vårt hit til Skottland. I mellomtida: Det var verkeleg triveleg å endeleg få setje seg ned med latinsk poesi att; eg vonar du syntes det var verdt å lese heilt hit. Det kjem meir seinare!