onsdag 20. oktober 2021

Samandrag kap. 3 av Georges MinoisHistoire du suicide

Når me no nærmar oss renessansen, er det me får ei fornya interesse for antikken og antikken sitt tankegods. Når ein har i sinne at antikken som periode omfattar ikring halvanna årtusen, er det klart at idéane var mange og ofte i usemje, og at idéane endra seg over tid – og dét til dels ganske mykje. Kva tenkte greske filosofar? Korleis blei arven frå dei teken opp av romarane?

Loth: Catos daude.
Johann Carl Loth (1632–1698): Catos daude.
Kjelde: Wikimedia Commons

Om du vil kjøpe boka, her er informasjonen du treng:
Minois, Georges (forfattar) og Cochrane, Lydia G. (omsetjar): History of Suicide: Voluntary Death in Western Culture, The Johns Hopkins University Press, Baltimore/London, 1999. Opphavleg utgjeven som Histoire du suicide: La société occidentale face à la mort volontaire, Libraire Arthème, Fayard, 1995. ISBN engelsk utgåve: 0.8018-6647-2 (hefta utgåve).

Gjenoppdaginga av antikken

Det fjortande hundreåret var åstad for store sosioøkonomiske, politiske, religiøse, militære og kulturelle endringar. Humanistane byrja å gjere seg gjeldande, og sjølv om kristendomen tok mål av seg om å gjeve svar på alt, kom dei til kort for dei intellektuelle, som no byrja å gjenoppdage dei gamle sin viten. Det var særleg sidan dei oppdaga at kristen teologi – som skulle ha svar på alt med hjelp av guddommeleg, ufeilbarleg visdom – ikkje var sams med kva antikkens heltar hadde meint og sagt. Korleis kunne den kristelege kunnskapen vere æveleg sann, når det synte seg at andre hadde meint andre ting?

Dette var farlege spørsmål å stille, og frå dei antikke skrivarane fann dei inspirerande forteljingar om heltemodige sjølvdrap i fleng, frå grekarar til romarar, kvinner som menn, filosofiske og politiske, gamle som unge: Felles for dei alle var at dei hadde eit heilt anna filosofisk utgangspunkt. Dei hadde kome fram til ei anna sanning om sjølvdrapet sin natur, ei sanning dei hadde funnet før kristendomen kom til.

Gresk usemje

I motsetnad til det som skulle prege utviklinga i mellomalderen – at meiningane blei færre og færre og at det blei stadig sterkare semje om kva som var rett – var det mange ulike meiningar å finne i antikken. Ikkje alle dei gamle hadde godord å seie om sjølvdrap; ofte hadde dei ulike filosofiske skolene rak motsatt oppfatting om kva som var det filosofisk rette svaret på spørsmålet om sjølvdrap kunne tolererast, som me òg ser reflektert i dei mange ulike lovene. Hugs at det gamle Hellas ikkje var eitt felles rike slik som Romarriket skulle bli; tvert imot var det ei samling uavhengige bystatar som ofte var i krig med kvarandre, og strengt tatt ikkje blei ei sjølvstendig eining før dei blei erobra av romarane mange hundreår seinare.

I nokre bystatar blei liket av den avlidne straffa, i andre ikkje. Alvarez fortel til dømes at i nokre bystatar blei handa kappa av ein som hadde teke livet sitt for å bli lagt i jorda skilt frå resten av lekamen. Generelt ser ein likevel eit gjennomgåande trekk: Forutan frykt for vonde andar, hadde dei eit rimeleg avslappa forhold til sjølvdrapet. Både stoikarar, epikurearar, kynikarar og kyrenaikarar tok individet sterkt i forsvar: ein måtte ha ein grunnleggjande rett til å bestemme over eige liv:

For these groups only the good life—that is, a life in conformity with reason and human dignity that brought more satisfactions than woes—was worth living. When this was no longer the case, it was foolish to conserve life.

Minois 1999: 43f.

Kan hende mest ekstrem av desse, var Antisthénēs, som meinte at dei som ikkje var av tilstrekkeleg høgt intellekt, burde gå og hengje seg sjølve. Meir avmålte var epikurearane, som meinte at wisdom dictates that when life becomes intolerable one should commit suicide without fuss. (Minois 1999: 44.) Dei, som stoikarane, la til grunn at ein hadde reflektert grundig over det: rasjonalitet måtte liggje til grunn for avgjerda. Pytagorearane var derimot imot sjølvdrapet: Sjela fann lekamen sin grunna ei uhumsk handling, så ho måtte få sjansen til å rense seg; og vidare braut sjølvdrapet talstoda mellom kropp og sjel. Platon argumenterte i Lovene for at ein som tok livet sitt skulle bli nekta offentleg gravferd (men: ikkje gravferd i seg sjølv!), men lista opp fleire unntak frå dette: dom, smerteleg sjukdom ein ikkje kan bli kvitt, og den lunefulle skjebna. Aristoteles, derimot, er brutalt usams med læremestaren sin; han meinte at ein måtte fordøme sjølvdrap:

Det er verd å merkje seg at Platon sine utsegn blei forvrengde av mostandarane hans i seinare kristen tid.

[…] because it is an act counter to justice committed against one’s own person and against the city, because it is an act of cowardice in face of responsibilities, and because it is counter to virtue. We must remain at our posts and confront the vicissitudes of existence with serenity.

Minois 1999: 46.

Soldaten som blir ved posten-argumentet skulle bli mykje brukt av kyrkja i seinare tider, sjølv om andre skulle vise korleis dette var eit svakt argument.

Romarane

Som grekarane var også romarane si meining om sjølvdrapet variert – for nokre var det eit uttrykk for individet sin fridom, medan det for andre var ei usosial handling – men det dei fleste hugsar om romarane, er det avslappa forholdet eliten hadde til sjølvdrapet sett med stoiske auge. Stanly H. Rauh, i ei analyse av Cato Uticensis’ sjølvdrap, skriv om korleis sjølvdrapet kunne vere ein opptreden, og konkluderer med at Once a private act that occasioned little comment from the sources and that was most often performed to maintain the basic human dignity of agency in death, suicide after Cato morphed into something laden with the potential to communicate amidst dire circumstances. (Rauh, Stanly H.: Cato at Utica: The Emergence of a Roman Suicide Tradition i American Journal of Philology, band 139, № 1 (nummer 553), våren 2018, ss. 59–91 (sitat s. 89).)

Platon sin tekst Faidon var vanskeleg å tolke både no som då. Cato leste den to (eller tre (Zadorojnyi, Alexei V.: Cato’s Suicide in Plutarch i The Classical Quarterly, mai 2007, New Series, band 57, № 1, ss. 216–230 (dette frå n. 8 s. 218))) gonger før han stakk sverdet i magen, som kanskje hintar til at han ikkje fullt ut forstod han første gongen (Minois 1999: 46). Om keisar Julian si tolking av teksten, sjå Griffin, Miriam: Philosophy, Cato, and Roman Suicide: I i Greece & Rome, april 1986, band 33 № 1, ss. 64–77 (dette på s. 71)).

I tidleg romersk tid var det som hjå grekarane (og langt dei fleste folk) ei viss frykt for kva eit sjølvdrapslik kom til å gjere. It has been noted that all primitive societies have rites aimed at immobilizing the dead body or mutilating it to render it powerless. (Minois 1999: 47.) Døme på dette er at lik etter henging vart brend i vegkross med veden frå treet som personen hengde seg i (bagandafolket i Sentral-Afrika); eller å dra liket gjennom tornekratt og begrave det avsidesliggjande, nokre gongar med ein stake gjennom kroppen (ewe-folket frå Togo); eller å lemleste det slik at den daude skal skjemjast for mykje til å kome attende (Minois 1999: 47). Me finn liknande riter i det gamle Hellas, som det eg nemnde over om å kappe av handa.

Tolvtavleloven seier inkje om sjølvdrap, men Tarquinius (ein av dei romerske kongane) erklærte at lik etter sjølvdrepne skulle bli krossfeste: Når liket ikkje hadde kontakt med bakken, kunne det ikkje kome seg nokon veg og fuglane som spiste dei tok opp i seg vondskapen som dei hadde festa til lekamen sin. Dette er det einaste romerske forbodet fram til me kjem til dominatet. Det er vel å merkje eitt viktig unntak frå dette: slavar og soldatar. Kvifor? Økonomi. Slaven stjal herren sin eigedom på line med at nokon hadde myrda han; soldaten gjorde det same, men frå staten.

Grunngjeving og rate

Ein skulle tru at dette førte med seg overlag mange sjølvdrap, men sjølv om romarane ikkje trudde at livet var noko ein fekk i gåve frå gudane, ser det ikkje ut til at dei hadde nokon større sjølvdrapsrate enn andre sivilisasjonar (Minois 1999: 49). Som i andre sivilisasjonar var motiva bak sjølvdrap varierte, men det at dei hadde eit såpass avslappa forhold til det, kan nok vere noko av forklaringa på at me får så stor variasjon i sjølvdrap som ikkje kom frå sjuke. Riktignok var sverdet framleis den noble måten å forlate livet på, i motsetnad til henging, noko som skulle vedvare til moderne tid, då pistolen overtok funksjonen som metoden som ein gentlemann burde velje.

Det kanskje mest spesielle med den romerske dauden, var at ting som livstrøytte eller alderdom var heilt akseptable grunngjevingar for å take livet sitt. Det første er noko ein ser særleg særprege tider med store omveltingar, og det er helst intellektuelle som veljer det: In fact, this form of suicide seems in general to be linked to crises of civilizations […] It is, so to speak, the suicide of cultural revolutions. Alderdom som grunngjeving, låg i ein tanke om at lekam og sinn måtte kunne vere i full vigør for å leve eit verdig liv. Ikkje alle kunne leve eit liv i alderdom som Plinius’ ven Nerātius Marcellus:

«Ubi hōra balineī nūntiāta est (…), in sōle, sī caret ventō, ambulat nūdus.»

«Når badetimen meldes, spaserer han – hvis han unnslipper vinden – naken i solskinnet.»

Krogsæter 2015: 106f; Plin. Ep. 3.1.9

Politiske sjølvdrap

Krigstid såg mange sjølvdrap, og politikk spela her ei viktig rolle: Cato sitt sjølvdrap for å sleppe å måtte leve under Cæsar er det best kjende av desse. Andre grunnar kunne vere henretting ved sjølvdrap, altså at ein blei dømd til å døy, men som høgståande borgar fekk høve til å sjølv take livet sitt; sjølvdrap for å unngå dom for brotsverk; sjølvdrap fordi ein hadde avsmak for offentlege saker; eller viss ein var blitt beseira i strid (generalsjølvdrap). Ein har òg flust med segn om heltemodige sjølvdrap; kanskje best kjend av desse er forteljinga om Arria som sa til Paetus-en sin etter å ha teke initiativet at Paete, nōn dolet. (Det gjer ikkje låkt, Paetus. (Frå Plinius’ brev 1:III.16.) Desse mange forteljingane skulle bli teke fram att av humanistane i seinare tid, som synte til at kun dei som tok livet sitt for å unngå dom eller konfiskering blei straffa, noko ganske annleis enn korleis det skulle bli i det kristne Europa. Hos romarane vart ikkje eigedomen tapt eller testamentet gjort ugyldig berre fordi den avlidne hadde teke saken i eigne hender.

Men det varte ikkje. I det andre hundreåret byrja stoisismen å tape seg og romersk lov mot sjølvdrap å bli strengare. Og det er her det ser ut til at eg må sette inn forskingsstøtet mitt. I det tredje hundreåret blei sjølvdrap utan gyldig grunn definert som kriminelt. Juridisk starta det med antoninsk lov, og det blei strengare etter kvart som myndigheitane fekk stadig meir å si i kvardagen til folk flest. Minois fortel at:

[o]ne law of the age of the Antonines considered the suicide of suspects to be an admission of guilt and a justification for confiscating their estate. With the third century, suicide for no valid reason was a crime, and if a suicide’s widow should remarry, her new husband was vilified.

Even before the triumph of Christianity (and for reasons independent of Christian doctrine), condemnation of suicide gradually became the rule in the Roman Empire.

Minois 1999: 54

Kva grunnar er det snakk om her? Det er dette eg må finne ut av. Eg trur heilhjerta at det er nett her kjerna i avhandlinga mi ligg.

Seinare utvikling og arven frå antikken

Rembrandt Harmensz van Rijn: Lucretias daude.

Rembrandt Harmensz van Rijn: «Lucretias daude» Detroit Institute of Arts. Kjelde: Wikimedia Commons.

Merk korleis kunstnaren har avbilda figurane med klede frå hans eiga tid.

Det var under barbarane at det blei faktisk forbode å take livet sitt. Dette skulle bli vidareutvikla av skolastikarane i mellomalderen, og blei med tida ein grunnstein i kristen tankegang. Kristen-filosofisk utvikling skulle la seg særmerkjast ved at kyrkja viljug tok til seg vitskap frå antikken, men fullstendig avviste moralsynet deira; der var Skrifta einerådande. På 1300- og 1400-talet gjennomgjekk Europa ein kulturrevolusjon som kulminerte med Kopernikus, Luther og Montaigne på 1500-talet. Med dei skulle dei gamle sanningane for alvor bli rysta, og med det også grunnmuren i kristen vitskap. Med tida, gjennom renessansen, skulle nettopp dette verdssynet bli snudd: Det var moralen og lærdomen frå dei gamle som skulle kome til å inspirere nye tenkjarar, medan vitskapen frå dei etter kvart ettertrykkjeleg blei avskaffa. Med dette skulle òg eit nytt syn på sjølvdrap gradvis få sleppe til.

fredag 15. oktober 2021

Samandrag kap. 2 del 3 av Georges MinoisHistoire du suicide

Mellomalderkvinne som heng seg etter at demonar har lurt ho.
Mellomalderkvinne som heng seg etter at demonar har lurt ho. Kjelde, frå Rappresentatione della passione, Firenze, 1520.

I denne siste delen av samandrag av kapittel 2, skal eg syne kva Minois fortel oss om praksisen rundt sjølvdrap i mellomalderen, korleis galskap vart trekt fram som ei nyttig orsaking og forklaring, og korleis me mot slutten av perioden kan sjå teikn til oppmjuking. Har ein i sinne korleis det vart i løpet av perioden, skulle det verkeleg ikkje mykje til for å gjere ting betre, men seinare tider skulle finne på enda meir grufulle måtar å avstraffe både dei som var daude og dei som «berre» prøvde.

Om du vil kjøpe boka, her er informasjonen du treng:
Minois, Georges (forfattar) og Cochrane, Lydia G. (omsetjar): History of Suicide: Voluntary Death in Western Culture, The Johns Hopkins University Press, Baltimore/London, 1999. Opphavleg utgjeven som Histoire du suicide: La société occidentale face à la mort volontaire, Libraire Arthème, Fayard, 1995. ISBN engelsk utgåve: 0.8018-6647-2 (hefta utgåve).

Sjølvdrapspraksis i mellomalderen (med nokre samanlikningar til dagens situasjon)

Dokumentasjonen frå så tidlege tider er sjølvsagt prega av å ikkje berre vere ufullstendig, men dessutan å i for stor grad vise fram elitelivet. Trass dette, ser me likevel tydelege tendensar på at sjølv om juristane (det vere seg geistlege så vel som verdslege) ønskte streng praksis, var faktisk praksis noko mildare. Jean-Claude Schmitt synte i ei sakundersøking frå mellomalderen nokre interessante trekk: Menn stod for tre gongar så mange tilfelle som damer (41 mot 13: 3,15x), og dei vanlegaste metodane var henging (32 av 54: 62 %), drukning (12: 22 %), knivstikking (5: 9 %) og hopp (4: 7 %). (Her er det ein trykkfeil i Minois; han seier at henging stod for 34 av tilfelle, men det Schmitt faktisk skriv, er 32. 32 + 12 + 5 + 4 blir vitterleg 53; det siste tilfellet kunne årsak ikkje dokumenterast.) WHO fortel at me i dag ser følgjande fordeling:

Globally, the age-standardized suicide rate was 2.3 times higher in males than in females. Male:female (M:F) suicide ratios greater than 1 indicate that suicide rates are higher in males than in females. While the ratio was a little over 3 in high-income countries, it was lower in low- and middle-income countries (low-income countries: 2.9; lower-middle-income countries: 1.8; upper-middle-income countries: 2.6)

WHO: Suicide worldwide in 2019: Global Health Estimates (16 June 2021): 6.

Det er interessant å merke seg at raten i undersøkjinga til Schmitt var nærare raten me ser i høginntektsland; kan det vere at me her må sjå på geografi meir enn på inntekt? Eller er det andre faktorar som spelar inn? Eit større studium av sjølvdrapsmetodar per kjønn i Europa, blei gjort av Värnik m.fl. frå Det estisk-svenske instituttet for mental helse og suicidologi, og dei fann at henging stod for 49,5 % (menn: 54,3 %; damer: 35,6 %); forgifting med medisin for 12,7 % (menn: 8,6 %; damer: 24,7 %); hopping for 9,5 % (menn 7,8 %; damer: 14,5 %); skyting for 7,6 % (menn: 9,7 %; damer: 1,3 %); objekt i forflytting for 5,0 % (menn 4,9 %; damer: 5,2 %); forgifting med andre middel for 5,1 % (menn: 5,4 %; damer: 4,3 %); drukning for 4,2 % (menn: 3,0 %; damer: 7,7 %); og andre metodar for 6,3 % (menn: 6,3 %; damer: 6,7 %). Legg ein saman begge typane forgifting, får ein at dette stod for 17,8 %. Skytevåpen har blitt billigare og lettare tilgjengeleg; eit skytevåpen som ein pistol eller revolver er i dag ikkje lenger i seg sjølv eit statusobjekt, mens da skytevåpen blei små nok til at dei kunne vere handvåpen, var det kostbart og noko kun få hadde. I seinare tiders etikette var det gjerne omtalt som den rette måten for en gentleman:

Charles Moore, who gathered a good many anecdotes about suicide in hif Full Inquiry into the Subject of Suicide (1790), reported the comment of one nobleman on a gentlemen (sīc) who had hanged himself, What a low-minded wretch, to apply the halter! Had he shot himself, like a gentleman, I could have forgotten him.

Minois 1999: 187.

Det ein kan trekkje ut av dette, er at metodane har heldt seg nokså uendra, og det viktigaste er at det handlar om tilgang: I dag har me enklare tilgang til middel som den gang da ikkje var lett å få tak i, som medisinar som i store nok dosar kan drepe. Riktignok hadde ein sjølvsagt tilgang på mykje i naturen som kunne ta seg av slikt, men å oppbevare tilstrekkjelege mengder av det hadde innebore ein større risiko enn kva det er å ha eit par ekstra glas med medisin i dag; eit reip var noko alle hadde og som det ikkje var noko mistenkjeleg med i det heile.

Minois gjer nokre andre betraktningar au (frå studiet): Årstidene mars, april og deretter juli stod for toppane, som kanskje kan ha å gjere med kroppslig og dermed andeleg (min merknad)) svekking etter faste, og etter stor arbeidsbør i juli. Fredagar og måndagar var dessutan framtredande, og dei fleste tok livet sitt heime. Men sluttinga ein likevel er tvungen til å trekkje, er at me har for lite data til å gjere oss opp nokre statistiske sluttingar.

Riddarturnering
Riddarturnering i moderne tid frå Golub slott.
Frå Wikimedia: Creative Commons Attribution-Share Alike 3.0 Unported.

Viktigare er det å merkje seg at folk frå alle sosiale lag tok livet sitt, men kunnskapsbildet vårt er svekka av at me har mest data frå byane. I byane ser ein då likevel nokre klare tendensar: Handverkarar var overrepresenterte, medan adelskapet var i stor grad fråverande. Ei klår forklaring på dette, som er truverdig, er at adelsfolket hadde (som nemnd i samandraget av det første kapitlet) fleire arenaar til å utsetje seg for fare på (som i seg sjølv kunne vere døyvande), til å faktisk miste livet sitt (på ein lovleg måte), og ikkje minst hadde dei kontroll på rettsapparatet; det var ikkje noko problem for dei å kamuflere sjølvdrapet sitt som ei ulukke eller ein naturleg daude, særleg på grunn av det komplekse nettverket dei tok del i. Det er då forunderleg at presteskapet stod for så mykje som 19 prosent av alle sjølvdrapa; Minois spekulerar på om det kan ha hatt noko å gjere med ei sterkare skyldkjensle og medvit om at det var nokre syndar som var utilgjevelege.

Galskap som forklaring og orsaking

Ære er eit nøkkelord til å omtale tida, men var langt meir relevant for adelen enn kva det var for folk flest. Sjølvdrap for vanlege folk kom i all hovudsak av at dei levde eit frykteleg hardt liv: sult var noko alle vanlege folk hadde kjent på, og som alltid trua om det skulle vere fare for ein dårleg haust; sjukdom var skremmande, med forklaringar som veksla frå humorteoriane til andar og demonar; fattigdom var ikkje berre noko ein stor del av folket levde permanent i, men òg noko som alltid truga dei som ikkje var av dei mektigaste; ein kunne alltid vente at nokon nære ein skulle forgå og det skjedde stadig; mange levde i ein fattigdom som var hinsides kva langt dei fleste av oss i dag har evne til å fatte; gjekk det gale med deg risikerte du ikkje berre fengsling, men tortur av slag som sjølv dei mest barbariske torturistane i dag ikkje tyr til; og sjølvsagt skulle ein alltid vokte seg for å ikkje stikke seg for mykje ut, for ein sjalu eller misunneleg nabo kunne forvalde ein dei største ulukkene.

Eg skreiv om innleiinga til denne seksjonen, berre for å få æ-en som initial. Det er ein flott bokstav!

Sjølvdrap blei i kjeldene tilskreve ei klår sak; det å berre vere livstrøytt, forstod ein som galskap: Korleis kunne ein vere i tvil om skaparverket si godheit? Sjølv det å slutte at nokon skulle take livet sitt av di dei var livstrøytte, var eit klårt teikn på galskap, ein type galskap som skulle få eit eige fagord: melankoli. Ordet i seg sjølv kjem frå gresk: μελαγχολία (melankholía), sett saman av μέλας (mélas) og χόλος (khólos) pluss ‑ία (‑ía): «svart» pluss «galle» pluss nominaliseringspartikkel for å danne abstrakte substantiv. Tanken var at ein hadde for mykje svart galle i seg, som skuggla sinnet og gjorde ein tilbøyeleg til døkksinn.

Depresjon og tungsinn var vanlege uttrykk for denne galskapen; ein annan variant var plutselege raseriutbrot, gjerne frå alkohol, og det enda gjerne i vald og ei ustanseleg klaging på alt og alle. Ja, det var kort veg frå normal, menneskeleg frustrasjon til galskap, og i utvalet til Schmitt var seksten av sakene tilskrivne nettopp galskap. Dette blei brukt til beste for dei etterlevande i måten ein handterte sjølvdrapssakene på: Både i Frankrike og England skulle ein ikkje røre den avlidne før dei oppnemnde myndigheitane hadde gjort etterrøkingane sine, som mellom anna innebar å høyre med lokalsamfunnet kva dei visste om sinnelaget til den avlidne. Me har mangfaldige dømer på at folk fortalde det dei måtte for å sikre at godset ikkje blei konfiskert. Minois fortel om at i ei sak frå Beauvaisi og Bedfordshire:

Philippe de Beaumanoir states that in the Beauvaisis in the thirteenth century a suicide’s goods could not be confiscated unless the deceased person’s full responsibility was clearly established. […] In one case in Bedfordshire, a jury called in April 1278 concluded that the victim, who had been ill, had been seized by a fit of weakness, but a royal inquiry conducted soon after declared his death to be suicide. Beaumanoir tells us that if the deceased had been heard to say, Someday I will kill myself, it was sufficient proof of intention, but statements of the sort had to have been reported to the authorities.

Minois 1999: 39.

Det var mange måtar ein kunne unngå konfiskering av eigedom, med andre ord, og særleg enkjer stod sterkt her; om alt anna feila, kunne ein dessutan anke til kongen.

Formilding

Mellomalderjury avbilda i Grand Coutumier de Normandie (ålmennretten i Normandie). Illustrert manuskript på pergament, ca. 1450–1470. Law Library, Library of Congress (039).

Henta frå Library of CongressMagna Carta: Muse and Mentor : Trial by Jury.

Kun underklassen leid dårlege sjølvdrap; det var eitt av mange karaktertrekk ved dei, noko som skulle fortsetje å farge denne tida. På 1300-talet byrja juristar, i alle høve nokre av dei, å arbeide for at loven skulle bli mildare kva gjaldt sjølvdrap: Den franske Jean Boutillier var blant dei som skulle prøve å få tilbake romarretten, som var langt meir tilgjevande.

(For dei som ikkje hugsar det: Det var fram til Diokletian si tid kun slavar og soldatar som ikkje hadde rett til å take livet sitt, slavar av di dei stjal eigedom frå herren sin med det og soldatar av di dei stjal eigedom frå staten med det. Det blei sjølvsagt òg eit problem om kriminelle som avventa dom tok livet sitt for å unnsleppe domen. Frå Diokletian si tid, derimot, altså tida då dei gjekk stadig tydelegare over frå å vere eit prinsipat til eit dominat, mista folk stadig fleire rettigheitar. Å take livet sitt ga staten frå då av retten til å konfiskere eigedom, men slik hadde det altså ikkje alltid vore.)

Denne Boutilier meinte i alle høve at ingen straff burde tildelast andre enn dei som tok livet sitt for å sleppe unna rettmessig dom for brotsverk. Vidare var han så mykje mildare at han meinte at den daude i så tilfelle skulle få kun den straffa som han elles skulle ha vore tildelt, ikkje noko meir grusomt. Det verkar altså som at han ikkje såg på sjølvdrap som noko kriminelt i seg sjølv, ei langt mildare og moderne haldning enn kva som hadde vore vanleg. Om dei var sjuke og gale, sørgjande eller fortvilande over fattigdom, skulle dei til og med få ordinær gravferd; ingen øvrig straff skulle gjerast mot liket, av di lekamen ikkje har gjort noko gale mot lov og rett, berre mot seg sjølv (Minois 1999: 40). Å take livet sitt fordi ein var desperat, livstrøytt eller kva det måtte vere, var dē factō galskap, og dermed ikkje straffbart.

Det må da vere lov til å spørje seg om dette var ein måte å argumentere saken sin på han valde for å kunne forfekte eit liberalt, moderne og samtidsstridig syn? Å berre seie at slike grunngjevingar måtte vere tolererbare var kan hende for stor ein kamel å svelje for samtidsfelagane hans, så om han berre i staden sa at også desse tinga, desse tilfella må me òg kunne sjå på som galskap gjorde kan hende at det var meil tåleleg, eller?

På denne tida byrja sjølv teologane å sjå på antikken sine store sjølvdrap (Catō, Diogénēs, Zḗnōn) som gode og storslåtte, og dei som sjølv valde martyrium byrja nok ein gong å bli lovprisa, skjønt ikkje alle stemde i, og ein byrja å sjå dei først teikna på kasuistisk lære, som i teologien skulle utspele seg i form av å prøve å kartleggje alle moglege tilfelle og å fastsetje ei læresetning for kvar av desse. Viktig å merke seg er det Minois trekk fram som tendensen i tida, at [n]o medieval theologian or moralist called for or justified refusing Christian burial to a suicide or subjecting a suicide’s body to criminal punishment.

Mellomalderfolk sitt syn på sjølvdrap byrja å få nyansar, farger; ikkje lenger var det eit svart-kvitt-bilete. Mord var ei hån mot natur, samfunn og Gud, men sjølvdrap var så fælslegt at den einaste måten ein kunne forklare det på, var som Satans verk eller av galskap. Kyrkja hadde sjølvsagt medisin mot det første. Medan krigarklassen kunne drepe seg indirekte og talarklassen (klerkane) stort sett alltid døydde som følgje av galskap, var det arbeidarane sitt åk å lide dårlege sjølvdrap: sjølvdrap for å unnsleppe livslidinga her på jorda. For mellomaldertenkjaren var det ikkje mogleg å gjere eit rasjonelt sjølvdrap; eit slikt eitt kunne i så fall kun kome av melankoli og var dermed galskap. Denne tankegangen gjorde det heile til mest eit damoklessverd.

Vidare

Humanistane som no byrja å gjere inntoget sitt når 1400-talet kom, byrja å sjå tilbake på tidlegare tider sine syn, og oppdaga at dei gamle hadde eit heilt anna syn på sjølvdrapet enn kva samtida deira hadde. Dei beundra den gamle tida og livsverdiane som råda da, og gradvis, litt etter litt, byrja synet på sjølvdrapet å endre seg. Med renessansen reisar me attende til antikken, og det blir derfor tema for neste samandrag.

torsdag 14. oktober 2021

Samandrag kap. 2 del 2 av Georges MinoisHistoire du suicide

I løpet av det halvet tusenåret som skulle gå frå seinantikken til det me tenkjer på som vikingtida, fekk staten på kontinentet etter kvart totalmakt saman med kyrkja – og stat og kyrkje var i det store og heile eitt og det same. I denne delen skal eg gå kjapt gjennom dei viktigaste utviklingstrekka i sosialpolitikken, teologisk forbod mot sjølvdrap, og diaboliseringa av handlinga i seg sjølv, før eg til slutt skal sjå på korleis sjølvdrap blei straffa. Lat meg berre seie det i klårtekst no innleiingsvis: Dette er ikkje sengelektyre, og om du er ein ung lesar, burde du sjå på dette saman med ein føresett.

Om du vil kjøpe boka, her er informasjonen du treng:
Minois, Georges (forfattar) og Cochrane, Lydia G. (omsetjar): History of Suicide: Voluntary Death in Western Culture, The Johns Hopkins University Press, Baltimore/London, 1999. Opphavleg utgjeven som Histoire du suicide: La société occidentale face à la mort volontaire, Libraire Arthème, Fayard, 1995. ISBN engelsk utgåve: 0.8018-6647-2 (hefta utgåve).

Motstand til sjølvdrap i sosiopolitisk kontekst frå 400- til 900-talet

Mosaikk som syner romersk vingard.
Mosaikk av arbeid på romersk vingard. Kjelde.

Mykje av opphavet til den sterke motstanden som vaks fram mot sjølvdrap, har vore hevda at starta i folkeopinionen: Medan dei kultiverte argumenterte for omsyn og å vere litt meir ettergivande, ville folket ha strenge straffar og sanksjonar. Minois stiller seg tvilsam til dette. Kvifor skulle kyrkja la folkeopinionen forme synet deira i denne enkeltsaka når dei elles valde og fastslo sine eigne meiningar i alt anna? Han seier vidare at me uansett ikkje har noko prov på at det faktisk var slik at vanlege folk var noko sterkare mot sjølvdrap enn eliten. Men det er i dette tidevervet, altså slutten av 300-talet og det tidlege 400-talet at Romarriket endrar seg frå å vere eit prinsipat til å bli heilt og fullt eit dominat: Med Diokletian og Konstantin var den økonomiske og demografiske katastrofa eit faktum og staten måtte endre seg. Resultatet var at individet mista retten til å styre sin eigen person; i jordbruket såg ein at byrjinga på føydalsystemet kom til, med colōnī (bønder, av verbet for å dyrke) som riktignok var frie, men knytt til jorda som var ått av dominī (herrar); og stadig større mangel på arbeidsdyktige menn, gjorde at regelverket blei strengare og strammare. Det er neppe noko overrasking at ein no fekk lover som lot staten konfiskere godset etter dei som tok livet sitt.

Kyrkjra ville oppfordre til ekteskap i denne tida: Dei gjorde ekteskap til ei dyd og gjorde seksuelt avhald til eit lyte. Abort blei forbode, så òg prevensjon, og ein jobba hardt for å bidra til høgare fødselsrater – i eit samfunn som opplevde stadig lågare fødselstal. Det er ingen tvil om at dette var gavnleg for den romerske staten, som frå og med Konstantin arbeidde tett saman.

Kyrkja hadde sjølvsagt samla seg stadig meir gods, og det var i kyrkja sine interesser at dyrkarane fortsette å vere bundne til jorda og dermed kyrkja (eller staten). Sjølvdrap blei forbode for alle famulī (slavar, trellar, tenarar) av di dei med å gjere dette stal av herren sitt gods, og i 533 forbaud kyrkjekonsilet i Orléans nattverdshandlinga på vegne av dei som var antekne brotsmenn som hadde tekje livet sitt før saka kom opp. Sjølvdrap blei ei kriminell handling mot Gud, naturen og samfunnet. Da Romarriket var blitt kristna, forsvant òg den siste resten av ærbart sjølvdrap, martyrium, og da barbarkongedøma tok makta blei desse nye haldningane ført vidare gjennom lēx rōmāna vĭsĭgŏthōrum, som riktignok innførte nokre skiljeliner: avsmak for livet, skam etter gjeld eller sjukdom skjerma eigedomen etter den daude frå å bli konfiskert. Ein ser vidare at ein ikkje automatisk blei fordømd for forsøk, mellom anna i helgenforteljingar, men dette blei det heilt slutt på mot slutten av 500-talet, og etter konsilet i Auxerre i 578 blei det innført tiltak som straffa sjølvdrap verre en mord.

Med tida blei fekk kyrkja innført at den enkelte skulle vedkjenne syndene sine i skriftemål. Ho heldt fast på at å ta livet sitt i desperasjon, var eit teikn på at ein tvilte på Gud sitt allnådige vesen; dermed slutta dei logisk at den som tok eller prøvde å take livet sitt, også tvila på kyrkja si evne til å vidarebringe denne nåda. Kyrkja stadfesta stadig klårare og tydelegare at ho var den einaste rette og sanne vegen til Gud. Utover 800-talet ser ein i Frankrike at sjølvdrapsomgrepet blir utvida til å inkludere dei som døyr i duell, og i forkant av nye korstog gjentok kyrkja at martyrium ikkje var akseptabelt.

Kort oppsummert var det å ta livet sitt eit brot mot både Herren og herren: Det jordlige godset ein måtte ha, blei konfiskert, og den daude var lova evig fordøming. Slik fekk kyrkja totalkontroll over livet til folk; ein hadde ikkje lenger eige over eigen kropp og sjel.

Teologien bak sjølvdrapsforbodet

Ein mann som stikk seg til daude i eit mellomaldermanuskript.
Ein mann som stikk seg til daude i eit mellomaldermanuskript. Kjelde.

Frå 1000 til 1300-talet blei motstanden til sjølvdrap systematisert i store avhandlingar innan både geistleg og verdsleg jusss. Læra blei absolutt og riset bak speilet var skam; det var dette siste som gjorde det så vanskeleg å utfordre kyrkjelæra i renessansen og opplysingstida. Det er vel verd å merkje seg at teologane ikkje var redde for å trekkje fram heidensk lærdom for å byggje opp under argumenta sine, så som å Abelard sin bruk av Platon i Sīc et nōn. I skolastikken, ɔ: dei som prøvde å foreine gresk filosofi med datida sin moderne teologi. SNL forklarar skolastikken slik:

Skolastikk er en systemskapende, metodisk, autoritets- og tradisjonsbunden retning innen filosofien som blant annet søkte å forene gresk filosofi, særlig Platon og Aristoteles, med den kristne læren. Den ble først og fremst dyrket ved katedral- og klosterskoler i Europa fra 1100- til 1500-tallet.

Skolastikken utviklet et raffinert teknisk begrepsapparat og en tilsvarende terminologi. Dens tenkning er basert på deduksjon fra bestemte premisser (for eksempel Aristoteles' metafysikk og Bibelen) mer enn på induksjon og erfaring.

SNL: skolastikk.

Metoden er forutsigbar: Dei hentar argument for og mot, still dei opp mot kvarandre, og med å vurdere dei finn ein det rette svaret. Ein må sjølvsagt vente å sjå tunge tendensar til stadfestingsslagside. Men lesinga kan likevel vere interessant: Alexander frå Hales gjev oss sine eigne meiningar i diskusjonen, skjønt med meining er det nok heller tolking ut frå kriteria som allereie var stadfesta då argumenta vart plukka ut. Thomas Aquinas er ikkje noko betre: Han listar opp ulike argument som syner kvifor ein kan sjå på sjølvdrap som akseptabelt, men når han så trekk fram motargumentet (det sjette bodet), er det berre ein konklusjon som er mogleg: Argumenta for er feilslåtte: Suicide does an offence to both God and society; no one has the power to pass judgment on himself; killing oneself does not avoid greater evils because the act itself is the greatest evil since it prevents repentance and penance. (Minois 1999: 33) Sjølvdrap kan ikkje vere anna enn forbode, sidan det er eit brotsverk mot naturen og mot bodet om å elske oss sjølve, sidan det er eit åtak på samfunnet me lev i og har oppgåver i, og sidan det er eit brotsverk mot Gud som eiger livet vårt.

Djevelfrykt

Djevelen freistar damer. Tresnitt (?) frå eit mellomaldermanuskript.
Damer som inngår djevelpakt. Wellcome Collection.
Attribution 4.0 International (CC BY 4.0).

For å stogge folk frå å take livet i eigne hender, hadde kyrkje segn og forteljingar i omlaup som peika mot at ein ikkje måtte fortvile, for ein visste aldri når og kva for mirakel Gud kom til å tildele ein. Syndaren blir gjerne redda like før det er for seint, til dømes av jomfru Maria, av helgenar, eller med å gjere heilage handlingar som å gjere krossteiknet eller få vievatn påført seg. Bak dette låg tanken om at ingen kur mot fortviling var betre enn skriftemål, ei lære som slo gjennom på 1000- og 1100-talet, og i 1215 stadfesta det fjerde laterankonsilet at alle måtte gå til skriftemål minst ein gong i året når dei var gamal nok til det.

Med dette kom (ikkje særleg overraskande) strømlinja retningsliner for korleis ein handterte skriftemåla, slik at det skulle bli ein meir fleksible institusjon for folk, og ein gjorde skriftemål, botsgjerning og tilgjeving til ei felles lære og handlingsforløp: I det augneblinket presten, nøkkelberaren, tilgav syndaren, var ein redda, og presten kunne gjere dette før botsgjerninga var utøvd. Med slike nådegaver kunne det ikkje vere mogleg at nokon tok livet sitt utan å ha gått frå sans og samling.

Straff av dei som tok eller prøvde å take livet sitt

Avstraffing med tortur i mellomalderen
Tresnitt (?) som syner avstraffing i mellomalderen. Kjelde: All That’s Interesting.

Det er i perioden frå 1200-talet av me byrjar å få dei meir grufulle forteljingane om korleis sjølvdrap blei avstraffa. Kyrkjeloven var utvikla fullt ut i løpet av 1100-talet og var særs streng: Dei bannlyste sjølvdrap frå kristen gravferd, på line med dei ekskommuniserte, kjettarar, menn som døydde i turnering, med mindre det var klåre bevis på anger i det livet ebba ut. Geistleg lov var ikkje noko betre, der gamal overtru blei slått saman med nye avstraffingar for å verne seg mot skrømtet av den daude. Eit tidleg tiltakt frå Lille, 1200-talet, seier at ein skal drage kadaveret etter mannglege sjølvdrapsoffer til galgen for henging, medan kvinnekadaver skal brennast. Ein tekst frå 1300-talet fortel om ein lov som seier at «“If a man deliberately kills himself he must be hanged by the feet and dragged like a murderer, and his movable goods will be acquired by whoever has claim to them.”» (Minois 1999: 35.)

Ei anna kjelde fortel om enda meir brutal praksis: Liket skulle bli drege så grufullt som mogleg – sjølvsagt for å vere avskrekkande. Ein ser her tydeleg behovet for å verne seg mot onde andar og demonar, for vidare skulle steinane som han hadde gått på bli fjerna. I Metz skulle tilsvarande liket førast ut av huset gjennom ei opning som ein gravde under dørstokken, kasta på elva i ei attspikra kiste med melding om at ho berre skulle få drive vidare, for det var etter lov og rett (ibīdem). I Zürich blei lika straffa slik personen hadde gått ut av livet: Dei som dolka seg fekk skallen gjennombora med ein trekile; dei som drukna seg blei gravd ned fem fot frå vasskanten; dei som fall til dauden, blei lagt under steinar med hovud, mage og føt under store steinar. I England gravla dei sjølvdrapsoffer under travle vegkryss med trestaker gjennom brystet så liket ikkje skulle kunne røre seg. Ein henretta lika for å drive ut vonde andar – ein gjorde eksorsisme.

I nokre områder gjekk dei til og med så langt at dei ikkje berre tok godset til mannen, men òg det etterlatte kona hans, og i nokre område i Frankrike, fjera dei taket, veggane på sida av åren, brann åkrane og hogg vinrankane ned til mannshøgde. (Nynorsk åre, ‑n tilsvarar bokmål arne, ‑n. Ordet kjem av norrønt arinn, árinn.) Men den rådande praksisen som til slutt skal bli mest vanleg, er å konfiskere godset, og kanskje å la lavadelen eller lavgeistlege herrar nyte det.

Vidare

I den siste delen av dette kapitlet, skal eg skrive referat av sjølvdrapspraksis i mellomalderen, galskap som unnskyldning og korleis slutten på perioden synar teikn på mildning.

Samandrag kap. 2 del 1 av Georges MinoisHistoire du suicide

Kva var arven etter mellomalderen? Kva tenkjarar blei viktige? Kva for viktige klasseforskjellar kan me sjå? Mellomalderen og tida som kom var utvilsamt eit stendersamfunn med klåre skiljeliner mellom folk frå toppsjiktet og dei som var berre arbeidarar og bønder. Men det var òg ei anna viktig skiljeline: det verdslege og det geistlege samfunnet. Kyrkjelivet ønskte seg herredøme over samfunnet sitt tankegods, men dei skulle få viktige utfordrarar.

Om du vil kjøpe boka, her er informasjonen du treng:
Minois, Georges (forfattar) og Cochrane, Lydia G. (omsetjar): History of Suicide: Voluntary Death in Western Culture, The Johns Hopkins University Press, Baltimore/London, 1999. Opphavleg utgjeven som Histoire du suicide: La société occidentale face à la mort volontaire, Libraire Arthème, Fayard, 1995. ISBN engelsk utgåve: 0.8018-6647-2 (hefta utgåve).

Det kristenteologiske problemet

Det nye testamentet har ingen klåre diskusjonar om sjølvdrap, og Jesu liding og krossfesting blei rot til ei viktig problemstilling: Tok Jesus livet sitt? Bibelen er fullspekka av sitat som såg ut til å hinte til dette, ikkje berre i evangelia, men òg i Apostelgjerningane. Mange spurte seg: Kvifor gjorde ikkje Jesus noko, når han visste han kom til å døy? Kva skulle kristne då gjere, sidan dei blir oppfordra til å imitere læremesteren sin? Lat oss sjå på litt av det som faktisk var å lese i Bibeltekstane:

Eg er den gode gjetaren. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, slik som Far kjenner meg og eg kjenner Far. Eg set livet til for sauene.

Joh. 10,14–15

Ingen tek livet mitt, eg gjev det frivillig.

Joh. 10,18

For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal finna det.

Matt. 16,25

Om nokon kjem til meg utan å setja dette høgare enn far og mor, kone og born, brør og systrer, ja, høgare enn sitt eige liv, kan han ikkje vera min læresvein.

Luk. 14,26

Den som elskar livet sitt, mistar det. Men den som hatar livet sitt i denne verda, skal berga det og få evig liv.

Joh. 12,25

Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine.

Joh. 15,13

2011: Men for meg er ikkje liv eller død verdt å snakka om
1985: Men ikkje det grann vørder eg livet mitt
Latin: sed nihil hōrum vereor nec faciō animam pretiōsiōrem quam me: men inkje av desse [tinga] frykter eg, heller ikkje å verdsetje sjela mi [ɔ: livet mitt] høgare enn meg sjølv

Apg. 20,24

Tidlege kristne tolka desse orda som eit bod å gje livet til martyrium; lovprisinga av desse kom frå mange og var mangfaldig. Tidlege kristne hata livet og lengta etter å døy; hjå teologane skilde ein difor mellom dei som i desperasjon (over synder, sjølvsagt) tok livet sitt, og dei som gav livet sitt i fromleik: Judas døydde som syndar, Jesus som martyr. Her er det verd å ha i minne at kun Matteus seier at Judas tok livet av seg – dei andre sier ikkje noko om korleis han døydde, og Apostelgjerningane seier at han stupte ned og sprakk, og all innvolen hans valt ut. (Apg. 1,18.)

Dette grunnlaget for kristen lære gjorde det vanskeleg for dei tidlege teologane å fordøme sjølvdrapet, med vanskelege krumspring som at sjølvdrap ikkje er lovleg, men kan ikkje fordømast heilt etter Kristi eksempel; sjølvdrap er ikkje lovleg, men makkabearmødrene gjorde rett; sjølvdrap er ikkje lovleg, men martyrium er prisverdig; sjølvdrap er ikkje lovleg, men enkjer som heller vil døy enn å gifte seg att må me prise; sjølvdrap er ikkje lovleg, men dei som ikkje gjev etter når dei blir forfølgde er rosverdige … Døma er mange, men i grunn ikkje mangfaldige – dei dreier seg i det heile om det same: Me likar det ikkje, men Jesus gjer det vanskeleg for oss å seie noko kategorisk negativt om det.

Når me kjem til 300-talet ser me at kristne moralister i det store og heile følgjer neoplatonske idéar: Sjølvdrap er i prinsippet galt, men nokre unntak er det:

such as killing oneself to carry out an order of the civil authorities (like Socrates), to escape shame, or to avoid an overly cruel fate. In practice, however, doctrine was far from clear: At a time when many sins were subject to strict discipline and required public reconciliation with the Church, canon law contained no sanctions against those who attempted to take their own lives.

Minios 1999: 27.

Det var striden mot heidningane som skulle gjere det mogleg å få èi (om «éi» kontra «èi», sjå kommentaren min om gravaksent i nynorsk) fast lære om dette, med viktige vedtak i 348-konsilet i Kartago og biskop Timoteus’ dekret som forbaud bøner til sinnsfriske sjølvdrap.

Forbodet til Augustin av Hippo (Aurēlius Augustīnus)

Augustin. Av Philippe de Champaigne. Lisens: Falt i det fri.

SNL fortel at Grunnen til skolastikken ble lagt av Augustin på 300-tallet.

Augustin av Philippe de Champaigne.
Lisens: Falt i det fri.

Dē cīvitāte Deī (Om Guds stat) ble ferdig like før han døde, samtidig som vandalene beleiret Hippo (SNL). Her gjev han som den første eit klårt og eintydig forbod mot sjølvdrap: neminem spontāneam mortem sibī inferre debēre velut fugiendō molestiās temporālēs, nē incidat in perpetuās ([at] ingen bør bringe friviljug daude på seg sjølv, sjølv ikkje for å unnsleppe mellombelse lidingar), som han avsluttar med at quia reōs suae mortis melior post mortem vīta nōn suscipit. (av di det betre livet etter dauden tek ikkje imot dei [som er] skuldige i dauden sin.) (Begge sitata: Augustin: Om Guds stat 1.26 siste avsnitt.)

Alle slike forbod var grunngjevne med det sjette bodet: Du skal ikkje drepe. Det som gjorde Augustin unik, var den absolutte, kategoriske avvisinga: Ingen unntak, ikkje eingong for å sleppe unna vald, lyst, freisting. Ingen slapp unna. Kvifor? Av di ein ikkje kunne sleppe unna ei brotsgjerning med å gjere ei anna brotsgjerning, og når ein var daud, var det ingen måte å gjere bot for ugjerninga si lenger.

Dying to flee suffering and pain is pure cowardice; death from despair caused by a contemplation of one’s sins is no better. As with Judas, killing oneself adds a second crime to the first. In no circumstance have we the right to open the gates to eternal life ourselves.

Augustine’s uncompromising prohibition of suicide […] takes the [Platonic] notion one step further, recasting it in the light of “Thou shalt not kill”. He states that life is a sacred gift from God that God alone can take away. The Donatist heretics were criminals when they defended voluntary martyrdom.

Minois 1999: 28.

Augustin gjekk rett i strupen på kjende døme, men utvalde som Samson, sankt Pelagia og Jesus var uskuldige, fordi dei hadde fått eit gudsbod. Det er verd å merkje seg at det andre hadde brukt som argumentet for at sjølvdrap måtte vere tillateleg, moselova, slett ikkje var absolutt, sidan det er mangfaldige unntak frå bodet om å ikkje drepe: Me kan døme forbrytarar til døden og drepe fiendar i krig.

Vidare

Spørsmålet blei ikkje endeleg løyst med Augustin, sjølv om han sjølv nok var rimeleg sikker i saka. I oppfølginga til denne posten skal eg sjå på utviklinga i det femte til tiande hundreåret, teologisk grunnlag for å forby, djevelfrykt, straff i både geistleg og verdsleg lov, trekk ved mellomaldersjølvdrap, galskap, og til slutt oppmjuking i teori og praksis.

fredag 1. oktober 2021

Samandrag kap. 1 av Georges MinoisHistoire du suicide

Ei svært sentral bok i arbeidet mitt vidare, er Georges MinoisHistoire du suicide: La société face à la mort volontaire, utgjeven av Libraire Arthème, Fayard 1995. Versjonen eg leser er Johns Hopkins University Press’ 1999-utgjeving på engelsk (ISBN 0-8018-6647-2. No framover tenkte eg det kunne vere til hjelp for meg å gjere som eg har gjort nokre gongar tidlegare: å skrive eit samandrag av det eg har lese. Kanskje det òg kan lære meg og andre noko nytt?

Kleopatra med hoggormen.

Falt i det frie (frå Wikimedia Commons).

Definisjon av mellomalderen

For å forstå mellomalderen er det klokt å ha fått eit solid grep om når og kor antikken slutta: Kva som er slutten på antikken og byrjinga på mellomalderen er avhengig av om ein ser sein­antikken som ein reell tidsepoke. Tidfestinga av sein­antikken er òg eit diskutert tema, så no er kanskje eit godt tidspunkt å ta med korleis eg valde å definere det i teksten eg leverte inn no tidleghaustes, her nedom frå del Ⅰ kapittel 1 ss. 3–4. Og berre for å nemne det, om du skulle ha lyst til å lese teksten, har eg no gjort han tilgjengeleg via Google Disk-en min. Merk at eg har ikkje gjort han fritt tilgjengeleg, så du må be om innsyn for å få lese han. Om du ikkje får svar raskt, send meg ei tekstmelding eller slå på tråden – dei som kjenner meg har nummeret mitt.

The term antiquity, and more precisely late antiqui­ty, describes both temporal and geo­graphical space. It is often seen as synonymous with ‘clas­sical’ or ‘classics’, which can serve as our last for arriving at a definition.6 Geo­graphical­ly, ‘antiqui­ty’ is most commonly ascribed to the area encom­passing the city states of Greece, and then later that which would encompass the Roman Empire. Temporally, it generally refers ‘to the art and literature of 5th- and 4th century BC Athens and of late republican and Augustan Rome.’7 This does not work well, though, as there clearly is a continuity to see during the principate. For that reason, the definition in The Oxford Dictionary of Late Antiquity assumes the years approximately between 250 and 750 CE.8 This is deliberately vague: It starts in the midst of the Crisis of the Third Century and avoids connections to political developments. Another option therefore is to connect societal developments to political ones: The starting year could be the year Diocletian took the throne in 284 CE;9 and the end year, as per the ‘long late antiquity’10, can fruitfully be the year when Charlemagne was made emperor in 800 CE. But for my purposes, politics are secondary: Theology mostly developed independently from politics, and so the ODLA periodisation (250–750 CE) is chosen precisely by virtue of its fluidity.

Fotnotar

6 Incidentally, neither ‘late antiquity’ nor ‘antiquity’ yields hits neither in The Oxford Classical Dictionary nor The Oxford Dictionary of the Classical World.

7 The Oxford Dictionary of the Classical World: ‘classicism’.

8 The Oxford Dictionary of Late Antiquity: front matter.

9 Rebillard 2009.

10 Which has come under scrutiny by recent scholarship. Interesting discussions on the dating of this period includes Arnaldo Marcone’s ‘A Long Late Antiquity?: Considerations on a Controversial Periodization’ and Averil Cameron’s ‘The “Long” Late Antiquity: A Late twentieth-century model’, pp. 165–191 in Classics in progress: Essays on ancient Greece and Rome, editor T. P. Wiseman, Oxford, Oxford University Press, 2002.

Forkortingar

ODLA: The Oxford Dictionary of Late Antiquity, editor: Oliver Nicholson.

Litteratur

Nicholson, Oliver (ed.): The Oxford Dictionary of Late Antiquity, Oxford University Press, published online 2018.

Rebillard, Eric: ‘Roman History: Late Antiquity’, published 14 December 2009 on Oxford Bibliographies.

Robert, John (ed.): The Oxford Dictionary of the Classical World, Oxford University Press, published online 2007.

Whitmarsh, Tim (ed.-in-chief): The Oxford Classical Dictionary, Oxford University Press, online edition. Former editor-in-chief Sander Goldberg.

Med det som bakteppe, kan ein anta mellomalderen for å vere perioden frå omkring det åttande hundreåret (700-talet) til ein gong mellom 1300 og 1500. Renessansen gjorde seg gjeldande frå det femtande hundreåret i Italia, medan han Norden sin del var gjeldande på 1500- og 1600-talet. Ein kan altså seie at når ein tenkjer på sjølvantikken som si eiga greie, er mellomalderen perioden frå rundt midten av 700-talet til omkring slutten av 1500-talet / byrjinga av 1600-talet.

Samandrag av kapittel 1: Sjølvdrap i mellomalderen: nyansar.

Alle umerka referansar er til den engelske hefta utgåva som notert øverst.

Vanlege og ærbare sjølvdrap

Minois innleiar kapittelet med å presentere ei rekkje utdrag frå memoarar, dagbøker og andre dokument, som syner at sjølvdrap var noko alle sosiale lag, menn som kvinnner gjorde. Kort oppsummert for mellomalderen kan ein slå fast at friviljug daude blei sett på som resultatet av diabolsk freisting som kom av fortviling eller galen framferd. (s. 9) Sjølvdrap ble sett på som mord, og straffa deretter, men dommarane vurderte likevel familiane sine omstende og døymde nokre gongar deretter, men i det heile blei det fordømt hardt for å undertrykkje det: liket blei torturert og skjenda slik ein gjorde med mordarar, og deretter henretta. Ja, faktisk, ein henretta lik! Det som er aller viktigast for historikaren og den historiske sosiologen eller antropologen å merkje seg, er at materialet me har tilgjengeleg er alt for sparsommeleg til at ein kan gjere statistiske vurderingar ut frå det, så påstandar som har kome titt og ofte om «sjølvdrapsmaniar» i det og det hundreåret, held ikkje. Materialet me har tyder på at sjølvdrap i mellomalderen skjedde verken hyppigare eller sjeldnare enn i andre periodar: Lovarbeid (geistleg og verdsleg), filosofiske og teologiske arbeid, at krønikarane ikkje verkar nevneverdig overraska når det skjedde, og dessutan alle rettsdokumenta syner alle at sjølvdrap skjedde høvesvis regelmessig.

Katolsk lære dominerte europeisk tankegods i denne perioden. Men sjølv om mellomalderen ikkje er kjent for framståande sjølvdrap som Catō, Seneca og Lucrētia, er det usannsynlig at det ikkje var nokre i det heile. Særleg det høgare sjiktet av samfunnet var sterkt påverka av kristen tanke, og for dei blei krigarkulturen eit alternativ med riddarturneringar, duellar og krig. Det var ikkje utan grunn at kurset eg tok om Jocelin fra Brakelond heitte […]en middelaldermunk beskriver en farlig verden. Dette gav dei høve til å uttrykke aggressive impulsar som ikkje kunne bli retta mot andre i siviliserte samfunn (s. 10). Tilgangen på aggressive arenaar gav mellomalderen sine høgareståande høve til å uttrykkje dette, og ga dermed ha vore med på å redusere tala på dei som faktisk blei omtala som sjølvdrap, ɔ: direkte sjølvdrap, og forteljingane frå historia om soldatar som ofra seg på slagmarka for å ta vare på æra si er mange: jamvel damene kunne gjere dette, så som dronning Margrete frå Provence som ba ein gamal knekt om å kappe hovudet av ho om sarasenarane skulle true med å ta ho. Me har altså mangfaldige forteljingar frå mellomalderen om indirekte krigarsjølvdrap.

Det ein ser tydeleg her er klasseforskjellane som gjer seg gjeldande: Medan aristokraten hadde fleire arenaar der han kunne få utløp for sjølvretta aggresjon, hadde bonden og kramkaren ingen slike arenaar å ty til. Aristokraten tok gjerne livet av seg indirekte for å sleppe å audmjuke seg; bonden og kremmaren tok helst livet av seg direkte med henging eller drukning for å sleppe ut av fattigdom og liding. I sosiologien blir gjerne det første dømet omtala som eit altruistisk sjølvdrap, ɔ: eit sjølvdrap som gagnar andre; det andre dømet blir gjerne omtala som eit egoistisk sjølvdrap, ɔ: for å gagne først og fremst seg sjølv. I mellomalderen sin kristne krigarkultur med riddarlege ideal blei det direkte sjølvdrapet straffa hardt fordi det var ei feig handling, på linje med eit mord: Liket blei torturert og nekta gravlegging i heilag jord, og sjela var evig fordømd; medan det indirekte sjølvdrapet, det som blei sett på som ei handling gjort til beste for andre, blei omtala som modig, i medhald av riddarleg ære og omtala som eit døme på usvikeleg tru som førte til martyrium.

Sjølvdrap i litteraturen

Ein ser den same dikotomien i litteraturen: nokre lovprisar sjølvdrapet, andre fordømer det etter kristne prinsipp. Katolsk lære blir lett tydd til for å hindre at ein fell under, medan ein i forteljinga om Lancelot har både prestar og jomfrua i vatnet som staggar han. (Og her kom Yngvild med nok ei rekkje gullkorn, ɔ: forslag til kva ho kunne heite: Semiakvatisk tøtte (her hadde eg ville sagt «halvakvatisk»); Fuktig fnask; Plaskepiken. Eg held ein knapp på «Plaskepiken».) I teateret fekk ein høyre kyrkja sitt moralske syn, og Judas, Herodes og Pontius Pilatus var fast figurar som synte sjølvdrap som moralsk forkvakla.

Dådsviser (chansons de geste) var då eit motstykkje slags motstykke, men ikkje veldig: Riktignok var sjølvdrapet framleis eit teikn på at ein hadde mislukkast, men det var no ope for årsaksforklaringar: tapt eller umogleg kjærleik, sorg, anger og skam var vante tema, og handlinga kjem som følgje av sinne, sjalusi eller fortviling, ɔ: frå synd…  og gjerningsmannen er hovudsakeleg den slemme, den syndige. Men det er meir som ligg skjult bak desse: Heltane valdar ikkje sin eigen daude; dei kan kjempe til daudes, men dei gjer det ikkje med formål om å miste livet. Enda meir interessante er dei få tilfella me har frå desse visene på aktivt sjølvdrap:

In Auberi Gauteron hangs himself in his father’s stead; after her son’s death and her husband’s banishment, Béatrice throws herself from a high tower in Daurel et Beton; Dieudonné drowns himself in Charles le Chauve; Florent jumps out of a window in Hernaut de Beaulande; Doraine and Aye d’Avignon kill themselves to escape dishonor in Charles le Chauve and Aye d’Avignon. Moreover, these examples do not include all the heroes who simply express a desire to commit suicide rather than live on after defeat.

Minois 1999: 14

Det vanlege biletet er likevel dei som får andre til å gjere drapet for dei, skikkelsar som blei beundra av mellomalderen sine skrivarar og lesarar. Me finn òg mange dømer på altruistiske sjølvdrap i hofflitteraturen, som Lambègue som gjev seg til fienden for å redde ein befesta by, eller Perceval si syster som døydde etter å ha gjedd blodet sitt til ei spedalsk ei. Vidare ser ein i segn som om riddarane av det runde bordet at dei titt og stadig seier at dei skal ta livet sitt når motstanden blir for stor, og det er mest påkravd når det er for kjærleik som møter uoverstigelege hindringar.

Felles for desse, er at det er tale om noko som har vore mislukka: Det er når det er eit offer sjølvdrapet er akseptabelt: Bonden som henger seg får å sleppe elendigheita var feig, liket hans blei pint og sjela hans gjekk til helvete; medan riddaren som gjekk dauden i møte på slagmarka blei hylla, og blei aldri utsett for behandlinga som den førnemnde måtte lide.

Sjølvdrap og klasse: geistlege, jødar, kjettarar og hebrearar

Direkte sjølvdrap var langt vanlegare blant ålmugen enn blant aristokratiet: ålmugen døydde i elva eller ved tauet, medan aristokraten kunne finne det same i turneringar, krig og jakt. Lov og teoretiske verk avspeglar dette i at det sistnemnde blir sett som altruistisk, men det førstnemnde egoistisk og feigt, og djevelen stod bak det, noko også biletkunsten reflekterte: Dei trakk fram dei gamle figurane Desperasjon og Sinne som motsatsar til Tolmod. Dei er personifiserte, difor stor forbokstav, altså: Desperātiō, Īra og Patientia. Dei geistlege sjølvdrapa kjem som spesielle kasus: Sjølv om tekstane hevdar at det var sjeldant, må ein rekne med at det ofte var feid under teppet, som me òg har fleire døme på. For øvrig fall slike sjølvdrap under geistleg justis, ikkje verdsleg, så det var biskopen som gjorde hevd på å døme i slike saker.

Det ser ut til at jødar stort sett tok livet av seg som følge av forfølging, og da særleg i tidene rundt korstoga; det er i desse tidene me får massesjølvdrapa. Kjettarar ser ut til å ha teke livet sitt av dei same grunnene, inkludert frykt for tortur. Det er vel verd å merke seg at medan kristne som valde å døy blei martyrar, var kjettarar og andre som valde det same sett på som inspirert av Satan, sjølv om handlinga deira var akkurat den same gjort med same motivasjon som bakteppe. Dette syner oss at sjølv om lov og lære var i utgangspunktet absolutt i å fordøme sjølvdrapet, var det mange nyansar av det òg i mellomalderen, både kva gjeld årsak, motivasjon, underliggande krefter som bringa det fram: I det heile var den enkelte si personligheit avgjørande.

Condemnation of suicide in principle is neither obvious nor orginal in Christian civilization, and the religious source of Christianity are either silent or highly ambigiuous regarding suicide.

Minois 1999: 19

Det gamle testementet gjev oss fleirfaldige nøytrale historier om sjølvdrap: Saul, Abimelek, Samson, Eleasar Avaran (1 Makk. 6,43), Razis (2 Makk. 14,41ff), Simri (1 Kong. 16,18), Ahitofel (2 Sam. 17,23), Ptolemaios Makron (2 Makk. 10,13) og Raguel si dotter Sara:

Hun var nemlig blitt giftet bort hele sju ganger, men Asmodaios, en ond ånd, hadde drept alle hennes menn før de hadde hatt ekteskapelig omgang med henne. Tjenestepiken sa til henne: «Det er du som har drept mennene dine. Du har vært gift sju ganger, men bærer ikke navn etter en eneste av dem. 9 Fordi mennene dine er døde, er det vel ingen grunn til å slå oss. Slå følge med dem! Så slipper vi å se at du blir mor til en sønn eller datter.»

10 Den dagen ble Sara dypt bedrøvet og begynte å gråte. Hun gikk opp på takkammerset i farens hus og ville henge seg. Men hun besinnet seg og sa: «Nei, gjorde jeg dette, ville folk kanskje spotte min far og si til ham: Du hadde bare denne datteren, som du elsket, og nå har hun i sin fortvilelse gått bort og hengt seg. Da ble det jeg som måtte bære ansvaret for å ha sendt min gamle far med sorg ned i dødsriket. Så er det best at jeg lar være å henge meg. Men jeg vil be Herren om å få dø og slippe å høre slik spott mer.»

Tob. 3,10.

Dei fleste av desse sjølvdrapa blir lagt fram som heroiske, som fortsette inn i dei jødiske krigane, både individuelt, kollektivt, og sjølv internt hjå familiar. Dette kunne bli problematisk for dei som skreiv om dette, som mellom anna Josefus er eit døme på, der han på den eine sida legg fram historia om Eleasar og syner korleis denne delen av verdan blei påverka av både gresk-romersk og indisk filosofi, og så på den andre sida argumenterer kvifor slike val som blei teke på Masada ikkje trong vere det rette. Det interessante som ein bør merkje seg her, er at den jødiske verda på denne tida (første hundreår etter vår tidsrekning) ikkje hadde kome til noko endeleg svar på dette spørsmålet. Gamaltestamenlige forteljingar om sjølvdrap kjem ikkje med nokon fordøming av dei, og bodet om å ikkje drepe har mange unntak:

Thus medieval Christendom found little to draw on in the inspired texts, a fact that might go far toward explaining the broad variety of interpretations of suicide during the Middle Ages.

Minois 1999: 23