tirsdag 20. september 2022

Ny Hackmaster-rase: gnobbit

For lengje sidan, då eg spela med Yngvild som hakkemeister, spurde eg om eg kunne få lov til å lage noko annleis. To slike spelarrasar blei resultatet av det: ein kobolt og ein gnobbit. Kobolten er spesiell, i at den er den einaste (so vidt eg hugsar) av dei humanoide rasane som har pluss på INT; den er laga ut frå den informasjonen eg greidde å trekkje ut av informasjonen i Hacklopedia of Beasts. Gnobbiten, derimot, er eit ekte kjærleiksbarn, og då eit bastardbarn: resultatet av kjærleik mellom ein gnom og ein hobbit. Korleis kan du lage han?

Opphavleg notat om gnobbiten, ført i penna av meg heime hjå Yngvild ein gong for to til åtte år sidan.
Opphavleg notat om gnobbiten, slik eg skreiv det ned medan eg sat hos Yngvild ein kveld for to til åtte år sidan.

Gnomar og hobbitar er i grunn vesen som ikkje treff på kvarandre særleg ofte. Gnomane synest kanskje gjerne at hobbitane har vél grøne fingrar, medan hobbitane rett ofte ikkje er særleg begeistra for gnomane sin humoristiske sans. Men ein og annan gongen hender det at ein hobbit og ein gnom ser noko meir i sjelene til kvarandre – rett som det er blir handelsutveksling også «kulturutveksling» – og resultatet blir ein liten gnobbitunge. Kva som var opphavet til gnobbiten din, må mest du og hakkemeisteren din bli sams om.

For min del, var gnobbiten min den andre rolla eg spela i Yngvild sin kampanje, so vidt eg hugsar. Om eg ikkje tek mykje feil, var han også den som daua særs modig med å fumle og stupe på sin eigen kårde i eit forsøk på å redde Alexandra si rolle. Det var tragikomisk i ordets verkeleg rette forstand!

Korleis lagar du ein gnobbit?

Det fyrste du bør ha funne ut av, før du byrjar å lage gnobbiten, er kva som var opphavet til at denne bastardrasen blei til. Var det mora som var hobbit eller var det faren? Dette gjev deg nemleg utgangspunktet for kva du skal gjere vidare. Ser du mest gnomsk ut, mest hobbitsk ut eller litt av begge delene? Nokre ting er uansett avklart på førehand: Både gnomar og hobbitar er små og får bonus i forsvar; men dei har òg dårlegare rekkjevidd, fart, helsepoeng og attendeslagmostand grunna storleiken sin. Heldigvis er både gnomar og hobbitar flinke å gøyme seg i naturomgjevnadar og dei startar tospråklege.

Følgjande grunntrekk og ‑krav er like for gnobbiten, uavhengig av kva genar ein har arva.

  • +4 forsvar
  • 1 gratis evnemeistringsterning på gøyming og sniking
  • Liten storleik gjev dårleg åtaksrekkjevidd (−1′ rekkjevidd gjev 4′ grunnrekkjevidd)
  • Liten storleik gjev halv fart (kryp 1 1⁄4′, gå 2 1⁄2′, jogg 5′, spring 7 1⁄2′, spurt 10′)
  • Liten storleik gjev låg helseterning
  • Liten storleik gjev låg attendeslagverdi
  • Må kjøpe kunna («ei kunne»: kunnskap, lære, fag, jamfør bokmål «kunnen», Hackmaster-engelsk «proficiency) bilingval (kostnad 3 byggepoeng) med gnomsk og hobbitforelderen sitt menneskemål ved rolleskaping
  • Får bonusen gøyming i naturlege omgjevnadar

I tillegg til dette gjeld fleire trekk avhengig av kven ein har arva. Fekk du mest av mor sine trekk? Far sine? Eller har du arva dem nokså likt om likt?

Gnobbittrekk avgjorde av arv og miljø

I skjemaet i biletet øvst i denne posten, er brukt bokstavane A, B og C. Det hadde nok vore betre å bruke ein G, H og B for gnom, hobbit og begge. I skjemaet nedom har eg heller skrive det fullt ut. Korleis går du vidare fram?

Start med å avgjere kva far og mor er. Greier du ikkje å bestemme deg, kast ein t2:

  • 1 (1–3 på ein t6): far er gnom, mor er hobbit.
  • 2 (4–6 på ein t6): mor er hobbit, far er gnom.

Etter arv og miljø kastar du så ein t12:

  • 1–4: Farstrekk dominerer.
  • 5–9: Morstrekk dominerer.
  • 10–12: Begge er jamnt fordelt.

Gjer dermed følgjande:

  • Viss faren din er gnom og mora er hobbit og du på t12-kastet fekk at farstrekka dominerer,
    eller
    viss mora di er gnom og faren din er hobbit, og du på t12-kastet fekk at morstrekka dominerer:
    • Fylgj fyrste kolonne nedom («Gnometrekk dominerer»).
  • Viss faren din er hobbit og mora er gnom og du på t12-kastet fekk at farstrekka dominerer,
    eller
    viss mora di er hobbit og faren din er gnom, og du på t12-kastet fekk at morstrekka dominerer:
    • Fylgj andre kolonne nedom («Hobbittrekk dominerer»).
  • Viss du fekk at begge sine trekk er jamnt fordelt:
    • Fylgj tredje kolonne nedom («Gnometrekk dominerer»).

Då har du grunnlaget du treng for å lage alle grunnverdiane og ‑trekka dine, so berre fylgj kolonna i tabellen under etter kva du fekk over. Eg har for øvrig gjort nokre få endringar i tabellen mot den opprinnelege skissa.

Gnobbiten sine rasetrekk etter genetikk
Gnometrekk dominerer Hobbittrekk dominerer Begge jamnt fordelt
1) Litt potetnase og nokså tjukk hud på føtene og noko hårate, men ikkje tjukk nok hud til å gå skolaus i temperaturar ≤+4 °C.
2) Kast om att viss same resultat.
3) Kun for slynge. 80 % byggepoengkostnad viss arvetrekka er likt fordelt frå begge foreldra.
4) Vel det som passar best med bakgrunna; talent ligg latent. 5) Kjempar, risar og troll.
6) Vette og koboltar. 7) Engelsk: myopia. 8) Engelsk: inappropriate sense of humour.
−2 styrke
+2 smidigskap
−2 utsjånad
+2 karisma
−4 styrke
+1 visdom
+2 smidigskap
+1 uthald
−3 styrke
+2 smidigskap
−1 utsjånad1
+1 karisma
1t8:
1–2: +1 visdom
3–4: +1 uthald
5–8: ingen
1t8:
1: −1 utsjånad1
2: +1 karisma
3–4: begge
5–8: ingen
Kast t100 to gonger2:
1–23: +1 visdom
24–46: +1 uthald
47–69: −1 utsjånad
70–92: +1 karisma
93–97: kun éi justering;
  kast på nytt (ignorer 93+)
98–100: ingen
døkksyn eller pattedyrempati4
attendeslag som stor
forsvar +4 mot KRT5
åtak +2 mot VK6
70 % BP-kostnad på:
snøggskot3
olja lyn3
Kast 1t6 to gonger2
1: initiativbonus
2: snøggskot3
3: olja lyn3
4: attendeslag stor
5: +3 forsvar mot KRT5
6: +1 åtak mot VK6
1t10:
1–3: initiativbonus
4–6: snøggskot3
7–9: olja lyn3
10: Ingen
1t10:
1–3: attendeslag stor
4–6: +2 forsvar mot KRT5
7–9: +1 åtak mot VK6
10: Ingen
1t8:
1–4: nærsynt7
5–7: upassande humoristisk sans8
8: Begge
1t8:
1–3: nærsynt7
4–5: upassande humoristisk sans8
6: Begge
7–8: Ingen
1t8:
1–4: nærsynt7
5–6: upassande humoristisk sans8
7: Begge
8: Ingen

Oppvekst og fysiske trekk

Uansett kva du fekk, kan det vere greit å vite kven som var kven av foreldra dine. Sidan slik førehald gjerne er litt meir bak lukka dører enn vanleg er, er sjansen for å vere fødd utanomekteskapeleg større: 2⁄30, altså litt hyppigare enn kva som er vanleg for gnomar og hobbitar, men ikkje fullt så vanleg som for menneske og gnomtitanar.

Når det gjeld dei forskjellige punkta under kapittel 7, Priors and Particulars, kan du nytte følgjande:

  • Startalder: Kast alder for begge og summér:
    • viss gnometrekk dominerer: gang summen med 2⁄3.
    • viss hobbittrekk dominerer: gang summen med 1⁄3.
    • viss begge er jamnt fordelt: ta snittet av summen (gang med 1⁄2).
  • Høgde: Hobbitar er litt høgare enn gnomar. Kast høgde for begge, summér og tak snittet som over (2⁄3, 1⁄3 eller 1⁄2).
  • Vekt: Som med høgde. Hobbitar har vel å merke ein tendens til å bli ei aning meir … rotunde enn gnomar, so ein kan få ein meir rundmaga gnom enn til vanleg.
  • Høgre- eller keivhendt? Genane har her ikkje noko å seie for utfallet; bruk den vanlege tabellen.
  • Arv og arverett: Som eg skreiv over, er sjansen større enn for hobbitar og gnomar elles: 2⁄30, altså 1–2 på ein t30 (ein sjanse på 1:15).
  • Hugs å justér førehaldet til foreldra etter om du er bastard eller ikkje.
  • Førehaldet til syskena blir ikkje endra av genetikken.

Oppsummering

So her er han: gnobbiten. Ein skal ikkje skule hunden på håra, ei heller gnomen på potetnasen og hobbiten på dei hårate føtene. Eg har sjølv berre prøvd han i spel eit par få kveldar (før han kreperte), men eg syntest iallfall han var morosam å spele. Med litt hell, får eg opp ei teikning her av korleis gnobbitar kan sjå ut om ei ri; eg skal oppdatere posten her når so måtte skje.

mandag 12. september 2022

Ei rosenrot

I går hjalp eg Yngvild å grave opp nokre roser som ho skal ha med seg når ho flyttar. Den eine var ei sped lita busk, berre rundt 15 centimeter høg, men ho vaks opp frå ei gamal, mykje større rot. Det er klårt at det er best for planten å få fare til den nye bustaden sin med so mykje av rota som mogleg, men det var ikkje nokon måte å få plass til heile rota i ein sekk jord. Me såg på rota og kom fram til at der rota delte seg, kunne me kanskje kappe ho. Den korte forgreininga hadde fleire smårøtter som vaks ut frå seg, medan den lange forgreininga berre var ei tjukk rotgrein. Me tenkte at mesteparten av livskrafta låg i den lange biten av rota, so me fann fram øksa, kappa av enden, og eg foreslo at me brente den andre enden, so ho kom til nytte.

Rosenrot som brenn i kaminen
Rosenrot som brenn i kaminen til Yngvild.

Då me gjekk inn, fleipedikta me litt om denne rosenrota. Eg trur me sa ei allitererande line som var noko i retning av brors brekte bein brenn eller noko i det lendet, og noko gladvaldeleg vitsing. Men det fekk meg til å tenkje, og noko byrja å take form i hovudet mitt. Eg fekk lyst til å skrive noko i gamal stil, noko som leika med bokstavrim, noko som sa noko om korleis den eine måtte døy for at den andre skulle leve, noko om at den eine gav oss varme no, den andre seinare. Eg sat og tenkte godt og lengje, og det eg kom opp med nyttar bokstavrim, spegling mellom fyrst og siste line, khiastisk bokstavrim i tredje og sjette line, og eit kanskje litt enkelt enderim midt i. Eg syntest no det blei fint lell:

Bjart brenn bror meg å myndast:  kjærleg øksa,  du til peiseld,  eg til jorddeld,  økslast kjekt  stolt ved strileeng,  blir å blømast bjart.

Bror brenner klårt for at eg skal få vekse til vaksen alder. Me blei skilde med øks, men ikkje i låkskap, heller for å gjere oss godt. Du blei hogd for å varme med eld, eg for å byrje å spre varme med å slå rot i ei jordgrop; eg skal gledeleg vakse meg stor og få mange fleire blomar attmed huset som står ved enga i strilelandet, og med dei mange blomane skal eg skjønt og klårt lyse opp tunet.

Eg fekk no gledje av dette lille verset. Kanskje du med?

tirsdag 6. september 2022

Gift

Utdrag fra side 67 av Alexander L. Kielland: Gift, Gyldendal norsk forlag, 2. utgave 6. opplag, 1971.

Det er ei sterk bok, Gift, og her bokas mest berømte replikk. Jeg har faktisk ikke lest den før, men begynte på den sist jeg var på besøk hos Yngvild; nå fortsetter jeg på den på kveldene som sengelektyre, og det er noe behagelig flott med å få lese ei så viktig, betydningsfull bok som denne. Kritikken Kielland retter mot skolevesenets egenbeskyttende vesen gjennom fru Wenches røst er fortsatt like brutalt hardtslående i dag som jeg tror den ble opplevd den gang da, og jeg skulle våge påstanden at det er ei bok som egentlig burde leses av enhver som våger seg ut på å være virkende i skolevesenet. En skal iallfall vite at jeg nyter leseopplevelser. Kompromissløs, intelligent litteratur har av en eller annen grunn noe tidløst ved seg.