tirsdag 10. januar 2023

Når skal ein bruke hard bindestrek (U+2011)?
Om vanlege, mjuke og harde bindestrekar

Ikkje alle bindestrekar er like! Skrivemaskinen sin bindestrekstast, som det moderne tastaturet har arva, skulle tene mange oppgåver: Han skulle være kort (–) og lang tankestrek (—), minusteikn (−), sitatstrek (―) og ikkje minst bindestrek (‑) – og sikkert fleire slike strekar som eg ikkje kjem i hug no. Men noko ein aldri trengde tenkje på, var om lina ein skreiv på skulle kome til å bli broten på uønska stad; med moderne tekstbehandlarar er dette noko ein må vere var på.

Sjå på dømet her:

Døme på manglande hard bindestrek: siste del av uttrykket får bindestreken på lina over.
Døme på manglande hard bindestrek: siste del av uttrykket får bindestreken på lina over; bindestreken burde her følgje uttrykket til lina under.
Illustrasjon: Tor-Ivar Krogsæter

I biletet over ser ein eit typisk døme på når ein i staden for ein vanleg bindestrek treng hard bindestrek. Ein hard bindestrek følgjer ordet den står til, og det er fleire måtar å taste han på:

  1. I LibreOffice kan ein taste Ctrl + Skift + bindestrek.
  2. Ein kan òg taste 2011 og deretter Alt + X med markøren inntil det siste eittalet.
  3. Ein kan dessutan gå vegen via menyane: Sett inn → Spesialteikn …, velj skrifta du brukar og anten skriv inn 2011 i feltet for heksadesimal inntasting, eller søk på «hyphen» i søkjefeltet.
  4. Eller gå til Amp What (&What;) og søkje på «non-breaking hyphen», for så å kopiere og lime inn derfrå.

Merk at det og finst ein mjuk bindestrek (U+00AD: «soft hyphen», i HTML ­). Dette er ein bindestrek som ein set inn der ein vil at ord skal delast i tilfelle teksten endrar seg; dette er særs nyttig når ein skriv ein tekst som ein kjem til å redigere mykje, og får særleg lange, samansette ord.

Men tilbake til saka: Kva blir resultatet når den harde bindestreken er sett inn?

Hard bindestrek no retta opp: Teksten har vorte rykt ned på lina under.
Med hard bindestrek ser ein korleis (den no redigerte) teksten har blitt rykka ned til lina under.
Eg må vel skrive det om? Eg blei kanskje vel konsekvent …
Illustrasjon: Tor-Ivar Krogsæter.

I det nye dømet over, ser ein korleis teksten no av tekstbehandlaren ikkje lenger blir uriktig oppdelt. Ein må med andre ord hugse at ein i tekstbehandlarar har tre bindestrekar å velje mellom:

Vanleg bindestrek
Inntasting: med å taste bindestrektasten.
Verkemåte: Heng att på lina over.
Hard bindestrek
Inntasting: Tast Ctrl + Skift + bindestrek eller «2011» og deretter Alt + X.
Verkemåte: Blir med til lina under.
Mjuk bindestrek
Inntasting:
  • Anten via menyen (Sett inn → Spesialteikn) og søkje heksadesimalt etter U+ad eller i tekstsøkjefeltet etter «hyphen» (merk at om skrifta ikkje har teiknet, får du ingen treff (prøv då ei meir komplett skrift));
  • eller med å taste ad og deretter Alt + X; merk at om ad står inntil anten siffer eller teikna a, b, c, d, e, f, oppfattar tekstbehandlaren dette som del av den heksadesimale koden. For å bøte på dette, tast inn den heksadesimale koden åttesifra, altså 000000ad.
  • Eller med å søkje opp teiknet på &What;-sida.
Verkemåte: Brukt til å dele opp lange ord kun når det trengs. Teiknet kjem kun til syne om ordet skulle vere lengre enn det som er att på lina; den mjuke bindestreken blir då synleg som ein vanleg bindestrek, og ordet blir delt der den mjuke bindestreken er sett inn.

Og med det har du alle verktya du treng til å dele opp laupande tekst riktig til gledje for både deg sjølv og lesaren din.