I dag, tretten år etter at eg gjekk opp til III dan, stod eg til IV dan. Eg er no blant seniorane. I morgon skal me ha seniormøte og deretter trening med grandmaster’n for å lære dei nye mønstera våre. Det har vore ein stor dag full av hard innsats, masse kjensler, masse varme og gode helsingar og ei kjempetrivelig avslutting saman med dei andre.
Ein enorm takk til Kjersti, alle instruktørane mine og ikkje minst alle de som har hatt tru på meg gjennom alle desse åra.