søndag 23. mai 2021

Vaksine!

Bilete av vegen opp til vaksinasjonssenteret eg høyrde heime under i Glasgow

No på fredagen som var, var det endeleg min tur. Eg måtte reise rimeleg langt for å få tatt vaksina mi – halvannan time med buss – men då eg først kom meg fram, var de fort gjort. Dei som tok imot oss, var veldig hyggjelege, og ein blei rettleia heile vegen gjennom. Pamfletten med «Les dette før du tar AstraZeneca»-vaksina fekk eg riktignok etter at ho var sett, men dei hadde vel i grunn spurt meg ut om det meste som var viktig i ho på førehand. Eg kom heim att på kveldinga, og så byrja eg å bli litt småsjuk.

Viss du får AstraZeneca-vaksina, kan du vere førebudd på at det er heilt vanleg å bli øm i arma der ein fekk ho. I tillegg er det vanleg å bli litt kvalm, sår i halsen osb., eller som det blei for meg: å få ein kortvarig, mild, influensaliknande tilstand. Eg hadde høg feber, skalv som eit ospelauv, svetta og var heit, medan eg frøys valdsamt; fekk hovudpine, og låkt i dei fleste musklane; og dessutan diaré. Eg blei tom for energi og hadde null overskudd heile helga; og no på sundagen det same, mykje det same (men betre i magen), feber, veldig sliten og ikkje mykje tess. Om du kan, vil eg anbefale deg å ta ho på ei tid der du anten kan melde deg sjuk ein dag eller to etter (viss du skulle trengje det), eller i helga. Det siste er no vel eigentleg ikkje eit so godt alternativ, for poenget med helga er jo at ein skal bli utkvilt før ein tek til på ei ny arbeidsveke, so da er ein ikkje mykje tess når måndagen kjem.

I alle høve, no er første skot sett, og om tre til tolv veker får eg det andre. I motsetnad til i England, får eg ikkje noko kort som prov på at eg har teke ho, men eg vonar no at dei alle fall har eit sentralt register der det står ført opp. Eit vaksineregister som me har i Noreg, trur eg er å håpe på vél mykje.

tirsdag 18. mai 2021

Sliten, tom, utbrukt

Portrett av Galen, 1700-talet, The Lancet ved  gravør Georg Paul Busch
Portrett av Galen, 1700-talet, The Lancet ved gravør Georg Paul Busch. Frå Wikimedia Commons.

No, etter mykje strev, har eg endeleg fått levert utkastet mitt til utstillingsmelding av  The Empire’s Physician : Prosperity, Plague, and Healing in Ancient Rome til rettleiarane mine. Eg sende også ein e-post til Jugaad-prosjektkontakten min, for å gjere dei klare over at eg har teksten klar. Utstillinga er interessant, ho, det må eg seie, skjønt eg er òg klar i kva eg kritiserer. Det er mykje dei kunne ha gjort for å faktisk gjere det til ei moderne, interaktiv nettutstilling; mest av alt er det no berre ei nettbok, og med 1440p blir det mykje svart på kvitt.

Med alt som har skjedd i det siste, er det ikkje rart at eg er sliten ut. Plana mi for den neste halve veka er å gjere noko eg ikkje har gjort på lang tid: Ha ei helg uten skyldnadar, ingen e-postar, spele spel, og kanskje dra ut på ein lang tur? I alle høve: Eg treng å slappe av, og det skal eg gjere no; det har eg fortent.

søndag 9. mai 2021

And med andrikharem

Andemor med åtte ender på jorde i Cowglen-området. Foto Tor-Ivar Krogsæter 2021.
Andemor med åtte ender på jorde i Cowglen-området. Foto Tor-Ivar Krogsæter 2021.
Jepp, Glasgow er plaga med mye, mye søppel.

I går, da jeg var på tur tilbake fra butikken, så jeg en flokk ender samla på et jordstykke i nærheten av der vi bor. Jeg tok en nærmere kikk, og blei overraska over å se åtte andriker samla med ei andemor. Det så ut til at denne anda hadde det som plommen i egget, med et helt harem av andriker til å konkurrere om oppmerksomheta hennes. Sevja stiger!

lørdag 8. mai 2021

Rollespel: Alternativt talsystem II

Eit interessant talsystem:
⓪ ① ② ③ ④ ⑤ ⑥ ⑦ ⑧ ⑨ ⑩ ⑪ ⑫

Viss du ser sirkeltal, kan du laste ned skrifta eg brukar til desse tala frå googledisken min. Tala er definert på U+24ea (0) og U+2460–246b (1–12). Viss du ikkje vil (eller det ikkje verkar – Blogger er litt strisam her), syner eg ho lengre ned med bilete.

Tidlegare postar om talsystem:

I innleiinga til den første posten om talsystem skreiv eg at […] problemet me har i dag når me skal attgje [talsystem med fleire enn ti grunntal], er at me brukar anten kun dei ti sifra me har og legg til ekstrateikn (som A–F for 10–16), eller talar om til dømes tolvtalsystem med utgangspunkt i dei ti sifra med brukar og titalsystemmåten å forstå rekning på. Hugsar du tabellen som synte tital- og tolvtalsystemet sett mot kvarandre? Som han synte, når me attgjev andre talsystem i deira eigne system, blir det akkurat like nett og lett som talsystemet me tilfeldigvis er vane med. Papua Ny-Guinea har mange interessante system, og det kanskje mest interessante (synest eg) er 27-talsystemet oksapminfolket brukar på Ny-Guinea: Dei 27 grunntala har namn etter kroppsdelane frå høgre tommeltott til venstre lillefinger:

Illustrasjon frå Saxe, Geoffrey B. & Esmonde, Indigo: Making Change in Oksapmin Tradestores: A Study of Shifting Practices of Quantification Under Conditions of Rapid Shift towards a Cash Economy, South Pacific Journal of Psychology, bd. 15 № 1. januar 2004, DOI: 10.1017/S0257543400000134. Eg fann artikkelen via ResearchGate.
A tip^na 1 tommel
B tipnarip 2 ring­finger
C bum rip 3 lang­finger
D h^tdip 4 peike­finger
E h^th^ta 5 lille­finger
F dopa 6 hand­ledd
G besa 7 under­arm
H kir 8 ol­boge
I tow^t 9 over­arm
J kata 10 skulder
K gwer 11 sida av halsen
L nata 12 øyret
M kina 13 auget
N aruma 14 nasen
O tan-kina 15 hitt auget
P tan-nata 16 hitt øyret
Q tangwer 17 hi sida av hals­en
R tan-kata 18 hi skuldra
S tan-tow^t 19 hi over­arma
T tan-kir 20 hin ol­bogen
U tan-besa 21 hi under­arma
V tan-dopa 22 hitt hand­leddet
W tantip^na 23 hin tommel­en
X tan-tipnarip 24 hin peike­fingeren
Y tan-bum rip 25 hin lang­fingeren
Z tan-h^tdip 26 hin ring­fingeren
Æ tan-h^th^ta 27 hin lille­fingeren

I tabellen valde eg å representere dei oksapminske tala med bokstavane frå A til Æ. Rekning med eit 27-talsystem er akkurat slik som med titalsystemet; ein må berre hugse at ein tek 27 i mente, ikkje 10. Det høyrest kanskje komplisert ut, men det er sikkert like underleg for dei å berre kunne hente ein tiar, som for oss å kunne hente «hin lillefingeren». Men for ein oksapminer, kan det å rekne med tala slik me er vane til, bli kunstig, for som artikkelforfattarane nemner:

To indicate a particular number, one points to the appropriate body part and says the body part name. For example, to indicate the number 12, one points to the ear which is the 12th body part and says the word for ear, “nata”. To count past the 27th body part, one continues up to the wrist, forearm, and on up and around the body. There is no distinction between the name for the 21st body part and the 29th body part; both are called “tan besa” or “other forearm”. Thus, context is crucial for an understanding of the numerical referent for any number in the Oksapmin counting system.

Saxe og Esmonde 2004: 12

Eit par reiknestykke kan illustrere det:

10
+ 12
= 22

J
+ L
= V

Z
+ W
= V

26
+ 23
= 49

Det me kan ta frå dette, er at det at eit talsystem har mange faktorar eller store grunntal, gjer ikkje talsystemet i seg sjølv nyttig; grunnleggjande for at eit talsystem skal kunne vere anvendeleg, er korleis brukarane sjølve forstår det. Det kan sjå ut til at oksapminarane sjølve ikkje har bruk for å gjere større reiknestykkje, så når det er klårt frå samanhengen om ein meinar I (tow^t) fyrste gong eller andre gong, har ein ikkje behov for å seie om det er snakk om II eller berre I.

For at talsystemet eg vil skape skal verke etter formålet sitt, må ein kunne gjere klåre reiknestykkje med det, så talsystemet må vere utvetydig òg i bruken sin.

Eit ekte tolvtalsystem

Eg har grubla mykje på korleis det kunne sjå ut, og kom til slutt fram til eit tolvtalsystem bygd på grupper av tre. Eg ville òg at det skulle ha eigne talord som hang saman fonetisk; sidan dei hadde bygd systemet på tre, verka det naturleg for meg at også språket i seg sjølv ville ha ein slik grunnstruktur. Men eg kom meg ikkje dit direkte, så eg skal vise vegen, for ein lærer meir av å trø vegen enn å kome fram til målet.

Fyrste forsøk

Den fyrste rekkja eg landa på, lydde slik:

Fyrste forslag til talord (determinativar) til tolvtalsystemet
Verdi
123456789101112
Talord æinnj
(ein)
tu
(to)
tri
(tre)
fir
(fire)
fæm
(fem)
sæks
(seks)
sjau
(sju)
åttå
(åtte)
pæis
(ni)
ti
(ti)
ølljøv
(elleve)
tølv
(tolv)
Ein etterhengd -j indikerer palatalisert konsonant, slik ein finn han i store delar av Romsdalen, Nord-Møre, Trøndelag og mesteparten av Nord-Noreg. I hovudet mitt høyrer eg alle dei vanlege L-ane som tjukk L.

Eg ville at talorda skulle være mogleg å kjenne att straks, berre med nokre underlegskapar putta inn her og der. Talordet «peis» for 9, går tilbake til gamal tid, og eg har høyrt at folk på min alder har høyrt sine besteforeldre bruke ordet. Det kjem frå tømrarfaget, og blei brukt for å skilje det frå 10. Dei øvrige tala er eit samansurium av nordvestnorsk talemål med nokre dølamål blanda inn her og der. Det er lett nok å kjenne att, og samstundes akkurat snodig nok til at ein kan putte det inn i eit område der ein vel å tale litt breiare dialekt.

For talorda frå 13 og opp, såg eg for meg noko i retning av tøllæinnj, tølltu, tølltri, tøllfir […] tøllått […] tølljøv, tvølv, æinnj-og-tvølv […]. Alternativt, for å følgje den norske, skandinaviske, jamvel europeiske tradisjonelle måten å seie talorda under hundre på, kunne ein i staden ha hatt æinnjtølv, tutølv, tritølv, firtølv, fæmtølv, sækstølv, sjautølv, åttølv, peistølv, titølv, ølljøtølv, tvølv (jamfør qui>kvi og eu>ev), æinnj-og-tvølv, tu-og-tvølv, tri-og-tvølv, fir-og-tvølv […] ått-og-tvølv […] øllj-og-tvølv, trølv, firølv, fæmølv, sæksølv, sjauølv, åttølv, peisølv, tiølv, ølljølv. Og 122?

Det protogermanske opphavet til «hundre» er *hundą («hundre») + *radą («telj») (uttala /ˈxun.dɑ.ˌrɑ.ðɑ̃/). Sidan hundre opphavleg berre tyder noko stort, kanskje enkelt og greit «stortølv»? Og da naturlegvis med retrofleks -rt-ljud: /stuːʈøɽ(v)/. Ein kan tenkje seg ei endring frå stortølv til stølv over tid, og da få tustølv, tristølv o.s.b. for 1 × 122, 2 × 122, 3 × 122.

Andre forsøk

Kva om ein i staden har eigne ord som kan minne om norsk, men som har ein eigen tankegang bak seg? Eg gjorde meg opp ein tanke om at ein hadde tre grunntal: æiɲ́, , trí. Her tyder ein akutt aksent lang vokal eller konsonant jamfør slovakisk (og forresten fortalde Elena meg her om dagen at L og R blir behandla som vokalar på slovakisk, sidan dei kan få aksent for å gjere dei lengre: á, é, í, ó, ú, ý, ĺ, ŕ), og ein konsonant med j-krok på er palatalisert, som i «han» (pronomen) kontra «hannj» (det du grip med) i nordlending. Eg tenkte at desse tre talorda var å tenkje som (0 × 30 + [1, 2, 3]), altså 0 + 1 = 1 = æiɲ́ o.s.b.

Vidare tenkte eg at ein doblar vokalen for å doble verdien, slik at ein får dei neste tre grunntala: ǽiɲ́, ǽtu, ǽtri/ǽtr, jamfør ((0 + 1) × 3 + [1, 2, 3]). Talordet ǽtu blir forkorta frå ǽtú på grunn av jambeforkorting, det same skjer med ǽtrí > ǽtri, og den finale i-en fell til slutt vekk og ein får att ein syllabisk konsonant, ɔ: /æː.tr/, som kan hende utviklar seg til /æːtr/.

I lingvistikk tyder teikna < og > «kjem frå» og «førte til», slik me i latin til dømes har bĕnĕ < bĕnē, ɔ: «bĕnĕ kjem frå bĕnē».

For talorda 7–12 får ein då den same idéen, men no med talordet tú som berande: túiɲ́, tútu, tútri/tútr ((0 + 2) × 3 + [1, 2, 3]) og tríiɲ́, trítu, trítri/trítr ((0 + 3) × 3 + [1, 2, 3]).

Så kom eg til å tenkje på at dette ikkje følgjer regelen for to, så kanskje me har to system som lev side om side? Eller eitt system som er det nye, medan eitt eldre har byrja å gå ut av bruk? Eller det eine systemet er framleis i bruk i eit meir innestengd område, medan utflyttarane tok i bruk det nye systemet med trí som markør for 10–12? I alle høve, det gamle systemet måtte da sjå slik ut: tuiɲ́, tut(u), tutri for ((0 + 2) × 3 + [1, 2, 3]) og túiɲ́, tútu, tútr for ((0 + 3) × 3 + [1, 2, 3]). Tútu < tútú, men sistevokalen blir utsett for jambeforkorting, ɔ: det at siste staving blir forkorta i lengde når ein har jambetrykk på ordet. Hugs at «jambe er troké og troké er jambe» – med helsing norsklærar Rolf Bugge, Molde vidaregåande skule.

Eg enda altså opp med to system, som i tabellformat gjev følgjande tolv grunntal:

Andre forslag til talord (determinativar) til tolvtalsystemet
Verdi
123456789101112
Talgrunnlag [1, 2, 3] × 30 3 + [1, 2, 3] × 30 2 × 3 + [1, 2, 3] × 30 3 × 3 + [1, 2, 3] × 30
Talord,
gamle
æiɲ́ trí ǽiɲ́ ǽtu ǽtri
ǽtr
túiɲ́ tútu tútri
tútr
tríiɲ́ trítu trítri
trítr
Talord,
nye
Talgrunnlag
2 × 3 + [1, 2, 3] × 30 3 + 3 × 3 + [1, 2, 3] × 30
tuiɲ́ tut(u) tutr(i) túiɲ́ tút(u) tútr(í)

Talsymbol

Tolvtalsystem, symbol, taldelane

Å lage talsystema var sjølvsagt ei kalligrafisk gledjande utfordring for meg. Eg fann etter kvart ut at eg ønskte å lage eit skrivesystem der ein skreiv frå høgre mot venstre, og laga også ein runeversjon av tala. Idéen var enkel: Tala skulle bestå av enkle symbol som hang saman, som i fullstendig form såg slik ut som til høgre. Den svarte streken er den fyrste grunnfiguren, som representerer stroket for ein. Den raude krullen tyder legg til ein. Den grøne krullen tyder legg til to. Haka på botnen tyder legg til tre. Den blå krullen tyder andre sekvens, altså legg til seks. Dette gav meg denne talrekkja:

Tolvtalsystem, talet 1, av Tor-Ivar Krogsæter
æiɲ
1
Tolvtalsystem, talet 2, av Tor-Ivar Krogsæter

2
Tolvtalsystem, talet 3, av Tor-Ivar Krogsæter
trí
3
Tolvtalsystem, talet 4, av Tor-Ivar Krogsæter
ǽiɲ́
4
Tolvtalsystem, talet 5, av Tor-Ivar Krogsæter
ǽtu
5
Tolvtalsystem, talet 6, av Tor-Ivar Krogsæter
ǽtr(i)
6
Tolvtalsystem, talet 7, av Tor-Ivar Krogsæter
túiɲ́ | tuiɲ́
7
Tolvtalsystem, talet 8, av Tor-Ivar Krogsæter
tútu | tut(u)
8
Tolvtalsystem, talet 9, av Tor-Ivar Krogsæter
tútr(i) | tutr(i)
9
Tolvtalsystem, talet 10, av Tor-Ivar Krogsæter
tríiɲ́ | túiɲ́
10
Tolvtalsystem, talet 11, av Tor-Ivar Krogsæter
trítu | tút(u)
11
Tolvtalsystem, talet 12, av Tor-Ivar Krogsæter
trítr(i) | tútr(i)
12

Merk at som nemnt, blir desse tala (og alfabetet eg vonar eg skal lage i framtida) skrivne frå høgre til venstre; siste siffer – einaren – er altså talet lengste til venstre.

Rekning

Lenger opp spurte eg: Hugsar du tabellen som synte tital- og tolvtalsystemet sett mot kvarandre? Som han synte, når me attgjev andre talsystem i deira eigne system, blir det akkurat like nett og lett som talsystemet me tilfeldigvis er vane med. Og vidare sa eg at Rekning med eit 27-talsystem er akkurat slik som med titalsystemet; ein må berre hugse at ein tek 27 i mente, ikkje 10. Så i dette tilfellet blir det då å ta tolv i mente, eller som det heiter her: trítr eller tútr i mente. Dette er forresten det same som eg synte i posten min D&D: Mer om penger: Hvordan regne med de forskjellige myntenhetene. Det er vel kan hende best å syne det med eit døme:

1 1 
B2A
+  385
= 12B3



11 02 10
+ 03 08 05
= 14 10 15


01    01
11 02 10
+    03 08 05
= 01 02 11 03

Eg valde her å skrive tala med minste siffer til høgre, slik vi er vane til å lese dei; sjølv har eg sett for meg at dei skriv frå høgre til venstre, på grunn av ein leiande hovding eller konge tilbake i tid som sjølv var venstrehendt keivhendt retthendt, og dermed foretrakk skriving i den retninga. Tala har difor krullen og kroken den vegen dei har; det høver seg godt for retthendt skriving. Eg fekk for øvrig ikkje til å fjerne ramma rundt bileta, uansett kor mykje eg prøvde.

Så, er dette lettvint? Nei, ikkje nødvendigvis. Men kan det vere interessant? Ja, så absolutt. Mykje av det som gjer at eit rollespel kjem til live, er kjensla av at dei ulike regionane har sine eigne kulturar og språk. Eit alternativt talsystem som dette, kan vere ei interessant nok utfordring for spelarane, viss ein har ei kampanje der slikt blir sett pris på. Eg vil tilrå at om ein skulle velje å ta i bruk slike ting som dette, så burde ein ta seg litt tid til å bli god kjend med det i forkant av bruken av det, slik at spelarane kan få kjappe, sjølvsikre svar på korleis det verkar når dei undrar seg. Ein spelar som undrar seg over noko i verda ein skapar for og med dei, er verd vekta si i gull; ein spelleiar som syner at den set pris på det med å ha gjort sin del av arbeidet, er det same.

Til slutt, om nokon skulle ha lyst til å sjå skrifta i OpenType-format, kan ein laste ho ned frå googledisken min. Bokstavane er plassert i området U+2474–247f (enclosed alphanumerics, parentestal), så for å taste dei, nyttar ein seg av ein tekstbehandlar som LibreOffice, OpenOffice eller Word, tastar den firesifra, heksadesimale talkoden, og trykker Alt + X.

Oversikt over tolvtalsystemet, Tor-Ivar Krogsæter