tirsdag 26. september 2023

Attende på campus

I dag våga eg meg attende på campus etter eitt einaste besøk tidlegare i løpet av permisjonsåret som har gått. So korleis er det å vere her att?

Attende på campus

Det var rart å kome hit att. Eg kjende magen knyte seg berre av å bestemme meg for å fare vidare med bussen mot campus, heller enn å gå av i sentrum; og når eg trykte på stoppknappen for å gå av attmed Kelvingrove Park, kjende eg det enno sterkare. So var det vegen gjennom parken, nærmare universitetsplassen, før eg til slutt tok motet til meg og faktisk bestemte meg for å gå heilt til campus. Eg hadde ikkje trudd at eg skulle kome meg hit, men eg gjorde det.

Eg må no berre, for slik er eg no ein gong. Ordet campus, norsk uttale /ˈkɑ́m.pʉ̀s/, latinsk uttale [ˈkämpʊs̠], er av latinsk opphav og har den opphavlege forma campus, ‑ī. Det tyder ‹slette; samtaletema (samtale-slette), debattema (debatt-slette); handlingsrom; moglegheit; grøde›. Ordet er dessverre ikkje definert i de Caprona sitt storverk, men Wiktionary seier at etymologien går tilbake til protoindoeuropeisk *kh₂ém-po-s < *kh₂emp- ‹å bøye, kurve; glatte›, eller at det er eit jordbruksuttrykk lånt frå eit anna språk.

På veg inn på campus, medan eg venta på grøn mann, stod det nokon på den andre sida av gata som eg meinte eg kjende att. Han drog kjensel på meg, eg helste, og det var han eg trudde det var: Matthew Fox. Eg tok han i handa og helste på han, og han var glad for å sjå meg og spurde korleis det gjekk med meg. Betre, svara eg. Han hadde tenkt på meg fortalde han, og ville gjerne skrive åt meg seinare so me kunne treffast.

Bilete av Sculpture Courtyard, University of Glasgow, foto Tor-Ivar Krogsæter
Skulpturplassen mellom bygga tilhøyrande universitetsbiblioteket. Foto: Tor-Ivar Krogsæter.

No sit eg inne i studie­området på universitets­biblioteks­foajéen. Eg har det omtrent slik skulptur­plassen her ute har det: grått og lite inn­bydande. Det er fyrste steg for meg, fyrste reelle steg iallfall. Eg skreiv til Watson for ei veke sidan og har ikkje høyrt noko meir; eg skreiv til Hau for eit par dagar sidan, og må nok vente litt meir før eg høyrer noko frå det haldet òg, skulle eg tru. Då eg skreiv til Omissi tidlegare i år, blei det nokso klårt for meg at eg ikkje er ønskt her meir, iallfall ikkje frå den staden. Det er ikkje nokon grei måte å prøve å stable seg på beina att. Spørs­målet no er om eg skal våge meg vidare eller ikkje. Kjersti var tydeleg då me satsa på dette: No går me inn med begge beina til det er fullført. Eg veit eg har støtte der. Fox har òg vore svært støttande; eg har verkeleg kjensla av at han ønskjer at eg skal gjere dette. So eg har støtte heimefrå og eg har støtte frå nokre hald her. Er det nok? Som dei seier i Flåklypa: Time vill sjåvv.

Nokre tankar kveldstid

So blei det altså ikkje til at eg posta dette no på dagen; eg ville gjerne høyre om det var greit at eg skreiv det som eg gjorde (noko det var). Men ja, kva har skjedd sidan då? Eg har fått svar frå so vel Watson og Hau som Fox. Watson er viljug til å vere med i samtalen min om eg ønskjer det, Hau tek gjerne imot meg allereie denne veka, og Fox ville gjerne treffe meg no i veka som kjem. So eg har greidd å take tak i saken som plaga meg. Det har vore ein bøyg. Og eg prata litt i kveld om kva eg skulle gjere vidare. Per no har me ikkje råd til at eg studerer, so enkelt er det. So er spørsmålet: Skal eg i det heile gjere det? Det kan sjå ut til at det ikkje lèt seg gjere, når det kjem til stykket. Men no til å byrje meg skal eg no iallfall konsentrere meg om éin ting: å finne ut om eg kan forlengje permisjonen min.

Ikkje alle draumar er meint å bli.

søndag 24. september 2023

Ny HackMaster-spelarrase: kobolt

Koboltar er artige vesen og skumle som ei hulder i høstmørker. Ja, dei er ynkjelege, små krek som stikk av før ein rekk å seie Koboltar er feige som frandorprefekten, men om det kjem mange nok av dei, gjer du klokt i å snu og bravely run away. I HackMaster er dei om mogleg endå skumlare enn i Dungeons & Dragons, av di dei mellom anna er éin av kun to humanoide rasar som har bonus på intelligens. So er dei spelbare?

Eg har tidlegare skrive éin post om andre spelarrasar: Ny Hackmaster-rase: gnobbit, datert 20. september 2022.

Du kan òg få ein oversikt over alle Hackmaster-postane mine.

Hackmaster-logo hentet fra Kenzer & Co.s hjemmeside.

Hackmaster-logoen, fra Kenzer & Co.

Alt av Hackmaster og Kingdoms of Kalamar er opphavsrettsleg verna og varemerke eigde av Kenzer and Company.

Opphav

Eg skreiv opphavleg om dette i Google+-gruppa HackMaster 5th Edition. Teksten då var på engelsk; han kjem her i omsett versjon. For dei som skulle ønskje å lese originalen, er det nok lite håp; eg har til dags dato ikkje funne nokon måte å sjå gamalt Google+-innhald på, for so vidt eg har greidd å finne ut, er det ikkje lagra på The Internet Archive eingong.

Eg fekk faktisk sjansen til å prøve ut denne rasen ein enkelt gong: kobolten min Krakkh Vraff døydde hardt og brutalt i Yngvild si kampanje.

So kva tenkte eg den gong då eg sette saman rasen til ei spelbar spelarrase? Her er innleiinga mi:

Rules for Creating a Kobold PC class

Millenia of being bullied by the larger races have taught kobolds that the path to survival lies in having no mercy for the meek, and outwitting the strong. They are expert trapmakers, and decent at crafting weapons from wood. Sometimes, they might even farm the land! Don’t be fooled by their aggressive nature, yet cowardice fighting; they are clever and know how to use their surroundings to their advantage. After all, how else could they have survived for so long?

Reglar for å lage ein koboltspelarklasse

Tusenår som mobbeoffer for storrasane har lært koboltar at vegen til å overleve er i å ikkje syne nåde til dei mjuke og å overliste dei sterke. Dei er ekspert­fellemakarar og dugelege på å lage trevåpen. Nokre gongar kan dei til og med dyrke jorda! Bli ikkje lurt av det aggressive lynnet deira trass feigskapen i strid; dei er kløktige og veit korleis dei skal nytte omgjev­nadane sine til eigen fordel. Når det kjem til stykket, korleis skulle dei elles ha overlevd so lengje?

Reglar

I det vidare kjem det du treng å vite om korleis du skipar ei koboltspelarrolle.

Rasefordelar og ‑ulemper med koboltar

Koboltar har dei følgjande rasefordelane og ulempene:

Utmerkte fellemakarar

Dei har teft for å lage feller og får difor eitt gratis kast på avvæpn felle, finn felle og fellemaking med +3 i rasebonus (eller relevant evneverdi, kva enn som er høgare) under rolleskiping. Dei får vidare +3 i bonus på desse dugleikane på kvar ein grad deretter og kan kjøpe kast for å forbetre dei til halv byggepoengkostnad.

(Her lurte eg i den opphav­lege posten min på om eg heller skulle setje dette til 3⁄4 bygge­poeng­kostnad, men eg trur det ikkje er nødvendig.)

Desse dugleikane kan vel å merkje aldri bli betre enn avansert dugleiksnivå utan at kobolten får formell trening eller tilgang til bøker om ingeniørarbeid. Alle bonusane over føreset at kobolten vaks opp i ein koboltstamme.

Dugelege gardbrukarar

Av ein eller annan uforklarleg grunn er koboltar faktisk dugelege gardbrukarar, særleg når ein tek omsyn til kva slag landejord dei blir overlatne til å dyrke. Ei fersk koboltrolle har 35 % sjanse til å ha tolmodet som krevjast for å bli ein dugeleg gardbrukar. Om dette heppekastet skulle lukkast får kobolten eitt gratis kast på gardbrukar-dugleiken under rolleskipinga.

På kvar nye grad deretter får rolla – om spelaren har synt interesse for det – ein +3-bonus på gardbrukar-dugleiken sin. Denne bonusen kan ikkje forbetre rolla til meir enn vanleg dugleik. Å bli ein avansert eller betre gardbrukar krev faktisk trening.

Handverkarar

Koboltar veit korleis dei skal stelle for seg og stammen sin og er difor dugelege handverkarar. Dei får eitt gratis kjøp av tilverk (kurvfletting) og tilverk (pilfletting). Koboltar er dessutan dugelege buemakarar og pilmakarar og får eitt gratis kjøp av tilverk (boger) og tilverk (piler). Alle desse tinga føreset at kobolten blei oppfostra i ein koboltstamme.

Koboltar er dårlege smedar, uavhengig av type smiing, og ingen koboltar forutan i legendesoger har nokon sinne sikta mot å bli gode metalltilverkarar. Difor, når ein kjøper kast på metallarbeidsdugleikar, bruk éin terning dårlegare (det vil seie ein t10g for ein t12g, ein t6g for ein t8g og so bortetter). Vidare kan kvar kjøpte terning gjennombore kun éin gong.

Overlevarar

Koboltane sin føretrekte stridsmåte er å halde seg ute av syne og åtake eventyrarar som er dumme nok til å ikkje følgje med på omgjevnadane sine. Føresett at spelarrolla blei oppfostra i ein koboltstamme, får ho følgjande bonusar:

Koboltar får eitt gratis kjøp av gøyming og sniking under rolleskiping. Dei har store øyre som lèt dei på enklare vis høyre overfallsmenn (og bytte) på stor avstand; dei får difor eitt gratis kjøp av lytting og ein rasebonus på +3 (eller relevant evneverdi, kva enn som er høgare) når dei kjøper denne dugleiken.

Viss kobolten blei oppfostra i villmarka, kjenn den spirande kobolteventyraren òg til korleis han overlever i villmarka, sidan han sjølv er på grensa til å vere eit villdyr – iallfall blir dette gjerne hevda av sokalla meir intelligente rasar. Dei får difor eitt gratis kjøp av overleving, sporing og bålbygging.

Om eg skulle ha med bålbygging eller ikkje, var eg òg usikker på. Eg tek det med her. Koboltane treng ikkje å grille maten sin for å kunne ete han, men som høgareståande vesen føretrekk dei å spise maten sin med litt færre trikinar og E. coli. Ein elle annan gong fann ein kløktig kobolt ut at dei som spiste mykje rått kjøt fekk meir nyreskadar.

I tillegg, avhengig av stammerolla deira, altso om dei var gardbrukarar, jegarar eller krigarar, kan koboltspelarroller byrje med anten talentet arbeidar, langdistanselauping eller turgåring/marsjering til halv byggepoengkostnad.

Våpen- og panserkunne

Stammekulturen lærer alle koboltar korleis ein nyttar enkle våpen, særleg kortspjut, kortsverd samt dolkar og knivar, og dei får difor kunne med desse våpena gratis, føresett at spelarrolla blei oppfostra i ein koboltstamme, altså: våpenkunne (kortspjut), våpenkunne (kortsverd) samt våpenkunne (dolk) og våpenkunne (kniv).

Sidan dei fleste kan lage boger, kan dei kjøpe våpenkunne (kortboge) til halv pris.

Dei kan òg å bruke små, enkle skjold og får skjoldkunne med handskjold og små pileskjold (SR 4, ubrukande etter éin kamp) gratis. (Dette jamfør HoB 197 og kamprosettkommentarar s. 198.)

Dyrekjennskap

Koboltar er dyktige på dyrehald og kommuniserer lett med dyra. All ferske roller får eitt gratis kast på dyreetterlikning, skjønt dei har litt annleis progresjon:

Progresjon,
dyreetterlikning for koboltar
Meistrings­grad Ljodar
Nybyrjar Dyreljodar (ulv, bjørn, hund)
Vanleg Ropa til dyr inntil storleik M (mellom)
Avansert Fugleljodar
Ekspert Ropa til dyr inntil storleik S (stor)
Meister Ropa til dyr inntil storleik G (gigantisk)

Dei får òg eitt gratis kast på dyretrening (hundar) og dyretrening (røyskatter) og kan kjøpe eitt kast på dyretrening (villsvin) til halv pris. Når dei graderer seg, får dei ein +3-bonus på dyreetterlikning og dei tre nemnde dugleikane i dyretrening, so framt rolla har brukt tid under eventyra på å spisse dei. Vidare forbetring i dyreetterlikning får ein til halv byggepoengkostnad, men ikkje forbi avansert nivå; ekspertnivå og vidare kostar full byggepoengkostnad. Forbetring i dei tre dyretreningsdugleikane er til halv BP-kostnad.

Språk

Koboltar byrjar spelet med deira eige koboltspråk samt evna til å kommunisere med andre hundedyr (dyr i slekta Canis). Dei har òg eit eige teiknspråk (som rolla får som kunne), men ein kan kun kommunisere enkle ting med dette. Koboltroller er påkravde å ha minimum nybyrjarmestring av eit lokalt menneskjespråk (eller eitt som hakkemeisteren slår fast er fornuftig).

Tøffe, små jævlar …

Sjølv om koboltar ikkje tålar mykje juling, lèt den tjukke pelskledde huden deira dei riste av seg noko av skaden. Spelarrollekoboltar får difor talentet tjukkhuda.

… men lettskremte.

Ferske koboltspelarroller har skrullenskapen feiging. Koboltar er ikkje kjende for motet sitt – ville koboltar er nervøse og byrjar å springe det augneblunket dei trur dei ikkje kan vinne – men sidan det krev litt meir mot å setje seg i sinne å fare ut på eventyr og skape seg eit namn, får dei ti byggepoeng om kastet deira på urokkelegheitstabellen (eller kanskje heller: «rokkelegheitstabellen») skulle ende opp med 11–12, altså at spelarrolla deira er nervøs.

Merk at nye koboltspelarroller ikkje får meir enn 10 byggepoeng frå denne skrullenskapen; kast betre enn 11 (altso 1–10) gjev ingen byggepoengbonus.

Forhatte og føretrekte raser

Koboltar hatar hobbitar (i kampanjane mine er «halvling» utelukkande nedsetjande) intenst og er påkravde av sjølve naturen deira å drepe dei ved fyrste augekast. Koboltar har generell mishug til andre humanoide. Koboltar trivst godt med gnollar.

Andre (spelar)rasar (forutan gnollar) hatar koboltar. For langt dei fleste er dei teikn på kun grufulle ting: drap, lemlesting, bortføring og anna liding. Følg reglane for grel (døkkalvar) for korleis ein handterer dette.

Klassekostnadar for koboltar

Eg var, då eg fyrste gong la han ut, ikkje sikker på kva eg skulle setje klerkane på og foreslo 50–70 byggjepoeng. Eg sette opphavleg sjarmøren til 70 byggjepoeng, men strauk han seinare ut. Eg trur eg vil take han inn att, men setje prisen endå noko høgare: 75 byggjepoeng. Kvifor? Det er særs vanskeleg for so forhatte vesen å overhodet få tilgang til treninga dei treng for å mestre faget.

Byggepoengkostnad for klassar for koboltar
Klasse BP Kommentar
* Frå HoB s. 198: Koboltar har sjeldan heksedoktorar med kun ein 10-prosents sjanse for at det skal finst ein i leiren.
Krigar 30 Svak, men ilter og vill – og kløktig.
Knekt I/T Kun for menneskjer.
Riddar I/T Kun for menneskjer.
Jeger 40 Lågare visdom (−1) enn hobbitar.
Barbar 55 Ikkje vis, men intelligent.
Tjuv 20 Peislestane har +1 Int
Sjarmør 75 Med karisma på −3 og forhatt av alt som kan krype og gå (bortsett frå gnollar), er dette mest umogleg for dei.
Leiemordar 30 Snikjardæklar.
Trollmann 40 Smarte, men dårleg tilgang på bøker.*
Krigartrollmann 35 (Sjå over.)
Krigartjuv 25 (Sjå over.)
Trollmanntjuv 30 (Sjå over.)
Klerk 60 Alle tenkjande vesen har heilagfolk, men koboltane sine stammesamfunn er sopass dårleg organiserte at dei sjeldan får bygd nok til å kunne støtte opp at éin enkelt kan kun gjere dette virket.
Biologi
Livsløp

Koboltar har kort livsløp, vanlegvis rundt 40 år, skjønt nokre oldingar har levd til å bli 65 år eller meir. (HoB s. 199.)

Høgd og vekt

Koboltar er rundt 3′ høge; hannkoboltar er i snitt 1″ høgare og 3–5 ℔ (pundligaturen – av di eg kan, og av di eg er typofil) tyngre enn tispene. I store stammar kan alfahannen vere 5′ høg. Høyr med hakkemeisteren din om du vil spele ein kobolt som er større enn liten, sidan dette kjem til å påverke grunnevnene hans.

Normalt store koboltar er 40–50 pund tunge; gjennomsnittleg BMI er difor 20,6.

For å avgjere kobolten si høgd og vekt, bruk tabellane lengre ned.

Grunntrekk for koboltar

For å lage kobolten, bruk dei følgjande justeringane på 6(3t6 + t%)-kasta dine.

Evneverdiar, hendigskap og farskap
Evnejusteringar Kampjusteringar Hendigskap Farskap
† Rasebonusar.
‡ Henta frå grunnverdiane i HoB.
−5 styrke
+1 intelligens
−1 visdom
+1 smidigskap
−3 uthald
−2 utsjånad
−3 karisma
−1 fart†
+4 forsvar†
skadereduksjon 1†
+3 initiativ‡
+2 åtak‡
−3 skade‡
Bruk verdiane til alvar Alle koboltar er uektefødde, men det er ikkje uvanleg at dei veit kven faren var om han var mektig. Koboltar blir fødde i kull på 4–12 (kast 4t3).
Høgd og vekt

Merk at det ikkje står noko om hoer som blir mellomstore eller store; tabellen nedom er difor begrensa til 40 + 1t5 tommar for hoene. Sjansen for å få ein hann som er 4′ 4″ høg er 1:1 6662⁄3. Sjansen for å få ein hann som er 5′ høg er 1:24 000.

Eg trur at utrekninga over er rett.

BMI-kart for koboltar
Kast t12 BMI
Trekk frå éin på resultatet for hoene, då dei har mindre muskelmasse.
01–02 18
03–04 19
05–09 20
10–11 21
=12 22
Høgdekart for koboltar
Kast (t100g) Høgd i tommar* Fot Alder
* Viss du spelar ei hoe, trekk frå 1″.
† Største høgd for hoene.
‡ Auk med éin ytterlegare for kvar terning som er gjennomborande.
** Ingen har nokon sinne komen over eit større individ, iallfall som det finst nedteikningar over.
01–04 30″ = 2 1⁄2
05–05 31″
09–16 32″
17–24 33″ = 2 3⁄4
25–36 34″
37–41 35″
42–56 36″ = 3′
57–71 37″
72–83 38″
84–91 39″ = 3 1⁄4
92–95 40″
For resultata 96–105 kan hoene ikkje få gjennomborande terningar. Høgste moglege prosentterningverdi for hoene er 105.
96–99 + 1t3g″ ♂
+ 1t3″ ♀
~ 42 1⁄2
~ 3′ 6 1⁄2
BMI +1
100–102 + 1t4g″ ♂
+ 1t4″ ♀
~ 43″
~ 3′ 7″
BMI +1
103–105 + 1t5g″ ♂
+ 1t5″ ♀
~ 43 1⁄2
~ 3′ 7 1⁄2
BMI +1
106–108 + 1t6g″ ♂
~ 44″
~ 3′ 8″
BMI +1
109–110 + 2t3g″ ♂
~ 45″
~ 3′ 9″
BMI +1
111–112 + 2t4g″ ♂
~ 46″
~ 3′ 10″
BMI +1
113–114 + 2t5g″ ♂
~ 47″
~ 3′ 11″
BMI +1
115–116 + 2t6g″ ♂
~ 48″
~ 4′
BMI +2
Tidlegast fylte 30 år
117–119 + 2t8g″ ♂
~ 50″
~ 4′ 2″
BMI +2
Tidlegast fylte 30 år
120–122 + 3t6g″ ♂
~ 52″
~ 4′ 4″
BMI +2
Tidlegast fylte 35 år
123–124 + 3t8g″ ♂
~ 55″
~ 4′ 7″
BMI +3
Tidlegast fylte 40 år
125–126 + 3t10g″ ♂
~ 58″
~ 4′ 10″
BMI +4
Tidlegast fylte 45 år
127 + (4t6g + 1)″ ♂
~ 59″
~ 4′ 11″
BMI +5
Tidlegast fylte 47 år
128** + 4t8g″ ♂**
~ 60″**
~ 5′**
BMI +6
Tidlegast fylte 50 år

Oppsummering

Er denne stakkars kobolten liv laga? Og kva kan ein nytte han til om ein ikkje vil spele han sjølv? Om ikkje anna kan dette over vere eit godt grunnlag for å lage ei spanande ikkjespelarrolle (ISR). Ein skal aldri undervurdere spelarane si interesse for ISR-ane ein sleng på dei, skjønt ein skal heller aldri overvurdere ho. Kor mange spelleiarar har vel ikkje opplevd at han eller ho dei brukte timesvis, dagesvis, kanskje ukesvis på å tenkje ut, var fullstendig uinteressant for spelarane, medan den ein kokte ihop på 3,7 sekund fordi nokon spurde Korleis ser han ut? Kva heiter han?, plutselig blir favoritt(fienden) deira? På mange måtar var Rubina ei slik ei.

Det siste eg skreiv i den opphavlege posten var dette:

Vidare kommentarar

Dette er grunnidéane mine. Alt av forslag er meir enn velkomne. Informasjonen over er grunngjeven i tabellane og informasjonen eg fann i både PHB og HoB i tillegg til tankane mine om korleis koboltar verkar. Dei har blitt gjorde meir til stammefolk i HM enn i D&D (i tillegg til å bli hunde- i staden for firfisledyr), som eg ikkje har noko imot i det heile. Eg hadde likevel likt å sjå dei spela ut på eit vis som gjer at ein hugsar dei: som utspekulerte, djevelske, vanvittig farlege peislestar som med største sannsyn kan utslette ei 15. grads gruppe som er dum nok til å prøve å invadere heimen til koboltane.

Eg vonar eg skal greie det ein gong. Mellombels får eg late meg inspirere av det eg tenkte ut den gong då. Eg ser at eg hadde ein merknad om symjing i notatane mine frå den gong då, og eg har gjort nokre endringar frå då eg posta det, som eg har tatt med her, som til dømes å rette opp i feilen i høgdekartet frå då. I tillegg har eg gjort sjarmøren mogleg att og landa på ein pris på klerkane. Eg vonar du finn det nyttig å spanande å prøve ut, og om du skulle ha tankar om han, må du gjerne skrive i kommentarfeltet.