lørdag 9. januar 2021

Greek : An Intensive Course

Kursboka: Hardy Hansen og Gerald M. Quinn: Greek : An Intensive Course, Fordham University Press, New York, andre reviderte utgåve trykt i 2014. Øvingsark: Mellom anna grammatikkreglar, nokre drillar, alfabetet med gresk skjønnskrift (som per i dag har gått av moten, mykje slik ungar i dag meir eller mindre ikkje lærer å beherske skjønnskrift. Drikke: Om du ikkje har fått smakt Noregs beste sider (som er frå Hardanger, sjølvklart), unn deg ei flaske av Edels Is-sider. (Og eg er sjølvsagt ikkje viktig nok til at nokon har betalt meg for å seie det.)

Målet mitt forrige semester, var å få teke att dei som hadde teke gresk som nybyrjarar hausten som var, då i løpet av november og desember. No har det seg jo slik at hausten slett ikkje blei som planlagt, men eg kom meg då i det minste so vidt i gong, og no dette semesteret (semester 2 av 3 i løpet av studieåret 2020–2021, av kva våren 2021 har to semester). Men no i januar har det vore betre, og eg har no endeleg greidd å forstå korleis gresk tonelag (eller: «tonem») verkar innanfor ordet i seg sjølv. Forunderleg nok var det vanskeleg å få svar på spørsmåla mine om tonelag frå ein britisk – engelsk, trur eg faktisk – professor, for engelsk er jo som kjent ikkje eit primærtonespråk, slik norsk og til dels svensk er. Islandsk og dansk er ikkje primærtonespråk; islandsk blei aldri det, medan dansk mista tonaliteten på seinare tid.

Ein kan nesten ikkje kome med slike påstandar utan referanse, kan ein? Ein kort introduksjon om temaet er på Store norske leksikon; eg har kommentert artikkelen der, og håpar på ein meir utfyllande diskusjon der.

I alle høve, det er eit tema som er rimeleg enkelt å lære seg for ein nordmann (eller svenske), men dei fleste lærebøkene er skrivne for eit engelsk publikum, so forklaringane er gjerne … mangelfulle. Eg skal sjå om eg ikkje greier å forklare det i rimeleg korte trekk her. I denne posten skal eg presentere tonelaga og korleis dei blir talt, medan eg i neste post kjem til å ta for meg reglane for korleis dei verker.

Gamalgreske tonar

Nordlandsk dialekt er kanskje den beste dialekta å bruke til samanlikning med gamalgresk, for apokope-områda i Nordland har òg cirkumflekstonelag: Me skil mellom /hʉ́s/ (substantiv) og /hʉ̂s/ (verb, apokopert infinitiv), eller /máɲː/ ([ein] mann) og /mâːɲː/ (mannen). På same måte kan ein i gresk ha fleire tonelag, nærare bestemt tre:

  • Akutt aksent, altså stigande tone, som i til dømes λόγος (lógos: ord, tale, forteljing) eller πέμπει (pémpei: sender).
  • Gravaksent, altså synkande tone, som alltid kjem som erstatning for den akutte aksenten på siste staving i eit ord, og kun når neste ord følg på utan pause.
  • Cirkumfleksaksent, altså stigange og fallande tone, som i til dømes ψῡχῆς (psȳkhês: sjela (i GEN).
Korleis og når blir tonen tala?

Ei gresk staving kan bestå av inntil to mŏrae. I motsetnad til latinske stavingar, tek ikkje dei greske stavingane omsyn til konsonantane; det tyder at det einaste som har innverkning på om stavinga er rekna som kort (ei mŏra) eller lang (to mŏrae) er om det er ein kort vokal (eller kort diftong) eller ein lang vokal (eller vanleg diftong). Det greske alfabetet hadde to skriftteikn for å syne lang vokal: êta og ô méga. Dei øvrige vokalane (álpha, è psilón, iôta, ò mikrón, ŷ psilón) blei ikkje markert for lengde, men ein kan syne dei som det med å sette eit makronteikn over dei.

Kjelde for det følgjande finn du her. Eit gresk ord har like mange stavingar som det har vokalar eller diftongar. Lange stavingar har ein der vokalen er lang eller det er ein diftong, med unntak av ord-αι/-οι; desse sluttstavingane blir vanlegvis rekna som korte. Dei lange vokalane er ᾱ, ει, η, ῑ, ου, ω, ῡ. Korte stavingar har ein alle plassane der ein har dei korte vokalane, ɔ: ᾰ, ε, ῐ, ο, ῠ, og dei fleste finale -αι og -οι.

Hugs det eg nemnde frå to avsnitt opp: Antall mŏrae avgjer lengda i ei staving, og dermed kva tonem ho kan ta. Ein enkel regel oppsummerar det heile:

The apparently complex “rules” of Greek accentuation can be understood in terms of a single general principle involving the concepts of contonation and mora.

Contonation is the combination of the rise of pitch generally thought of as the accent with the return or fall to standard pitch that follows it. In the case of an acute accent, the contonation includes both the syllable on which the [accent is] written (and on which the pitch rises) and the entire following syllable (on which the pitch falls), if any, whether it counts as long or short. In the case of the circumflex accent, the contonation occurs on the one syllable on which the accent is written, for there are both a rise in pitch and a return to standard pitch on that syllable.

Accentuation Tutorial frå UCB Classics

Vidare skriv dei at:

The general principle of Greek accentuation is that the contonation may be followed by no more than on mora before the end of the word (or phrase pronounced as one word unit). This principle is in many respects similar to rules in other languages (e.g., Latin) that constrain the position of the accent according to the nature of the final syllables of a word. In Greek this principle limits the position of the acute and circumflex accents and requires the addition of an extra accent in some phrases consisting of word + enclitic.

Ibīdem

Ein kan altså oppsummere det som dette:

  1. Tonemet krev kontonasjon, altså at tonen fell tilbake til den normale høgda si.
  2. Sidan ein akutt eller grav aksent tek berre ei mŏra, blir kontonasjonen fullendt på neste mŏra.
  3. Sidan ein cirkumfleksaksent tek to mora å fullføre, og sidan den kun skjer på lange stavingar (som er to mŏrae lang), er kontonasjonen fullendt på same staving.
  4. Det kan aldri vere meir enn èi enkel mŏra på ei staving.

Og her er det sikkert nokon som grin på nasen av å se ein grav aksent over tallordet. Det riktige, jamfør Språkrådet, er ein akuttaksent. Problemet med denne, er at den òg viser vokalen sin kvalitet som trang. Ordet «ei» krev ei brei uttale: /æi̯/. Det er neppe noko overrasking at eg sende ein e-post til Språkrådet om dette. Dei svarte dette 25. september 2020:

Takk for responsen på baseartikkelen.

Problemet med "éi" og "éin" forsvinner dersom vi godtar at aksent har flere bruksmåter.

Det er nok mest praktisk å gjøre som Vinje i Skriveregler -- å ta utgangspunkt i trykkmarkering (og ikke i den norske "dialektologiske" kvalitetsmarkeringa):
https://www.nb.no/items/09a8c68fc0f1a17bd8834c8fda4d67b2?page=47&searchText=%22aksenttegn%20og%22

I prinsippet kunne det kanskje hett "èi" på linje med "òg", men jeg tipper at man i landsmålet rett og slett hektet "éi" og "éin" på "én"-tradisjonen i riksmål.

Vennlig hilsen
Bård Eskeland
seniorrådgiver

Dømer på tonem

Til slutt kan det vere greit å sjå nokre praktiske dømer på korleis tonen fell:

Gresk mŏra 1 mŏra 2 mŏra 3 mŏra 4 Forklaring
λόγος λό γος I første staving stig tonen over ei mŏra, i andre fell han over ei mŏra. Det er ingen fleire stavingar å gjere meir på.
πέμπει πέμ πει I første staving stig tonen over ei mŏra, i andre fell han over ei mŏra. Det er ingen fleire stavingar å gjere meir på.
ἄνθρωπος ἄν θρω πος I første staving stig tonen over ei mŏra, i andre staving fell han over ei staving som er to mŏrae lang. Siste staving er ei mŏra lang. Aksenten kan ikkje vere lengre bak, av di det krev at han må falle på siste staving, sjølv om det er plass til å plassere han lengre bak; det er ikkje «lov» å gjere. Hvis ein kan ha ei mŏra med plass til utjamning etter at tonemet har kontonert, gjer ein det.
ἀνθρώπου ἀν θρώ που Dette er det same ordet, men i genitiv. Her ser ein at siste staving har blitt til den lange vokalen -ου, så ho er no to mŏrae lang. Det gjer at det no er plass til å ha aksenten ei staving seinare, på omegaen.
τὸν ἀδελφῷ τὸν δελ φῷ Artikkelen τόν (akkusativ singularis) har her fått endra tonemet til fallande, av di artiklane blir rekna som tilhøyrande ordet dei står til. Første staving er kort, så òg andre staving, men sidan siste staving er lang, har ho plass til heile tonemet.

Oppsummering

Det viktigaste å hugse, er at akutt og grav aksent krev ei mŏra for å få plass; cirkumfleks aksent krev to mŏrae. Vidare må ein hugse at det aldri er meir enn èi mŏra etter aksenten. Dette løyser ein slik:

  1. The penult, if short and accented, must have the acute.
  2. If long and accented,
    1. the penult has the acute if U is long,
    2. the circumflex if U is short.
      This variation depends on the rule of contonation and mora.
  3. The antepenult may be accented only if U is short and may receive only the acute. This restriction is again explained by the general rule of contonation and mora.

Accentuation Tutorial frå UCB Classics

Merk at antepenultima, penultima og ultima referer til tredje siste, neste siste og siste staving.

Til slutt ein grafikk for å syne dette betre:

Gamalgresk tonelag (tonem) – akuttaksent, grav aksent og cirkumfleks aksent. Grafikk: Tor-Ivar Krogsæter
Gamalgresk tonelag (tonem) – akuttaksent, grav aksent og cirkumfleks aksent. Grafikk: Tor-Ivar Krogsæter

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

Jeg har nå valgt å ta sjansen på å la alle som ønsker få kommentere. For å forhindre uønskede robotkommentarer, har jeg valgt å slå på kommentarmoderering.

Ta hensyn og les over det du har skrevet før du sender det; et lite øyeblikk ekstra kan ofte gjøre verden et lite knepp bedre.