søndag 25. februar 2024

Tykje ta! Skiveutgliing att

For nokre år sidan, i oppkøyringa til NM, greidde eg å få ei skiveutgliing rett før eg skulle ut og vere med på ei oppvising på Jekta. Det tok meg nokre månadar å bli bra att, men eg greidde det og tok del i NM; eg meinar det var i 2019. So, eit knapt år etterpå gjorde eg det same att; den gongen tok det meg nokre veker å bli god att.

Andrea Pralard (1685): Lækjing av skiveutgliing i mellomalderen. Lasta opp av Harrygouvas.

I dag greidde eg det nok ein gong. Eg skulle vere med på svartbeltetrening i Cumbernauld (omtrent halvvegs mellom Glasgow og Falkirk). Eg hadde varma godt opp med tøying på gangen. So gjekk me inn i do-jang-en, eg bukka med bagen i handa, og skiva glapp att.

På femogtjue år har eg hatt fire taekwon-do-relaterte skadar; to av dei har vore anten med å halde bagen medan eg bøydde meg eller med å bøye meg for å take bagen. Dermed kan ein konkludere at utfrå det suverene datasettet mitt med fire datapunkt, skuldast 1⁄4 av taekwon-do-skader at ein er høfleg og 1⁄2 av taekwon-do-skader sjølve bagen. Vidare skuldast 3⁄4 av taekwon-do-skader manglande tenkeevne. Konklusjon: slutt å vere teit og ver avmålt høfleg. Harde fakta, gitt.

Men i fullt alvor: Årsaka til dei tre skiveutgliingane mine har alle vore at eg ikkje har teke omsyn til kor tung ein bag faktisk er for ryggen når kroppen blir ei lang vippestang. Ikkje berre det, men ogso overkroppen si vekt må korsryggen take. Doktor Mike Schaefer skriv på powerlifttraining.com at ein kan rekne ein multiplikator på 10, og at overkroppen til sjølv ein slank person utgjer omkring to–treogtjue kilo (50 ℔), dermed eit par hundre kilo! Han skriv vidare at korsryggen kan takle ei belasting på opp mot ikring 450 kilo (1 000 ℔), men berre ei kort stund, og at det uansett slit på ryggen med so stor belasting. Med femogtjue kilo overkropp og ti kilo bag er det snakk om 350 kilo last på korsryggen. Då er det ikkje rart at eit stutt, lite 경례 på 15° kan gjere låkt. Difor: Ver smart, løft rett og tak ikkje snarvegar sjølv i kvardagslege, enkle oppgåver. Ein har berre éin kropp; ein skal lide seg gjennom han eit heilt liv.

fredag 9. februar 2024

Nyttårsforsett: 5 000 armhevingar i 2024

Armhevingsprogresjonsskjema fyrste månad
Fyrste månads progresjon. Det er tydeleg å sjå når eg blei sjuk.

Eg sette meg eit enkelt, oppnåeleg mål i år: 5 000 armhevingar i 2024. Det høyrast kanskje mykje ut, men er faktisk ikkje det: omkring 13 2⁄3 armhevingar per dag. Korleis har det vore so langt?

Eg var stolt over korleis eg takla januar månad. Eg var sjuk to gongar i januar (og er sjuk att no), men eg merkte godt at å ha eit mål som var ikkje alt for hårreisande gjorde det langt meir gjennomførbart. Eg har greid å halde med til ti rundar om dagen i januar når eg har vore frisk, og dermed gjort rundt hundre om dagen; dagane eg ikkje har vore frisk, har det vore langt mindre. (Det er ikkje artig å take armhevingar når nasen renn.) Men eg har greid å halde koken kvar dag, og det har kjenst godt.

No i februar har det vore litt vanskelegare. Eg tenkte opprinneleg at eg skulle auke med ti kvar månad, men fann ut at ei auke på fem var betre; eg vil ikkje ta livet av motivasjonen med å setje meg eit for hardt mål. Men eg vart sjuk att no i februar òg, og for fyrste gong (med unntak av fyrste og andre januar) hoppa eg over ein dag; eg hadde ganske enkelt inkje å hente. Men eg står på vidare. Om eg ikkje greier like mange i februar som i januar, er ikkje det so farleg, faktisk; det viktigaste er at eg greier å halde på om so er berre litt kvar dag. Litt kvar dag får gjort mykje meir enn eit skippertak ein gong i månaden.

Kvifor so fargerikt eit skjema? Av di eg kosar meg med det; det er som ei lita belønning åt meg sjølv. Eg kjenn kvar dag på korleis det å sjå tidlegare arbeid gjev meg motivasjon til å prøve litt meir. Det at det er noko handfast gjer det endå meir motiverande. Ein digital adventskalender er ikkje like artig som ein fysisk ein; dette blir litt av det same. Difor gjer eg det for hand. Kanskje det ikkje er det beste for alle, men for mange (og for mange som ikkje trur det er noko for dei) er det langt meir motiverande å faktisk krysse av på framgangen kvar dag, so det kjem sterkt tilrådd.

No er det berre å bli frisk att so eg kan kome meg ordentlig opp på hesten att. Eg var på trening att i går, men eg kjenner at eg er glad det ikkje er trening i dag, for eg var heilt utslitt (ikkje på ein god måte) då eg la meg i går. Målet mitt er å få att den gamle gode forma mi. Eg vil vere sterk att; eg vil vere attråverdig att. Med litt kvar dag, kan eg kanskje greie det til slutt.