mandag 7. august 2023

Val 2023
av terningar i HackMaster

Det nærmar seg fylkestings- og kommunestyreval, so kva betre tid kan ein vel ha til å tale om val av terningar? Ein kan vel knapt ta viktigare val i livet‽ På denne sida kjem eg med tida til å tilføye alle terningalternativa ein har i HackMaster til åtak, forsvar, dugleiksjekkar og anna. No i dag, 7.8.2023, kjem dei grunnleggjande forsvarsterningane.

Handskrive skjematisk oversikt over terningval i HackMaster
Utsnitt av handskrive, skjematisk oversikt over terningval i HackMaster.

Å hevde at HackMaster er detaljert, kan ein kanskje våge seg å påstå at er ein presis påstand. Ein av måtane HackMaster reflekterer dei ulike kampstodene, er med å justere kva forsvarsterning ein får etter ulike høve. Er du overraska? Gav du åtakaren ryggen din? Blir du skoten på? Har du skjold? Alt dette påverkar kva terning du får, so med denne lille oversikten vonar eg å gjere det enkelt å skjønne kva som skjer i kampen for so vel nye som gamle spelarar.

Grunnterningar, initiativ og skade

HackMaster nyttar to hovudterningar: t20g og t100g. Den siste nyttar ein til dugleikssjekkar, medan den fyrste blir nytta til mest alt anna. Formatet txg les du som x-sida, gjennomborande terning, her til dømes ein tjuesida eller hundresida terning, begge gjennomborande. At terningen er gjennomborande, tyder at du får fortsette å kaste han viss du kastar maksimalverdien; på alle kast frå og med kast nummer to, tel verdien som éin mindre. Viss du til dømes kastar ein t6g og får 6, 6, 6 og 4, fekk du 6 + (6 − 1) + (6 − 1) + (4 − 1) = 19. Dette reknar ein som eitt kast med ein sekssida terning som gav ein total på 19. For den tjuesida og hundresida terningen, er gjennomboringa litt annleis: Ein tjuesida, gjennomborande terning gjennomborar til ein t6g og ein hundresida, gjennomborande terning til ein t20g.

Viss du skal kaste initiativ, blir du fortald kva terning du skal kaste. Ein t12g er standardterningen. Lågare terningar inneber at ein på eit eller anna vis var førebudd på kva som kom. Den minste terningen ein kan få er ein t3g, sjølv med bonusar frå klasse og rase eller andre ting.

Viss du skal kaste skade, har alle våpena definert kva skadeterning du skal nytte avhengig av kva du treff. Viss forsvararen har skjold og du ikkje treff godt nok til å kome deg rundt skjoldet hans, kastar du våpenet sitt skjoldskade. Nokre våpen (so som piler) gjer kun eitt poeng i skade (ingen terning).

Viss du skal gjere ein dugleikssjekk, er dette med ein t100g. Du skal anten gjere ein dynamisk sjekk mot nokon som prøvar å hindre deg i å lukkast, eller ein statisk sjekk mot noko fast. Eit tre har ein viss vanskegrad for å klatre det; det blir ein statisk sjekk for det handlar berre om kor god du er til å klatre. Men når du prøver å gjere noko som nokon andre prøvar å hindre deg i å greie, då gjer du ein dynamisk sjekk. Med ein statisk sjekk får du oppgjeve ein vanskegrad (til dømes enkel: −80 på terningen); kast likt eller mindre enn dugleiksnivået ditt, so greier du det. Med ein dynamisk sjekk prøver du å slå ein motstandar, so da kastar du terningen og leggjer til dugleiksnivået ditt: høgste sum vinn.

Forsvarsterningar

Om du skal kaste forsvar er du heldig! I det minste blir du ikkje skoten i ryggen utan å kunne gjere noko for å unnvike det. Om du får leggje til bonusar for å vere god til å forsvare deg, derimot, er avhengig av situasjonen. Pilskot og steinar som blir kasta er vanskeleg å kome seg unna, og det er reflektert i dei fire avstandsgruppene ein nyttar for dei: kort, vanleg, lang og ekstrem; alle desse er kalibrerte til dei ulike prosjektiltypane og avfyringsmekanismane. Om ein er på lang rekkjevidd får ein leggje til forsvarsbonusen sin, av di ein har tid til å reagere, og om ein er på ekstrem rekkjevidd, kan ein ein dessutan nytte skjoldet for å få opp eit vernande dekke. På kort og vanleg avstand er det ganske enkelt ikkje mogleg å reagere tidsnok til å få nytte av forsvarstreninga si; ein kastar difor i so tilfelle kun ein terning utan bonusar (eller straffar) frå trening og gradering.

Forsvarsterningstypar
Terningtype Situasjon Forsvarsbonus og skjoldbonus*†

* Sovel forsvars- som skjoldbonus føreset at ein veit om åtakaren. Merk at skjold gjev passivt vern mot prosjektil, ganske enkelt av di det er ei stor plate i vegen for våpenet. Desse er 20, 19, 16/11, 11/6 og 6/1 for å vere passivt/aktivt gøymd bak skjoldet, for skjoldtypane handskjold, lite skjold, middels skjold, stort skjold og kroppsskjold (PHB 225).

† Om skjoldet får nok skade, kan det bli knust. For handskjold / små skjold er verdiane 8/12/16/20 og for større skjold 12/18/24/30 for følgjande resultat:

  • Skade 8/12 (HS/MLK): tevlande t20g med +6 til forsvararen.
  • Skade 12/18 (HS/MLK): tevlande t20g med +0 til forsvararen.
  • Skade 16/24 (HS/MLK): tevlande t20g med −6 til forsvararen.
  • Skade 20/30 (HS/MLK): automatisk knust

Kjelde: PHB 225.

t20g − 4 utan skjold mot åtakar 1–3 i front / på sida ✓ ✗
t20g med handskjold mot åtakar 1 i front / på sida ✓ ✓
med lite skjold mot åtakar 2 i front / på sida ✓ ✓
med større skjold mot åtakar 3 i front / på sida ✓ ✓
t20g − 4 med handskjold mot åtakar 2+ i front / på sida ✓ ✗
med lite skjold mot åtakar 3+ i front / på sida ✓ ✗
med større skjold mot åtakar 4+ front / på sida ✓ ✗
t12g mot åtakar 4+ ✓ ✗
t8g mot åtakar bak ✓ ✗
Prosjektilvåpen (spjut, armbrøst, pil og bue, slynge osb.) Kort Vanleg Lang Ekstrem
t20g mot prosjektil viss ein sjølv er i rørsle ✗ ✗ ✗ ✗ ✓ ✗ ✓ ✓
t20g mot prosjektil viss ein sjølv er i rørsle ✗ ✗ ✗ ✗ ✓ ✗ ✓ ✓