lørdag 28. august 2021

Rollespel: Alternativt talsystem Ⅲb – det nye talsystemet

Kartutsnitt Dei unge kongedøme, Kingdoms of Kalamar s. 36.
Kartutsnitt Dei unge kongedøme. Frå Kingdoms of Kalamar, Kenzer and Company, første utgåve, juli 2011

Då eg tidlegare skreiv om forslaget mitt til eit tolvtalsystem, tenkte eg ikkje på at me, når me teljer, brukar eitt talord meir enn kva me har siffer. Det tok meg faktisk ei stund før det gjekk opp for meg at det var det som var problemet, så eg tenkte på korleis det kunne verke i praktisk bruk i verda eg ser for meg, som er i grensetraktene i austre del av P’Bapar, vestom Dukem’p-sumpene, nordvest i Dei unge kongedøma på Tellín. Med dette som bakteppe, tenkte eg ut ei lita bakgrunnshistorie til området.

Tidlegare postar om talsystem:

Bakgrunn

Når ein fer ned frå Frandor­borg til Barl(Barl er det same som Vew i den engelske utgåva, utfrå det etymo­logiske opphavet til stad­namnet), kjem ein til slutt etter å ha reist 60 bue­minutt aust, til Depidu. Depidu, Sabden, Fabiden og Pom er alle små­stadar, med inn­byg­gjar­tal på omkring eit halv tusen, og med det bratte ter­reng­et som domi­ner­er land­skapet, har dei ut­vikla eit tal­system med opp­hav i Fabiden sine tømrarar, som raskt blei teke i bruk av handels­folk som hadde å gjere med Depidu, og dermed med tida spreidde seg til omlanda.

Dei viktigaste stadane i dette høglandsområdet er det greit å ha oversikt over.

  • Lengst nord er Barl. Barl er knutepunktet mellom dei austre og søndre stadane og opp til Frandorborg i vest, høgare opp i fjella.
  • Frå Barl gjeng det ein dal søraustleg, som delar seg i sørleg og austleg retning.
    • I aust ligg Depidu, ein stad som i dag har 528 innbyggjarar, med kontakt til Sumyden direkte aust-nordaust og til Pom over åsane.
    • Nokså rett sørom Barl ligg Sabden, skjønt ein må reist søraust og så sørvest for å kome dit.
    • Frå Sabden gjeng det ein dal i sørvestleg retning, og innerst i den dalen finn ein Has, men ein tredjedel på vegen mot Has kan ein dreie søraustleg over dei litt lavare åskammane og kome til Fabiden.
    • Fabiden ligg glimrande til i knutepunktet mellom to elvekjelder som renn ned frå fjellet, og har glimrande tømmertilgang, noko som har definert bygda heilt sidan dei tidlegaste tidene.
      • I aust-søraustleg retning opnar elva dalen stadig meir opp, og omkring 20 bueminutt langs elva kjem ein til Koroven, ein større stad på 552 folk. Koroven er ein stor handelsstad som har bygd seg store på handelen opp mot Fabiden, Barl og lengst opp Frandorborg, ut mot dei større stadane lenger sør.
      • Sør-søraust er den næraste av disse: Bulvidu, som er omtrent på same storleik som Koroven, på austre elvekant. Bulvidu nyt godt av eit glimrande jordbrukslandskap, men har òg ei lang historie med å kjøpe tømmer frå lenger opp i dalen, sidan dei tidleg rydda mykje skog for å dyrke korn, grønsaker og ale kjøtdyr.

Dette er den geografiske bakgrunna, og til dette får me forteljinga om Fabiden, som i gamal tid heitte Faviðen.

Dei gamle stadnamna hadde lyden /ð/, som i nyare tid har blitt stoppen /d/.

  • Depidu heitte Depiðu
  • Sabden heitte Saviðen
  • Fabiden heitte Faviðen
  • Bulvidu heitte Bulviðu
Soga om kong Faviðí Tolftigirfeðmingr av Faviðen

Den gamle hovdingen Faviðí Tolftigirfeðmingr (soleis namngjeven av di han skulle kunne skyte 120 famner langt) som grunnla Faviðen, var av gamal tømrarslekt. Som far sin og far hans og far hans før det, talde han på eit spesielt vis på fingrane sine, av di farfars far var døv: nedre peikefingerbein var 1, midtre var 2, ytre var 3; nedre langfingerbein var 4, midtre var 5, ytre var 6; nedre ringfingerbein var 7, midtre var 8, ytre var 9; og nedre lillefingerbein var 10, midtre var 11 og ytre var 12. Frå dette fekk dei teiknet sitt for «det er fullendt» der tommelen lå på lillefingertuppen. Talet tolv var heilagt og kongeleg, og kongen lot skapast eit eige talsystem som vart raskt teke i bruk der.

Då kongen nærma seg å døy, var han midt i å kunne avslutte ein generasjonslang strid med naboriket sin hær. Dei hadde etter lange forhandlingar blitt samde om ei fredsforsoning, mot at Faviðí ytte eit storhundre (hundrað = tolfrætt = 120) fullvaksne, byggeeigna almetre til bygging av langhus og andre tilhøyrande bygg, samt fri ferdsel og tollfri handel for Bulviðu-folket opp mot Sabiðen og Barl, mot at Bulviðu-folket skulle garantere gjennomfart for fløytarane til Faviðen. Kongen var imot avtala, av di han meinte dei gav alt for mykje att for det dei fekk.

Forhandlingane hadde gått over ein lang vår og sommar utan framgang, og med uvanleg dårleg vêr, gjekk dei inn i ein svelthaust, av di Bulviðu stengde av innførselen deira av naudturftige matvarer. Ting tilspissa seg, men kongen – vis i alderdom – ville gjere alt han kunne for å unngå krig. Brått blei han tatt av sotteseng, og han stod ikkje til å stå ho av. Med fienden på grensene, var stridigskapen stor mellom jarlane hans. Nokon ville gå til åtak, andre ville halde att. Men dei hadde èin plan dei kunne ty til, ein ingen hadde gjort i manns minne. Då kongen låg an til å døy, synte han teiknet for 12, og sa Dei skine! Det fullende. Og han anda ut.

Dei rundt honom tok det som eit siste ønskje om å gjere det alle hadde vona dei skulle sleppe å ty til, men med stor naud og folk døyande av svelt som felaggrenda deira hadde påført dei, såg dei ingen annan utveg. Dei tende dei tolv vardane og vekte dei tolv vaktene, og med eit slag som lei over fire gonger tre døgn, braut dei seg fri, fekk nedkjempa fiendane, og vann att herredøme over elva si, landejorda si, og ikringliggande land, og redda folket.

Av vyrdnad for kongen sin snudde dei telrekkja si, slik at dei alltid skulle minnast kongen når dei rekna opp. Og den kongelege talrekkja vart teken i bruk av heile folket, skjønt nokre ting vart heilaggjort, sjølv om dei mest reknekyndige i dag synast det er ein gamal skikk som ikkje har noko føre seg lenger: I daglegdags bruk syner dei ikkje multiplar av 12 med å skrive eitt teikn for ein og eitt eller fleire for inkje, slik me skriv multiplar av 10 med eitt teikn for ein og eitt eller fleire for inkje; dei tyr då heller til det trettande, kongelege sifferet 12 – trīr – for å heidre den gamle kongen sin.

Lingvistikk og tal

Så korleis er talsystemet bygd opp? Det er eit hint i «soga» der oppe. Dei har bygd tala sine i fire grupper på tre med grunntala ū-/ŭ/ŭ̄n for å leggje til 0 × 3, æ̆̄nj for å leggje til 1 × 3, tū for å leggje til 2 × 3 og trī for å leggje til 3 × 3. Det første er jamfør forstavinga u- i norsk, som har felles indoeuropeisk opphav med såvel tysk un-, latinsk in- (då ikkje preposisjonen in) og gresk α-/ά-/άν (a/á/án). Ordboka forklarar forstavinga slik:

u-IV u- pref. (norrønt ú- eller ó-, engelsk og tysk un-, samanheng med latin in- og, gresk a(n)-; i tyding 3 truleg påverka av ov-)

  1. med nektande eller motsett tyding; motsett ikkje-, til dømes i ufarleg og uhell
  2. med nedsetjande tyding: fæl; til dømes ugjerning og uver
  3. med forsterkande tyding; jamfør ov-, til dømes i ustyggeleg og utal

Dei andre orda er dialektvariantar av èin, to og tre, og med dette fekk eg denne utviklinga:

Berre for å nemne det: eg brukar «nj» og «nnj» for å angi kort og lang palatalisert n.

  1. ūn
  2. ūn-ǣnj > ūnenj > ūnənj > ūn-nj > ŭ̄nnj
  3. ū-tū > ūtŭ > ūt
  4. ū-trī > ūtrĭ > ūtr Med svekkinga av -ī til -ĭ kom det eit mellomstadium med -ə; det er underforstått her og nedom.
  5. ǣnj > æ̆̄nnj
  6. ǣnj-tū > ǣntū > ǣtū > ǣtŭ > ǣt
  7. ǣnj-trī > ǣntrī > ǣtrī > ǣtrĭ > ǣtr
  8. anten berre: tū,
    eller
    tū-ǣnj > tūæ̆nj > tūənj > tūnj > tŭ̄nnj
  9. anten: tū-tū > tūt,
    eller
    tū-tū > tūtŭ > tūt > tū
  10. tū-trī > tūtrĭ > tūtr > tŭ̄tr
  11. anten berre: trī
    eller
    trī-ǣnj > trīenj > trīənj > trīnj > trĭ̄nnj
  12. trī-tū > trītŭ > trīt
  13. trī-trī > trītr̆ > trītr > trīr
Endeleg talrekkje tolvtalsystemet
0 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12
Eg kjem til å halde meg til første alternativ for 7, 8 og 10.
Det andre alternativet er ei nyskaping som ikkje vert brukt i kjerneområdet for talsystemet.
ūn ŭ̄nnj ūt ūtr æ̆̄nnj ǣt ǣtr
tŭ̄nnj
tūt
tŭ̄tr trī
trĭ̄nnj
trīt trīr
Tolvtalsystem, talet 0, av Tor-Ivar Krogsæter
Tolvtalsystem, talet 1, av Tor-Ivar Krogsæter
Tolvtalsystem, talet 2, av Tor-Ivar Krogsæter
Tolvtalsystem, talet 3, av Tor-Ivar Krogsæter
Tolvtalsystem, talet 4, av Tor-Ivar Krogsæter
Tolvtalsystem, talet 5, av Tor-Ivar Krogsæter
Tolvtalsystem, talet 6, av Tor-Ivar Krogsæter
Tolvtalsystem, talet 7, av Tor-Ivar Krogsæter
Tolvtalsystem, talet 8, av Tor-Ivar Krogsæter
Tolvtalsystem, talet 9, av Tor-Ivar Krogsæter
Tolvtalsystem, talet 10, av Tor-Ivar Krogsæter
Tolvtalsystem, talet 11, av Tor-Ivar Krogsæter
Tolvtalsystem, talet 12, av Tor-Ivar Krogsæter
null 0 × 3 + x 1 × 3 + x 2 × 3 + x 3 × 3 + x

Tala vidare

Eg har tenkt mykje på korleis dei vidare tala kan sjå ut, og har ein post som nærmar seg sluttføring på det. Når den er ferdigskrive, skal eg oppdatere lenkjene til heile postrekkja så alt er klart. Det kjem snart, og eg trur eg med handa på hjartet kan seie at det er nerding skrudd opp til ikkje berre elleve, men til og med elleve og ein halv. Eg blir verkelg å undre meg om det er nokon som leser dette, og viss du er ein av dei få, kjære lesar, som har kome heilt hit, så forten du eit glas Edel Issider, og i alle fall gjer du det om du les den neste posten, for den blir tung.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

Jeg har nå valgt å ta sjansen på å la alle som ønsker skrive en kommentar. For å forhindre uønskede robotkommentarer, har jeg valgt å slå på kommentarmoderering.

Ta hensyn, og les over det du har skrevet før du sender det.