Sidan sumaren starta, har eg trena mønster to til tre gongar i veka, nokre gongar saman med nokre av klubbmedlemmer, mellom andre S., Ti., To. og U. Her er eit bilete frå ein film eg sende familien då eg for fyrste gong gjekk heile det fyrste mønsteret, Yeon-gae Teil (연기 틀), utan stopp. (Greit, det var eit par korte tenkjepausar, eit par 0,2-feil, men ikkje nullstoppar, jf. konkurransereglane.)
I går greide eg for fyrste gong å gå heile Eul-ji teul (을지 틀) heime på stua, og no i dag under Formel 1-kvaliken, greide eg å gå begge mønstera utan stopp.
Eg har funne ut at det generalen skriv om treningsmetode faktisk fungerer veldig godt. Han skriv at ein skal innlære mønster med at instruktøren skal telje kvar rørsle. Eg prøvde no å jobbe meg gjennom sekvenser fyrst ei rørsle av gongen, og so telje rytmisk medan eg gjekk: enogtyve, toogtyve, treogtyve … Det var svært, svært effektivt for å lære seg sekvensane. For å ikkje få stopp mellom, passa eg på å starte kvar sekvens med siste rørsle frå forrige. På ein kaøveld kom eg meg frå rørsle 19 til rørsle 42 i Eul-ji! Og som ein test dette eg på metronomen for å sjå kor eg hadde dei klåraste tenkjestoppane. Dermed kunne eg fokusere på det eg var svakast.
Det er ei svært god kjensle år meister dei. Denne helga skal eg fokusere på desse to mønstera, og so komande veke jobbe meg gjennom Mun-mu teul (문무 틀). Og so, søndag neste veke, er det sumarleir!
Til slutt: Cæsar som er tydeleg: