Eg har skrive lite i det siste på bloggen min, mykje av di eg har hatt lite tid til meg sjølv. No i dag, etter å ha sett Formel 1-laupet i Japan, har me kosetid saman og eg sit med Fantasy Grounds og klargjer til neste speling. Det blir berre betre og betre å bruke, og eg har oppdaga fleire hurtigtastar som gjer arbeidet mykje lettare enn å styre alt med musa, so eg tenkte det kunne vere nyttig for meg (og kanskje andre) å ha ein enkel plass å oppsøkje for å finne hurtigtastane ein kan nytte i Fantasy Grounds, litt slik som eg har ein oversikt over nyttige teikn med hurtigtastar.
Oversikt over noen av hurtigtastene til tekstinntasting i Fantasy Grounds Unity.
Hurtigtaster i Fantasy Grounds Unity
Sist oppdatert 6.4.2025.
Tekstinntasting
Brødtekst
Ctrl + 1
Overskrift
Ctrl + 2
Tale/opplesing
Ctrl + 3
Kulepunkt
Ctrl + 4
Lenkjeholdar
Ctrl + 5
Tabell
Ctrl + 6
Ny tabellcelle
Ctrl + ⭾
Som ein liten kommentar til slutt: Det er utruleg kor mykje enklare det er å bruke FGU når ein har eit regelsett som faktisk verkar. Eg gler meg til den dagen HackMaster blir inkludert offisielt og kan verke slik som til dømes D&D gjer, for det er utruleg kor stor forskjell det er.
Fantasy Grounds Unity: Kampsporaren og kartet som syner spelarane klåre til å mose vettane som nyleg blei knuste. Syrine som står der har slynga snurrande og har akkurat kommandert dei til å overgjeve seg og gjeve dei beskjed om at ingen køddar med venane hennar. Under Achillea ser ein blodsporet ho la att etter seg etter å ha teke ut den store stygge slemmingen. Bilete: Tor-Ivar Krogsæter 2024.
Etter mange eksamenar, arbeidspress, nye jobbar og mykje anna kunne damespelarane mine endeleg treffast att til ein ny runde med HackMasterfēminaeχᾰ́ους, ogso kjend som «kaoskjerringane». Det var godt å sjå dei att, og best av alt trur eg at eg no endeleg har knekt koden på korleis eg kan få kampane til å bli spanande, hurtige og ha god flyt når eg spelar på nett.
Jentegruppa spelar fast når det er fullmåne pluss/minus eit par dagar, med andre ord helst ei helg. No har me ikkje fått spela sidan april, sidan det har vore fleire med eksamenar, jobbkrav og anna, men no, etter eit par månadar utan speling, fekk med endeleg møtast att, og det var tydeleg å sjå at dei hadde sakna kvarandre: Spelekvelden blei innleia med ein halvtimes prat om laust og fast – som seg hør og bør. Planen deira var eigenleg å reise sørover til Daresido, men eg hadde gjeve dei feil informasjon sist (eller hadde gløymt det på vegen), so det dei trudde var ein dagsreise, var heller ei reise på 35 mil. Dét er ikkje gjort i ei handvending, og det tek dei uansett forbi P’Bapar, som er staden Achillea prøvar å unnvike for alt ho kan.
Eg laga ein oversikt over spelarrollene eg har hatt i HackMaster-kampanjane mine i posten Hackmaster: Skrotingar, daudingar og andre forsvunne spelarroller. Dei som er i live no står ikkje der, men kanskje eg skal leggje ut ein post om dei levande no i framtida?
I alle høve fekk dei samla seg klåre til dyst. Eg har eit anna æresystem for den gruppa her: Dei lagar seg eit kveldsmål, både individuelt og gruppevis, for å oppfordre til gruppespel samstundes som individet får plass. (Eg skal skrive om det seinare.) Dei fann ut at dei ville prøve å finne ut kven denne eplebondefrua var, ho som folk snakkar om som underleg, sidan ho aldri slit med hausten slik andre slitarar må gjere. Særleg hausten no i år har gjeve folk mykje å snakke om: Nokre hevdar at sidan våren var so blaut, har dei fleste bøndene fått melne eple; ho derimot har ikkje hatt det problemet. Kvifor? Dei ville vite meir om saka.
Men på veg til garden gjekk dei seg bort. Korleis dei gjorde det anar dei ikkje. Dei var berre to fjerdingar frå garden og såg både vegen opp og garden, men ein time seinare fann dei seg midt i ein skog utan aning om korleis dei hadde havna der. Dei byrja å spore seg sjølve attende, og såg korleis sporet hadde snodd seg mellom trea. Dei kom til ein stad der dei hadde fore både til høgre og venstre, og der blei dei falne i ryggen av ein vettebjørn med åtte vettekrigarar med seg.
Eg likar for øvrig å gjeve monstra mine namn. Kanskje oppdagar dei at her er noko underleg på ferde, for viss ein bit seg merke i kva namna på monstra er, er det jo noko som stikk seg ut:
vettebjørnen Sjakh
vettekrigaren Arrsjkah
vettekrigaren Sjorrsjakh
vettekrigaren Sjarrsjakh
vettekrigaren Verrisjakh
vettekrigaren Årrigor
vettekrigaren Årronn
vettekrigaren Årrsjakh
vettekrigaren Årrvakh
So korleis gjekk det? Her er omtala eg la ut i HackMaster-gruppa på Discord (omsett):
Den store, svære slemmingen (SSS-en), vettebjørnen Sjakh med gruppa si på åtte vettar (heller enn å omtale vette som inkjekjønn, slik dei tradisjonelt er i norsk rettskriving, er dei i verda mi kjønna: ein vette, vetten, vettar, vettane og ei vette, vetta, vetter, vettene) overfall spelarane som hadde gått seg ville på vegen til Svartportgarden. I sekund 1, slag 1, spelar 1: kritisk treff med kvadrupelgjennomboring moste vettebjørnen Sjakh si skulder so brutalt (maksimal krit-trussel på krit-tabellen) at kragebeinet hans blei tilinkjesgjort og skuldra blei dregen ut av ledd, slik at årene blei rivne frå kvarandre og drap han umiddelbart. Tykje-steike-meg-dere so suverent!
Spelarane var glade og nøgde etter dette, og på slutten av kampen hadde den lægstgraderte (2. grad i ei gruppe med 6., 9. og 10. grad) hobbitsjarmøsa kommandert dei attståande vettane til å knele medan ho snurra slynga si og fortalde dei med den å-så-søte stemmen sin at Ingen plagar venane mine!
Å, forresten: Dei to høgstgraderte spelarrollene er begge gravide (med ein herleg babykul på magen) og den tredje høgst graderte trur at ho er det (men er det ikkje!). Dei fastsette at karane kunne vere att på vertshuset og lære opp lærlingane og sveinane medan dei drog ut på eventyr. So klårt! Kor’ elles kunne det vere?
Resten av kampen tok omkring ein times tid, og det var for so vidt greit. For meg iallfall – og eg fekk inntrykk av at dei andre hadde det likeins – hadde kampen driv, fart, spaning stort sett heile vegen. Eg var langt meir på han: Eg minte dei på at dei kunne bruke kampsporaren for å sjå kor dei var hen i tellinga; eg minte dei på når det nærma seg turen deira, ba dei om å gjere klåre kasta sine. Her og der var det litt tenking som måtte til, men jamnt over gjekk det fort. Me spela kanskje ein time lenger enn planlagt (og for dei i Noreg tydde det at me var ferdige fyrst klokka halv tolv, men eg synest det verka som dei alle hadde det godt, hadde kosa seg, hadde det artig heile kvelden.
Og eg? For fyrste gong på lengje sat eg att med ei godkjensle.
Eit knippe europeiske våpen frå eit opprør i Nederland på 1500-talet. Biletet er frå A History of Mediæval and Modern Europe for Secondary Schools, av William Stearns Davis og Norman Shaw McKendrick, Houghton Mifflin Company, The Riverside Press Cambridge, 2014. Biletet er henta frå The Internet Archive.
Jeg har hatt et lite språkprosjekt gående i rollespill nå i noen år, der jeg har oversatt rollespill fra engelsk til norsk. Det startet med Dungeons & Dragons, og jeg har skrevet om det for eksempel i Rollespill, unger og språk og det glimrende Fabula, for ikke å snakke om postene mine om mål og vekt (f.eks. Rollespill: Forflytningsskjema – fra engelske miles til norske landmil og fjerdinger. Etter at jeg begynte å kjøre rollespill gjennom Fantasy Grounds Unity, har behovet for å digitalisere alle oversettelsene mine meldt seg, så nå deler jeg dem med deg, kjære leser, i håp om at du skal finne nytte i det selv.
Sist oppdatert 3.6.2024 kl. 1.02: La inn mjuk bindestrek for å fjerne lakuner; la inn våpenkategori der det manglet; rettet en mindre skrivefeil. God natt!
Introduksjon
La meg først avklare hva formålet mitt er: Som gamle lesere og gamle venner kjenner til, er jeg glad i språk. Jeg er av den hellige overbevisninga at et godt, nært forhold til språk og ikke minst morsmålet sitt ikke bare er bra i seg selv, men også genuint forbedrer rollespillopplevelsen til dem som deltar. Ja, det kan utvilsomt være utfordrende, men når vi setter de små grå på prøve, blir vi også mer kreative, som igjen reflekteres i en mer levende verden? Hva tror du gir størst grad av innlevelse? Dere ser et long house som ser ut som Blodskaal’s House i Morrowind, eller Framfor dere ser dere et langhus med lange, tunge trestammer som bjelker og et salrygget halmtak som hutrer seg i kulda; eller Shopkeeper’n har fem longswords og to full plate armours til salgs eller Innehaveren har fem langsverd og to spangebrynjer til salgs. Jeg vet hvilken kampanje jeg helst ville ha vært med i.
Påstanden min Jeg vet hvilken kampanje jeg helst ville ha vært med i kan kanskje få en og annen til å rynke på nesen. For det første handler det om smak; det jeg liker er ikke nødvendigvis det andre liker og det er helt greit. For det andre sier det ikke at andre kampanjer er dårlige bare fordi de velger den andre tilnærminga; jeg personlig synes de blir litt fattigere med det valget, men det er igjen min smak. For det tredje kommer jeg til å forsøke å unngå flere slike merknader som dette for å forklare meg (jeg kan nå håpe iallfall); noen vil bare bli fornærmet, andre gir bare blaffen eller forstår hva som uansett lå bak utsagnet og ser ikke problemet. Jeg hører til generasjonen som ikke så behovet for å forklare hvert et utsagn med fotnoter og parentesbemerkninger, men verden vi lever nå i dag vil visst ikke ha det slik lenger. Kanskje vi fortsatt kan unngå å skape en jeg håper at eksistensen min ikke fornærmer deg på en måte, men hvis den gjør det, må du endelig si fra så jeg kan få beklage det på forhånd-verden.
Det siste utsagnet fører kanskje til spørsmålet Hva er ei spangebrynje? Spørsmål er gull! Det betyr at spillerne er interessert i å vite hva som skjer, interessert i å lære og ta til seg ny kunnskap – ikke vær redd for å utfordre spillerne dine! Du gjør det jo allerede med kamp og feller og ikkespillerroller og alt mulig annet som skjer. Når de kan liste opp alle monstrene som ikke trenger å kaste redningskast mot sinnspåvirkende trolldom, hvorfor skulle de ikke greie å lære seg et nytt fagord – ekte eller oppdiktet – som du legger fram til dem? Våg å være vågal i språket!
Ord for våpen og panser
Jeg har snart oversatt hele Spillerboka si utstyrsliste, men i går trengte jeg våpen og panser. Lista som følger er dels basert på historiske våpen, dels på oversettelser av ordenes opprinnelige betydninger, dels litt fantasi og språklig kreativitet. Ikke alle våpen fantes i Norge. Noen våpen var lite kjent, noen kom aldri i bruk i det hele tatt og noen har fått navn i ettertid. I tillegg er det håpløst vanskelig å søke på gamle tekster, for tekstgjenkjenninga til for eksempel Nasjonalbiblioteket sin søketjeneste sliter blant annet med forskjellen på B og V i gotisk skrift (𝔅 og 𝔙, se posten Hvorfor mangler det frakturbokstaver i Unicode?), så da KI-en til Google påstod at voulge var dokumentert som «volge» eller «vålge» fikk jeg for eksempel falske positiver på NB-n-gram-søket mitt på «Bølge» (Bølge kontra Volge). Moralen her er: KI er inntil videre ganske søppel (for treffene jeg fikk fra KI-en var til og med med henvisning til Ordbøkene og til historiske dokumenter som var feilsiterte, og påstått å være fra ei tid før dokumentene ble til, altså reint oppspinn), og tekstgjenkjenning på eldre tekster er i beste fall problematisk.
Dette er hovedoversettelsene mine fra fransk-engelsk til norsk:
Grunnord fra fransk-engelsk til norsk
Engelsk
Norsk
Engelsk
Norsk
bardiche
bondestridsbile bardisanøks
halberd
hellebard
bill
hake
partisan
partisan
fauchard
ljåsverd
pike
pike
fork
fork
ranseur
hakebile
glaive
glavin
voulge
breiblad
guisarme
krokbile
Men, nok prat. I listene som følger er kilder opplyst så langt nødvendig/mulig. Jeg kommer til å legge til Dungeons & Dragons-ordene som mangler i lista sånn etter hvert. Har du forslag til andre ord? Flere våpen og pansertyper? Skriv i kommentarfeltet!
Våpenord på norsk til engelsk
Nynorsk
Bokmål
Engelsk
Kilde
* Kilder er oppgitt der det ikke er åpenbart, altså der det ikke er direkte fra ei hvilken som helst ordliste.
** Chevalley & Goodridge: The Concise Oxford French Dictionary, Oxford at the Clarendon Press, 1950.
†† Jan Johanssen, Marius Nygaard, Emil Schreiner: Latinsk ordbok, Cappelen, Oslo 1998, fjerde reviderte utgave ved Egil Kraggerud og Bjørg Tosterud.
armbrøst, lett
crossbow, light
*
armbrøst, tung
crossbow, heavy
*
boge, kortboge
bue: kortbue
bow: shortbow
*
boge, langboge
bue: langbue
bow: longbow
*
bogestreng
buestreng
bowstring
*
dolk
dagger
*
hakke, militær (militærhakke)
pick, military
Wikipedia gir treff på Horseman’s pick, og kategoriserer den videre som en type stridshammer (der engelsk bruker war‑, bruker man vanligvis «strids‑» på norsk, som f.eks. stridsøks†). På tysk snakker man om Reiterhakke, men jeg valgte her militærhakke, ettersom rytterhakke er skilt ut som et eget våpen i HackMaster-lista. (Et annet alternativ hadde vært stridshakke.)
hakke, ryttar (ryttarhakke
hakke, rytter (rytterhakke)
pick, horseman’s
Se hakke, militær for ordforklaring.
kastespjut
kastespyd
javelin
For å skille det fra andre spyd, har jeg alltid omtalt det som kastespyd, siden «spyd» både kan betyr stakevåpen til nærkamp og spyd som er laget for å kastes. Å kaste et 15 fot langt spyd funker dårlig.
klubbe
club
*
kniv
knife
*
kråkenebb
bec de corbin, crowbill
Dette var et spesialisert våpen som så lite bruk i Norge. Det franske navnet bec de corbin bruker ei arkaisert form av ordet for ravn, som i moderne fransk er corbeau.§ ** Jeg valgte kråkenebb siden de tilhører den samme familien (corvī) og fordi jeg synes «kråkenebb» glir bedre på tunga enn «ravnenebb»
lanse
lance
*
ljå
scythe, two-handed
*
morgonstjerne/ muskatblomme
morgenstjerne/ muskatblomme
morning star
*
prosjektil: bolt, lett, snes
projectile: quarrel, light, score
†
prosjektil: bolt, tung, snes
projectile: quarrel, heavy, score
†
prosjektil: pil, kortboge, snes
pil, kortbue, snes
projectile: arrow, shortbow, score
*
prosjektil: pil, langboge, snes
pil, langbue, snes
projectile: arrow, longbow, score
*
prosjektil: slyngekule
sling bullet
*
sliul
flail
*
sliul, ryttar (ryttarsliul)
sliul, rytter (ryttersliul)
flail, horseman’s
*
slynge
sling
*
stakevåpen: bondestridsbile i eldre museumstekster registrert som bardisanøks
Nyord av meg. § Kanskje av middelalderlatin vidubium, eller vanga. Den tyske Wikipedia-artikkelen tydeliggjør hvor mange ulike bladprofiler som kan kalles dette.
stakevåpen: breibladkrokbile
guisarme-voulge
Se krokbile. Ettersom fransk ordstilling har adjektiv etter substantiv, og siden disse sammensatte våpennavnene kan tolkes litt på den måten (etter fransk modell: påfølgende substantiv som beskriver et foregående substantiv), har jeg valgt å bytte om plassen på ordene på norsk.
stakevåpen: fork, militær‑ (militærfork)
military fork
*
stakevåpen: forkseglstakesverd
fauchard-fork
Se fauchard og fork.
stakevåpen: glavin
glaive
*
stakevåpen: hakebile
ranseur
§Wikipedia nevner at et annet navn på ranseur er roncone. Wiktionary-oppslaget på ordet har det som det italienske ordet for hellebard. Nå er det ikke uvanlig å se ulike stakevåpen med øksehoder omtales som hellebarder eller kategoriseres som hellebarder (se tyske Wikipedia). Det italienske ordet går videre tilbake til ronca ← roncare, ‹beskjære, kviste›, hvis redskap på engelsk kalles billhook. Våpenets form tatt i betraktning, landet jeg på denne oversettelsen.
stakevåpen: hellebard
halberd
*
stakevåpen: kortspjut
stakevåpen: kortspyd
short spear
*
stakevåpen: krokbile
guisarme
Igjen, ettersom ei bile er ei storøks, ei breihoda stridsøks, falt bruken av «bile» naturlig. Tilføyinga av «krok» er ut fra forma på våpenet. Oxford English Dictionary sporer ordet bak til ukjent opphav, faktisk.
stakevåpen: krokbileglavin
glaive-guisarme
Se disse ordene.
stakevåpen: krokbilehake
bill-guisarme
Se disse ordene.
stakevåpen: partisan
partisan
†
stakevåpen: pike
pike
†
stakevåpen: ljåsverd stakevåpen: seglstakesverd
fauchard
En fauchard er som et sverd laget som et stakevåpen, der sverdet har ei lang bueform; det var opphavet til det opprinnelige forslaget mitt: seglstakesverd. Ved nærmere ettertanke kom jeg fram til at ljåsverd er bedre, da det peiker tilbake til den opprinnelige betydninga av ordet fra latin falx, falcis: ‹sigd, ljå›.†† §
stakevåpen: spjut
stakevåpen: spyd
spear
*
stakevåpen: stridsspidd
spetum
Ordet spetum går tilbake til italiensk spedo som betyr ‹spidd›.§ For å tydeliggjøre at det ikke er snakk om ei tynn stålstang, valgte jeg å slenge på «strids‑» foran, som er vanlig i andre våpensammenhenger.
Merk at hva gjelder det engelske ordet for brynje, finner man det stavet både mail og maille; i begge tilfeller går ordet tilbake til gammelfransk (for det norske ordet sin del: via lavtysk) fra latin macula: flekk, åpning, maske, dvs. maske som i garn eller nett.†† ‡‡
Jamfør SNL er brynje […] den delen av rustningen som tjente til beskyttelse av overkroppen.†
* Kilder er oppgitt der det ikke er åpenbart, altså der det ikke er direkte fra ei hvilken som helst ordliste.
** Chevalley & Goodridge: The Concise Oxford French Dictionary, Oxford at the Clarendon Press, 1950.
†† Jan Johanssen, Marius Nygaard, Emil Schreiner: Latinsk ordbok, Cappelen, Oslo 1998, fjerde reviderte utgave ved Egil Kraggerud og Bjørg Tosterud.
‡‡ Yann de Caprona: Norsk etymologisk ordbok : tematisk ordnet, Kagge forlag, Oslo 2013.
bandbrynje
bandbrynje/​båndbrynje
banded mail
*
lêrrustning
lærrustning
*
pigga lêrrustning
pigga lærrustning
studded leather armour
Som har vært grundig diskutert av mange andre, er dette noe som er funnet opp til rollespill, og det er helt greit synes nå jeg. (Jeg burde sjekke om det faktisk stemmer at det er oppdiktet.)
polstra rustning
padded armour
*
ringbrynje, lett
ring mail
Jeg har ikke greid å finne noen forskjell på ring og chain mail på norsk, og så vidt jeg greier å se er det ingen arkeologiske funn som støtter opp om disse to forskjellene. Jeg antar at det derfor er nok en rollespillting.
ringbrynje, tung
chain mail
Se ringbrynje, lett.
skjellbrynje
scale mail
Har ikke funnet kilder på dette
spangebrynje platerustning
plate mail
†
splintbrynje
splint mail
Har ikke funnet kilder på dette.
tjukke rober
tjukke rober tykke rober
thick robes
*
skjold: buklare
shield: buckler
†
skjold: kroppsskjold
shield: body shield
Har ikke funnet kilder på dette.
skjold: langskjold
shield: large shield
† Har ikke fått stadfestet størrelsen på dette enda, men spørsmålet ligger der i påvente av svar.
Me er ikkje dei einaste som gjer det: danskane, tyskarane og nederlendarane gjer det med, men ikkje til dømes svenskane eller britane. Kvifor har me eit so underleg ord for sjåglasa våre?
Dei fyrste dvergenamna frå tabellen i GMG s. 163.
Som so mange gongar starta denne undersøkinga i rollespelverda. (Eg har forresten ein brillemakar i Frandorborg som heiter Lanovlan Malduson.) Eg sit og omset namnetabellane frå Spelmeistervegvisaren til HackMaster til bruk i Fantasy Grounds, og kom over namnet Berylfist. Eg kjende ikkje umiddelbart til kva det var, skjønt eg burde ha tenkt meg det: Det blir på norsk Beryllneve etter mineralet beryll. Det var då eg kom over noko interessant på Wikipedia, so då måtte eg sjølvsagt opne den etymologiske ordboka mi:
briller: glass i innfatning som bæres foran øynene for å bedre synet eller verne øynene. Av lavtysk brill(e), avledet av beryl (se ordet beryll […]), som også har gitt lånord som briljere og briljant.
Yann de Caprona: Norsk etymologisk ordbok : tematisk ordnet, Kagge forlag, 6. opplag, s. 1374.
Med andre ord: Viss du er briljant og briljerer, er du bebrilla! (Her var eit døme på eit framandord som ikkje hadde same stamme som eg har i dialekten min: Eg har a-form (briljera) medan rett form i skrift er briljerer.) Artig. Men kva meir har ordboka å seie? Eg måtte sjølvsagt analogt klikke meg vidare (bla i ordboka) til ordet beryll:
Beryll frå Gilgit i Pakistan. Fotografi teken på Museo civico storia naturale i Milano den 22. august 2007 av Gia.cossa.
Eige verk, del likt, kreditering påkravd (Creative Commons CC-BY-SA-2.5)
beryll: berylliumholdig mineral; navn på visse arter grønnlig edelstein. Gjennom tysk, gresk, pali (et indisk språk avledet av sanskrit) og dravidisk fra navnet til den sørindiske byen Vēlūr (nå Bēlūr). Dette bynavnet har også gitt navnet på grunnstoffet beryllium og lånordet brille […] og kanskje briljere, briljant og briljantin (Barnhart, Kluge, Rey).
Op. cit., 242.
Briljantin er for øvrig anten eit tettvove, glansfullt tøy eller parfymert olje for hår og skjegg jamfør Ordbøkene.
Men dette forklarar ikkje kvifor me kallar det briller, berre at det er ei kopling til mineralet. Wikipedia-artikkelen viser til Ordbøkene og ei tysk etymologisk ordbok som eg ikkje har, og skriv at Då dei første brillene blei laga på 1200-talet i Italia, var linsa ofte laga av beryll, sidan vanleg glas på denne tida ikkje var særleg klårt. Dette førte til at innretninga fekk namnet brillen i Tyskland, bril i Nederland og briller i Noreg og Danmark. Dette er støtta av mellom annan Store norske leksikon og Encyclopædia Britannica:
Ja, eg skriv framleis Encyclopædia Britannica med æ; dei forandra skrivemåten då dei blei kjøpt opp av amerikanarane. Eg kan latinen min.
Originally, lenses were made of transparent quartz and beryl, but increased demand led to the adoption of optical glass, for which Venice and Nürnberg were the chief centres of production.
ETYMOLOGI av gresk beryllos, indisk edelsten, i middelalderen betegnelse for glass. Ordet betegnet opprinnelig en sfærisk linse lagd av gjennomsiktig materiale og anbrakt foran det ene øyet.
Dette er ikkje krystallklårt, akkurat. (Nei, det var ikkje ein spøk, men no blei det kanskje det av at eg sa det.) Men ein får ei kanskje sterkast forklåring på det frå Online Etymological Dictionary:
In Medieval Latin berillus was applied to any precious stone of a pale green color, to fine crystal, and to eyeglasses (the first spectacle lenses may have been made of beryl), hence German Brille “spectacles,” from Middle High German berille “beryl,” and French besicles (plural) “spectacles,” altered 14c. from Old French bericle.
Eg har snakka om mål i mellomalderen før, men sett meg ned no i dag for å lage ferdig to av skjenkestovene i Sabden og fann ut at eg trengte noko konkret. Her, kjære lesar, har du ein oversikt som eg vonar kan vere til nytte for deg i spelet ditt.
Fantasy Grounds Unity har framleis nokre avgrensingar i skriftstøtte; mellom anna får ein ikkje brøkar til å rendrast slik dei skal, sjølv om ein nyttar korrekt brøkstrek (U+2044).
Som nemnd har eg omtala mål i mellomalderen før: onsdag 21. oktober 2009 posta eg Mål til bruk i middelalderrollespill, der eg kom med ein oversikt over dei viktigaste lengde- og volummåla. I kommentarane til slutt, derimot, kom det som la grunnlaget for denne posten, der eg nemnde at Det eneste jeg leter etter nå, er et mål som tilsvarer 2 pelar/pælar volum. (Eg burde nemne at den standardiserte skrivemåten for måleeininga er pel; eg har her brukt pæl.) Det blir det eksakte målet på et normalt krus med drikke for en middels skapning. Dverger foretrekker kanskje å bestille i volum på potter. Mazetar kommenterte på posten:
I den nyaste posten min (tidlegare i dag), skreiv eg om reglane for graviditet. Etter å ha leita meir, fann eg ut at det faktisk var saksa rett frå boka som eg refererte til: The Complete Guide to AD&D Unlawful Carnal Knowledge. Faktisk er side 1 av dokumentet frå side 20 av boka. So eg tenkte at eg kunne hente litt meir nyttig frå ho, og kvifor ikkje då starte med det eg snakka om på slutten: hjelp frå trolldom?
Som eg synte i den forrige posten min, kan ein ha mange gode grunner til å ville ha god kontakt med ein prest, ei jordmor eller begge (eller kanskje ein og same person er begge?). Det er fleire ting å take hensyn til, mellom anna kva tid fødselen er venta å skulle skje; kva hjelp (om nokon) ein vil ha; kva ein skal gjere med eventyrarvirket sitt før, under og etter fødselen; om ein har sjukdomar eller andre ting å take særleg hensyn til; og sikkert ein heil haug med andre ting som eg ikkje kjem på no, men som eg er sikker på at spelarane kjem til å kaste på meg.
Fødsel skjer etter standardreglane eg viste til etter 36 + 1t4 veker etter unnfanging, skjønt i Book of Erotic Fantasy (ISBN 0-9742045-1-X) varierer dette etter rase: forutan fiends og celestials som har éin månad per helseterning, og nymfa (1t12 månadar), er rasen med kortast svangerskap dryaden (tre månadar) og den med lengst svangerskap alven (24 månadar). Kor lange svangerskapstida (vanlegvis) er, er viktig kunnskap spelarrolla vil ha (om mogleg), for det gjer ho i stand til å planlegge og skaffe seg det ho treng når tida nærmar seg, og ikkje minst å byrje å roe ned når faren for for tidleg fødsel byrjer å melde seg.
Hjelp under fødselen er mest heilt naudsynt. Det er ikkje som om det ikkje går an å føde utan hjelp (mange har gjort det), men sjansen for at noko går galt er sjølvsagt mykje større om ein er åleine. Mora bør kome seg i tryggleik, under tak, med tilgang på medisinkyndige folk. Om ikkje det er mogleg, bør ho iallfall ha tilgang på nokon som kan grunnleggjande førstehjelp.
Eventyrarvirke og svangerskap er ikkje ein god kombinasjon, sjølv om spelarane mine no alltid har insistert på å gjere det. Achillea har allereie vore gjennom ein nokso lang periode der ho var ute av stand til å gjere noko, av di ho blei hasta ned frå fjellsida blødande ihjel. Ho greidde seg, men det var ikkje mykje om å gjere.
No skal det seiast at dette tildels var noko ho og eg hadde planlagt på førehand, so blodtapet og alt det var inga overrasking, men det kunne like gjerne ha skjedd om det ikkje var planlagt.
Sjukdomar er noko som er meir eller mindre tilstades i ulike system. I høgfantasisystem blir det fort noko ingen treng å bry seg med, av di dei uansett har trolldom dei kan handtere dei med. I lågfantasisystem kan dette vere ganske annleis, der sykdom kan vere (som det ofte var) fullstendig knusande. I D&D er sjukdom for det meste handtert av prestar med enkle trolldomar, so som fjern sjukdom (Remove Disease) som er ein tredjegradstrolldom for klerkar, druidar og jegarar. I Hackmaster er det (som venta meir brutalt):
Upon completion of the ceremony, the sickened individual is permitted another check to see if he resists the disease (d20p + CON vs. d20p + disease severity). If he succeeds, the affliction regresses to its minor effect and the patient may recover as normal. Anointed followers of the cleric’s deity receive +2 on this roll.
Note that if the subject of the spell fails his resistance check, not only does the illness progress as before but the cleric attending to the patient must make a communicability check to determine if he contracts the ailment.
HackMaster Player’s Handbooks. 330
Kontekst og regeltekst
No som du anten er lei av digresjonane mine eller nøgd med å ha lese litt om kontekst, er tida inne for å sjå kva boka faktisk har å seie om trolldomar. Konteksten er overskrifta eg allereie har synt til tidlegare: «When Does the Stork Come?» Etter å ha forklart desse reglane, herunder spontanabort, fødsel, tabellen for å sjå kva som skjer om ein feilar fødselskastet sitt, og forklaring på korleis ein kjem seg frå fødsel, kjem då kapitlet «Spells for the Mother». Eg skal her attgjeve heile teksten som han står og omsetje han.
English
Level 1
Detect Pregnancy
Prevent Nausea
Summon Midwife
Level 2
Assist Labor & Birth
Level 6
’Irnar’s Poloroidic Pregnancy
Detect Pregnancy (Divination)
Class
Level
Sphere
Range
Components
Duration
Casting Time
Area of Effect
Saving Throw
Cleric
1
Divination
Touch
V, S
1 round/level
1
1 creature
None
Description
This spell enables the priest to detect pregnancy in any creature. The priest will also know the day of conception, stage of pregnancy, estimated day of birth, and gender of child.
Prevent Nausea (Abjuration) Reversible
Class
Level
Sphere
Range
Components
Duration
Casting Time
Area of Effect
Saving Throw
Cleric
1
Healing
Touch
V, S
6 turns/level
1
1 creature
None
Description
This spell will prevent the woman from getting nausea for the duration of the spell. The reverse of this spell will cause nausea to the victim, male or female.
Summon Midwife (Conjuration/Summoning)
Class
Level
Sphere
Range
Components
Duration
Casting Time
Area of Effect
Saving Throw
Cleric
1
Summoning
30 yards
V, S
none
1 sīc
1 creature
None
Description
This spell will summon the nearest midwife. The midwife will get the summons. She is under no obligation to respond to the summons, but very few midwifes will ignore it unless unfortunate circumstances prevail.
Assist Labor & Birth (Necromancy)
Class
Level
Sphere
Range
Components
Duration
Casting Time
Area of Effect
Saving Throw
Cleric
2
Healing
Touch
V, S, M
none
2
1 creature
None
Description
This spell has multiple functions to assist the mother in labor and birth:
Epidural – Produces a numbing of the lower back and pelvis to reduce stress on the mother during labor.
Push – Assists mother in pushing the child out. Will cut the time of labor by 1d4 hours.
Turn Baby – Will position the child correctly during labor for proper birth.
The material components of this spell are boiling hot water and towels.
’Irnar’s Poloroidic Pregnancy (Necromancy)
Class
Level
Sphere
Range
Components
Duration
Casting Time
Area of Effect
Saving Throw
Mage
6
&emdash;
Touch
V, S
permanent
6
1 creature
Negates
Description
This spell will speed up the pregnancy of a woman from 9 stages to 9 hours (1 hour for each stage left until birth). The pregnatn (sīc) woman must make a system shock when its time to give birth. Success indicates that the birth is successful, failure indicates that child dies and the woman suffers a permanent −1 reduction to constitution.
’Irnar is still researching, but the priestesses of the Mother Goddess are doing their damndest to hunt him down and destroy his research, it is a violation if their creed.
Some parental mages have created a few useful cantrips. Below is a list of them. They have a small description and should not need additional explanation.
Burp
Causes the infant to pass gas.
Create Cheerios and Milk
Creates a healthy portion of cereal w/milk.
Gallager’s Food to Mush
Transfers food to edible mush for infants.
Turn Toddler
Keeps a whinny kid at bay.
Norsk
1. grad
Oppdag graviditet
Forhindr kvalme
Påkall jordmor
2. grad
Stå bi rier og fødsel
6. grad
’Irnar sitt poloroide svangerskap
Oppdag graviditet (spådom)
Klasse
Grad
Sfære
Rekkjevidd
Komponent
Varigskap
Kastetid
Effektområde
Redningskast
Klerk
1
Spådom
Berøring
V, S
1 runde/grad
1
1 skapnad
Ingen
Omtale
Denne trolldomen gjer presten i stand til å oppdage svangerskap i einkvar skapnad. Presten får òg vite unnfangingsdatoen, svangerskapsperiode, venta fødselsdato og ungen sitt kjønn.
Forhindr kvalme (avsverging) omvendbar
Klasse
Grad
Sfære
Rekkjevidd
Komponent
Varigskap
Kastetid
Effektområde
Redningskast
Klerk
1
Heiling
Berøring
V, S
6 turar/grad
1
1 skapnad
Ingen
Omtale
Denne trolldomen forhindrar ei kvinne i å bli kvalm so lengje trolldomen varar. Omvendinga av denne trolldomen valdar kvalme hjå offeret, mann som dame.
Påkall jordmor (maning/påkalling)
Klasse
Grad
Sfære
Rekkjevidd
Komponent
Varigskap
Kastetid
Effektområde
Redningskast
Klerk
1
Påkalling
90 fot 45 alen
V, S
Ingen
1 sīc
1 skapnad
Ingen
Omtale
Denne trolldomen påkallar den næraste jordmora. Jordmora kjem til å få påkallinga. Ho har inga plikt til å svare på påkallinga, men svært få jordmødre ignorerer det med mindre uheldige omstende rår.
Stå bi rier og fødsel (nekromanti)
Klasse
Grad
Sfære
Rekkjevidd
Komponent
Varigskap
Kastetid
Effektområde
Redningskast
Klerk
2
Heiling
Berøring
V, S, M
Ingen
2
1 skapnad
Ingen
Omtale
Denne trolldomen har fleire funksjonar som står mora bi i rier og fødsel:
Epidural – Tilverkar ei numming av korsryggen og bekkenet for å redusere stresset til mora under riene.
Trykk – Hjelpar mora med å trykke ungen ut. Minskar fødetida med 1t4 timar.
Snu ban – Flyttar ungen til rett stilling under riene so ein får rett føding.
Materialkomponentane til denne trolldomen er kokande varmt vatn og handklede.
’Irnar sitt poloroide svangerskap (nekromanti)
Klasse
Grad
Sfære
Rekkjevidd
Komponent
Varigskap
Kastetid
Effektområde
Redningskast
Magikar
6
&emdash;
Berøring
V, S
permanent
6
1 skapnad
Forhindrar
Omtale
Denne trolldomen framskundar dama sitt svangerskap frå ni stadium til ni timar (1 time for kvart stadium som er att fram til fødselen). Den gravide dama må ta ein organismesjokksjekk når tida er inne for å føde. Suksess syner at fødselen var vellukka, eit feila kast at ungen døydde og at mora lir ein permanent −1-reduksjon til uthald.
’Irnar forskar framleis, men Modergudinne-prestinnene gjør sit ytste for å jage hand ned og øydeleggje forskinga hans, då den er i strid med trusvedkjenninga deira.
Nokre foreldremagikarar har laga nokre nyttige trollkunstar. Nedom er ei liste over dei. Dei har ei kort omtale og skulle ikkje trengje nærare forklaring.
Det nærmar seg fylkestings- og kommunestyreval, so kva betre tid kan ein vel ha til å tale om val av terningar? Ein kan vel knapt ta viktigare val i livet‽ På denne sida kjem eg med tida til å tilføye alle terningalternativa ein har i HackMaster til åtak, forsvar, dugleiksjekkar og anna. No i dag, 7.8.2023, kjem dei grunnleggjande forsvarsterningane.
Utsnitt av handskrive, skjematisk oversikt over terningval i HackMaster.
Å hevde at HackMaster er detaljert, kan ein kanskje våge seg å påstå at er ein presis påstand. Ein av måtane HackMaster reflekterer dei ulike kampstodene, er med å justere kva forsvarsterning ein får etter ulike høve. Er du overraska? Gav du åtakaren ryggen din? Blir du skoten på? Har du skjold? Alt dette påverkar kva terning du får, so med denne lille oversikten vonar eg å gjere det enkelt å skjønne kva som skjer i kampen for so vel nye som gamle spelarar.
Grunnterningar, initiativ og skade
HackMaster nyttar to hovudterningar: t20g og t100g. Den siste nyttar ein til dugleikssjekkar, medan den fyrste blir nytta til mest alt anna. Formatet txg les du som x-sida, gjennomborande terning, her til dømes ein tjuesida eller hundresida terning, begge gjennomborande. At terningen er gjennomborande, tyder at du får fortsette å kaste han viss du kastar maksimalverdien; på alle kast frå og med kast nummer to, tel verdien som éin mindre. Viss du til dømes kastar ein t6g og får 6, 6, 6 og 4, fekk du 6 + (6 − 1) + (6 − 1) + (4 − 1) = 19. Dette reknar ein som eitt kast med ein sekssida terning som gav ein total på 19. For den tjuesida og hundresida terningen, er gjennomboringa litt annleis: Ein tjuesida, gjennomborande terning gjennomborar til ein t6g og ein hundresida, gjennomborande terning til ein t20g.
Viss du skal kaste initiativ, blir du fortald kva terning du skal kaste. Ein t12g er standardterningen. Lågare terningar inneber at ein på eit eller anna vis var førebudd på kva som kom. Den minste terningen ein kan få er ein t3g, sjølv med bonusar frå klasse og rase eller andre ting.
Viss du skal kaste skade, har alle våpena definert kva skadeterning du skal nytte avhengig av kva du treff. Viss forsvararen har skjold og du ikkje treff godt nok til å kome deg rundt skjoldet hans, kastar du våpenet sitt skjoldskade. Nokre våpen (so som piler) gjer kun eitt poeng i skade (ingen terning).
Viss du skal gjere ein dugleikssjekk, er dette med ein t100g. Du skal anten gjere ein dynamisk sjekk mot nokon som prøvar å hindre deg i å lukkast, eller ein statisk sjekk mot noko fast. Eit tre har ein viss vanskegrad for å klatre det; det blir ein statisk sjekk for det handlar berre om kor god du er til å klatre. Men når du prøver å gjere noko som nokon andre prøvar å hindre deg i å greie, då gjer du ein dynamisk sjekk. Med ein statisk sjekk får du oppgjeve ein vanskegrad (til dømes enkel: −80 på terningen); kast likt eller mindre enn dugleiksnivået ditt, so greier du det. Med ein dynamisk sjekk prøver du å slå ein motstandar, so da kastar du terningen og leggjer til dugleiksnivået ditt: høgste sum vinn.
Forsvarsterningar
Om du skal kaste forsvar er du heldig! I det minste blir du ikkje skoten i ryggen utan å kunne gjere noko for å unnvike det. Om du får leggje til bonusar for å vere god til å forsvare deg, derimot, er avhengig av situasjonen. Pilskot og steinar som blir kasta er vanskeleg å kome seg unna, og det er reflektert i dei fire avstandsgruppene ein nyttar for dei: kort, vanleg, lang og ekstrem; alle desse er kalibrerte til dei ulike prosjektiltypane og avfyringsmekanismane. Om ein er på lang rekkjevidd får ein leggje til forsvarsbonusen sin, av di ein har tid til å reagere, og om ein er på ekstrem rekkjevidd, kan ein ein dessutan nytte skjoldet for å få opp eit vernande dekke. På kort og vanleg avstand er det ganske enkelt ikkje mogleg å reagere tidsnok til å få nytte av forsvarstreninga si; ein kastar difor i so tilfelle kun ein terning utan bonusar (eller straffar) frå trening og gradering.
Forsvarsterningstypar
Terningtype
Situasjon
Forsvarsbonus og skjoldbonus*†
* Sovel forsvars- som skjoldbonus føreset at ein veit om åtakaren. Merk at skjold gjev passivt vern mot prosjektil, ganske enkelt av di det er ei stor plate i vegen for våpenet. Desse er 20, 19, 16/11, 11/6 og 6/1 for å vere passivt/aktivt gøymd bak skjoldet, for skjoldtypane handskjold, lite skjold, middels skjold, stort skjold og kroppsskjold (PHB 225).
† Om skjoldet får nok skade, kan det bli knust. For handskjold / små skjold er verdiane 8/12/16/20 og for større skjold 12/18/24/30 for følgjande resultat:
Skade 8/12 (HS/MLK): tevlande t20g med +6 til forsvararen.
Skade 12/18 (HS/MLK): tevlande t20g med +0 til forsvararen.
Skade 16/24 (HS/MLK): tevlande t20g med −6 til forsvararen.
Skade 20/30 (HS/MLK): automatisk knust
Kjelde: PHB 225.
t20g − 4
utan skjold mot åtakar 1–3 i front / på sida
✓ ✗
t20g
med handskjold mot åtakar 1 i front / på sida
✓ ✓
med lite skjold mot åtakar 2 i front / på sida
✓ ✓
med større skjold mot åtakar 3 i front / på sida
✓ ✓
t20g − 4
med handskjold mot åtakar 2+ i front / på sida
✓ ✗
med lite skjold mot åtakar 3+ i front / på sida
✓ ✗
med større skjold mot åtakar 4+ front / på sida
✓ ✗
t12g
mot åtakar 4+
✓ ✗
t8g
mot åtakar bak
✓ ✗
Prosjektilvåpen (spjut, armbrøst, pil og bue, slynge osb.)
Forslag til talsymbol for talet 12², der krøllane er erstatta av kun strekar; teiknet er sett saman av 11•12₁₂, ɔ: 11 × 12¹ + 12 × 12⁰. Eit alternativ til dette talet hadde vore det matematisk meir fornuftige 1•0•0₁₂, ɔ: 1 × 12² + 0 × 12¹ + 0 × 12⁰.
I dei tidlegare postane har eg lagt fram først ein idé om eit anna talsystem – eit tolvtalsystem – so vist korleis andre kulturar sine talsystem kan sjå ut, og so i ei lengre utgreiing over først to tidlegare postar og no denne presentert idéen min til eit tolvtalsystem der grunnstrukturen er bygd på fire unike talord som dei bygde ei heil talrekkje på. Eg er framleis svak for den opphavlege idéen min med rekkja som du kan sjå i sidemargen på høgre side.
Multiplar av 100₁₂:
tustølv (eller tvistølv), tristølv
Men den nye talordrekkja eg har landa på, er då i staden bygd på dei nemnde fire unike grunntalsljodane som har gjeve tre grunntalord kvar, som har gjeve meg rekkja:
ūn (0);
ū̆nnj (1), ūt (2), ūtr (3);
ǣ̆nnj (4), ǣt (5), ǣtr (6);
tū/tū̆nnj (7), tūt (8), tū̆tr (9);
trī/trī̆nnj (10), trīt (11), trīr (12).
I denne (foreløpig) siste posten om tolvtalsystemet, skal eg sjå på kva som kan vere namnet på dei samansette tala, inkludert moglege teikn for 100₁₂ og 1000₁₂.
Rollespel: Alternativt talsystem Ⅱ, der eg presenterte mellom anna tjuesjutalsystemet til oksapminfolket, og forslaget mitt til korleis eit ekte tolvtalsystem bygd på multiplar av fire i grupper på tre kunne sjå ut.
Rollespel: Alternativt talsystem Ⅲa – oppfølging, endring og retting, der eg gav eit logisk prov på at tal, talord og talsymbol er det same på eitt vis, men at me har eitt talord meir å ta av i talordrekkjene våre enn kva me har siffer, tilsynelatande uavhengig av talsystem.
For større tal følgjer tolvtalsystemet mitt det same systemet som me er vane med i norsk, i alle fall me som er vaksne: Det lægste talet først, so det større talet, fram til det som tilsvarar vårt 100, altso 144. Sjølv om det ser vanskeleg ut å ha eit tal som 144 å rekne mot, merk at det for dei ikkje hadde vore noko meir underleg enn vårt 100, sidan det hadde vorte skriven med dei same siffera, ɔ: 10012 = 14410 og 10010 = 8412. Denne oversikten gjer det lettare å sjå:
Oversikt over tala frå 0 til 143 med kongerekkjene med sifferet for 12 og dermed òg 122, ɔ: 156.
Grafikk og skrift: Tor-Ivar Krogsæter.
Skrifta kan du laste ned frå Google Disk-en min; teikna er å finne i området U+2460–246b (①–⑫) og null på U+24ea (⓪).
Namn på tala frå null til tolv gangar tolv
Dei norrøne ‑ten-tala – þrettán/þrétján (þrír/þrjár/þrjú), fjórtán (fjórir/fjórar/fjǫgur), fimtán (fim/fimm), sextán (sex), sjaután (Eg var ikkje klar over at sjau var det norrøne ordet for sju då eg foreslo det i den tidlegare posten min, so det var litt artig å oppdage no.)(sjau), áttján (átta), nítján (níu) – er alle sett saman av grunntalet plus eit tillegg ‑t(j)án. Ordet tjue kjem av tjogu som var sideform av tuttugu som kom av tveir tigir: ‹to tiarar›. Dette er ein annleis konstruksjon enn den me finn i til dømes latin (og gresk, persisk og sanskrit), som i staden uttrykkjer multiplikasjon; latinsk vīgintī kjem av taladverbet bīs > vī + centī > gentī > gintī: ‹to gangar av ti›.
Kjelde: Norrøn ordbok (Samlaget 1990) og Yann de Caprona: Norsk etymologisk ordbok (Kagge forlag 2013).
Talsystemet mitt brukar den norrøne (norske) måten å lage tal på, og difor blir talrekkja slik:
Oversikt over talord i tolvtalsystemet
1) Jf. tolv < tolf.
2) Jf. norrønt einntolf. Ein får i daglegtale elisjon av ‑r‑ i trīr etter ‑nnj, for å lette uttala. I skrift er han gjerne bevart.
3) Jf. norrønt tveirtolf.
4) Jf. norrønt þrírtolf.
5) Formene på _c er sideformer, jamfør titen = 20, tjueti = 30, trettiti = 40, førtiti = 50; Bilbo sin ellevtiførste bursdag.
6)
a) Jf. «to-tolvarar», jf. norrønt opphav til «tjue» < tuttugu < tveir tigir: to tiere; altså ūt-av-trīr: ‹to av tolvar[ane]›.
b) Trykket fell alltid på første staving, så unnjūtatrīr, ūtūtatrir, ūtrūtatrīr.
c) Gjerne også sagt med ein innskoten ‑å‑, altså unnjåūtatrīr (ein-og-to-av-tolv), ūtåūtatrīr (to-og-to-av-tolv) og so bortetter.
7) For alle samansette tal, altså tal større enn trīr, fell -t-en vekk i vanleg tale, men er framleis til stades i skrift (for dei få som kan det). Ordet var altså opphavleg ūtrtrīr, men er ikkje tatt med i rekkjene under for å gjere det ryddigare å sjå. Dette gjeld for alle tala på _3, _6, _9 og _c, forutan 1c.
8) Tilføyinga av -nnj-endinga er ikkje ei tilføying i så måte; det er meir at ho blei halde fast på frå gamal tid for å skilje desse tala frå dei større trīr-tala. På tala frå 2_ og oppover, blir ‑nnj vanlegvis berre sagt på _1 og _4. Ein får dermed desse gruppene:
unnj, ænnj, tū, trī (_1, _4, _7, _A); ūt, ǣt, tūt, trīt (_2, _5, _8, _B); ūr, ǣr, tūr, trīr (_3, _6, _9, _C) med bortfall av innskoten ‑t‑.
Frå 7_ og oppover får ein problemet med to tilstøytande konsonantar på _8-tala; dette gjer at vokalen blir kort og konsonanten lang, altså meir som tutt-unnjatrīr enn tut-tunnjatrīr. Talarar som ikkje gjer dette, legg heller til ‑nnj på _7-tala her, med forkorta ‑u‑vokal i mellom, altså tunnjunnjatrīr, ikkje *tūnnjunnjatrīr.
9) Forskjellen på 1-8 tŭ(t)trīr og 7-0 tūtrīr, og vidare 1-b trĭ(t)trīr og a-0 trītrīr ligg primært i vokallengda: 7-0 og a-0 har ein lang i-ljod – /iː/ – medan 1-8 og 1-b får kort vokal og tenderar mot å forlengje den påfølgjande konsonanten eller leggje inn ein glottal stopp i forkant, ɔ: anten /tutː.triːr/ eller /tuɁ.triːr/ og /tritː.triːr/ eller /triɁ.triːr/.
10) Den eldre forma av trīr, trītr, var tidlegare i bruk, av di dei såg stortalrekkja (også kalla «kongerekkja») på cx, altså jamfør tolvtiein til tolvtitolv, som viktigare, større. I dag blir desse tala brukt for å omtale noko som er ovstort og flott: Ikkje berre trīrtrītutrīr, men trīrtrīr penningar kravde dei i skuld!, ɔ:, jamført vårt talsystem (og rekna ned til titalstoppen) Ikkje berre hundre, men ti-og-titi kroner kravde dei i skuld! (ordrett blir det Ikkje berre stortolv, men tolvtolv penningar kravde dei i skuld!).
11) Som 5) er dette eigenleg ei sideform. Ordrett tydar ho tolv-tolvarar.
12) Som 7) er i-en med kun i skrift.
13) Mellomljoden går tapt då han ikkje trengst for å verte forstått; han er bevart i skrift. Nokon seier berre «-ǣrir».
14) Ein seier det utan innskoten ‑a‑ når ein verkeleg vil leggje trykk på talet, og da særleg i heilage/høgtidelege samanhengar.
1
_0
_1
_2
_3
_4
_5
_6
_7
_8
_9
_a
_b
(_c)
12
0_
ūn
ŭ̄nnj
ūt
ūtr
æ̆̄nnj
ǣt
ǣtr
tunnj
tūt
tŭ̄tr
trinnj
trīt
trīr
1_
trīr1
ŭ̄nnj- t(r)īr2
ū- trīr3
ūr- t(r)īr47
æ̆̄nnj- t(r)īr
ǣ- trīr
ǣr- t(r)īr
tunnj- t(r)īr8
tut- trīr9
tūr- t(r)īr
trinnj- t(r)īr8
trī- trīr/ trĭt- tīr9
(trīr- trīr)5 10
2_
ū́tatrīr6
ŭ̄nnj- ūta- trīr6
ūt- ūta- trīr
ūr- ūta- trīr
æ̆̄nnj- ūta- trīr
ǣt- ūta- trīr
ǣr- ūta- trīr
tū- ūta- trīr8
tūt- ūta- trīr
tūr- ūta- trīr
trī- ūta- trīr8
trīt- ūta- trīr
(trīr- ūta- trīr)5
3_
ūratrīr
ŭ̄nnj- ūra- trīr13
ūt- ūra- trīr
ūr- ūra- trīr
æ̆̄nnj- ūra- trīr
ǣt- ūra- trīr
ǣr- ūra- trīr
tū- ūra- trīr
tūt- ūra- trīr
tūr- ūra- trīr
trī- ūra- trīr
trīt- ūra- trīr
(trīr- ūra- trīr)5
4_
ænnjatrīr
ŭ̄nnj- ænnja- trīr
ūt- ænnja- trīr
ūr- ænnja- trīr
æ̆̄nnj- ænnja- trīr
ǣt- ænnja- trīr
ǣr- ænnja- trīr
tū- ænnja- trīr
tūt- ænnja- trīr
tūr- ænnja- trīr
trī- ænnja- trīr
trīt- ænnja- trīr
(trīr- ænnja- trīr)5
5_
ǣtatrīr
unnj- ǣta- trīr
ūt- ǣta- trīr
ūr- ǣta- trīr
ænnj- ǣta- trīr
ǣt- ǣta- trīr
ǣr- ǣta- trīr
tū- ǣta- trīr
tūt- ǣta- trīr
tūr- ǣta- trīr
trī- ǣta- trīr
trīt- ǣta- trīr
(trīr- ǣta- trīr)5
6_
ǣratrīr
unnj- æ̆̄ra- trīr13
ūt- æ̆̄ra- trīr
ūr- æ̆̄ra- trīr
ænnj- æ̆̄ra- trīr
æ̆̄t- æ̆̄ra- trīr
æ̆̄r- æ̆̄ra- trīr
tū- æ̆̄ra- trīr
tūt- æ̆̄ra- trīr
tūr- æ̆̄ra- trīr
trī- æ̆̄ra- trīr
trīt- æ̆̄ra- trīr
(trīr- æ̆̄ra- trīr)5
7_
tunnjatrīr9
unnj- tunnja- trīr
ū‑/ut- tunnja- trīr
ūr- tunnja- trīr
ænnj- tunnja- trīr
ǣ‑/æt- tunnja- trīr
ǣr- tunnja- trīr
tū(nnj)- tunnja- trīr
tut- tunnja- trīr8
tūr- tunnja- trīr
trī- tunnja- trīr
trī‑/trit- tunnja- trīr
(trīr- tunnja- trīr)
8_
tūtatrīr
unnj- tūta- trīr
ū‑/ut- tūta- trīr
ūr- tūta- trīr
ænnj- tūta- trīr
ǣ‑/æt- tūta- trīr
ǣr- tūta- trīr
tū(nnj)- tūta- trīr
tut- tūta- trīr
tūr- tūta- trīr
trī- tūta- trīr
trī‑/trit- tūta- trīr
(trīr- tūta- trīr)
9_
tūratrīr12
unnj- tūra- trīr
ū‑/ut- tūra- trīr
ūr- tūra- trīr
ænnj- tūra- trīr
ǣ‑/æt- tūra- trīr
ǣr- tūra- trīr
tū(nnj)- tūra- trīr
tut- tūra- trīr
tūr- tūra- trīr
trī- tūra- trīr
trī‑/trit- tūra- trīr
(trīr- tūra- trīr)
a_
trinnjatrīr9
unnj- trinnja- trīr
ū‑/ut- trinnja- trīr
ūr- trinnja- trīr
ænnj- trinnja- trīr
ǣ‑/æt- trinnja- trīr
ǣr- trinnja- trīr
tū(nnj)- trinnja- trīr
tut- trinnja- trīr
tūr- trinnja- trīr
trī- trinnja- trīr
trī‑/trit- trinnja- trīr
(trīr- trinnja- trīr)
b_
trītatrīr
unnj- trīta- trīr
ū‑/ut- trīta- trīr
ūr- trīta- trīr
ænnj- trīta- trīr
ǣ‑/æt- trīta- trīr
ǣr- trīta- trīr
tū(nnj)- trīta- trīr
tut- trīta- trīr
tūr- trīta- trīr
trī- trīta- trīr
trī‑/trit- trīta- trīr
(trīr- trīta- trīr
c_
(trīr(a)trīr)11
(unnj- trīra- trīr)
(ū‑/ut- trīra- trīr)
(ūr- trīra- trīr)
(ænnj- trīra- trīr)
(ǣ‑/æt- trīra- trīr)
(ǣr- trīra- trīr)
(tū(nnj)- trīra- trīr)
tut- trīra- trīr)
(tūr- trīra- trīr)
(trī- trīra- trīr)
(trī‑/trit- trīra- trīr)
(trīr- trīr(a)- trīr)14
Namn på tala frå tolv gangar tolv og opp: «hundre» i tolvtalsystemet
No gjenstår det berre å finne ut kva dei store tala blei kalle. Som tabellen over syner, hadde dei namn på dei fyrste tala frå 144 og opp. Talet 144 hadde fleire namn: Dei kunne seie elv-tolv-tolv (jamfør ni-ti-ti altså nittiti altså hundre) kunne dei seie trīrtrītatrīr; eller dei kunne seie tolv-tolv, som eit 12-12-0 (jamfør ti-ti (som eit 10-10-0), altså hundre), altså trīratrīr. Men akkurat slik som me i titalsystemet vårt hadde behov for å nemne tala over niognitti eller over hundre og nitten (talordet hundre kunne tyde 100 eller 120; 120 blei av og til kalla «storhundre») for noko anna, hadde også folket her behov for eit eige ord for «mange» og «ovleg mange». Men kva? Å sjå på etymologien til orda «hundre» og «tusen» kan vere til hjelp:
hundrað n[eutrum]. 1. 120, h. tolfrætt («stort hundre»), men stundom (etter lat.) = 100, h. tírætt; með hundraði riddara (el. með hundrað riddarum); falla hundruðum, falle i hundrevis. 2. 120 alner, særleg av vadmål (for h. vaðmála sjå vaðmál). 3. = 120 aurar, N[orges ]g[amle ]l[ove] I 69⁶, 71¹⁶. Om ordlaga h. jarns og h. silfrs, sjå jarn og silfr.
Norrøn ordbok
hundre: grunntallet 100. Av norrønt hundrað, som betydde først oftest «120» og seinere «100». Disse to betydninger av hundre levde videre på norsk som henholdsvis storhundre og vesle (lille-) hundre. [–––] På gotisk heter «hundre» taihund-taihund som egentlig betyr «ti-tiere». Det svarer til norrønt tiu-tigir For 110 sa man på norrønt ellifu-tigir. For 120 valgte man ikke å si tolf-tigir «tolv-tiere», men altså hundrað som går tilbake til germansk *hundarada, som bygger på *hundá- «hundre» + radá- «tall» (andreledd er gjennom indoeuropeisk kanskje beslektet med latin ratio, rationis(eg. ratiō, ratiōnis) «beregning, fornuft», derav lånordene ratio og rasjonell).
Norsk etymologisk ordbok
Storhundre, 120 stk. = 10 tylfter = 6 snes = 2 skokk. Dette til forskjell fra smalt hundre = 100 stk. Innenfor trelasthandelen var s. i bruk ennå etter midten av 1800-tallet, og ved salg av råfisk i Nord-Norge helt inn på 1900-tallet.
Norsk historisk leksikon : Næringsliv, rettsvesen, administrasjon, mynt, mål og vekt, militære forhold, byggeskikk m.m. : 1500–1800, redigert av Fladby, Imsen og Winge, J. W. Cappelens forlag ⅍, Oslo, 1974.
Storhundret var altså i bruk så seint som på oldeforeldrene mine si tid sørpå, og besteforeldrene mine si tid nordpå.
I den tidlegare posten min hadde eg jo eit forslag, som eg i grunn likte ganske godt; eg synte til det i ingressen her. Der tok eg utgangspunkt i ei talrekkje som var meir normalnorsk og enda på ti, ølljøv, tølv. For 12 × 12 foreslo eg stortølv > stølv (og i hovudet mitt høyrde eg det med tjukk l). Det var lett å konstruere nye tal på det: tostølv, trístølv, firstølv for 200₁₂, 300₁₂, 400₁₂ (= 288₁₀, 432₁₀, 576₁₀). Men *stortrīr > strīr kling ikkje godt. Men å leggje til hundre på det fungerar faktisk rett så godt: hundrað + trīr > huntrīr. Men etymologisk heng det kanskje ikkje heilt godt saman. Caprona fortel at:
Den indoeuropeiske formen for «hundre» har man rekonstruert som *(d)kmtóm, som egentlig betyr (d)kmtóm dékmt- «dekaders dekade».
Norsk etymologisk ordbok: hundre.
Lat meg sjå på nokre alternativ:
Alternativ 1: Av talordet tre
Kva om eg ser på korleis norrønt bøygde talet tre?
Bøying av þrjú
Kasus
n.
m.
f.
Nom.
þri-ú
þri-r
þri-ár
Akk.
þri-á
Gen.
þri-ggja
Dat.
þri-m (þri-mr)
Viss eg tek trīr for å følgje same bøying som hankjøn, kan eg tenkje meg at det har vore ei gamal genitivform trīrgja som gav:
anten trīrgjatrīr > trīgjīr
eller trīrgjatrīr > trīgjatrīr
eller kanskje trīrgjatrīr > trīgjatr > trīgjār. Kanskje med sideform trīgjatrīr?
Når ein ser på kor stor forandring som låg bak ordet hundre, trur eg faktisk at eg likar det siste alternativet best av desse, for det glir godt over tunga – eg kan lett høyre for meg talet både i rask teljing, men òg til dømes i sal og kjøp. Går eg for det siste herunder (altså trīgjār), får ein da at 100₁₂ heiter trīgjār eller unnjtrīgjār, 200₁₂ blir ūttrīgjār, 300₁₂ blir ūrtrīgjār og so bortetter, alternativt trīgjatrīr/unnjtrīgjatrīr, ūttrīgjatrīr og ūrtrīgjatrīr og så bortetter.
Alternativ 2: Av andreleddet i hundre: *-radą
Ei anna moglegheit er å ta *-radą-delen av *hundáradą, men å byte ut centum-delen (*hundá) med trīr, men kanskje ikkje trīrtrīr, av di *hunda kjem av indoeuropeisk *(d)kmtóm dékmt-: «dekaders dekade» (Norsk etymologisk ordbok). Her er eit alternativ for utviklinga:
*trītrīggja > *trītikk’ja > *trīk’ja > trīkja(Takk til Dashiel Naea Stevens for forslag 4.)
slik (d)kmtóm > *kmt > hund[re] *trītrīggja > *trītrī
Eg likar både dette alternativet, særleg nummer 1, og trīgjār frå over. Går eg for det første herunder (altså trīrād), får ein da at 100₁₂ heiter trīrørad eller unnjtrīrørad, 200₁₂ blir ūttrīrørad, 300₁₂ blir ūrtrīrørad og so bortetter, seinare forkorta til berre (unnj)trīrād, ūttrīrād, ūrtrīrād. Dessutan er jo forslag 4 her særs elegant (eg hoppa over mellomstadiet Dash føreslo med þ (trīþk’ja) her, av di eg med nærare ettertanke ikkje ser denne ljodplasseringa som samsvarande med stavingsdelingane), som gjev oss (unnj)trīkja, ūttrikja, ūrtrīkja og so bortetter.
Alternativ 3: Jamfør tíu tigir
Norrøn ordbok fortel at eit anna ord for hundre var tíu tigir. Første ledd kjenn me att som «ti». Det andre leddet, derimot, er litt verre å sjå kva er: Det tyder mengd på ti, så tíu tigir tyder dermed «ti mengder på ti», ɔ: hundre. Grunna til at det er tigir og ikkje tigr, er bøyinga: genitiv singularis er tigar, nominativ pluralis er tigir og akkusativ pluralis er tigu.) Andre former av ordet var tegr, tugr, togr, tøgr, så me har litt å leike oss med.
Vidare er det verd å merkje seg at ordet sitt protogermanske opphav kom av teguz som peikar tilbake til indoeuropeisk *deḱ-: å ta eller oppfatte!
Dette er kan hende det mest freistande alternativet: 100₁₂ – eller kanskje heller (sidan me snakkar om talord og ikkje siffer) BC₁₂ (11•12₁₂) eller C0₁₂ (12•0₁₂) – kan bli konstruert slik:
moderne fabdensk: trīrt-irir > trīrtir (Dette siste alternativet må ein då vente at fort blei uttala med ein retrofleks flapp, altså som i norsk «bart» (/bɑʈː/), altså /ˈtriː.ʈir/ > /ˈtriːʈ.ir/ i staden for /ˈtriːr.tir/.)
Resultat
Slik norrønt hadde to hovudalternativ for å seie hundre, kan ein like gjerne ha fleire her òg; eg kallar det dialektvariantar. Kvifor ikkje? Den fyrste varianten bygde eg på norrøn bøying, og fekk trīgjār. Den andre varianten bygg på ‑radą som er omtrent det same som «rekne», altså trīrad, som nok av eldre og i gamal tid vart sagt trītrað < trītr-rað. Den tredje varianten bygg på -ir som er omtrent det same som «mengde på», altså trīrtir (då vel å merkje sagt med flapp, altså /triː.ʈir/. Ein får då dei vidare tala:
100₁₂: trīgjar, trīrad/trīrað eller trīrtir; alternativt unnjtrīgjar, unnjtrīrad/unnjtrīrað eller unnjtrīrtir
200₁₂: ūttrīgjar, ūttrīrad/ūtrīrað eller ūttrīrtir
300₁₂: ū(t)rtrīgjar, ū(t)rtrīrad/ū(t)rtrīrað eller ū(t)rtrīrtir
400₁₂: ænnjtrīgjar, ænnjtrīrad/ænnjtrīrað eller ænnjtrīrtir
O.s.b.
Namn på tolvtalsystemet sine tusen
I motsetnad til hundre, har ikkje ordet tusen eit felles indoeuropeisk opphav. Me seier tusen, på tysk seier dei Tausend og på engelsk thousand; men på latin heitte det mīlle, derav fransk mille og spansk og portugisisk mil; medan gresk har χῑ́λιοι (khĭ́lioi). De Caprona skriv at En spennende, men noe usikker hypotese er at tallordet stammer fra germansk *þūs ‹stor, sterk, mange› + *hundijō- «hundre».
Eg har nokre alternativ å gå for her. For hundre valde eg meg tre alternativ: trīgjar, trīrad/trīrað og trīrtir. For orda som samsvarar med norsk hundre, får eg at 1000₁₂ (eller BBC₁₂, (BBC heaven!) ɔ: :11•11•12₁₂) kan bli þūs +  forma av hundre frå tilsvarande tideverv. Lat oss sjå på formene att:
Den gamalfabdenske forma kan eg jamføre sånn omtrentleg med þūs, og får då anten þūstrīgjatr, þūstrīrerað eller þūstrīrtīrer, som gjev dei moderne formene tūstrīgjār, tūstrīrad eller tūstrirtir om ein ikkje tek omsyn til at þūs kan ha påverka formene i tidleg tid. Eg har jo tidlegare definert utviklinga til trīr (1012) slik: trī-trī > trītr̆ > trītr > trīr; ein kan tolke dette som old-, gamal- og mellomfabdensk til moderne fabdensk (heretter «nyfabdensk»). Þūs kan sjølvsagt ha medverka til korleis desse ljodane blei, so lat oss sjå på nokre moglegheitar.
Forventa endringar av þūs
Ein god start er å sjå i velskrivne grammatikkar om kva ein kan forvente seg av endringar. Nils Sjöstrand sin Ny latinsk grammatik (Gleerups förlag, Lund, Malmö 1960, Nya litografen) er i so måte utmerkt. Han skriv mellom anna dette om s:
s framför tonande konsonant (d, g, m, n, l, v) har bortfallit med ersättningsförlängning av föregåande vokal: īdem < isdem, trēdecim < tresdecim, sīdo av sī-sd-o [—].
NS.13.5
s mellan vokalar har övergått til r (s.k. ’rhotacism’ av rho, den grekiska benämningen på bokstaven r): mōris < mōsis (mōs), ōris < ōsis (ōs) [—].
NS.12.1
Dette tilseier at ein kan vente å sjå þūs bli þūr‑ viss ein vokal kjem i mellom eller at han blir borte viss ein stemd konsonant gjer so, men det er ikkje tilfelle for nokon av variantane. Dette er dog vel å merkje latinske ljodlover, ikkje norrøne eller norske, so eg kan velje. Men det er godt å vite at det valet eg tek, er noko ein har sett ute i det språklege urlandskapet. Ein har jo faktisk noko tilsvarande i til dømes koreansk, der ㄹ blir til ein r-ljod mellom vokalar, so som i 열넷열일곱 med uttale yeol i det fyrste tilfellet, men yeor i det andre.
Alternative former for «tusen»
Med dette i bakhovudet, kan me byrje å vurdere korleis tusenorda kan ha utvikla seg:
Eg legg altså opp til at endeleg form var å finne i mellomfabdensk tid, med bortfall av þ i overgangen mellom mellomfabdensk og nyfabdensk.
Døme på den fullstendige talrekkja i bruk
Fullstendig? Kva med millionar? Me trong ikkje so store tal før nokso seint. So det er nok å stoppe på tusen. Det tyder at eg no har ei fullstendig talrekkje, uttalbar av nordmenn flest, og med interessante ord å velje mellom etter kor personen dei kjem frå talar. Kanskje dei i Fabden seier trīgjār og tūstjār, dei i Sabden seier trīrad og tūstrād, og dei i Depidu seier trīrtir og tūstrirt? Kvifor ikkje?
So korleis ser no talsystemet ut no til slutt? Ein ny oversikt kan vere til hjelp her.
Tala frå ūn (012) til trīrtrīratrīr (cc12 = 11012)
Her er biletet sjølvsagt veldig lite; klikk/trykk på det for å se det i full skala (600 ppt).
Tala frå null (ūn) til trīrtrīratrīr. Øvste rad er tala tilsvarande null, ein, to, tre, fire, fem, seks, sju, åtte, ni, ti, elleve, tolv; venstre rad er tala tilsvarande null, tolv, totolv, trettolv, førtolv, femtolv, sekstolv, syttolv, åttolv, nittolv, tittolv, elvtolv og tolttolv, eller med tala eg føreslo i ein av dei tidlege postane mine: æinnj, tu, tri, fir, fæm, sæks, sjau, ått, peis, ti, ølljøv, tølv; og vidare tølv, tvølv, trølv, firølv, fæmølv, sæksølv, sjauølv, åttølv, peisølv, tiølv, ølljølv, stølv. Her ser ein òg korleis kongerekka overlappar, slik at 10012 kan seiast både som tolv-og-elvtolv (bc12: trīrtrītatrīr), tolttolv (c012: trīr(a)trīr) eller som me arbeidde med over: trīgjār, trīrad eller trīrtir (alle 10012).
Tala frå trīgjār/trīrād/trīrtir (10012) til tūstjār/tūstrād/tūstrirt (100012)
Dette var tala som var mest utfordrande å få til, men no kan eg endeleg syne korleis ein dannar dei. Eg nytta ‑a‑ som bindevokal for å seie ord tilsvarande sju-av-ti (7010), altså i denne samanhengen sju-av-tolv, tunnjatrīr: tunnj (sju) a (av) trīr (tolv), som blir 7012 = 8410. Eg treng difor ein annan bindevokal for å binde saman hundrarane med dei mindre tala. Det norske ordet og går tilbake til norrønt ok som vidare kjem av å auke:
ok (eldre auk adv. og konj. A. adv. og, også, au; hann vaknar ok sem aðrir [—]
Norrøn ordbok: ok
Gode kandidatar blir då å jamfør og og ø eller æ jamfør auke, som blir uttala anten æuke eller øuke avhengig av kor ein kjem frå. Ein ø blir fort svekka til ein schwa, og ein æ fort til ein e, so eg trur eg vel å som bindevokal. Sidan tala lesast og skrivast i den rekkja dei seiast, frå minste til største, kan det vere eit alternativ å gjere dette òg med dei store tala. Kanskje dette er normalen i kremmarmålet her i området? Eg vel likevel, i det som kjem nedom, å liste tala i den vanlege rekkjefølgja: hundrarar, einarar, tolvarar (ha!). Ein får då følgjande som døme:
Og der har me det. For å danne tusentala, er det berre å tilføye 100012-ordet framom:
i Fabden: tūstjār-å-
i Sabden: tūstrād-å-
i Depidu: tūstrirt-å-
Til dømes unnj-tūstjār-å-trinnj-trīgjār-å-unnj for eitt tolv-tusen og ti-storhundrar og éin i Fabden, unnj-tūstrād-trinnj-trīrād-å-unnj for det same i Sabden og unnj-tūstrirt-å-trinnj-trīrtir-å-unnj for det same i Depidu.
Om skrivinga
Dette er ein post som eg trur eg har jobba på i noko nært halvanna år, litt på og av. Det har teke meg lang tid å finne ut av ting, moe meg opp til å greie å gjere det som må gjerast, lære nok om tal og lingvistikk til å gjere noko truverdig. Enden på visa blir nok at eg mest ikkje brukar det i det heile. Men éin ting er sikkert: Dette er ny rekord i både nerding og lengde på éin gong. Kva tid neste slik blir, det veit eg ikkje, men eg er no iallfall stolt over å ha fått det fullført. God natt!