mandag 15. februar 2021

Dikt: Om livet, døden, sjølvdrap og etterlivet

I dag deltok eg på eit seminar, «PG Writing Group», og temaet for dagen var skrømta i kvardagen vår. Ei av skriveoppgåvene me fekk, ei oppgåve på ti minutt, var What is haunting you / your text / your discipline? What king of ethereal presence is there? Invisible presence? Vel, eg skal jo skrive om sjølvdrap i avhandlinga mi, eit ikkje særleg lett tema, og eg fekk nokre tankar, som gav seg uttrykk slik:

Be it by chance or by will: Suicides are ghosts, will not die. Perverting thoughts of the dead of death of life – will not die.

Det er kanskje ikkje stor kunst, men det ga meg noko. No tenkjer du kanskje at Det var no vel mørkt, var det ikkje? Tja. Det eg tenkte då eg skreiv det, var at sjølv om dei som døyr for ega hand riktignok har fjerna seg sjølve frå livet, så lever minnet om livet deira vidare for dei som er att; men handlinga som tok dei frå livet, frå dei som er att, kan forvrenge tanken om livet deira i hugen åt dei attlevande, om etterlivet deira og livet dei levde, og dessutan det til deira kjære; og sjølv om dei døydde, blir ikkje anden deira … altså minnet etter dei, idéen om kven dei var … å forsvinne frå dei sørgjande.

Til sist kjem to linjer, som for meg representerer stahet, livsvilje, ønske om å fortsetje; samstundes med det peikar det tilbake på forrige strofe, til minnet. Om ein døyr, vil ein ikkje døy heilt lell. For meg no handlar det om å trø vidare. Eg gjeng ikkje lenger i dei gamle stiane mine; eg trør nye stiar, og det kjennes godt. Men av og til kjem ei forvrengd sakning etter dei gamle stiane, dei eg kjenner og veit kor fører hen; dei er trygge, fordi eg har trødd dei før. Men eg veit òg kor dei tek meg, og eg vil ikkje dit.

Kanskje er ikkje dette dei største tankane, men det gav meg kjensler å lese over det etter at det var skriven, så da syntest eg at det var verdt å dele det.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

Jeg har nå valgt å ta sjansen på å la alle som ønsker skrive en kommentar. For å forhindre uønskede robotkommentarer, har jeg valgt å slå på kommentarmoderering.

Ta hensyn, og les over det du har skrevet før du sender det.