mandag 24. juni 2024

Ein festleg rollespelkveld med HackMaster fēminae χᾰ́ους

Fantasy Grounds Unity: Kampsporaren og kartet som syner spelarane klåre til å mose vettane som nyleg blei knuste. Bilete: Tor-Ivar Krogsæter 2024.
Fantasy Grounds Unity: Kampsporaren og kartet som syner spelarane klåre til å mose vettane som nyleg blei knuste. Syrine som står der har slynga snurrande og har akkurat kommandert dei til å overgjeve seg og gjeve dei beskjed om at ingen køddar med venane hennar. Under Achillea ser ein blodsporet ho la att etter seg etter å ha teke ut den store stygge slemmingen. Bilete: Tor-Ivar Krogsæter 2024.

Etter mange eksamenar, arbeidspress, nye jobbar og mykje anna kunne damespelarane mine endeleg treffast att til ein ny runde med HackMaster fēminae χᾰ́ους, ogso kjend som «kaoskjerringane». Det var godt å sjå dei att, og best av alt trur eg at eg no endeleg har knekt koden på korleis eg kan få kampane til å bli spanande, hurtige og ha god flyt når eg spelar på nett.

Jentegruppa spelar fast når det er fullmåne pluss/minus eit par dagar, med andre ord helst ei helg. No har me ikkje fått spela sidan april, sidan det har vore fleire med eksamenar, jobbkrav og anna, men no, etter eit par månadar utan speling, fekk med endeleg møtast att, og det var tydeleg å sjå at dei hadde sakna kvarandre: Spelekvelden blei innleia med ein halvtimes prat om laust og fast – som seg hør og bør. Planen deira var eigenleg å reise sørover til Daresido, men eg hadde gjeve dei feil informasjon sist (eller hadde gløymt det på vegen), so det dei trudde var ein dagsreise, var heller ei reise på 35 mil. Dét er ikkje gjort i ei handvending, og det tek dei uansett forbi P’Bapar, som er staden Achillea prøvar å unnvike for alt ho kan.

Eg laga ein oversikt over spelarrollene eg har hatt i HackMaster-kampanjane mine i posten Hackmaster: Skrotingar, daudingar og andre forsvunne spelarroller. Dei som er i live no står ikkje der, men kanskje eg skal leggje ut ein post om dei levande no i framtida?

I alle høve fekk dei samla seg klåre til dyst. Eg har eit anna æresystem for den gruppa her: Dei lagar seg eit kveldsmål, både individuelt og gruppevis, for å oppfordre til gruppe­spel samstundes som individet får plass. (Eg skal skrive om det seinare.) Dei fann ut at dei ville prøve å finne ut kven denne eplebondefrua var, ho som folk snakkar om som underleg, sidan ho aldri slit med hausten slik andre slitarar må gjere. Særleg hausten no i år har gjeve folk mykje å snakke om: Nokre hevdar at sidan våren var so blaut, har dei fleste bøndene fått melne eple; ho derimot har ikkje hatt det problemet. Kvifor? Dei ville vite meir om saka.

Men på veg til garden gjekk dei seg bort. Korleis dei gjorde det anar dei ikkje. Dei var berre to fjerdingar frå garden og såg både vegen opp og garden, men ein time seinare fann dei seg midt i ein skog utan aning om korleis dei hadde havna der. Dei byrja å spore seg sjølve attende, og såg korleis sporet hadde snodd seg mellom trea. Dei kom til ein stad der dei hadde fore både til høgre og venstre, og der blei dei falne i ryggen av ein vettebjørn med åtte vettekrigarar med seg.

Eg likar for øvrig å gjeve monstra mine namn. Kanskje oppdagar dei at her er noko underleg på ferde, for viss ein bit seg merke i kva namna på monstra er, er det jo noko som stikk seg ut:

  • vettebjørnen Sjakh
  • vettekrigaren Arrsjkah
  • vettekrigaren Sjorrsjakh
  • vettekrigaren Sjarrsjakh
  • vettekrigaren Verrisjakh
  • vettekrigaren Årrigor
  • vettekrigaren Årronn
  • vettekrigaren Årrsjakh
  • vettekrigaren Årrvakh

So korleis gjekk det? Her er omtala eg la ut i HackMaster-gruppa på Discord (omsett):

Den store, svære slemmingen (SSS-en), vettebjørnen Sjakh med gruppa si på åtte vettar (heller enn å omtale vette som inkjekjønn, slik dei tradisjonelt er i norsk rettskriving, er dei i verda mi kjønna: ein vette, vetten, vettar, vettane og ei vette, vetta, vetter, vettene) overfall spelarane som hadde gått seg ville på vegen til Svartportgarden. I sekund 1, slag 1, spelar 1: kritisk treff med kvadrupelgjennomboring moste vettebjørnen Sjakh si skulder so brutalt (maksimal krit-trussel på krit-tabellen) at kragebeinet hans blei tilinkjesgjort og skuldra blei dregen ut av ledd, slik at årene blei rivne frå kvarandre og drap han umiddelbart. Tykje-steike-meg-dere so suverent!

Spelarane var glade og nøgde etter dette, og på slutten av kampen hadde den lægstgraderte (2. grad i ei gruppe med 6., 9. og 10. grad) hobbitsjarmøsa kommandert dei attståande vettane til å knele medan ho snurra slynga si og fortalde dei med den å-så-søte stemmen sin at Ingen plagar venane mine!

Å, forresten: Dei to høgstgraderte spelarrollene er begge gravide (med ein herleg babykul på magen) og den tredje høgst graderte trur at ho er det (men er det ikkje!). Dei fastsette at karane kunne vere att på vertshuset og lære opp lærling­ane og sveinane medan dei drog ut på eventyr. So klårt! Kor’ elles kunne det vere?

Resten av kampen tok omkring ein times tid, og det var for so vidt greit. For meg iallfall – og eg fekk inntrykk av at dei andre hadde det likeins – hadde kampen driv, fart, spaning stort sett heile vegen. Eg var langt meir på han: Eg minte dei på at dei kunne bruke kamp­sporaren for å sjå kor dei var hen i tellinga; eg minte dei på når det nærma seg turen deira, ba dei om å gjere klåre kasta sine. Her og der var det litt tenking som måtte til, men jamnt over gjekk det fort. Me spela kanskje ein time lenger enn planlagt (og for dei i Noreg tydde det at me var ferdige fyrst klokka halv tolv, men eg synest det verka som dei alle hadde det godt, hadde kosa seg, hadde det artig heile kvelden.

Og eg? For fyrste gong på lengje sat eg att med ei godkjensle.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

Jeg har nå valgt å ta sjansen på å la alle som ønsker få kommentere. For å forhindre uønskede robotkommentarer, har jeg valgt å slå på kommentarmoderering.

Ta hensyn og les over det du har skrevet før du sender det; et lite øyeblikk ekstra kan ofte gjøre verden et lite knepp bedre.