Eg har skrive lite i det siste på bloggen min, mykje av di eg har hatt lite tid til meg sjølv. No i dag, etter å ha sett Formel 1-laupet i Japan, har me kosetid saman og eg sit med Fantasy Grounds og klargjer til neste speling. Det blir berre betre og betre å bruke, og eg har oppdaga fleire hurtigtastar som gjer arbeidet mykje lettare enn å styre alt med musa, so eg tenkte det kunne vere nyttig for meg (og kanskje andre) å ha ein enkel plass å oppsøkje for å finne hurtigtastane ein kan nytte i Fantasy Grounds, litt slik som eg har ein oversikt over nyttige teikn med hurtigtastar.
| Sist oppdatert 6.4.2025. | |
| Tekstinntasting | |
|---|---|
| Brødtekst | Ctrl + 1 |
| Overskrift | Ctrl + 2 |
| Tale/opplesing | Ctrl + 3 |
| Kulepunkt | Ctrl + 4 |
| Lenkjeholdar | Ctrl + 5 |
| Tabell | Ctrl + 6 |
| Ny tabellcelle | Ctrl + ⭾ |
Som ein liten kommentar til slutt: Det er utruleg kor mykje enklare det er å bruke FGU når ein har eit regelsett som faktisk verkar. Eg gler meg til den dagen HackMaster blir inkludert offisielt og kan verke slik som til dømes D&D gjer, for det er utruleg kor stor forskjell det er.
Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar
Jeg har nå valgt å ta sjansen på å la alle som ønsker få kommentere. For å forhindre uønskede robotkommentarer, har jeg valgt å slå på kommentarmoderering.
Ta hensyn og les over det du har skrevet før du sender det; et lite øyeblikk ekstra kan ofte gjøre verden et lite knepp bedre.