søndag 23. juli 2023

Hackmaster: Skrotingar, daudingar og andre forsvunne spelarroller

Kva skjer med ei rolle når ho døyr? Blir borte? Blir gløymd? Mange har forsvunne, nokre bravt, andre tafatt, enda nokre i pur grufullheit. Her er, for min eigen del, ein oversikt frå Yngvild over dei som er daude og borte.

Posten blei oppdatert 23. juli 2023 i samtale med Yngvild. Masse nye detaljar blei lagt til, mellom anna med hjelp av kartoteket til Yngvild.

Kven er so alle desse?

Museo Poldi Pezzoli, falt i det fri, via Wikimedia Commons
Teksten hic decor hec forma manet hec lex omnibus una blir i klassisk attgjeving hic decor huius fōrmae manet haec lēx omnibus ūna: Denne venleiken til denne forma er att. Denne lova er éi for alle.

Eg har spela Hackmaster omtrent like lengje som eg har spela D&D no, so ein må rekne med at det blir noko svinn her og der: folk flyttar, finn andre interesser, eller rolla deira kreperer ganske enkelt av ymse grunner. Kven var so alle desse? Er dei verd å minnast? Nokre av dei, ingen tvil; me saknar alle framleis Kraugunn. Nokre av dei forsvann av di spelaren flytta, og sjølv om dei var med kun ei kort ri, gjorde dei inntrykk. Andre att er det kanskje mindre trist at me ikkje har blant oss lenger. Her er dei alle, med merknadar på dei eg hugsar.

Tymopar/Tymofar/Tymophar
Rase: menneskje, ♂
Klasse: prest (Vergen)
Status: daud (i den fyrste hula med Rubina)
Spelar: DC
Denne rolla var med ei god ri. Han blei ein viktig del av kampanjen, men med tida glei han frå resten – såpeglatt.
Timkin
Rase: eigenleg dverg, men menneskje i hovudet mitt, ♂
Klasse: prest (Vergen), men dét gjekk gale!
Status: ???
Spelar: Ø.
Straffa av Vergen for blasfemisk tilnærming til presterolla, tatt inn i varmen hos ein viss guddoms som er særs begeistra for dei fråfalne.
Eg veit sjølvsagt kva tilstanden er for denne rolla, og spelarane har mistanker om at han etter kvart har knytta kontakt med ho dei alle elskar å hate på det mest intense: Rubina Ferumbras.
«Grell»
Rase: døkkalv, ♂
Klasse: krigar
Spelar: JP
Status: daud (av Achillea, av di han ville drepe alt og alle
Me veit ikkje, for han var ein grell, so dei ville ikkje kjennest med han; litt trist i grunn.
Daralis
Rase: menneskje, ♀
Klasse: krigar
Spelar: Y
Status: daud
Ei av dei tidlegaste rollene. Om eg hugsar rett, kreperte ho i Tristor. Tidlegare den dagen hadde dei blitt forsøkt rana av nokre hobbitar langs vegen. Seinare den natta, då dei låg på høyloftet til vertshusinnehavaren, blei fleire av dei drepne i svevn.
Gustav jeger
Rase: menneskje, ♂
Klasse: jeger
Spelar: JP
Status: daud
Døydde i hula i Tristor. Veidemann, møtt i Tristor, drepen i trefning med gjeterbaner, etterlot seg ei ung enkje.
Falmir, den opphavleg «ylf elinn»
Rase: alv, ♂
Klasse: magikar
Spelar: D
Status: daud
Då dei var på tur inn i hula då dei fann Rubina for fyrste gong, blei spelaren kei av å vente, so han fann ut at Falmir skulle gå og øve på fugleljodar der dei for berre nokre minutt sidan hadde sett gigantiske gravebiller i sanda. Han blei dugurd. Dei som døydde i hulegangen i Tristor fekk likbål – bortsett frå Falmir: Dei fann aldri liket av han.
Inula
Rase: halvling, ♀
Klasse: krigar?
Spelar: R
Status: ???
Per dags dato ukjend opphadsstad.
Theodor
Rase: menneskje, ♂
Klasse: krigar
Spelar: Ø.
Status: ???
Ung, mutt og furten byvaktgut. Attgløymd i vakttårnet i Tristor, ukjend status per dags dato. Sannsynlegvis daud som ei sild
Thorgar
Rase: dverg, ♂
Klasse: krigar
Spelar: JP
Status: ???
Møtt i Tristor. Forlot dei andre spelarrollene i Frandorborg; ukjend opphaldsstad per dags dato.
Bruseif
Rase: menneskje, ♂
Klasse: krigar
Spelar: DC
Status: lever truleg
Hugsar eg rett, var dette ei slaskate rolle med alle dei verste vanene ein kunne ha. Bruseif passa dermed dårlig inn i blant siviliserte folk, so det gjekk ikkje so bra.
Randell «vandrær’n»
Rase: alv, ♂
Klasse: sjarmør
Spelar: D
Status: vandrande
Ei interessant rolle som hadde eit spanande ekteskap som enda i forarging og forbanning. Fekk til slutt sjansen til å vende og gjere bot for seg (i ein nokså forskremd tilstand), men valde nei. Forvist frå Frandorborg av Nattskyggane. Dømd frå drapet på Anoz Ghanezj (også kjend som «Anusorm» av spelarane) in absentiā og lyst fredlaus av kaptein Vranel (Frandorborgs vaktkaptein).
Eit godt døme på ei rolle som diverre ikkje blei godt handtert av meg.
Roronjun
Rase: gnom, ♂
Klasse: jeger
Spelar: R♂
Status: ???
Ei triveleg rolle som me hadde det mykje moro saman med. Spelaren fann seg etter kvart andre ting å gjere, synst eg å hugse. Møtt i Frandorborg; ukjend opphaldsstad.
Iliya
Rase: menneskje, ♀
Klasse: prest (Store Bjørn)
Spelar: Y
Status: sprell levande, men hardt skada
Kjempespanande rolle som for tida ikkje er i spel, men som blei send ut av guden sin for å gjere bot for å ha spurt om og blitt tilgjeve fleire signingar enn kva rett var. Har med seg mitraljøseslangen Jårikk og nattspeidaren (flaggermus) Brusk Veng.
Sirikit Kattefot
Rase: halvling, ♀?
Klasse: tjuv
Spelar: EJ
Status: levande
Jobbar som kokkelærling på Jomfrua og begeret. Godt likt, godt teken vare på. Fekk ei verdig utskriving frå eventyra.
Rokkva
Rase: dverg, ♀
Klasse: krigar
Spelar: R♀
Status: levande
Nok ei spanande rolle, denne den første (meinar eg) spela av Ragnhild, og for eit møte det blei med oss. Badeball! Kven kan vel gleme ho? No er ho tilsett i garden i Frandorborg, ein fin måte å avslutte rolla på då R. flytta til Finnmark.
Xarlion
Rase: alv, ♂
Klasse: sjarmør?
Spelar: I
Status: daud
Svært vakker, Randell sin elskar, drept av bjørn nordaust for Frandorborg.
Unaldur
Rase: alv, ♂
Klasse: hugsar ikkje
Spelar: DC
Status: truleg levande
Den siste rolla eg hugsar med denne spelaren. Eg hugsar ikkje kva det var med rolla, men eg synest å hugse at Unaldur ikkje var særleg godt likt. Sist sett i Tristor.
Sogrer
Rase: menneskje, ♂
Klasse: krigar?
Spelar: K♂
Status: hugsar ikkje
Brandobar, tidlegare slave, teken opp i Nattskuggane. Ei minneverdig rolle frå ein spelar som dessverre ikkje var med og spela med oss so lengje som med alle skulle ønskje, då vedkomande flytta. Eg heidra rolla med eit dikt i Hackmaster: Dikt til Sogrer.
Ragnar Fjellgraver
Rase: dverg, ♂
Klasse: krigar
Spelar: EJ
Status: daud
Glad i alvisk tobakk, usedvanleg stygg, drept av vakthundane til Darina Alwerdas grunna hjerne som gjekk inn i teitmodus. Kva var det eigenleg som drepte denne hyggjelege karen? Dessverre har no denne spelaren ein tendens til at rollene døyr; det gjer det ikkje mindre artig å spele med vedkomande. Dette var nok diverre ikkje ei rolle som alt for mykje var investert i, vil eg tru, for me kjende alle på ekte sorg over at Kraugunn var daud.
prinsesse Gunnilla Hoppsekk
Rase: halvling, ♀
Klasse: lågare enn ho sjølv trudde
Spelar: EJ
Status: daud, veldig, veldig daud
Dette var ho som trudde ho var kongeleg, men som gjorde alt so galt som kunne vere. Henretta ved ordre frå prefekt Ganitek med å bli spent over ei grav med bambusskot.
anonym dverg
Rase: dverg, ♂
Klasse: anar ikkje
Spelar: DC
Status: daud
Snikmyrda på høyloftet med Daralis
Gerhard
Rase: menneskje, ♂
Klasse: krigar
Spelar: I
Status: daud, og nokso flat
På tur opp mot vakttårnet nordvestom Frandorborg blei dei angripne av ei kjempeørn. Gerhard den stumme blei mat, og blei nokso flat. Fritt fall frå stor høgd gjer gjerne slikt med folk.
Kraugunn Stålneve
Rase: dverg, ♀
Klasse: krigar, seinare prestinne av Vergen
Spelar: EJ
Status: daud (21. i Hungeren 563)
Daud, moglegvis grunna Randell sitt svik i striden – kverka av orkane i den forlatte sølvgruva i Frandorborg. Tala seinare med klanen sin frå det hinsidige om kva som hadde skjedd, som skal ha vore noko av årsaka til Randell sin «dom».
Sphinkel
Rase: fe, ♂
Klasse: magikartjuv
Spelar: EJ
Status: daud
Drept av vettar. Drept i bakhald, av di Mia forlét gruppa og lot fiendane falle dei i ryggen. Ja, «vette» er eit inkjekjønnsord i norsk grammatikk, men i spelverda vår er dei kjønna, so difor hankjønn eller hokjønn (vanlegvis det fyrste) etter kva som passar situasjonen.
Janis
Rase: halvork, ♂
Klasse: krigar
Spelar: I
Status: daud
Drept av vettar på same vis som Sphinkel. Hallooooo  (Sagt med stemmen langt baki halsen – han var kvass som ei grautsleiv.)
Mia
Rase: alv, ♀
Klasse: prestinne av Jegerinna
Spelar: D
Status: forbanna, kanskje i live
Etter å ha forlate dei i bakhald, deretter å ha drept ei ulvinne, so å ha prøvd å drepe forsvarslause ulveungar, og so til slutt å ha prøvd å fôre Avni til ulveungane, blei ho forbanna av Iliya og forvist frå gruppa: inntil ho gjer rett for dei ho har gjort gale, skal alt ho tar i gå til grunne. Ho meinar ho er gravid med Avni.
Avni
Rase: fe, ♂
Klasse: magikar
Spelar: I
Status: daud, eller er han dét?
Drept av vettar på same vis som Sphinkel: Flaug for langt framom gruppa, so han fekk ein bolt i knollen. Blei teken med ut av gruva av dei andre, men kreperte. Sjå vidare på Mia.
Winnifred
Rase: gnomtitan, ♀
Klasse: krigartjuv
Spelar: EJ?
Status: ukjend
Møtt i Liketarhula i Frandorborg; veit ikkje meir.
Skallagrimm Malmstein
Rase: dverg, ♂
Klasse: krigar
Spelar: EJ? I? R♂?
Status: ukjend
Raudt hår og hanekam.
Melli
Rase: menneskje, ♀
Klasse: krigar
Spelar: M
Status: ukjend
Utruleg, herlig kåt. Liketarhuledeltakar. Nærsynd som ei flaggermus.
Heraran
Rase: alv, ♂
Klasse: tjuv
Spelar: H
Status: daud
Drept av å ramle ned ei steintrapp, etter å fyrst ha blitt skoten av fella som vettane hadde førebudd i hula som dei trampa inn i att.
Nasalf
Rase: alv, ♂
Klasse: trollmann
Spelar: KE
Status: lever
Håplaust naiv, eventyrlysten trollmann som trudde alt godt om alt og alle.

Oppfølging

Det hadde vore fint å halde fram med å oppdatere denne lista. Eg tek gjerne imot fleire til lista frå de, spelarane mine. Illustrasjonar hadde og vore fint, men eg har ikkje nokon å take av so langt. Kanskje det kan vere fint til seinare oppdateringar?

Etter ein lang og herleg rollespelprat med Yngvild (kvelden 23. juli 2023), fekk me konsultert kartoteket hennar, og tilføydd mange nye namn på lista med masse ny informasjon om både dei og dei tidlegare.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

Jeg har nå valgt å ta sjansen på å la alle som ønsker skrive en kommentar. For å forhindre uønskede robotkommentarer, har jeg valgt å slå på kommentarmoderering.

Ta hensyn, og les over det du har skrevet før du sender det.