fredag 17. oktober 2025

Korleis går ein inn i bøygd klårstilling i Won-hyo teul (rørsle 6–7 og 24–25)

Won-hyo teul (원효 틀) er det fjerde mønsteret i ITF-pensumet, og ein lærer det når ein har tatt 6. geup (급) grønt belte. Rørsleserien 1–3 (som er lik 4–6, 13–15 og 16–18) og overgangen mellom 6–7 og 24–25 er nok punkta der me har sett størst forandring sidan GTF-dagane. Skal ein ha strake kne eller full nedoppned-rørsle? Eg kan no gjeve svar på alt dette, etter å ha konsultert med instruktøren min, sabeomnim Sturle Halleraker Ⅵ dan. Lat meg fyrst gjeve ein gjennomgang av rørslene:

Revidering 18.10.2025: 바로 brei gjort om frå paro til baro i revidert romanisering. Merk at uttalen uansett er ein ustemd bilabial stopp: /p/.

Rørslene i Won-hyo teul
Hangeul Standard romanisering ITF-romanisering Norsk Rørsle1/retning
1 Viss ikkje normal rørsle
* Ikkje førebels stadfesta koreansk form
0 모아 준비 서기 moa junbi seogi A moa junbi sogi A tett klårstilling A —/D
1 니은자 서 쌍 팔먹 막기 nieunja seo ssang palmeok makgi niunja so sang palmok makgi L-stilling tvilling underarmsblokk B/B
2 니은자 서 손칼 높은데 안으로 때리기 nieunja seo sonkal nopeunde aneuro ttaerigi niunja so sonkal nopunde anuro taerigi L-stilling høgt innoverslag med knivhand —/B
3 고장 서 바로 가운데 지르기 gojang seo baro gaunde jireugi gojung so baro kaunde jirugi fiksert stilling middels rett punch B/B
4 니은자 서 쌍 팔먹 막기 nieunja seo ssang palmeok makgi niunja so sang palmok makgi L-stilling tvilling underarmsblokk A/A
venstre fot inntil høgre, skift til høgre
5 니은자 서 손칼 높은데 안으로 때리기 nieunja seo sonkal nopeunde aneuro ttaerigi niunja so sonkal nopunde anuro taerigi L-stilling høgt innoverslag med knivhand —/A
6 고장 서 바로 가운데 지르기 gojang seo baro gaunde jireugi gojung so baro kaunde jirugi fiksert stilling middels rett punch A/A
7 구부려 준비 서기 A guburyeo junbi seogi A guburyo junbi sogi A bøygd klårstilling A D/D
høgre fot inntil venstre, vektskifte til høgre fot
8 가운데 옆 차 지르기 gaunde yeop cha jireugi kaunde yop cha jirugi middels sidespark —/D
9 니은자 서 손칼 가운데 대비* 막기 nieunja seo sonkal gaunde daebi makgi niunja so sonkal kaunde daebi makgi L-stilling middels garderingsblokk med knivhand D/D
10 니은자 서 손칼 가운데 대비* 막기 nieunja seo sonkal gaunde daebi makgi niunja so sonkal kaunde daebi makgi L-stilling middels garderingsblokk med knivhand D/D
11 니은자 서 손칼 가운데 대비* 막기 nieunja seo sonkal gaunde daebi makgi niunja so sonkal kaunde daebi makgi L-stilling middels garderingsblokk med knivhand D/D
12 걷는 서 선 손끝 가운데 *돌기 geonneun seo seon sonkkeut gaunde dolgi gunnun so sun sonkut kaunde tulgi gåstilling middels strakt støt med spydhånd D/D
13 니은자 서 쌍 팔먹 막기 nieunja seo ssang palmeok makgi niunja so sang palmok makgi L-stilling tvilling underarmsblokk E/E
vend mot klokka med venstre fot mot E
14 니은자 서 손칼 높은데 안으로 때리기 nieunja seo sonkal nopeunde aneuro ttaerigi niunja so sonkal nopunde anuro taerigi L-stilling høgt innoverslag med knivhand —/E
15 고장 서 바로 가운데 지르기 gojang seo baro gaunde jireugi gojung so baro kaunde jirugi fiksert stilling middels rett punch E/E
16 니은자 서 쌍 팔먹 막기 nieunja seo ssang palmeok makgi niunja so sang palmok makgi L-stilling tvilling underarmsblokk F/F
venstre fot inntil høgre, skift til høgre
17 니은자 서 손칼 높은데 안으로 때리기 nieunja seo sonkal nopeunde aneuro ttaerigi niunja so sonkal nopunde anuro taerigi L-stilling høgt innoverslag med knivhand —/F
18 고장 서 바로 가운데 지르기 gojang seo baro gaunde jireugi gojung so baro kaunde jirugi fiksert stilling middels rett punch F/F
19 걷는 서 안 팔목 가운데 돌려며 막기 geonneun seo an palmok gaunde dollyeomyeo makgi gunnun so an palmok kaunde dollyomyomakgi gåstilling middels sirkelblokk med innsida av underarma C/CF
høgre fot inntil venstre, vektskifte til venstre gåstilling
20 낮은데 앞 차 부시기 najeunde ap cha busigi najunde ap cha busigi lågt front snapspark —/C
spark med høgre fot, hald teknikken frå førre rørsle
21 걷는 서 반대 가운데 지르기 geonneun seo bandae gaunde jireugi gunnun so bandae kaunde jirugi gåstilling middels omvendt punch C/C
gå ned i stilling frå sparket og slå punchet
22 걷는 서 안 팔목 가운데 돌려며 막기 geonneun seo an palmok gaunde dollyeomyeo makgi gunnun so an palmok kaunde dollyomyomakgi gåstilling middels sirkelblokk med innsida av underarma C/CE
på staden
23 낮은데 앞 차 부시기 najeunde ap cha busigi najunde ap cha busigi lågt front snapspark —/C
spark med høgre fot, hald teknikken frå førre rørsle
24 걷는 서 반대 가운데 지르기 geonneun seo bandae gaunde jireugi gunnun so bandae kaunde jirugi gåstilling middels omvendt punch C/C
gå ned i stilling frå sparket og slå punchet
25 구부려 준비 서기 A guburyeo junbi seogi A guburyo junbi sogi A bøygd klårstilling A C/C
høgre fot fram
26 가운데 옆 차 지르기 gaunde yeop cha jireugi kaunde yop cha jirugi middels sidespark —/C
27 니은자 서 팔목 가운데 대비* 막기 nieunja seo palmok gaunde daebi makgi niunja so palmok kaunde daebi makgi L-stilling middels garderingsblokk med underarm B/B
sett høgre fot på CD (ca. ei skulderbreidd sidefront) og vend med venstre fot mot B
28 니은자 서 팔목 가운데 대비* 막기 nieunja seo palmok gaunde daebi makgi niunja so palmok kaunde daebi makgi L-stilling middels garderingsblokk med underarm A/A
venstre fot inntil høgre, høgre fot mot A
그만
모아 준비 서기
geuman
moa junbi seogi A
goman
moa junbi sogi A
stopp
tett klårstilling A
—/D
høgre fot inn til klårstillinga
원효대사 영정
원효대사 영정: portrett (yeong-jeong) av buddhistlæremeister (dae-sa) Won-hyo, frå Wikimedia Commons.

Riktig rørsle til den fyrste bøygde klårstillinga

For å forflytte deg riktig frå rørsle 6 til 7, tenk på korleis ein gjer det i Hwa-rang teul før ein sklir ut i punch: Ein gjer ned–opp– etter oppoverpunchet og sklir ut i fiksert stilling middels rett punch på den siste nedrørsla. Det same prinsippet gjeld her:

  1. Etter rørsle 6, gjer ein naturleg ned–opp i det foten trekkjast inn; tenk avslapping.
  2. Med høgre fot inntil venstre:
    1. på ned-rørsla, skift vekta til høgre fot;
    2. på opp-rørsla, hev kroppen, framleis med venstre fot nede;
    3. og på ned-rørsla, senk kroppen medan venstre fot løftast opp til bøygd klårstilling A.

Riktig rørsle til den andre bøygde klårstillinga

Mot slutten av mønsteret, frå det omvendte punchet i rørsle 24 til den bøygde klårstillinga i rørsle 25, må ein gjere ei vanleg nedoppnedrørsle, slik:

  1. Frå rørsle 24, gjer ei vanleg nedrørsle som fyrste del av sinusbølgja. Samle hendene framom deg og trekk høgre fot inntil.
  2. På opprørsla før hendene bakover som klårgjering til garderingsblokk medan du roterer venstrefoten ferdig og snur bekkenet tilsvarande; lat høgre fot vere inntil venstre fot.
  3. På den siste nedrørsla, sett an garderingsblokka medan høgre fot trekkjast opp i ei bøygd klårstilling A mot C.

Konklusjon

Denne måten å gjere det på var nytt for meg, og det må øvast på so det ikkje blir ei ekstra rørsle ut av det. Det gjev meining når ein ser det gjort, for det handlar om å slappe av i kroppen. Siste bøygde klårstillinga er det ikkje noko nytt med, men det fyrste var annleis, so den må eg få øvd på no mot NM.

Til sist: Det er lengje sidan sist eg har skrive no; det var godt å skrive att.

fredag 11. juli 2025

Hvor kan du strømme film lovlig og gratis? & Kjersti og jeg har tyveårsbryllupsdag

Jeg kjenner allerede til Filmoteket, som har et knallgodt utvalg av smale og litt breiere filmer, men ikke så mye av hollywoodmastodontene. Jeg har sett noe film der, men ikke mye. Men jeg anbefaler å bruke tjenesten, for du kan se (om jeg husker riktig) seks filmer i måneden gratis, og du kan filtrere på mange vis. Her finner du perler fra over et århundre med filmproduksjon, så hopp i det og finn ut hva du ikke visste at du hadde lyst til å oppdage. Men hva om man ønsker å se moderne hollywoodfilmer? Da er nok det beste alternativet (for gratis og lovlig strømming) Cineast. Man registrerer konto med Nasjonalt lånekort, og det er fort og greit å komme i gang. Det eneste aberet er at ikke alle bibliotek er tilknytta tjenesten. For min del, kunne jeg heldigvis velge Tromsø bibliotek og byarkiv, siden kortet mitt var utlånt der. Dermed ble det endelig TMNT på oss!

Logo Cineast
Logoen til Cineast.

Jeg fikk fryktelig lyst til å se klassikeren Teenage Mutant Ninja Turtles fra 1990 nå denne uka. Kjersti og jeg feira porselenbryllupsdagen vår – tenk at vi har vært gift i tyve år nå! – men siden hun var blitt slått ut av «tantebarnpest» som slo til for fullt etter at vi kom hjem fra Spania, tok vi det heller med ro hjemme på dagen vår.

Bilde fra Costa Hispania Cafe Restaurante
Bilde av meg (sammen med blant annet mamma, pappa og Ingrid-Elin) på Costa Hispania Cafe Restaurante en av de første dagene vi var der. Vist med tillatelse. Foto Kjersti Gjerde Krogsæter. © 2025 Tor-Ivar Krogsæter.
Vi koste oss med å se ferdig Once Upon a Time in Hollywood, spise bayonneskinkemiddag, kose oss med snop og brus (og diverse sykemedisin på Kjersti), spille MarioCart 8 og til slutt se filmen som nevnt over sammen. Det blei en fin kveld sammen. Vi bestemte oss for å feire de dagene som er igjen av ferien, så i kveld skal vi nok spille Arkham Horror (v. 3). Når Kjersti er frisk igjen, skal vi dra på kino (som vi opprinnelig planla) og se den nye Formel 1-filmen, for den har vi gleda oss til lenge.

søndag 13. april 2025

Ny D&D-kampanje med Kjersti og Yngvild

I dag foreslo Yngvild at vi har en kampanje på si som vi kan spille når bare vi tre føler for det, litt sånn som da det var Kjersti, Charlotte og jeg; jeg fikk da lyst til å ha en D&D-kampanje igjen, for det er lenge siden sist, så i dag har vi kosa oss med det – mellom Formel 1-løpet i Bahrain og store mengder grillribber.

Lydspor: Spider Gawd.

Terninger til rollespill. Foto: Tor-Ivar Krogsæter
Terninger til rollespill. Foto og redigering av Tor-Ivar Krogsæter. CC BY-SA.

Hvorfor D&D da? Jeg har savna det. Det var det første rollespillet vi prøvde, den gang da som ferskt kjærestepar med Raymond som DM (Dungeon Master), og vi ble nok begge bitt av basillen med én gang. Det er noe med det, for jeg merker at bare å snakke om det gir meg følelsen av å snakke om en gammel venn; jeg kjenner systemet så godt og det var en så stor del av livet mitt, at det kjennes godt å ta det inn igjen. Jeg hadde jo en enkling for et par år siden (via FGU) med Ragnhild, Yngvild, Erik-Johan (?) og Kjersti, og det var veldig artig. Faktisk var det den første returen min til Fellstad siden vi avslutta kampanjen med Charlotte, og den første siden den berykta spillkvelden i Tromsø da én av spillerne tok rollas ondskap ett knepp for langt.

Så nå skal vi tilbake dit igjen. De to har laga seg et par hobbiter hver. (Ettersom hobbit var et beskytta navn tilhørende Tolkien-huset, truet de TSR med søksmål i de tidlige dagene; som følge av dette tok de i stedet i bruk det generiske navnet halfling – halvling – for dem. Men jeg er Tolkien-fan, og hobbiten ble skapt av ham, så i verden min kalles de spesifikt for hobbiter, ikke halvlinger, for det regnes som et skjellsord.) Kjersti spiller druide og Yngvild barbar, og de kommer til å bli så søte sammen at!

Nå ligger Cæsar på fanget mitt og maler, jeg begynner å bli trøtt og skal stå opp for å dra på jobb, så nå må jeg gå til sengs snart.

søndag 6. april 2025

Hurtigtastar i Fantasy Grounds Unity

Eg har skrive lite i det siste på bloggen min, mykje av di eg har hatt lite tid til meg sjølv. No i dag, etter å ha sett Formel 1-laupet i Japan, har me kosetid saman og eg sit med Fantasy Grounds og klargjer til neste speling. Det blir berre betre og betre å bruke, og eg har oppdaga fleire hurtigtastar som gjer arbeidet mykje lettare enn å styre alt med musa, so eg tenkte det kunne vere nyttig for meg (og kanskje andre) å ha ein enkel plass å oppsøkje for å finne hurtigtastane ein kan nytte i Fantasy Grounds, litt slik som eg har ein oversikt over nyttige teikn med hurtigtastar.

Oversikt over hurtigtastene til tekstinntasting i Fantasy Grounds Unity
Oversikt over noen av hurtigtastene til tekstinntasting i Fantasy Grounds Unity.
Hurtigtaster i Fantasy Grounds Unity
Sist oppdatert 6.4.2025.
Tekstinntasting
Brødtekst Ctrl + 1
Overskrift Ctrl + 2
Tale/opplesing Ctrl + 3
Kulepunkt Ctrl + 4
Lenkjeholdar Ctrl + 5
Tabell Ctrl + 6
Ny tabellcelle Ctrl + 

Som ein liten kommentar til slutt: Det er utruleg kor mykje enklare det er å bruke FGU når ein har eit regelsett som faktisk verkar. Eg gler meg til den dagen HackMaster blir inkludert offisielt og kan verke slik som til dømes D&D gjer, for det er utruleg kor stor forskjell det er.

fredag 21. februar 2025

Korleis setje inn tidsstempel i Google Sheets med norsk tastatur

Det er lengje sidan sist no, og rett på sak: Kva tastar må du trykke på eit norsk tastatur for å setje inn tidsstempel i Google Sheets?

Ja, det er lengje sidan sist. Det er ikkje det at ikkje har hatt skrivetrong; det er det at eg har hatt so lite fritid. Eg står opp kvart på seks, tek bussen klokka tre på halv sju, er på jobb frå omkring ti på åtte til fem på fire, tek bussen heim att og er her klokka halv seks, og so er det berre ein tre timars tid til eg bør leggje meg att. Og sidan eg er lærar, so må eg planleggje, og diverre går det med nokre timar utanom arbeidstid til det. So eg har mykje å fortelje om, men har berre ikkje hatt tid.

Om du leitar på nettet, finn du at det er tre snarvegar for å leggje inn tidsstempel i Google Sheets: Ctrl + ; for å leggje inn datoen, Ctrl + Skift + ; for å leggje inn tida og Ctrl + Alt + Skift + ; for å leggje inn tida og klokkeslettet. Men dette verkar ikkje på ikkje-engelske tastatur.

For å leggje inn det same på eit norsk tastatur, tast følgjande:

  1. For dato: Ctrl + ¨^~-tasten
  2. For tid: Ctrl + Skift + ¨^~-tasten
  3. For dato og tid: Ctrl + Alt + Skift + ¨^~-tasten

Og med det får du dei tre alternativa som du ser i biletet.

Bilete av dei tre innsette tidskodane med hjelp av tastatursnarvegar i Google Sheets
Dei tre tidsstempla 1–3 i Google Sheets, her synt med Alegreya Sans.