No, etter mykje strev, har eg endeleg fått levert utkastet mitt til utstillingsmelding av The Empire’s Physician : Prosperity, Plague, and Healing in Ancient Rome til rettleiarane mine. Eg sende også ein e-post til Jugaad-prosjektkontakten min, for å gjere dei klare over at eg har teksten klar. Utstillinga er interessant, ho, det må eg seie, skjønt eg er òg klar i kva eg kritiserer. Det er mykje dei kunne ha gjort for å faktisk gjere det til ei moderne, interaktiv nettutstilling; mest av alt er det no berre ei nettbok, og med 1440p blir det mykje svart på kvitt.
Med alt som har skjedd i det siste, er det ikkje rart at eg er sliten ut. Plana mi for den neste halve veka er å gjere noko eg ikkje har gjort på lang tid: Ha ei helg uten skyldnadar, ingen e-postar, spele spel, og kanskje dra ut på ein lang tur? I alle høve: Eg treng å slappe av, og det skal eg gjere no; det har eg fortent.
Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar
Jeg har nå valgt å ta sjansen på å la alle som ønsker få kommentere. For å forhindre uønskede robotkommentarer, har jeg valgt å slå på kommentarmoderering.
Ta hensyn og les over det du har skrevet før du sender det; et lite øyeblikk ekstra kan ofte gjøre verden et lite knepp bedre.