søndag 23. mai 2021

Vaksine!

Bilete av vegen opp til vaksinasjonssenteret eg høyrde heime under i Glasgow

No på fredagen som var, var det endeleg min tur. Eg måtte reise rimeleg langt for å få tatt vaksina mi – halvannan time med buss – men då eg først kom meg fram, var de fort gjort. Dei som tok imot oss, var veldig hyggjelege, og ein blei rettleia heile vegen gjennom. Pamfletten med «Les dette før du tar AstraZeneca»-vaksina fekk eg riktignok etter at ho var sett, men dei hadde vel i grunn spurt meg ut om det meste som var viktig i ho på førehand. Eg kom heim att på kveldinga, og så byrja eg å bli litt småsjuk.

Viss du får AstraZeneca-vaksina, kan du vere førebudd på at det er heilt vanleg å bli øm i arma der ein fekk ho. I tillegg er det vanleg å bli litt kvalm, sår i halsen osb., eller som det blei for meg: å få ein kortvarig, mild, influensaliknande tilstand. Eg hadde høg feber, skalv som eit ospelauv, svetta og var heit, medan eg frøys valdsamt; fekk hovudpine, og låkt i dei fleste musklane; og dessutan diaré. Eg blei tom for energi og hadde null overskudd heile helga; og no på sundagen det same, mykje det same (men betre i magen), feber, veldig sliten og ikkje mykje tess. Om du kan, vil eg anbefale deg å ta ho på ei tid der du anten kan melde deg sjuk ein dag eller to etter (viss du skulle trengje det), eller i helga. Det siste er no vel eigentleg ikkje eit so godt alternativ, for poenget med helga er jo at ein skal bli utkvilt før ein tek til på ei ny arbeidsveke, so da er ein ikkje mykje tess når måndagen kjem.

I alle høve, no er første skot sett, og om tre til tolv veker får eg det andre. I motsetnad til i England, får eg ikkje noko kort som prov på at eg har teke ho, men eg vonar no at dei alle fall har eit sentralt register der det står ført opp. Eit vaksineregister som me har i Noreg, trur eg er å håpe på vél mykje.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

Jeg har nå valgt å ta sjansen på å la alle som ønsker skrive en kommentar. For å forhindre uønskede robotkommentarer, har jeg valgt å slå på kommentarmoderering.

Ta hensyn, og les over det du har skrevet før du sender det.