Viser innlegg med etiketten Glasgow. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Glasgow. Vis alle innlegg

torsdag 24. mars 2022

Vår i Glasgow: Nøtteliten

Som eg skreiv for eit par dagar sidan: Det vårast i Glasgow. På tur til universitetet i går, gjennom Kelvingrove Park, møtte eg på denne lille krabaten.

Ekorn som kom og hilste på meg helt oppe med handa mi (Kelvingrove Park)
Ekorn i Kelvingrove Park. Klikk på biletet for å sjå ein kort tisekunders filmsnutt. Ustø filmfotograf: Tor-Ivar Krogsæter.

Når ein kan starte dagen slik, blir han fort lys og fin.

torsdag 17. mars 2022

Vårblomstring i Glasgow

På denne tida av året begynner Glasgow å våkne til live. Når jeg har bussen til campus, har jeg vanligvis turen til Sauchiehall Street eller busstoppet rett før. Det er litt lengre å gå fra busstoppet før, men turen gjennom parken gjør det vel verdt det. Ja, hjemmekontor er vel og bra, men det slår ikke synet av kirsebærtrær som nærmer seg full blomstring.

tirsdag 18. mai 2021

Sliten, tom, utbrukt

Portrett av Galen, 1700-talet, The Lancet ved  gravør Georg Paul Busch
Portrett av Galen, 1700-talet, The Lancet ved gravør Georg Paul Busch. Frå Wikimedia Commons.

No, etter mykje strev, har eg endeleg fått levert utkastet mitt til utstillingsmelding av  The Empire’s Physician : Prosperity, Plague, and Healing in Ancient Rome til rettleiarane mine. Eg sende også ein e-post til Jugaad-prosjektkontakten min, for å gjere dei klare over at eg har teksten klar. Utstillinga er interessant, ho, det må eg seie, skjønt eg er òg klar i kva eg kritiserer. Det er mykje dei kunne ha gjort for å faktisk gjere det til ei moderne, interaktiv nettutstilling; mest av alt er det no berre ei nettbok, og med 1440p blir det mykje svart på kvitt.

Med alt som har skjedd i det siste, er det ikkje rart at eg er sliten ut. Plana mi for den neste halve veka er å gjere noko eg ikkje har gjort på lang tid: Ha ei helg uten skyldnadar, ingen e-postar, spele spel, og kanskje dra ut på ein lang tur? I alle høve: Eg treng å slappe av, og det skal eg gjere no; det har eg fortent.

søndag 9. mai 2021

And med andrikharem

Andemor med åtte ender på jorde i Cowglen-området. Foto Tor-Ivar Krogsæter 2021.
Andemor med åtte ender på jorde i Cowglen-området. Foto Tor-Ivar Krogsæter 2021.
Jepp, Glasgow er plaga med mye, mye søppel.

I går, da jeg var på tur tilbake fra butikken, så jeg en flokk ender samla på et jordstykke i nærheten av der vi bor. Jeg tok en nærmere kikk, og blei overraska over å se åtte andriker samla med ei andemor. Det så ut til at denne anda hadde det som plommen i egget, med et helt harem av andriker til å konkurrere om oppmerksomheta hennes. Sevja stiger!