søndag 26. november 2023

Notā bene

Ligatur notā bene (nota bene) av Tor-Ivar Krogsæter, i EB Garamond
Lisens: CC BY-NC-SA 4.0. Av Tor-Ivar Krogsæter 2022.

Det hender seg at ein nyttar litt latin i norsk. Når ting går til Helheim, men ein ikkje vil banne, kan ein kanskje seie at det gjekk ad undās: Det gjekk åt bølgjene. Når ein har skrive noko feil i avisen og vil gjere lesarane merksame på det, kan ein kanskje skyte inn eit dementi, som me har frå fransk démenti, av démentir, av dé‑, jamfør norsk u‑, og mentir, å ljuge; eit dementi er altså ei avljuging. (Opphavet er sjølvsagt latin – mentior (4, dep.) å ljuge, som går tilbake til mēns, mentis, å hugse som fikk ei vidare tyding av å tenkje seg om, å få andre tankar i sinne. Og me har sjølvsagt ein haug med andre uttrykk med, godt dekte av Vibeke Roggens Jo visst kan du gresk og latin! (ISBN 978-82-530-3561-1).

Når eg skriv tilbakemeldingar til elevane mine hender det seg at eg treng å leggje inn ein merknad som eg vil framheve ekstra. Då kan det vere fint å ha ein ligatur, slik ein gjerne nyttar &Numero; til å vise nummeret noko er eller & til å syne og (av latin et. Slik ser det ut i teksten min:

Døme på NB-ligatur brukt i tekst. Tor-Ivar Krogsæter
Eg ser først no at han er ei lita aning høg.
Teksten er 12′/17,16′ og ligaturen her sett til 0,8 pica, altså 9,6′ høgd; eg fann at å setje han til eksakt 23 av skrifthøgda blei bra.

Og om du sjølv vil nytte han, er det berre å klikke på NB-ligaturen øvst til høgre, so kan du laste han ned i PNG-format.

Om latinen

Eg kan jo ikkje berre la latinen stå slik utan å forklare han, kan eg? Uttrykket er sett saman av to ledd: eit verb, notā, og eit adverb, bene. Det siste er det enklaste. Det kjem av det same opphavet som bonus, det gamallatinske duenos som tyder god. Ein dannar adverb av adjektiv med å take rota og slengje på ein ‑ē, men i tostava, jambiske ord får ein ofte jambeforkorting, slik at siste staving blir ein kort vokal lell; difor bene og ikkje *benē. Den fyrste delen av uttrykket kjem av verbet notō, notāre, notāvī, notātum. Forma ein nyttar er presens aktiv imperativ andre person eintal, so det tyder altså skriv! eller merk! Heile tydinga av uttrykket er altså skriv godt! eller merk godt!

Og der har du alt du treng: både viten om kva NB tyder, ein fin ligatur du kan nytte (sett i EB Garamond ExtraBold; om nokon vil ha det same i Times New Roman, lat meg vite det i kommentarane) kor du vil, nokre typografiske tips om ligaturar og ikkje minst det kanskje aller viktigste: litt latinsk ballast.

tirsdag 21. november 2023

Movember 2023, romarane og mandigheit

Tor-Ivar Krogsæter halvveis i movember 2023. Foto: Tor-Ivar Krogsæter
Meg halvvegs i movemberfeiringa 2023.

Menns helse er også viktig, men den største fienden vår mot det er kanskje oss sjølve. Kvifor snakkar ikkje menn om helsa si? A gentleman does not talk about his illnesses eller noko slikt, sa ein jo ein gong i tida. Men kvifor ikkje? Dei som har lese meg tidlegare, veit at eg har ein viss interesse for maskulinitet. Kva gjer ein mann til ein mann? For romarane var det nokso klårt kva som kravdest for å vere ein mann: Det var ein dominerande, herskande person, ein som var klår til å gyve laus på den fæle verda som kom til:

[…] det utviklet seg et behov for å adressere en verden som velutdannede menn anså som truende, dysfunksjonell, og på tvers med tradisjonelle verdier. […]  Den grunnleggende tanken som hele den romerske seksuelle rettsoppfattelsen bygget på, tanken om penetrerbarhet, ble […] liggende i bunnen for argumentasjonen, en kjønnslig dikotomi de ikke greide å komme seg unna, og som vi fortsatt sliter med den dag i dag.

Tor-Ivar Krogsæter: Cinaedus: Seksualmoral i seinrepublikken og tidlig keisertid, masteroppgave UiT – Noregs arktiske universitet, hausten 2015, s. 124.

Om me likar det eller ikkje, er me seksuelle vesen; ein må ha den nødvendige mandige ballasten (loc. cit.) for å verke som mann. Augustus synte korleis seksuell kontroll [gav] makt […] siden den som styrer folkets seksualitet, styrer arverekkene, og dermed hvem som til syvende og sist sitter med makta. (Krogsæter 2015: 110, siterande s. 1.) Korleis me forstår oss sjølve som menn er altso heilt essensielt for korleis me oppfattar verda. Kva gjer oss til menn? Eg skal våge meg på å påstå, som eg allereie har gjort, at svært mykje av det me har med oss i sinnet vårt, er kulturelt arvegods frå mange århundre tilbake: renessansen si gjenerobring av antikken og verdiane deira. Mykje har endra seg sidan då, ja, men mykje har me verkeleg halde fast ved òg.

Kva har Movember-kampanjen å gjere med dette? Poenget med å feire movember er å synleggjere at langt fleire menn enn kvinner døyr av sjukdomar som kan lækjast; hjartesjukdom, kreft og depresjon er berre nokre av dei. Pengane dei samlar inn går til saker som er direkte relaterte til mannehelse. Viss du vil støtte arbeidet deira, kan du gjere det her:

Klikk her for å gå til movemberinnsamlingssida mi.

Kva støttar du med dei forskjellige summane?

  • £ 10 støttar støttegrupper for menn som har fått testikkelkreftdiagnosen.
  • £ 25 støttar opplæring til ein mental helse-støttespelar i eit lokalt idrettslag.
  • £ 50 støttar program som Brother Throug Boxing eller program for menn som er einsame.
  • £ 150 støttar forsking for å oppdage prostatakreft tidlegare og dermed auke sjansen for at menn overlever det betre.

Det kan vere at eg får ein knapp eller noko liknande for å ha samla inn pengar, men eg trur fristane for det er over.

Støtt med pengar om du kan og vil. Men gløym ikkje at det viktigaste du kan gjere er å snakke om det. Spør ein mann du bryr deg om om han har sjekka seg i det siste; spør ein du kjenner som er einsam om korleis det går med han; spør ein du synast har endra atferd om noko har endra seg for han. Kanskje det ikkje er noko, kanskje han seier at det ikkje er noko, men det at du spør, kan endre livet hans og hjelpe han å overleve – kanskje utan at han eingong veit det sjølv.

lørdag 18. november 2023

Skada fot tyder ikkje at ein ikkje kan trene

Opphovna oklekul. Foto: Kjersti Gjerde Krogsæter
Ein stor og hoven fot sundag 12. november 2023.

Eg hadde meg eit lite uhell no veka som var og fekk i dag endeleg kome til legen. (Eg må no berre nemne at eg likar veldig godt ordet «lækjar», og veit ikkje heilt kvifor eg ikkje vågar meg på å bruke det i teksten her.) No, langt om lengje, etter ei veke med å humpe rundt utan å få noko hjelp (eg skal ikkje gå inn på her no om kva som skjedde, for det er ikkje so viktig), skal eg få nokon til å sjå på han, so på måndag skal eg til røntgen – der dei mest sannsynlig ikkje finn noko, ettersom det mest truleg er ei seneskade. Men i det minste får eg no vite kva dei finn og kva eg skal gjere då, og so får me sjå om det blir fysioterapi eller ikkje.

Men skada fot er ingen grunn til å ikkje trene, so eg har vore på trening som vanleg denne veka, men sjølvsagt ikkje gjort noko av det resten av klassen har gjort. Eg tenkte det kanskje kunne vere verdt til ettertida (og for å sjølv hugse det – og kanskje vere litt stolt av det) korleis treninga mi i dag var. Eg køyrde tre sett, alle pressande og sitjande på alle fire eller liggjande:

  • 30 front snapspark (압차부시기)
  • 30 svingspark (돌려 차기)
  • 30 gjennomtrengande sidespark (옆차지르기)
  • 20 gjennomtrengande bakspark (뒷차지르기) med 10 oppløft på kvart
  • 30 bukbøy (sokalla situps: 윗몸 일으키기 (sjå Naver)) heilt opp og fram
  • 50 ryggbøy (veit ikkje enda kva dette er på koreansk) med strak kropp
  • 30 diagonalløft (Dº)

Totalen per fot blei dermed 90 front snapspark, 90 svingspark, 90 sidespark, 60 bakspark med 600 oppløft, 90 bukbøy, 150 ryggbøy og 90 diagonalløft – ei solid økt, om eg får seie det sjølv. Og samtlige øvingar var utan å stå på den låke foten! Ei slik økt skulle eg meine ein kan rekne som ei solid treningsøkt, so eg er svært nøgd.

P. S.: Grunnen til at eg gjorde 5:3 på ryggbøy:knebøy, var noko Robert Hammernes ein gong sa i Tromsø: Tre på magen mot fem på ryggen. Grunngjevinga, slik eg hugsar det, var at belastninga på ryggen er lågare med dei øvingane me gjer, og samstundes at ryggen treng meir trening for å vege opp for all treninga magen får.

P. P. S.: Kvifor skrive dette? Vel, dels med bakgrunn i det som står øvst, men òg av di eg tenkjer det kanskje kan vere til nytte for andre som får ein eller annan skade som gjer at dei må take det med ro ei stund. At eitt lem er skada, tyder ikkje at dei tre andre er det. Har du låke føter? Tren armar, rygg og mage. Dårleg skulder? Tren føtene. Låk rygg? Tren hovudet og les teori. Du kan alltids trene noko, so med mindre du er sengjeliggjande og/eller smittsam, kan du mest alltid kome på trening om so er berre for å vere i nærleiken av treningskollegaane dine. Tak vare på deg sjølv med å halde fast på rutina di; det gjer mest alltid godt i det lange laupet. Eg er so heldig i motsetnad til korleis eg kjende det i Tromsø at eg har ein instruktør som tenkjer som meg og som alltid ønskjer meg velkomen i hallen. Han gjev meg kjensla av at det alltid er godt at elevane kjem på trening, uansett korleis dei har det, at ein kan trene det ein kan, for det gjer godt for kropp og sjel.

P. P. P. S.: Dét over føreset sjølvsagt at du har det godt med instruktøren din. Om du slit, snakk med nokon du stolar på og vurdér om skadeavbrotet kanskje kan vere eit betre alternativ ei ri, slik at du får litt tid til å tenkje på saken. Om du ønskjer å snakke med nokon om det, med nokon som har vore gjennom slikt, må du gjerne skrive til meg. Du kan nå meg på the1 + det engelske brukarnamnet mitt, som står i bloggen sin undertittel, via Google sin e-post-teneste. Du kan òg leggje inn ein kommentar her, so klårt.

fredag 17. november 2023

Du veit det nærmar seg jul når …

Bilete av vindusspylervæske teke på Tesco. Foto: Tor-Ivar Krogsæter

… du kan få vindusspylarvæske med pepparkakelukt.

Kva skal ein seie? Ikkje i min bil, det er sikkert. (Ikkje det at eg har bil, men det er ein annan sak.) Har dette dukka opp i Noreg enno? Greit nok at det er kos med ein dram til julekakene, men eg trur ikkje dette er rette måten å kome i julestemning på for meg. Men om det no gjer nokon glade, so ingen skade i det. God ju… God snart advent.

lørdag 11. november 2023

Høringsresultat

I går fikk vi et brev fra Universal Credit med videre oppfølging i et nytt brev som kom i dag. I motsetning til hva vi fryktet kunne skje – at det ble trenert i det uendelige – viste det seg faktisk at de tok til etterretning hva dommeren uttalte: at jeg hadde rett til å arbeide, at hvor firmaet den gang da var registrert hadde ingen betydning, og i praksis at vi hadde hatt rett hele tida.

Brev frå DWP
Brev frå DWP: Department for Work & Pensions.

I korte trekk er det brevet sier, at påstanden deres om at jeg feilet habitual residence-prøven feil; at jeg har rett til å arbeide i Storbritannia med bakgrunn i denne reviderte avgjørelsen; og at jeg, som den gang da selvstendig næringsdrivende med registrering i Norge (noe jeg er overmåte glad for at jeg ikke er lenger), hadde selvstendig næringsdrift som var genuine and effective. Med andre ord mente de at innsatsen jeg gjorde var tilstrekkelig, juridisk legitim og av betydning for å vurdere arbeidsinnsatsen min, at jeg kunne fortsette å arbeide slik jeg gjorde, og dermed at jeg hadde vært kvalifisert til å få hjelp når ting den gang da var som vanskeligst.

Enden på denne visa ble med andre ord for oss noe vi knapt noen gang har opplevd: ei økonomisk vanske som endte opp med å løse seg på en god måte. Har vi kanskje fortjent en opptur nå?

Ettertanke

Nøkkelen til alt dette var to ting: For det første fikk vi enormt med hjelp fra Money Matters. De er en privat organisasjon som, så vidt jeg vet, får penger fra staten til å hjelpe folk med det som i Norge tilsvarer Nav-problemer.

For det andre har man visst rett på gratis rettshjelp her, selv når det ikke er en kriminalsak. Vi hadde aldri greid å legge fram saken slik vi gjorde hvis det ikke var får advokaten som forberedte saken for oss. Det var fascinerende å høre han og dommeren diskutere juss; det gikk fullstendig over hodet på oss, men ut fra utvekslinga var Kjersti og jeg skjønt enige om at han var glimrende.

Norge kunne trengt noe slikt: Både noe uavhengig som hjelper folk med Nav og tilgang på juridisk hjelp når man trenger det. Det er ikke så rent få ting Skottland og Storbritannia gjør rett, selv om det utvilsomt er ting som er helt skakkjørt her òg.

Jeg er nå en gang av den meninga at enhver – det være seg person eller stat eller organisasjon – når noen har ei god løsning på ting, burde man lære av det og gjerne helst innføre det. Det er alltid noen som har funnet ei god løsning på noe, noe som alle, når det kommer til stykket, tjener på. Norge har litt å lære her – men, som sagt, det har jaggu Storbritannia også.

mandag 6. november 2023

Høring

Statua Jūstitiæ
Statua Jūstitiæ
Deval Kulshrestha: CC BY-SA 4.0, fra Wikimedia Commons.

I dag gjorde Kjersti og jeg noe vi ikke har gjort før: Vi var på høring. Det hele startet i fjor vår da livs­situasjonen vår endret seg ganske dramatisk. Vi søkte derfor om hjelp via Stor­britannias svar på NAV: Universal Credit. Prosessen var hyggelig, folk var hjelpsomme, og vi fikk svar på det vi lurte på. Det var dog riktignok en del kjepper i hjulene underveis: Vi kunne ikke scanne og sende dem dokumenta­sjonen de ba om, men måtte heller ta med papirene til dem slik at de kunne scanne dem og gi dem tilbake til oss. Ja, ja … Og så måtte vi selvsagt gjennom det håpløst elendige proof of address-opplegget som brukes her i Stor­britannia, siden de ikke har noe BankID-aktig system i det hele tatt: med andre ord ta med deg to vindus­konvolutter for å bevise at du har registrert adresse der du påstår – som om man ikke kunne ha for­falsket det enkelt. Ja, ja.2 Men når vi nå hadde kommet oss gjennom papir­dokumentasjon­nåløyet – et heftig stress­opplegg for Kjersti med personlig oppmøte i stedet for video­møte, for å vise at hun eksisterte eller noe sånt (Ja, ja.3) – så kunne vi endelig holde oss til digital kommunikasjon og fikk til slutt svaret mens vi var i Norge i juni (mener jeg det var) det året: Søknaden var innvilget.

Men det skulle ikke være så enkelt, viste det seg. To–tre dager etter kom det nemlig kontra­melding: De hevdet at jeg ikke hadde rett til å arbeide i Stor­britannia, til tross for at jeg blant annet hadde jobbet for UofG. Dette endret de seinere til å hevde at jeg ikke var såkalt gainfully selfemployed (til tross for tidligere avgjørelse avlevert meg ansikt til ansikt), og videre at vi ikke hadde bevist retten vår til å oppholde oss der og arbeide, til tross for at de hadde fått statens såkalte share code (en delekode som gir dem tilgang til å se den informasjonen de faktisk trenger, og ikke alt mulig annet de ikke har behov for å vite) for å kunne sjekke dette. Det hele var en farse på høyt nivå. Enden på visa ble at vi fikk null hjelp, kort oppsummert slik:

  1. Siden dere har for lav inntekt, trenger dere hjelp til å klare dere.
  2. Siden dere har for lav inntekt, kvalifiserer dere ikke til å få hjelp.
Logo Universal Credit

Kilde: Wikimedia Commons. Open Government Licence v. 1.0.

Dette pågikk lenge, med mye fram og tilbake, blant annet ved at de tre ganger ikke møtte til telefon­møtet de selv hadde satt opp med oss, og dessuten ved at vi gang på gang gjorde det klart for dem at det var umulig for dem å ha kommet fram til en avgjørelse i saken på en dato som var før vi hadde opprettet første kontakt med dem. Ja, de gjorde faktisk det: De har gjentatt selv i dokumentene, i journalen, og hele veien fram til høringa i dag: De hevder at de hadde tatt av­gjørelsen før vi første gang tok kontakt med dem, til tross for gjentatte henvendelser fra oss da avgjørelsen første gang ble tatt der vi ba dem om å rette opp i dette.

Men så, i dag, etter mye hjelp fra Money Matters og ei aldeles suveren dame der, var det høring om saken, for vi hadde anket avgjørelsen, siden den åpenbart var fattet på feil grunnlag. Vi, dommeren og advokaten som representerte oss (igjen: en advokat tildelt oss av staten – her har man tydeligvis rett på rettshjelp) var til stede, men ingen fra Universal Credit. Etter en angstfylt time for Kjersti og en nervøs time for meg, var høringa ferdig. Dommeren takket og gav beskjed om at vi kom til å bli under­rettet om avgjørelsen innen et par dager, men utrolig nok kom avgjørelsen etter bare et par timer: Vi vant på alle punkt. Dommeren skreiv at etter å ha hørt bevisene lagt fram fra oss og vurdert saks­dokumentene, tilside­satte hun avgjørelsen fra UC og godtok anken vår. Jeg hadde ikke trodd det skulle skje, men det gjorde det.

I etterkant skreiv jeg til advokaten og beklaget at jeg hadde vært elendig å svare for meg (og brukt alt for mye tid på å svare på ting jeg ikke ble spurt om); han mente at jeg ikke skulle rakke ned på meg selv slik – som sagt: en hyggelig mann, en hjelpsom og hyggelig og kunnskaps­rik mann. Videre skreiv jeg at jeg håper denne avgjørelsen kan gjøre det enklere for andre og at det tas til etter­retning av dem som har avgjørelses­myndighet i UC. Vi får nå se om det skjer. I alle fulle fall (her har vi et uttrykk som må undersøkes nærmere, så jeg har spurt Språkrådet) virker det nå klart at avgjørelsen er tatt. Det kan ikke ha vært fryktelig viktig for UC hva som skjedde, tatt i betraktning at de ikke møtte opp (takk og pris for det!), så jeg ser ikke for meg at avgjørelsen skulle bli anket videre (og jeg vet ikke om det er noe som er mulig å gjøre). Advokaten ga uttrykk for at vi kanskje måtte smøre oss med litt tålmodighet for å se hva UC gjør med saken, men òg at hvis det ikke skjer noe innen rimelig tid, får vi puffe dem litt i ryggen. I uansett tilfelle var det en vellykket dag, og det må kunne sies at det var godt å endelig få noe godt økonomisk nytt.