tirsdag 21. november 2023

Movember 2023, romarane og mandigheit

Tor-Ivar Krogsæter halvveis i movember 2023. Foto: Tor-Ivar Krogsæter
Meg halvvegs i movemberfeiringa 2023.

Menns helse er også viktig, men den største fienden vår mot det er kanskje oss sjølve. Kvifor snakkar ikkje menn om helsa si? A gentleman does not talk about his illnesses eller noko slikt, sa ein jo ein gong i tida. Men kvifor ikkje? Dei som har lese meg tidlegare, veit at eg har ein viss interesse for maskulinitet. Kva gjer ein mann til ein mann? For romarane var det nokso klårt kva som kravdest for å vere ein mann: Det var ein dominerande, herskande person, ein som var klår til å gyve laus på den fæle verda som kom til:

[…] det utviklet seg et behov for å adressere en verden som velutdannede menn anså som truende, dysfunksjonell, og på tvers med tradisjonelle verdier. […]  Den grunnleggende tanken som hele den romerske seksuelle rettsoppfattelsen bygget på, tanken om penetrerbarhet, ble […] liggende i bunnen for argumentasjonen, en kjønnslig dikotomi de ikke greide å komme seg unna, og som vi fortsatt sliter med den dag i dag.

Tor-Ivar Krogsæter: Cinaedus: Seksualmoral i seinrepublikken og tidlig keisertid, masteroppgave UiT – Noregs arktiske universitet, hausten 2015, s. 124.

Om me likar det eller ikkje, er me seksuelle vesen; ein må ha den nødvendige mandige ballasten (loc. cit.) for å verke som mann. Augustus synte korleis seksuell kontroll [gav] makt […] siden den som styrer folkets seksualitet, styrer arverekkene, og dermed hvem som til syvende og sist sitter med makta. (Krogsæter 2015: 110, siterande s. 1.) Korleis me forstår oss sjølve som menn er altso heilt essensielt for korleis me oppfattar verda. Kva gjer oss til menn? Eg skal våge meg på å påstå, som eg allereie har gjort, at svært mykje av det me har med oss i sinnet vårt, er kulturelt arvegods frå mange århundre tilbake: renessansen si gjenerobring av antikken og verdiane deira. Mykje har endra seg sidan då, ja, men mykje har me verkeleg halde fast ved òg.

Kva har Movember-kampanjen å gjere med dette? Poenget med å feire movember er å synleggjere at langt fleire menn enn kvinner døyr av sjukdomar som kan lækjast; hjartesjukdom, kreft og depresjon er berre nokre av dei. Pengane dei samlar inn går til saker som er direkte relaterte til mannehelse. Viss du vil støtte arbeidet deira, kan du gjere det her:

Klikk her for å gå til movemberinnsamlingssida mi.

Kva støttar du med dei forskjellige summane?

  • £ 10 støttar støttegrupper for menn som har fått testikkelkreftdiagnosen.
  • £ 25 støttar opplæring til ein mental helse-støttespelar i eit lokalt idrettslag.
  • £ 50 støttar program som Brother Throug Boxing eller program for menn som er einsame.
  • £ 150 støttar forsking for å oppdage prostatakreft tidlegare og dermed auke sjansen for at menn overlever det betre.

Det kan vere at eg får ein knapp eller noko liknande for å ha samla inn pengar, men eg trur fristane for det er over.

Støtt med pengar om du kan og vil. Men gløym ikkje at det viktigaste du kan gjere er å snakke om det. Spør ein mann du bryr deg om om han har sjekka seg i det siste; spør ein du kjenner som er einsam om korleis det går med han; spør ein du synast har endra atferd om noko har endra seg for han. Kanskje det ikkje er noko, kanskje han seier at det ikkje er noko, men det at du spør, kan endre livet hans og hjelpe han å overleve – kanskje utan at han eingong veit det sjølv.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

Jeg har nå valgt å ta sjansen på å la alle som ønsker få kommentere. For å forhindre uønskede robotkommentarer, har jeg valgt å slå på kommentarmoderering.

Ta hensyn og les over det du har skrevet før du sender det; et lite øyeblikk ekstra kan ofte gjøre verden et lite knepp bedre.