søndag 26. november 2023

Notā bene

Ligatur notā bene (nota bene) av Tor-Ivar Krogsæter, i EB Garamond
Lisens: CC BY-NC-SA 4.0. Av Tor-Ivar Krogsæter 2022.

Det hender seg at ein nyttar litt latin i norsk. Når ting går til Helheim, men ein ikkje vil banne, kan ein kanskje seie at det gjekk ad undās: Det gjekk åt bølgjene. Når ein har skrive noko feil i avisen og vil gjere lesarane merksame på det, kan ein kanskje skyte inn eit dementi, som me har frå fransk démenti, av démentir, av dé‑, jamfør norsk u‑, og mentir, å ljuge; eit dementi er altså ei avljuging. (Opphavet er sjølvsagt latin – mentior (4, dep.) å ljuge, som går tilbake til mēns, mentis, å hugse som fikk ei vidare tyding av å tenkje seg om, å få andre tankar i sinne. Og me har sjølvsagt ein haug med andre uttrykk med, godt dekt av Vibeke Roggens Jo visst kan du gresk og latin! (ISBN 978-82-530-3561-1).

Når eg skriv tilbakemeldingar til elevane mine hender det seg at eg treng å leggje inn ein merknad som eg vil framheve ekstra. Då kan det vere fint å ha ein ligatur, slik ein gjerne nyttar &Numero; til å vise nummeret noko er eller & til å syne og (av latin et. Slik ser det ut i teksten min:

Døme på NB-ligatur brukt i tekst. Tor-Ivar Krogsæter
Eg ser først no at han er ei lita aning høg.
Teksten er 12′/17,16′ og ligaturen her sett til 0,8 pica, altså 9,6′ høgd; eg fann at å setje han til eksakt 23 av skrifthøgda blei bra.

Og om du sjølv vil nytte han, er det berre å klikke på NB-ligaturen øvst til høgre, so kan du laste han ned i PNG-format.

Om latinen

Eg kan jo ikkje berre la latinen stå slik utan å forklare han, kan eg? Uttrykket er sett saman av to ledd: eit verb, notā, og eit adverb, bene. Det siste er det enklaste. Det kjem av det same opphavet som bonus, det gamallatinske duenos som tyder god. Ein dannar adverb av adjektiv med å take rota og slengje på ein ‑ē, men i tostava, jambiske ord får ein ofte jambeforkorting, slik at siste staving blir ein kort vokal lell; difor bene og ikkje *benē. Den fyrste delen av uttrykket kjem av verbet notō, notāre, notāvī, notātum. Forma ein nyttar er presens aktiv imperativ andre person eintal, so det tyder altså skriv! eller merk! Heile tydinga av uttrykket er altså skriv godt! eller merk godt!

Og der har du alt du treng: både viten om kva NB tyder, ein fin ligatur du kan nytte (sett i EB Garamond ExtraBold; om nokon vil ha det same i Times New Roman, lat meg vite det i kommentarane) kor du vil, nokre typografiske tips om ligaturar og ikkje minst det kanskje aller viktigste: litt latinsk ballast.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

Jeg har nå valgt å ta sjansen på å la alle som ønsker skrive en kommentar. For å forhindre uønskede robotkommentarer, har jeg valgt å slå på kommentarmoderering.

Ta hensyn, og les over det du har skrevet før du sender det.