fredag 17. november 2023

Du veit det nærmar seg jul når …

Bilete av vindusspylervæske teke på Tesco. Foto: Tor-Ivar Krogsæter

… du kan få vindusspylarvæske med pepparkakelukt.

Kva skal ein seie? Ikkje i min bil, det er sikkert. (Ikkje det at eg har bil, men det er ein annan sak.) Har dette dukka opp i Noreg enno? Greit nok at det er kos med ein dram til julekakene, men eg trur ikkje dette er rette måten å kome i julestemning på for meg. Men om det no gjer nokon glade, so ingen skade i det. God ju… God snart advent.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

Jeg har nå valgt å ta sjansen på å la alle som ønsker skrive en kommentar. For å forhindre uønskede robotkommentarer, har jeg valgt å slå på kommentarmoderering.

Ta hensyn, og les over det du har skrevet før du sender det.