Viser innlegg med etiketten YouTube. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten YouTube. Vis alle innlegg

søndag 18. april 2021

Lingua latīna: Deklinasjon av substantiv i rytmenotasjon
1.–5. deklinasjon

Bilete av glosepuggeark. Foto: Tor-Ivar Krogsæter
God, gamaldags pugging har kan hende gått av moten, men ein kan ikkje kome frå at det er særdeles effektivt når brukt på rett måte.

I lengre tid har eg følgt Luke Ranieris kanal polýMATHY, og særleg Scorpiō Martiānus, som er kanalen til den same, men utelukkande på gamalgresk og latin. Han er, utvilsamt, ein av dei beste talarane av latin i dag, med ein uttale som stadig vert oppdatert når han oppdagar nye nyansar, slik han demonstrerte i ein av videoane sine (Errāvī!). Eg fekk nyleg ein oppfriskar på Dowling-metoden (og no angrar eg på at eg ikkje gjorde det då prof. em. des Bouvrie hinta meg i retning av det) som i praksis består av desse trinna:

  1. Lær dei grunnleggjande grammatiske konsepta.
  2. Brute force memorisation – rå makt-pugging.
  3. Les ei god latinbok, som t.d. Lingua latīna per sē illūstrāta.

Til dette kjem Luke Ranieri, som har mangfoldige nyttige videoar for å hjelpe ein i gong med å lære faktisk kva enn for eit språk ein har mål om å lære seg. Han har lest inn eit heilt korpus av gloser i alle deklinasjonane og konjugasjonane, saman med tilhøyrande rekneark, alt saman tilgjengeleg i ein fin lydbokpakke til berre ti dollar. No er eg musikar, så eg er glad i rytmar (som lesarar av eksamenane mine om gamallatinsk komedie kan stadfeste), så eg sette meg ned og laga deklinasjonane som rytmeøvingar. Om du vil laste dei ned i hendig pdf-format, kan du gjere det frå Google-disken min; lenkje er på botnen av denne posten.

Deklinasjon av latinske substantiv, første deklinasjon, notert som rytmenotasjon av Tor-Ivar Krogsæter Deklinasjon av latinske substantiv, andre deklinasjon, notert som rytmenotasjon av Tor-Ivar Krogsæter
Eg endra II.b takt 2 til å vere 𝄵; eg syntes det flaut betre då.
Deklinasjon av latinske substantiv, tredje deklinasjon, notert som rytmenotasjon av Tor-Ivar Krogsæter Deklinasjon av latinske substantiv, fjerde deklinasjon, notert som rytmenotasjon av Tor-Ivar Krogsæter Deklinasjon av latinske substantiv, femte deklinasjon, notert som rytmenotasjon av Tor-Ivar Krogsæter
Alle bileta og rytmikken er komponert av Tor-Ivar Krogsæter, basert på glosene i Luke Ranieris Ranieri–Dowling Method-kurs.

Korleis kan eg bruke dette?

Viss ein har grunnleggende notelesingskjennskap, kan dette vere eit særleg godt hjelpemiddel. Pulsen i ordet er i alle tilfelle lagt på første staving. Merk også notane som har tenutomarkering (ein strek under noten); dette indikerer at ein skal halde noten fullt ut, som til dømes på ord på -us. Som døme på dette, er -er kortare enn -mus, sjølv om begge er ein mora lang; dette er noko koristar nok kjenn seg att i, sidan ein nesten alltid plasserar særleg ustemde konsonantar (som -s-en i -mus) på byrjinga av neste slag. Sjå på bilete nedom her:

Døme på korleis eit kor vanlegvis plasserar stemmelause konsonantar – dette gjeld særleg stemmelause konsonantar, som s, f, p, t, k. Illustrasjonskomposisjon: Tor-Ivar Krogsæter.

Over er korleis det kunne ha vore skrive av komponisten; under er korleis ein god kordirigent mest sannsynleg hadde instruert koret at dei skulle synge.

I tillegg til dette, kan ein merke seg at dei nasale konsonantane, som i latinsk fonologi nasaliserar forutgåande vokal viss konsonanten er final (og i adledd), her er notert slik stavingene då faktisk opptrer: som lange stavingar. Eit ord som mōnstrum blir til dømes uttalt som [ˈmõːs̠t̪ɾʊ̃ˑ], ikkje [ˈmons̠t̪ɾʊm]. Den siste stavinga er riktignok halvlang, men eg har tekje utgangspunkt i anten ein eller to morae på kvar staving, for å få ein rytmikk som er overkommeleg.

Korleis kan eg laste det ned?

Viss du etter dette ikkje har mista motet, kor bra! Eg har vald å gjere fila tilgjengeleg for alle som ønskjer det via Google Disk-en min. Ei forutsetjing for å bruke ho, er at ho er til privat bruk, at du, viss du vel å dele ho, deler ho slik ho er (særleg då med forsida intakt), og at du – viss du skulle ville bruke ho til anna enn privat samanheng tek kontakt med meg for å avtale kva som er greit og ikkje. Med det avklart, her er ho:
Dēclīnātiōnēs verbōrum nōminālium : Nōminātīvus, vocātīvus, accūsātīvus, genetīvus, datīvus, ablātīvus. Dē Scorpīone Martiānō (quī verbōs sēlēgit) et Tonitrus-Sagittārius Pāstūncus (quī rhythmum composuit).

torsdag 27. februar 2014

«The Physics of Light and Rendering | A Talk by John Carmack»

Introduksjon til lysets fysikk …

… sett fra et programmeringsperspektiv

Jeg hørte gjennom denne forelesninga (hvis det blir rett å kalle det det; det er tross alt fra Quake Con) for et par dager siden. Vi som har fulgt med på Carmack’s arbeid ei stund, vet at han er blant de kvassere knivene i skuffa, for ikke bare har han skapt noen av de mest revolusjonerende spillmotorene i historia,

Jeg tenker da på Commander Keen-, Hover Tank 3D- → Catacomb 3D-, Wolfenstein 3D-, Doom-, Quake-, Quake 2-, Quake Ⅲ: Arena-, Doom 3- og Rage-motoren, de siste av disse kalt id Tech 15
men han driver også profesjonelt med raketteknologi gjennom firmaet Armadillo Aerospace, som blant annet har hatt oppdrag for såvel NASA som ESA.

I denne praten tar han for seg hvordan lysets fysikk påvirker programmering av 3D-verdener, hvordan dette har utviklet seg siden 60-tallet, og hvordan fremtida kommer til å bli. Etter hans mening nærmer vi oss at datamaskiner blir kraftige nok til at ray-tracing kan realiseres til rendring av troverdige 3D-verdener i sanntid, dog det ligger ei stund fram i tid.


Et ecce, dicit blogum vīvere, et vīvit!

lørdag 30. april 2011

Barnevakt blir skremt vettet av

Hysterisk artig spøk, dette. Litt drøy, kanskje, men vanvittig bra likevel.

mandag 18. april 2011

A capella: The Other Guys med «Royal Romance»

Disse gutta er geniale. Arrangementet er glimrende, stemmene deres er imponerende og teksten og musikkvideoen er morsom. Værsågod:

lørdag 28. november 2009

Inside I: “Frozen”

Jeg har nevnt Inside I tidligere, og nå fikk jeg en e-post fra CJ med lenke til ei låt de har lastet opp på YouTube. Frozen er jo en genial låt, må jeg si, og jeg mener bestemt at det var en av de vi fikk høre på øvinga i Tromsø (synes jeg husker riffet i sologitaren). Det var ekstra interessant å få se teksten nå. For enkelhets skyld, har jeg limt den inn under videoen.




I'm sorry I looked at her,
You blamed me for all her faults,
I was the dirt you decided to tread on,
From the shadow I was in, I couldn't get out,
behind my back, actions to hurt
As always I stand alone…


“From deep within my heart,
i can feel it how, it.
Burns it burns, burns it burns
Shiver as I fall, I can feel it, so cold.
I feel, it freeze.”

I'm sorry I laughed at you,
You blamed me for all your wounds,
I am your mirror, I accepted it all.
The rivers I struggled against, I could not escape,
While I was asleep, actions to hurt,
As always I stand alone

“From deep within my heart,
i can feel it how, it.
Burns it burns, burns it burns
Shiver as I fall, I can feel it, so cold.
I feel, it freeze.”

I'll pull the trigger, I'll fucking
pull the trigger,
I knew, I always knew,
This time I won't turn my back,
I'll sink to your level and below.
I'll be the better evil, I'll be the
kingdom come,
don't run, let me break you. [3x]
Dont run, let me
Break! You!


Let me Break you!

“From deep within my heart,
i can feel it how, it.
Burns it burns, burns it burns
Shiver as I fall, I can feel it, so cold.
I feel, it freeze.”

tirsdag 18. november 2008

Olav Mære

En morsom mann ved navn Olav Mære kom en gang på trening hos oss. Han fikk grønt belte, og avsluttet sitt bekjentskap med klubben med et lite smell. Se bare her:

torsdag 10. januar 2008

Jeff Dunham

Å le gjør godt, og denne mannen får i hvert fall meg til å le høyt og mye. Mine favoritter er Sweet Daddy D. og Akhmed the Dead Terrorist.