Eg held framleis på å lese Cicero sine Samtalar på Tusculum (og det er slett ikkje så verst triveleg å lese det), og i avsnitt 1.58 seier han at:
Cumque nihil esset, ut omnibus locīs ā Platōne disseritur – nihil enim putat esse quod oriātur et intereat, idque sōlum esse, quod semper tāle sit, quāle est; ἰδέαν appellat ille, nōs speciem – nōn potuit animus haec in corpore inclūsus agnōscere, cognita attulit: ex quō tam multārum rērum cognitiōnis admīrātiō tollitur. Neque ea plānē videt animus, cum repente in tam īnsolitum tamque perturbātum domicilium immigrāvit, sed, cum sē collēgit atque recreāvit, tum agnōscit illa reminīscendō: ita nihil est aliud¹ discere nisi recordārī.
1 Her tyding jamfør II frå Latinsk ordbok:
ofte = bare.Og sidan inkje er, slik det allstad blir framlagt av Platon: for han meiner at det er inkje som blir til og går til grunne, og at det aleine er som alltid er slik eit slag som det er; han sjølv kallar det ἰδέα, me kallar det tankebilete. Livskrafta kunne ikkje erkjenne dette [medan ho var] innestengd i lekamen; ho bar med seg erkjenningane: Frå dette blir forundringa [vår] om kjennskapen til so mange ting oppheva. Og livskrafta ser ikkje dette beint fram når ho brått har flytta inn til slik ein usedvanleg og slik ein forstyrra opphaldsstad, men, når ho har samla seg og kome seg, då kjenn ho dei att med å hugse [dei]: Dermed er å lære inkje [meir enn] å berre minnast.
Cicero: Samtalar på Tusculum 1.58
Kva er då eigenleg denne idéen, dette tankebiletet? Bakgrunna er Platon sin tanke om kva me eigenleg kan vite, kva me eigenleg kan få viten om. Anfinn Stigen skriv at Idéene er evige mønstre for de ting som kan eksistere i sanseverdenen, og mønstrene eksisterer forut for og uavhengig av om noe blir laget etter dem. Idéverdenen er evig. Idéene er uforanderlige.
(Anfinn Stigen: Tenkningens historie, bind 1, Gyldendal akademisk forlag, 20. opplag 2011, s. 64.) Nøkkelen til kva dette handlar om ligg altså i spørsmålet kva kan me få viten om? Platon ønskjer å finne ut kva viten er, kva me kan få viten om og treng dermed ein metode for å finne ut korleis han kan få svar på desse spørsmåla.
Det er passande at dei to ordbøkene eg brukar til vanleg har so nærliggande forklaringar på kva det greske og latinske uttrykket faktisk tyder. Den gresk–danske ordboka mi (Berg, C.: Græsk–dansk Ordbog til skolebrug, anden forkortede udgave, andre opplag, Gyldendalske boghandel, Nordisk forlag, S. L. Møllers bogtrykkeri, København, 1950) seier at ἰδέα er 3) i philosophisk Btdng., Tankebillede, Ide, Begreb
, medan den latinske ordboka mi (Johanssen, Jan & Nygaard, Marius & Schreiner, Emil: Latinsk ordbok : latin–norsk, fjerde reviderte utgåve av Kraggerud, Egil & Tosterud, Bjørg, J. W. Cappelens Forlag ⅍, Oslo, 1998) omtalar speciēs som 2 d forestilling, begrep; idé, ideal
. Faktisk får me i kommentarane til Loeb-utgåva ei veldig fin oppsummering av problemet Platon prøvde å svare på:
Cicero is summing up the teaching of the Phaedo. Absolute justice, beauty, goodness, etc., are “ἰδέαι,” and knowledge of them cannot be obtained through the senses. These “ideas” are unchanging, are always what they are and do not admit of variation. We acquired knowledge of them before we were born. Objects perceived by the senses are always changing and hardly ever the same. The soul is akin to the invisible and unchanging: the body to the visible and changing. The body drags the soul into the region of the visible and changing, and the soul wanders and is confused. We make the nearest approach to knowledge when we have the least possible connection or fellowship with the body. If the soul had had no life apart from its association with the body, it could not have acquired knowledge of the true realities, the “ideas.”
Note. 3 s. 69 i King, J. E.: Tusculan Disputations with an English translation by J. E. King, Cicero XVIII, LCL 141, Harvard University Press, Cambridge, Massachusetts / London, England, første gong publisert i 1927, revidert i 1945, ISBN 978-0-674-99156-9, DOI.
Det er denne idélæra som er grunnlaget for hulelikninga, som tek for seg to av nivåa i idélæra hans. Kort oppsummert er ho at me har ein tanke om kva eit menneske er, det ideelle menneske; so har me eit omgrep menneske, altså måtane me omtalar oss sjølve på, kva me er, kan vere, vil vere; so har me oss sjølve, slik me går rundt omkring i verda med skavankane våre, nokre meir lik idealet, idéen mennesket, andre mindre; so har me til slutt bileta av menneske, skuggebileta som me kjenner frå hulelikninga.
Til sist, som so mange filosofiprofessorar har sagt før, om du vil ha ei innføring i kva hulelikninga går ut på, sjå The Matrix. Filmen er fabelaktig, og framleis, sjølv over tjue år etter at han kom ut, både sterk, meiningsfull og ikkje minst flott å sjå på. (Og framleis, som den gong då, er eg litt misunneleg på dei som er på klubben når Neo og Trinity møtast fyrste gongen.)