mandag 4. april 2022

Verdas råaste, radiovenlege song om sex

Denne låta er kanskje ikkje skrive av Elvis (det var få songar han framførde som han sjølv skreiv, sjølv om han var med å arrangere mange av dei på 70-talet), men i hovudet mitt er Elvis sin versjon av Steamroller Blues den beste, mest openbert pornografiske versjonen av låta. Om du aldri har høyrt ho før, er det ein herleg versjon av ho frå tidleg 1970-tal i klippet du kan sjå nedanfor, og om du vil sjå teksten og syngje med, har eg attgjeve han nedom. Kva gjeld YouTube-videoen, er det kanskje ikkje det beste opptaket, men det har noko av råskapen som forsvann ettersom helsa han vart svakare. Opptaket frå Aloha From Hawaii er kanskje betre kjent, men sjølv om eg er stor fan av den konserten, er det tydeleg at den råskapen som produsenten hadde sett på Vegas-konsertane til Elvis i stor grad var borte, som er forklaringa på kvifor dei har so til tider valdsamt overprodusert konserten (rett og slett for å dekkje over at han ikkje var heilt den mannen produsenten hadde vore vitne til tidlegare).

1
/: I’m a steamroller baby I’m ’bout to roll all over you :/ I’m gonna inject your soul With sweet rock’n’roll, full of rhythm ’n’ blues

2
/: I’m a cement mixer A churning urn of burning funk :/ I’m a demolition derby, A hefty hunk, steamin’ junk

3
/: I’m a steamroller baby I’m ’bout to roll over you :/ I’m gonna inject your soul With some sweet rock’n’roll And shoot you full o’ rhythm ’n’ blues

4
/: I’m a napalm-bomb Guaranteed to blow your mind :/ If I can’t have your love now baby There won’t be nothin’ left behind

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

Jeg har nå valgt å ta sjansen på å la alle som ønsker skrive en kommentar. For å forhindre uønskede robotkommentarer, har jeg valgt å slå på kommentarmoderering.

Ta hensyn, og les over det du har skrevet før du sender det.