fredag 15. oktober 2021

Samandrag kap. 2 del 3 av Georges MinoisHistoire du suicide

Mellomalderkvinne som heng seg etter at demonar har lurt ho.
Mellomalderkvinne som heng seg etter at demonar har lurt ho. Kjelde, frå Rappresentatione della passione, Firenze, 1520.

I denne siste delen av samandrag av kapittel 2, skal eg syne kva Minois fortel oss om praksisen rundt sjølvdrap i mellomalderen, korleis galskap vart trekt fram som ei nyttig orsaking og forklaring, og korleis me mot slutten av perioden kan sjå teikn til oppmjuking. Har ein i sinne korleis det vart i løpet av perioden, skulle det verkeleg ikkje mykje til for å gjere ting betre, men seinare tider skulle finne på enda meir grufulle måtar å avstraffe både dei som var daude og dei som «berre» prøvde.

Om du vil kjøpe boka, her er informasjonen du treng:
Minois, Georges (forfattar) og Cochrane, Lydia G. (omsetjar): History of Suicide: Voluntary Death in Western Culture, The Johns Hopkins University Press, Baltimore/London, 1999. Opphavleg utgjeven som Histoire du suicide: La société occidentale face à la mort volontaire, Libraire Arthème, Fayard, 1995. ISBN engelsk utgåve: 0.8018-6647-2 (hefta utgåve).

Sjølvdrapspraksis i mellomalderen (med nokre samanlikningar til dagens situasjon)

Dokumentasjonen frå så tidlege tider er sjølvsagt prega av å ikkje berre vere ufullstendig, men dessutan å i for stor grad vise fram elitelivet. Trass dette, ser me likevel tydelege tendensar på at sjølv om juristane (det vere seg geistlege så vel som verdslege) ønskte streng praksis, var faktisk praksis noko mildare. Jean-Claude Schmitt synte i ei sakundersøking frå mellomalderen nokre interessante trekk: Menn stod for tre gongar så mange tilfelle som damer (41 mot 13: 3,15x), og dei vanlegaste metodane var henging (32 av 54: 62 %), drukning (12: 22 %), knivstikking (5: 9 %) og hopp (4: 7 %). (Her er det ein trykkfeil i Minois; han seier at henging stod for 34 av tilfelle, men det Schmitt faktisk skriv, er 32. 32 + 12 + 5 + 4 blir vitterleg 53; det siste tilfellet kunne årsak ikkje dokumenterast.) WHO fortel at me i dag ser følgjande fordeling:

Globally, the age-standardized suicide rate was 2.3 times higher in males than in females. Male:female (M:F) suicide ratios greater than 1 indicate that suicide rates are higher in males than in females. While the ratio was a little over 3 in high-income countries, it was lower in low- and middle-income countries (low-income countries: 2.9; lower-middle-income countries: 1.8; upper-middle-income countries: 2.6)

WHO: Suicide worldwide in 2019: Global Health Estimates (16 June 2021): 6.

Det er interessant å merke seg at raten i undersøkjinga til Schmitt var nærare raten me ser i høginntektsland; kan det vere at me her må sjå på geografi meir enn på inntekt? Eller er det andre faktorar som spelar inn? Eit større studium av sjølvdrapsmetodar per kjønn i Europa, blei gjort av Värnik m.fl. frå Det estisk-svenske instituttet for mental helse og suicidologi, og dei fann at henging stod for 49,5 % (menn: 54,3 %; damer: 35,6 %); forgifting med medisin for 12,7 % (menn: 8,6 %; damer: 24,7 %); hopping for 9,5 % (menn 7,8 %; damer: 14,5 %); skyting for 7,6 % (menn: 9,7 %; damer: 1,3 %); objekt i forflytting for 5,0 % (menn 4,9 %; damer: 5,2 %); forgifting med andre middel for 5,1 % (menn: 5,4 %; damer: 4,3 %); drukning for 4,2 % (menn: 3,0 %; damer: 7,7 %); og andre metodar for 6,3 % (menn: 6,3 %; damer: 6,7 %). Legg ein saman begge typane forgifting, får ein at dette stod for 17,8 %. Skytevåpen har blitt billigare og lettare tilgjengeleg; eit skytevåpen som ein pistol eller revolver er i dag ikkje lenger i seg sjølv eit statusobjekt, mens da skytevåpen blei små nok til at dei kunne vere handvåpen, var det kostbart og noko kun få hadde. I seinare tiders etikette var det gjerne omtalt som den rette måten for en gentleman:

Charles Moore, who gathered a good many anecdotes about suicide in hif Full Inquiry into the Subject of Suicide (1790), reported the comment of one nobleman on a gentlemen (sīc) who had hanged himself, What a low-minded wretch, to apply the halter! Had he shot himself, like a gentleman, I could have forgotten him.

Minois 1999: 187.

Det ein kan trekkje ut av dette, er at metodane har heldt seg nokså uendra, og det viktigaste er at det handlar om tilgang: I dag har me enklare tilgang til middel som den gang da ikkje var lett å få tak i, som medisinar som i store nok dosar kan drepe. Riktignok hadde ein sjølvsagt tilgang på mykje i naturen som kunne ta seg av slikt, men å oppbevare tilstrekkjelege mengder av det hadde innebore ein større risiko enn kva det er å ha eit par ekstra glas med medisin i dag; eit reip var noko alle hadde og som det ikkje var noko mistenkjeleg med i det heile.

Minois gjer nokre andre betraktningar au (frå studiet): Årstidene mars, april og deretter juli stod for toppane, som kanskje kan ha å gjere med kroppslig og dermed andeleg (min merknad)) svekking etter faste, og etter stor arbeidsbør i juli. Fredagar og måndagar var dessutan framtredande, og dei fleste tok livet sitt heime. Men sluttinga ein likevel er tvungen til å trekkje, er at me har for lite data til å gjere oss opp nokre statistiske sluttingar.

Riddarturnering
Riddarturnering i moderne tid frå Golub slott.
Frå Wikimedia: Creative Commons Attribution-Share Alike 3.0 Unported.

Viktigare er det å merkje seg at folk frå alle sosiale lag tok livet sitt, men kunnskapsbildet vårt er svekka av at me har mest data frå byane. I byane ser ein då likevel nokre klare tendensar: Handverkarar var overrepresenterte, medan adelskapet var i stor grad fråverande. Ei klår forklaring på dette, som er truverdig, er at adelsfolket hadde (som nemnd i samandraget av det første kapitlet) fleire arenaar til å utsetje seg for fare på (som i seg sjølv kunne vere døyvande), til å faktisk miste livet sitt (på ein lovleg måte), og ikkje minst hadde dei kontroll på rettsapparatet; det var ikkje noko problem for dei å kamuflere sjølvdrapet sitt som ei ulukke eller ein naturleg daude, særleg på grunn av det komplekse nettverket dei tok del i. Det er då forunderleg at presteskapet stod for så mykje som 19 prosent av alle sjølvdrapa; Minois spekulerar på om det kan ha hatt noko å gjere med ei sterkare skyldkjensle og medvit om at det var nokre syndar som var utilgjevelege.

Galskap som forklaring og orsaking

Ære er eit nøkkelord til å omtale tida, men var langt meir relevant for adelen enn kva det var for folk flest. Sjølvdrap for vanlege folk kom i all hovudsak av at dei levde eit frykteleg hardt liv: sult var noko alle vanlege folk hadde kjent på, og som alltid trua om det skulle vere fare for ein dårleg haust; sjukdom var skremmande, med forklaringar som veksla frå humorteoriane til andar og demonar; fattigdom var ikkje berre noko ein stor del av folket levde permanent i, men òg noko som alltid truga dei som ikkje var av dei mektigaste; ein kunne alltid vente at nokon nære ein skulle forgå og det skjedde stadig; mange levde i ein fattigdom som var hinsides kva langt dei fleste av oss i dag har evne til å fatte; gjekk det gale med deg risikerte du ikkje berre fengsling, men tortur av slag som sjølv dei mest barbariske torturistane i dag ikkje tyr til; og sjølvsagt skulle ein alltid vokte seg for å ikkje stikke seg for mykje ut, for ein sjalu eller misunneleg nabo kunne forvalde ein dei største ulukkene.

Eg skreiv om innleiinga til denne seksjonen, berre for å få æ-en som initial. Det er ein flott bokstav!

Sjølvdrap blei i kjeldene tilskreve ei klår sak; det å berre vere livstrøytt, forstod ein som galskap: Korleis kunne ein vere i tvil om skaparverket si godheit? Sjølv det å slutte at nokon skulle take livet sitt av di dei var livstrøytte, var eit klårt teikn på galskap, ein type galskap som skulle få eit eige fagord: melankoli. Ordet i seg sjølv kjem frå gresk: μελαγχολία (melankholía), sett saman av μέλας (mélas) og χόλος (khólos) pluss ‑ία (‑ía): «svart» pluss «galle» pluss nominaliseringspartikkel for å danne abstrakte substantiv. Tanken var at ein hadde for mykje svart galle i seg, som skuggla sinnet og gjorde ein tilbøyeleg til døkksinn.

Depresjon og tungsinn var vanlege uttrykk for denne galskapen; ein annan variant var plutselege raseriutbrot, gjerne frå alkohol, og det enda gjerne i vald og ei ustanseleg klaging på alt og alle. Ja, det var kort veg frå normal, menneskeleg frustrasjon til galskap, og i utvalet til Schmitt var seksten av sakene tilskrivne nettopp galskap. Dette blei brukt til beste for dei etterlevande i måten ein handterte sjølvdrapssakene på: Både i Frankrike og England skulle ein ikkje røre den avlidne før dei oppnemnde myndigheitane hadde gjort etterrøkingane sine, som mellom anna innebar å høyre med lokalsamfunnet kva dei visste om sinnelaget til den avlidne. Me har mangfaldige dømer på at folk fortalde det dei måtte for å sikre at godset ikkje blei konfiskert. Minois fortel om at i ei sak frå Beauvaisi og Bedfordshire:

Philippe de Beaumanoir states that in the Beauvaisis in the thirteenth century a suicide’s goods could not be confiscated unless the deceased person’s full responsibility was clearly established. […] In one case in Bedfordshire, a jury called in April 1278 concluded that the victim, who had been ill, had been seized by a fit of weakness, but a royal inquiry conducted soon after declared his death to be suicide. Beaumanoir tells us that if the deceased had been heard to say, Someday I will kill myself, it was sufficient proof of intention, but statements of the sort had to have been reported to the authorities.

Minois 1999: 39.

Det var mange måtar ein kunne unngå konfiskering av eigedom, med andre ord, og særleg enkjer stod sterkt her; om alt anna feila, kunne ein dessutan anke til kongen.

Formilding

Mellomalderjury avbilda i Grand Coutumier de Normandie (ålmennretten i Normandie). Illustrert manuskript på pergament, ca. 1450–1470. Law Library, Library of Congress (039).

Henta frå Library of CongressMagna Carta: Muse and Mentor : Trial by Jury.

Kun underklassen leid dårlege sjølvdrap; det var eitt av mange karaktertrekk ved dei, noko som skulle fortsetje å farge denne tida. På 1300-talet byrja juristar, i alle høve nokre av dei, å arbeide for at loven skulle bli mildare kva gjaldt sjølvdrap: Den franske Jean Boutillier var blant dei som skulle prøve å få tilbake romarretten, som var langt meir tilgjevande.

(For dei som ikkje hugsar det: Det var fram til Diokletian si tid kun slavar og soldatar som ikkje hadde rett til å take livet sitt, slavar av di dei stjal eigedom frå herren sin med det og soldatar av di dei stjal eigedom frå staten med det. Det blei sjølvsagt òg eit problem om kriminelle som avventa dom tok livet sitt for å unnsleppe domen. Frå Diokletian si tid, derimot, altså tida då dei gjekk stadig tydelegare over frå å vere eit prinsipat til eit dominat, mista folk stadig fleire rettigheitar. Å take livet sitt ga staten frå då av retten til å konfiskere eigedom, men slik hadde det altså ikkje alltid vore.)

Denne Boutilier meinte i alle høve at ingen straff burde tildelast andre enn dei som tok livet sitt for å sleppe unna rettmessig dom for brotsverk. Vidare var han så mykje mildare at han meinte at den daude i så tilfelle skulle få kun den straffa som han elles skulle ha vore tildelt, ikkje noko meir grusomt. Det verkar altså som at han ikkje såg på sjølvdrap som noko kriminelt i seg sjølv, ei langt mildare og moderne haldning enn kva som hadde vore vanleg. Om dei var sjuke og gale, sørgjande eller fortvilande over fattigdom, skulle dei til og med få ordinær gravferd; ingen øvrig straff skulle gjerast mot liket, av di lekamen ikkje har gjort noko gale mot lov og rett, berre mot seg sjølv (Minois 1999: 40). Å take livet sitt fordi ein var desperat, livstrøytt eller kva det måtte vere, var dē factō galskap, og dermed ikkje straffbart.

Det må da vere lov til å spørje seg om dette var ein måte å argumentere saken sin på han valde for å kunne forfekte eit liberalt, moderne og samtidsstridig syn? Å berre seie at slike grunngjevingar måtte vere tolererbare var kan hende for stor ein kamel å svelje for samtidsfelagane hans, så om han berre i staden sa at også desse tinga, desse tilfella må me òg kunne sjå på som galskap gjorde kan hende at det var meil tåleleg, eller?

På denne tida byrja sjølv teologane å sjå på antikken sine store sjølvdrap (Catō, Diogénēs, Zḗnōn) som gode og storslåtte, og dei som sjølv valde martyrium byrja nok ein gong å bli lovprisa, skjønt ikkje alle stemde i, og ein byrja å sjå dei først teikna på kasuistisk lære, som i teologien skulle utspele seg i form av å prøve å kartleggje alle moglege tilfelle og å fastsetje ei læresetning for kvar av desse. Viktig å merke seg er det Minois trekk fram som tendensen i tida, at [n]o medieval theologian or moralist called for or justified refusing Christian burial to a suicide or subjecting a suicide’s body to criminal punishment.

Mellomalderfolk sitt syn på sjølvdrap byrja å få nyansar, farger; ikkje lenger var det eit svart-kvitt-bilete. Mord var ei hån mot natur, samfunn og Gud, men sjølvdrap var så fælslegt at den einaste måten ein kunne forklare det på, var som Satans verk eller av galskap. Kyrkja hadde sjølvsagt medisin mot det første. Medan krigarklassen kunne drepe seg indirekte og talarklassen (klerkane) stort sett alltid døydde som følgje av galskap, var det arbeidarane sitt åk å lide dårlege sjølvdrap: sjølvdrap for å unnsleppe livslidinga her på jorda. For mellomaldertenkjaren var det ikkje mogleg å gjere eit rasjonelt sjølvdrap; eit slikt eitt kunne i så fall kun kome av melankoli og var dermed galskap. Denne tankegangen gjorde det heile til mest eit damoklessverd.

Vidare

Humanistane som no byrja å gjere inntoget sitt når 1400-talet kom, byrja å sjå tilbake på tidlegare tider sine syn, og oppdaga at dei gamle hadde eit heilt anna syn på sjølvdrapet enn kva samtida deira hadde. Dei beundra den gamle tida og livsverdiane som råda da, og gradvis, litt etter litt, byrja synet på sjølvdrapet å endre seg. Med renessansen reisar me attende til antikken, og det blir derfor tema for neste samandrag.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

Jeg har nå valgt å ta sjansen på å la alle som ønsker skrive en kommentar. For å forhindre uønskede robotkommentarer, har jeg valgt å slå på kommentarmoderering.

Ta hensyn, og les over det du har skrevet før du sender det.