onsdag 20. oktober 2021

Samandrag kap. 3 av Georges MinoisHistoire du suicide

Når me no nærmar oss renessansen, er det me får ei fornya interesse for antikken og antikken sitt tankegods. Når ein har i sinne at antikken som periode omfattar ikring halvanna årtusen, er det klart at idéane var mange og ofte i usemje, og at idéane endra seg over tid – og dét til dels ganske mykje. Kva tenkte greske filosofar? Korleis blei arven frå dei teken opp av romarane?

Loth: Catos daude.
Johann Carl Loth (1632–1698): Catos daude.
Kjelde: Wikimedia Commons

Om du vil kjøpe boka, her er informasjonen du treng:
Minois, Georges (forfattar) og Cochrane, Lydia G. (omsetjar): History of Suicide: Voluntary Death in Western Culture, The Johns Hopkins University Press, Baltimore/London, 1999. Opphavleg utgjeven som Histoire du suicide: La société occidentale face à la mort volontaire, Libraire Arthème, Fayard, 1995. ISBN engelsk utgåve: 0.8018-6647-2 (hefta utgåve).

Gjenoppdaginga av antikken

Det fjortande hundreåret var åstad for store sosioøkonomiske, politiske, religiøse, militære og kulturelle endringar. Humanistane byrja å gjere seg gjeldande, og sjølv om kristendomen tok mål av seg om å gjeve svar på alt, kom dei til kort for dei intellektuelle, som no byrja å gjenoppdage dei gamle sin viten. Det var særleg sidan dei oppdaga at kristen teologi – som skulle ha svar på alt med hjelp av guddommeleg, ufeilbarleg visdom – ikkje var sams med kva antikkens heltar hadde meint og sagt. Korleis kunne den kristelege kunnskapen vere æveleg sann, når det synte seg at andre hadde meint andre ting?

Dette var farlege spørsmål å stille, og frå dei antikke skrivarane fann dei inspirerande forteljingar om heltemodige sjølvdrap i fleng, frå grekarar til romarar, kvinner som menn, filosofiske og politiske, gamle som unge: Felles for dei alle var at dei hadde eit heilt anna filosofisk utgangspunkt. Dei hadde kome fram til ei anna sanning om sjølvdrapet sin natur, ei sanning dei hadde funnet før kristendomen kom til.

Gresk usemje

I motsetnad til det som skulle prege utviklinga i mellomalderen – at meiningane blei færre og færre og at det blei stadig sterkare semje om kva som var rett – var det mange ulike meiningar å finne i antikken. Ikkje alle dei gamle hadde godord å seie om sjølvdrap; ofte hadde dei ulike filosofiske skolene rak motsatt oppfatting om kva som var det filosofisk rette svaret på spørsmålet om sjølvdrap kunne tolererast, som me òg ser reflektert i dei mange ulike lovene. Hugs at det gamle Hellas ikkje var eitt felles rike slik som Romarriket skulle bli; tvert imot var det ei samling uavhengige bystatar som ofte var i krig med kvarandre, og strengt tatt ikkje blei ei sjølvstendig eining før dei blei erobra av romarane mange hundreår seinare.

I nokre bystatar blei liket av den avlidne straffa, i andre ikkje. Alvarez fortel til dømes at i nokre bystatar blei handa kappa av ein som hadde teke livet sitt for å bli lagt i jorda skilt frå resten av lekamen. Generelt ser ein likevel eit gjennomgåande trekk: Forutan frykt for vonde andar, hadde dei eit rimeleg avslappa forhold til sjølvdrapet. Både stoikarar, epikurearar, kynikarar og kyrenaikarar tok individet sterkt i forsvar: ein måtte ha ein grunnleggjande rett til å bestemme over eige liv:

For these groups only the good life—that is, a life in conformity with reason and human dignity that brought more satisfactions than woes—was worth living. When this was no longer the case, it was foolish to conserve life.

Minois 1999: 43f.

Kan hende mest ekstrem av desse, var Antisthénēs, som meinte at dei som ikkje var av tilstrekkeleg høgt intellekt, burde gå og hengje seg sjølve. Meir avmålte var epikurearane, som meinte at wisdom dictates that when life becomes intolerable one should commit suicide without fuss. (Minois 1999: 44.) Dei, som stoikarane, la til grunn at ein hadde reflektert grundig over det: rasjonalitet måtte liggje til grunn for avgjerda. Pytagorearane var derimot imot sjølvdrapet: Sjela fann lekamen sin grunna ei uhumsk handling, så ho måtte få sjansen til å rense seg; og vidare braut sjølvdrapet talstoda mellom kropp og sjel. Platon argumenterte i Lovene for at ein som tok livet sitt skulle bli nekta offentleg gravferd (men: ikkje gravferd i seg sjølv!), men lista opp fleire unntak frå dette: dom, smerteleg sjukdom ein ikkje kan bli kvitt, og den lunefulle skjebna. Aristoteles, derimot, er brutalt usams med læremestaren sin; han meinte at ein måtte fordøme sjølvdrap:

Det er verd å merkje seg at Platon sine utsegn blei forvrengde av mostandarane hans i seinare kristen tid.

[…] because it is an act counter to justice committed against one’s own person and against the city, because it is an act of cowardice in face of responsibilities, and because it is counter to virtue. We must remain at our posts and confront the vicissitudes of existence with serenity.

Minois 1999: 46.

Soldaten som blir ved posten-argumentet skulle bli mykje brukt av kyrkja i seinare tider, sjølv om andre skulle vise korleis dette var eit svakt argument.

Romarane

Som grekarane var også romarane si meining om sjølvdrapet variert – for nokre var det eit uttrykk for individet sin fridom, medan det for andre var ei usosial handling – men det dei fleste hugsar om romarane, er det avslappa forholdet eliten hadde til sjølvdrapet sett med stoiske auge. Stanly H. Rauh, i ei analyse av Cato Uticensis’ sjølvdrap, skriv om korleis sjølvdrapet kunne vere ein opptreden, og konkluderer med at Once a private act that occasioned little comment from the sources and that was most often performed to maintain the basic human dignity of agency in death, suicide after Cato morphed into something laden with the potential to communicate amidst dire circumstances. (Rauh, Stanly H.: Cato at Utica: The Emergence of a Roman Suicide Tradition i American Journal of Philology, band 139, № 1 (nummer 553), våren 2018, ss. 59–91 (sitat s. 89).)

Platon sin tekst Faidon var vanskeleg å tolke både no som då. Cato leste den to (eller tre (Zadorojnyi, Alexei V.: Cato’s Suicide in Plutarch i The Classical Quarterly, mai 2007, New Series, band 57, № 1, ss. 216–230 (dette frå n. 8 s. 218))) gonger før han stakk sverdet i magen, som kanskje hintar til at han ikkje fullt ut forstod han første gongen (Minois 1999: 46). Om keisar Julian si tolking av teksten, sjå Griffin, Miriam: Philosophy, Cato, and Roman Suicide: I i Greece & Rome, april 1986, band 33 № 1, ss. 64–77 (dette på s. 71)).

I tidleg romersk tid var det som hjå grekarane (og langt dei fleste folk) ei viss frykt for kva eit sjølvdrapslik kom til å gjere. It has been noted that all primitive societies have rites aimed at immobilizing the dead body or mutilating it to render it powerless. (Minois 1999: 47.) Døme på dette er at lik etter henging vart brend i vegkross med veden frå treet som personen hengde seg i (bagandafolket i Sentral-Afrika); eller å dra liket gjennom tornekratt og begrave det avsidesliggjande, nokre gongar med ein stake gjennom kroppen (ewe-folket frå Togo); eller å lemleste det slik at den daude skal skjemjast for mykje til å kome attende (Minois 1999: 47). Me finn liknande riter i det gamle Hellas, som det eg nemnde over om å kappe av handa.

Tolvtavleloven seier inkje om sjølvdrap, men Tarquinius (ein av dei romerske kongane) erklærte at lik etter sjølvdrepne skulle bli krossfeste: Når liket ikkje hadde kontakt med bakken, kunne det ikkje kome seg nokon veg og fuglane som spiste dei tok opp i seg vondskapen som dei hadde festa til lekamen sin. Dette er det einaste romerske forbodet fram til me kjem til dominatet. Det er vel å merkje eitt viktig unntak frå dette: slavar og soldatar. Kvifor? Økonomi. Slaven stjal herren sin eigedom på line med at nokon hadde myrda han; soldaten gjorde det same, men frå staten.

Grunngjeving og rate

Ein skulle tru at dette førte med seg overlag mange sjølvdrap, men sjølv om romarane ikkje trudde at livet var noko ein fekk i gåve frå gudane, ser det ikkje ut til at dei hadde nokon større sjølvdrapsrate enn andre sivilisasjonar (Minois 1999: 49). Som i andre sivilisasjonar var motiva bak sjølvdrap varierte, men det at dei hadde eit såpass avslappa forhold til det, kan nok vere noko av forklaringa på at me får så stor variasjon i sjølvdrap som ikkje kom frå sjuke. Riktignok var sverdet framleis den noble måten å forlate livet på, i motsetnad til henging, noko som skulle vedvare til moderne tid, då pistolen overtok funksjonen som metoden som ein gentlemann burde velje.

Det kanskje mest spesielle med den romerske dauden, var at ting som livstrøytte eller alderdom var heilt akseptable grunngjevingar for å take livet sitt. Det første er noko ein ser særleg særprege tider med store omveltingar, og det er helst intellektuelle som veljer det: In fact, this form of suicide seems in general to be linked to crises of civilizations […] It is, so to speak, the suicide of cultural revolutions. Alderdom som grunngjeving, låg i ein tanke om at lekam og sinn måtte kunne vere i full vigør for å leve eit verdig liv. Ikkje alle kunne leve eit liv i alderdom som Plinius’ ven Nerātius Marcellus:

«Ubi hōra balineī nūntiāta est (…), in sōle, sī caret ventō, ambulat nūdus.»

«Når badetimen meldes, spaserer han – hvis han unnslipper vinden – naken i solskinnet.»

Krogsæter 2015: 106f; Plin. Ep. 3.1.9

Politiske sjølvdrap

Krigstid såg mange sjølvdrap, og politikk spela her ei viktig rolle: Cato sitt sjølvdrap for å sleppe å måtte leve under Cæsar er det best kjende av desse. Andre grunnar kunne vere henretting ved sjølvdrap, altså at ein blei dømd til å døy, men som høgståande borgar fekk høve til å sjølv take livet sitt; sjølvdrap for å unngå dom for brotsverk; sjølvdrap fordi ein hadde avsmak for offentlege saker; eller viss ein var blitt beseira i strid (generalsjølvdrap). Ein har òg flust med segn om heltemodige sjølvdrap; kanskje best kjend av desse er forteljinga om Arria som sa til Paetus-en sin etter å ha teke initiativet at Paete, nōn dolet. (Det gjer ikkje låkt, Paetus. (Frå Plinius’ brev 1:III.16.) Desse mange forteljingane skulle bli teke fram att av humanistane i seinare tid, som synte til at kun dei som tok livet sitt for å unngå dom eller konfiskering blei straffa, noko ganske annleis enn korleis det skulle bli i det kristne Europa. Hos romarane vart ikkje eigedomen tapt eller testamentet gjort ugyldig berre fordi den avlidne hadde teke saken i eigne hender.

Men det varte ikkje. I det andre hundreåret byrja stoisismen å tape seg og romersk lov mot sjølvdrap å bli strengare. Og det er her det ser ut til at eg må sette inn forskingsstøtet mitt. I det tredje hundreåret blei sjølvdrap utan gyldig grunn definert som kriminelt. Juridisk starta det med antoninsk lov, og det blei strengare etter kvart som myndigheitane fekk stadig meir å si i kvardagen til folk flest. Minois fortel at:

[o]ne law of the age of the Antonines considered the suicide of suspects to be an admission of guilt and a justification for confiscating their estate. With the third century, suicide for no valid reason was a crime, and if a suicide’s widow should remarry, her new husband was vilified.

Even before the triumph of Christianity (and for reasons independent of Christian doctrine), condemnation of suicide gradually became the rule in the Roman Empire.

Minois 1999: 54

Kva grunnar er det snakk om her? Det er dette eg må finne ut av. Eg trur heilhjerta at det er nett her kjerna i avhandlinga mi ligg.

Seinare utvikling og arven frå antikken

Rembrandt Harmensz van Rijn: Lucretias daude.

Rembrandt Harmensz van Rijn: «Lucretias daude» Detroit Institute of Arts. Kjelde: Wikimedia Commons.

Merk korleis kunstnaren har avbilda figurane med klede frå hans eiga tid.

Det var under barbarane at det blei faktisk forbode å take livet sitt. Dette skulle bli vidareutvikla av skolastikarane i mellomalderen, og blei med tida ein grunnstein i kristen tankegang. Kristen-filosofisk utvikling skulle la seg særmerkjast ved at kyrkja viljug tok til seg vitskap frå antikken, men fullstendig avviste moralsynet deira; der var Skrifta einerådande. På 1300- og 1400-talet gjennomgjekk Europa ein kulturrevolusjon som kulminerte med Kopernikus, Luther og Montaigne på 1500-talet. Med dei skulle dei gamle sanningane for alvor bli rysta, og med det også grunnmuren i kristen vitskap. Med tida, gjennom renessansen, skulle nettopp dette verdssynet bli snudd: Det var moralen og lærdomen frå dei gamle som skulle kome til å inspirere nye tenkjarar, medan vitskapen frå dei etter kvart ettertrykkjeleg blei avskaffa. Med dette skulle òg eit nytt syn på sjølvdrap gradvis få sleppe til.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

Jeg har nå valgt å ta sjansen på å la alle som ønsker skrive en kommentar. For å forhindre uønskede robotkommentarer, har jeg valgt å slå på kommentarmoderering.

Ta hensyn, og les over det du har skrevet før du sender det.