torsdag 14. oktober 2021

Samandrag kap. 2 del 2 av Georges MinoisHistoire du suicide

I løpet av det halvet tusenåret som skulle gå frå seinantikken til det me tenkjer på som vikingtida, fekk staten på kontinentet etter kvart totalmakt saman med kyrkja – og stat og kyrkje var i det store og heile eitt og det same. I denne delen skal eg gå kjapt gjennom dei viktigaste utviklingstrekka i sosialpolitikken, teologisk forbod mot sjølvdrap, og diaboliseringa av handlinga i seg sjølv, før eg til slutt skal sjå på korleis sjølvdrap blei straffa. Lat meg berre seie det i klårtekst no innleiingsvis: Dette er ikkje sengelektyre, og om du er ein ung lesar, burde du sjå på dette saman med ein føresett.

Om du vil kjøpe boka, her er informasjonen du treng:
Minois, Georges (forfattar) og Cochrane, Lydia G. (omsetjar): History of Suicide: Voluntary Death in Western Culture, The Johns Hopkins University Press, Baltimore/London, 1999. Opphavleg utgjeven som Histoire du suicide: La société occidentale face à la mort volontaire, Libraire Arthème, Fayard, 1995. ISBN engelsk utgåve: 0.8018-6647-2 (hefta utgåve).

Motstand til sjølvdrap i sosiopolitisk kontekst frå 400- til 900-talet

Mosaikk som syner romersk vingard.
Mosaikk av arbeid på romersk vingard. Kjelde.

Mykje av opphavet til den sterke motstanden som vaks fram mot sjølvdrap, har vore hevda at starta i folkeopinionen: Medan dei kultiverte argumenterte for omsyn og å vere litt meir ettergivande, ville folket ha strenge straffar og sanksjonar. Minois stiller seg tvilsam til dette. Kvifor skulle kyrkja la folkeopinionen forme synet deira i denne enkeltsaka når dei elles valde og fastslo sine eigne meiningar i alt anna? Han seier vidare at me uansett ikkje har noko prov på at det faktisk var slik at vanlege folk var noko sterkare mot sjølvdrap enn eliten. Men det er i dette tidevervet, altså slutten av 300-talet og det tidlege 400-talet at Romarriket endrar seg frå å vere eit prinsipat til å bli heilt og fullt eit dominat: Med Diokletian og Konstantin var den økonomiske og demografiske katastrofa eit faktum og staten måtte endre seg. Resultatet var at individet mista retten til å styre sin eigen person; i jordbruket såg ein at byrjinga på føydalsystemet kom til, med colōnī (bønder, av verbet for å dyrke) som riktignok var frie, men knytt til jorda som var ått av dominī (herrar); og stadig større mangel på arbeidsdyktige menn, gjorde at regelverket blei strengare og strammare. Det er neppe noko overrasking at ein no fekk lover som lot staten konfiskere godset etter dei som tok livet sitt.

Kyrkjra ville oppfordre til ekteskap i denne tida: Dei gjorde ekteskap til ei dyd og gjorde seksuelt avhald til eit lyte. Abort blei forbode, så òg prevensjon, og ein jobba hardt for å bidra til høgare fødselsrater – i eit samfunn som opplevde stadig lågare fødselstal. Det er ingen tvil om at dette var gavnleg for den romerske staten, som frå og med Konstantin arbeidde tett saman.

Kyrkja hadde sjølvsagt samla seg stadig meir gods, og det var i kyrkja sine interesser at dyrkarane fortsette å vere bundne til jorda og dermed kyrkja (eller staten). Sjølvdrap blei forbode for alle famulī (slavar, trellar, tenarar) av di dei med å gjere dette stal av herren sitt gods, og i 533 forbaud kyrkjekonsilet i Orléans nattverdshandlinga på vegne av dei som var antekne brotsmenn som hadde tekje livet sitt før saka kom opp. Sjølvdrap blei ei kriminell handling mot Gud, naturen og samfunnet. Da Romarriket var blitt kristna, forsvant òg den siste resten av ærbart sjølvdrap, martyrium, og da barbarkongedøma tok makta blei desse nye haldningane ført vidare gjennom lēx rōmāna vĭsĭgŏthōrum, som riktignok innførte nokre skiljeliner: avsmak for livet, skam etter gjeld eller sjukdom skjerma eigedomen etter den daude frå å bli konfiskert. Ein ser vidare at ein ikkje automatisk blei fordømd for forsøk, mellom anna i helgenforteljingar, men dette blei det heilt slutt på mot slutten av 500-talet, og etter konsilet i Auxerre i 578 blei det innført tiltak som straffa sjølvdrap verre en mord.

Med tida blei fekk kyrkja innført at den enkelte skulle vedkjenne syndene sine i skriftemål. Ho heldt fast på at å ta livet sitt i desperasjon, var eit teikn på at ein tvilte på Gud sitt allnådige vesen; dermed slutta dei logisk at den som tok eller prøvde å take livet sitt, også tvila på kyrkja si evne til å vidarebringe denne nåda. Kyrkja stadfesta stadig klårare og tydelegare at ho var den einaste rette og sanne vegen til Gud. Utover 800-talet ser ein i Frankrike at sjølvdrapsomgrepet blir utvida til å inkludere dei som døyr i duell, og i forkant av nye korstog gjentok kyrkja at martyrium ikkje var akseptabelt.

Kort oppsummert var det å ta livet sitt eit brot mot både Herren og herren: Det jordlige godset ein måtte ha, blei konfiskert, og den daude var lova evig fordøming. Slik fekk kyrkja totalkontroll over livet til folk; ein hadde ikkje lenger eige over eigen kropp og sjel.

Teologien bak sjølvdrapsforbodet

Ein mann som stikk seg til daude i eit mellomaldermanuskript.
Ein mann som stikk seg til daude i eit mellomaldermanuskript. Kjelde.

Frå 1000 til 1300-talet blei motstanden til sjølvdrap systematisert i store avhandlingar innan både geistleg og verdsleg jusss. Læra blei absolutt og riset bak speilet var skam; det var dette siste som gjorde det så vanskeleg å utfordre kyrkjelæra i renessansen og opplysingstida. Det er vel verd å merkje seg at teologane ikkje var redde for å trekkje fram heidensk lærdom for å byggje opp under argumenta sine, så som å Abelard sin bruk av Platon i Sīc et nōn. I skolastikken, ɔ: dei som prøvde å foreine gresk filosofi med datida sin moderne teologi. SNL forklarar skolastikken slik:

Skolastikk er en systemskapende, metodisk, autoritets- og tradisjonsbunden retning innen filosofien som blant annet søkte å forene gresk filosofi, særlig Platon og Aristoteles, med den kristne læren. Den ble først og fremst dyrket ved katedral- og klosterskoler i Europa fra 1100- til 1500-tallet.

Skolastikken utviklet et raffinert teknisk begrepsapparat og en tilsvarende terminologi. Dens tenkning er basert på deduksjon fra bestemte premisser (for eksempel Aristoteles' metafysikk og Bibelen) mer enn på induksjon og erfaring.

SNL: skolastikk.

Metoden er forutsigbar: Dei hentar argument for og mot, still dei opp mot kvarandre, og med å vurdere dei finn ein det rette svaret. Ein må sjølvsagt vente å sjå tunge tendensar til stadfestingsslagside. Men lesinga kan likevel vere interessant: Alexander frå Hales gjev oss sine eigne meiningar i diskusjonen, skjønt med meining er det nok heller tolking ut frå kriteria som allereie var stadfesta då argumenta vart plukka ut. Thomas Aquinas er ikkje noko betre: Han listar opp ulike argument som syner kvifor ein kan sjå på sjølvdrap som akseptabelt, men når han så trekk fram motargumentet (det sjette bodet), er det berre ein konklusjon som er mogleg: Argumenta for er feilslåtte: Suicide does an offence to both God and society; no one has the power to pass judgment on himself; killing oneself does not avoid greater evils because the act itself is the greatest evil since it prevents repentance and penance. (Minois 1999: 33) Sjølvdrap kan ikkje vere anna enn forbode, sidan det er eit brotsverk mot naturen og mot bodet om å elske oss sjølve, sidan det er eit åtak på samfunnet me lev i og har oppgåver i, og sidan det er eit brotsverk mot Gud som eiger livet vårt.

Djevelfrykt

Djevelen freistar damer. Tresnitt (?) frå eit mellomaldermanuskript.
Damer som inngår djevelpakt. Wellcome Collection.
Attribution 4.0 International (CC BY 4.0).

For å stogge folk frå å take livet i eigne hender, hadde kyrkje segn og forteljingar i omlaup som peika mot at ein ikkje måtte fortvile, for ein visste aldri når og kva for mirakel Gud kom til å tildele ein. Syndaren blir gjerne redda like før det er for seint, til dømes av jomfru Maria, av helgenar, eller med å gjere heilage handlingar som å gjere krossteiknet eller få vievatn påført seg. Bak dette låg tanken om at ingen kur mot fortviling var betre enn skriftemål, ei lære som slo gjennom på 1000- og 1100-talet, og i 1215 stadfesta det fjerde laterankonsilet at alle måtte gå til skriftemål minst ein gong i året når dei var gamal nok til det.

Med dette kom (ikkje særleg overraskande) strømlinja retningsliner for korleis ein handterte skriftemåla, slik at det skulle bli ein meir fleksible institusjon for folk, og ein gjorde skriftemål, botsgjerning og tilgjeving til ei felles lære og handlingsforløp: I det augneblinket presten, nøkkelberaren, tilgav syndaren, var ein redda, og presten kunne gjere dette før botsgjerninga var utøvd. Med slike nådegaver kunne det ikkje vere mogleg at nokon tok livet sitt utan å ha gått frå sans og samling.

Straff av dei som tok eller prøvde å take livet sitt

Avstraffing med tortur i mellomalderen
Tresnitt (?) som syner avstraffing i mellomalderen. Kjelde: All That’s Interesting.

Det er i perioden frå 1200-talet av me byrjar å få dei meir grufulle forteljingane om korleis sjølvdrap blei avstraffa. Kyrkjeloven var utvikla fullt ut i løpet av 1100-talet og var særs streng: Dei bannlyste sjølvdrap frå kristen gravferd, på line med dei ekskommuniserte, kjettarar, menn som døydde i turnering, med mindre det var klåre bevis på anger i det livet ebba ut. Geistleg lov var ikkje noko betre, der gamal overtru blei slått saman med nye avstraffingar for å verne seg mot skrømtet av den daude. Eit tidleg tiltakt frå Lille, 1200-talet, seier at ein skal drage kadaveret etter mannglege sjølvdrapsoffer til galgen for henging, medan kvinnekadaver skal brennast. Ein tekst frå 1300-talet fortel om ein lov som seier at «“If a man deliberately kills himself he must be hanged by the feet and dragged like a murderer, and his movable goods will be acquired by whoever has claim to them.”» (Minois 1999: 35.)

Ei anna kjelde fortel om enda meir brutal praksis: Liket skulle bli drege så grufullt som mogleg – sjølvsagt for å vere avskrekkande. Ein ser her tydeleg behovet for å verne seg mot onde andar og demonar, for vidare skulle steinane som han hadde gått på bli fjerna. I Metz skulle tilsvarande liket førast ut av huset gjennom ei opning som ein gravde under dørstokken, kasta på elva i ei attspikra kiste med melding om at ho berre skulle få drive vidare, for det var etter lov og rett (ibīdem). I Zürich blei lika straffa slik personen hadde gått ut av livet: Dei som dolka seg fekk skallen gjennombora med ein trekile; dei som drukna seg blei gravd ned fem fot frå vasskanten; dei som fall til dauden, blei lagt under steinar med hovud, mage og føt under store steinar. I England gravla dei sjølvdrapsoffer under travle vegkryss med trestaker gjennom brystet så liket ikkje skulle kunne røre seg. Ein henretta lika for å drive ut vonde andar – ein gjorde eksorsisme.

I nokre områder gjekk dei til og med så langt at dei ikkje berre tok godset til mannen, men òg det etterlatte kona hans, og i nokre område i Frankrike, fjera dei taket, veggane på sida av åren, brann åkrane og hogg vinrankane ned til mannshøgde. (Nynorsk åre, ‑n tilsvarar bokmål arne, ‑n. Ordet kjem av norrønt arinn, árinn.) Men den rådande praksisen som til slutt skal bli mest vanleg, er å konfiskere godset, og kanskje å la lavadelen eller lavgeistlege herrar nyte det.

Vidare

I den siste delen av dette kapitlet, skal eg skrive referat av sjølvdrapspraksis i mellomalderen, galskap som unnskyldning og korleis slutten på perioden synar teikn på mildning.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

Jeg har nå valgt å ta sjansen på å la alle som ønsker skrive en kommentar. For å forhindre uønskede robotkommentarer, har jeg valgt å slå på kommentarmoderering.

Ta hensyn, og les over det du har skrevet før du sender det.