torsdag 14. oktober 2021

Samandrag kap. 2 del 1 av Georges MinoisHistoire du suicide

Kva var arven etter mellomalderen? Kva tenkjarar blei viktige? Kva for viktige klasseforskjellar kan me sjå? Mellomalderen og tida som kom var utvilsamt eit stendersamfunn med klåre skiljeliner mellom folk frå toppsjiktet og dei som var berre arbeidarar og bønder. Men det var òg ei anna viktig skiljeline: det verdslege og det geistlege samfunnet. Kyrkjelivet ønskte seg herredøme over samfunnet sitt tankegods, men dei skulle få viktige utfordrarar.

Om du vil kjøpe boka, her er informasjonen du treng:
Minois, Georges (forfattar) og Cochrane, Lydia G. (omsetjar): History of Suicide: Voluntary Death in Western Culture, The Johns Hopkins University Press, Baltimore/London, 1999. Opphavleg utgjeven som Histoire du suicide: La société occidentale face à la mort volontaire, Libraire Arthème, Fayard, 1995. ISBN engelsk utgåve: 0.8018-6647-2 (hefta utgåve).

Det kristenteologiske problemet

Det nye testamentet har ingen klåre diskusjonar om sjølvdrap, og Jesu liding og krossfesting blei rot til ei viktig problemstilling: Tok Jesus livet sitt? Bibelen er fullspekka av sitat som såg ut til å hinte til dette, ikkje berre i evangelia, men òg i Apostelgjerningane. Mange spurte seg: Kvifor gjorde ikkje Jesus noko, når han visste han kom til å døy? Kva skulle kristne då gjere, sidan dei blir oppfordra til å imitere læremesteren sin? Lat oss sjå på litt av det som faktisk var å lese i Bibeltekstane:

Eg er den gode gjetaren. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, slik som Far kjenner meg og eg kjenner Far. Eg set livet til for sauene.

Joh. 10,14–15

Ingen tek livet mitt, eg gjev det frivillig.

Joh. 10,18

For den som vil berga livet sitt, skal mista det. Men den som mistar livet sitt for mi skuld, skal finna det.

Matt. 16,25

Om nokon kjem til meg utan å setja dette høgare enn far og mor, kone og born, brør og systrer, ja, høgare enn sitt eige liv, kan han ikkje vera min læresvein.

Luk. 14,26

Den som elskar livet sitt, mistar det. Men den som hatar livet sitt i denne verda, skal berga det og få evig liv.

Joh. 12,25

Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine.

Joh. 15,13

2011: Men for meg er ikkje liv eller død verdt å snakka om
1985: Men ikkje det grann vørder eg livet mitt
Latin: sed nihil hōrum vereor nec faciō animam pretiōsiōrem quam me: men inkje av desse [tinga] frykter eg, heller ikkje å verdsetje sjela mi [ɔ: livet mitt] høgare enn meg sjølv

Apg. 20,24

Tidlege kristne tolka desse orda som eit bod å gje livet til martyrium; lovprisinga av desse kom frå mange og var mangfaldig. Tidlege kristne hata livet og lengta etter å døy; hjå teologane skilde ein difor mellom dei som i desperasjon (over synder, sjølvsagt) tok livet sitt, og dei som gav livet sitt i fromleik: Judas døydde som syndar, Jesus som martyr. Her er det verd å ha i minne at kun Matteus seier at Judas tok livet av seg – dei andre sier ikkje noko om korleis han døydde, og Apostelgjerningane seier at han stupte ned og sprakk, og all innvolen hans valt ut. (Apg. 1,18.)

Dette grunnlaget for kristen lære gjorde det vanskeleg for dei tidlege teologane å fordøme sjølvdrapet, med vanskelege krumspring som at sjølvdrap ikkje er lovleg, men kan ikkje fordømast heilt etter Kristi eksempel; sjølvdrap er ikkje lovleg, men makkabearmødrene gjorde rett; sjølvdrap er ikkje lovleg, men martyrium er prisverdig; sjølvdrap er ikkje lovleg, men enkjer som heller vil døy enn å gifte seg att må me prise; sjølvdrap er ikkje lovleg, men dei som ikkje gjev etter når dei blir forfølgde er rosverdige … Døma er mange, men i grunn ikkje mangfaldige – dei dreier seg i det heile om det same: Me likar det ikkje, men Jesus gjer det vanskeleg for oss å seie noko kategorisk negativt om det.

Når me kjem til 300-talet ser me at kristne moralister i det store og heile følgjer neoplatonske idéar: Sjølvdrap er i prinsippet galt, men nokre unntak er det:

such as killing oneself to carry out an order of the civil authorities (like Socrates), to escape shame, or to avoid an overly cruel fate. In practice, however, doctrine was far from clear: At a time when many sins were subject to strict discipline and required public reconciliation with the Church, canon law contained no sanctions against those who attempted to take their own lives.

Minios 1999: 27.

Det var striden mot heidningane som skulle gjere det mogleg å få èi (om «éi» kontra «èi», sjå kommentaren min om gravaksent i nynorsk) fast lære om dette, med viktige vedtak i 348-konsilet i Kartago og biskop Timoteus’ dekret som forbaud bøner til sinnsfriske sjølvdrap.

Forbodet til Augustin av Hippo (Aurēlius Augustīnus)

Augustin. Av Philippe de Champaigne. Lisens: Falt i det fri.

SNL fortel at Grunnen til skolastikken ble lagt av Augustin på 300-tallet.

Augustin av Philippe de Champaigne.
Lisens: Falt i det fri.

Dē cīvitāte Deī (Om Guds stat) ble ferdig like før han døde, samtidig som vandalene beleiret Hippo (SNL). Her gjev han som den første eit klårt og eintydig forbod mot sjølvdrap: neminem spontāneam mortem sibī inferre debēre velut fugiendō molestiās temporālēs, nē incidat in perpetuās ([at] ingen bør bringe friviljug daude på seg sjølv, sjølv ikkje for å unnsleppe mellombelse lidingar), som han avsluttar med at quia reōs suae mortis melior post mortem vīta nōn suscipit. (av di det betre livet etter dauden tek ikkje imot dei [som er] skuldige i dauden sin.) (Begge sitata: Augustin: Om Guds stat 1.26 siste avsnitt.)

Alle slike forbod var grunngjevne med det sjette bodet: Du skal ikkje drepe. Det som gjorde Augustin unik, var den absolutte, kategoriske avvisinga: Ingen unntak, ikkje eingong for å sleppe unna vald, lyst, freisting. Ingen slapp unna. Kvifor? Av di ein ikkje kunne sleppe unna ei brotsgjerning med å gjere ei anna brotsgjerning, og når ein var daud, var det ingen måte å gjere bot for ugjerninga si lenger.

Dying to flee suffering and pain is pure cowardice; death from despair caused by a contemplation of one’s sins is no better. As with Judas, killing oneself adds a second crime to the first. In no circumstance have we the right to open the gates to eternal life ourselves.

Augustine’s uncompromising prohibition of suicide […] takes the [Platonic] notion one step further, recasting it in the light of “Thou shalt not kill”. He states that life is a sacred gift from God that God alone can take away. The Donatist heretics were criminals when they defended voluntary martyrdom.

Minois 1999: 28.

Augustin gjekk rett i strupen på kjende døme, men utvalde som Samson, sankt Pelagia og Jesus var uskuldige, fordi dei hadde fått eit gudsbod. Det er verd å merkje seg at det andre hadde brukt som argumentet for at sjølvdrap måtte vere tillateleg, moselova, slett ikkje var absolutt, sidan det er mangfaldige unntak frå bodet om å ikkje drepe: Me kan døme forbrytarar til døden og drepe fiendar i krig.

Vidare

Spørsmålet blei ikkje endeleg løyst med Augustin, sjølv om han sjølv nok var rimeleg sikker i saka. I oppfølginga til denne posten skal eg sjå på utviklinga i det femte til tiande hundreåret, teologisk grunnlag for å forby, djevelfrykt, straff i både geistleg og verdsleg lov, trekk ved mellomaldersjølvdrap, galskap, og til slutt oppmjuking i teori og praksis.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

Jeg har nå valgt å ta sjansen på å la alle som ønsker skrive en kommentar. For å forhindre uønskede robotkommentarer, har jeg valgt å slå på kommentarmoderering.

Ta hensyn, og les over det du har skrevet før du sender det.