tirsdag 10. august 2021

Utdrag frå eit brev av Ambrosius

Bilete av Valentinian II frå Wikimedia Commons.

Epistula [brev] 25
(benediktinsk–maurisk 53 / Beyenka 4)

Eg var dårleg i kveld, så eg greidde ikkje å kome meg i seng før no (om fem minuttar). Så medan eg venta på å kome meg att, jobba eg med å omsetje eit utdrag frå eit Ambrosii brev: Her skriv han til keisar Theodŏsius i august 392, altså eit par månadar etter at keisar Valentīniānus II døydde, rett rundt tida da den rundt 21 år unge keisaren fekk gravferda si. Han seier, her omsett til tekstnær norsk:

Doleō enim, fateor,
dolōre acerbō,
nōn sōlum quod immātūrā ætāte Valentīniānus augustus dēcesserit,
sed etiam quod īnfōrmātus [est] fīde,
ac tuīs īnstitūtīs
tantam dēvōtiōnem ergā Deum nostrum induerat,

atque tantō in mē incubuerat,
ut quem ante persequebātur,
nunc dīligeret:
quem ante ut adversārium repellēbat,
nunc ut parentem pūtāret.

For eg lir, må eg medgje,
med bitter sorg,
ikkje berre over det faktum at den høgvyrde Valentīniānus svann hen i [så] ung alder;
men òg at han [blei] danna i trua,
og at [med hjelp] i lærdomane dine,
[at han] hadde svøpt [seg] so mykje i fromskap til vår Gud,(= «guden vår»)
og så mykje ruga over meg,
at kven han før forfølgde,
no han akta:
kven han før støytte frå seg som motstandar,
verdsette han no som ein forelder.

Ambr. ep. 25 (53 [4]).

Omskrive til normalnorsk

For eg må eg medgje: Eg lir med bitter sorg, ikkje berre over det faktum at den høgvyrde Valentīniānus svann hen i så ung alder, men òg at han fann danning i trua, og at han med hjelp i lærdomane dine hadde sveipt seg so mykje i fromskap til Gud, vår Gud; og at han klengde seg så til meg, at den han før forfølgde, akta han no – den han før støytte frå seg som motstandar, verdsette han no som ein forelder.

Merknadar

Det er verd å notere seg bak øyret korleis dēvōtiō ser ut til å ha endra tyding. I Cassell’s Latin Dictionary står det å lese at det er a consecrating, devoting (esp. to the infernal gods). Interessant!

Verbet incubō har tydingar som å ligge i eller på, å tilbringe natta i eit tempel for å få ei guddommeleg melding eller hele ein sjukdom, eller når brukt om fuglar å sitje på, klekke egg, ruge. Av det får ein tydingar som å med gode intensjonar vake over, eller berre å vere på ein stad; frå det kan ein òg velje å berre omsetje det som klenge på.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

Jeg har nå valgt å ta sjansen på å la alle som ønsker skrive en kommentar. For å forhindre uønskede robotkommentarer, har jeg valgt å slå på kommentarmoderering.

Ta hensyn, og les over det du har skrevet før du sender det.