Kva er eigentleg grammatikken bak uttrykket frå overskrifta? Det ser enkelt ut til å byrje med, men når ein plukkar det frå kvarandre, sit ein med eit spørjepronomen i nominativ nøytrum eintal, eit påpeikande pronomen som òg er nominativ nøytrum eintal, og så eit relativpronomen som òg er nominativ nøytrum eintal. (Eg måtte halde meg i skinnet for å ikkje slengje på eit utropsteikn der.) Liebeschuetz og Hill i 2005-omsettinga si av Ambrosius av Milan (utvalde tekstar) foreslo What of the fact that Valentinian was not afraid to die?
Men korleis kom dei fram til of the fact
frå illud?
Den fyrste etterrøkinga
«Etterrøking» er for øvrig eit ord eg lærte meg i dag; Bokmålsordboka | Nynorskordboka forklarar det slik: etter|røking • f3 • 1 det å røkje etter; gransking, undersøking; etterforsking • 2 utgreiing basert på etterrøking (1)
. Vidare forklarar dei «å røkje» slik: røkje • verb (norrønt rǿkja
. Så da veit ein det.bry seg om
) • 1 stelle med, ha omsut for, røkte; særleg refleksivt: kyrne røkte seg sjølv greidde seg sjølv, var om seg etter føde • 2 granske, leite (II), ransake • røkje etter granske (etter), undersøkje, prøve å få greie på
Då eg kom over denne grammatiske gåta, prøvde eg så godt eg kunne å finne ut av ho sjølv, men eg kom ingen veg. Heldigvis er det eit veldig godt samfunn for antikkvitarar med språkinteresse (noko som er vél så mykje naudturftig å ha som det er eit kjenneteikn) på Latin Stackexchange, så eg nytta meg av moglegheita til å stille gruppa der spørsmålet, først i nettpraten Conloqvivm, og deretter på oppfordring på sjølve spørjesida. Svaret peika på noko interessant som eg måtte undersøkje nærare. Eg siterer:
This use of illud is described by Allen and Greenough:
e. The pronouns hīc, ille, and is are used to point in either direction, back to something just mentioned or forward to something about to be mentioned.
f. The neuter forms often refer to a clause, phrase, or idea.
They also mention this particular use of quod:
A peculiar form of substantive clause consists of quod (in the sense of that, the fact that) with the indicative. The clause in the indicative with quod is used when the statement is regarded as a fact.
Expedito Bipes på Latin SE
Svaret eg fekk sette tannhjula i gang og fekk meg på rett spor for å finne ut av dei nærare detaljane i grammatikkane mine.
Kjeldene mine
Eg har to grammatikkar eg nyttar: Samson Eitrems Latinsk grammatikk, 3. utgåve, ved Bjørg Tosterud og Egil Kraggerud, Aschehoug, 1996; og Nils Sjöstrands Latinsk grammatik, andra upplag, Gleerups förlag, Lund, Malmö, 1960. Førstnemnde er grei til å få svar på grunnleggjande spørsmål, men har faktisk overraskande djuptgåande svar til tider, og er opphavleg mynta på vidaregåande elevar; medan sistnemnde er ei grundig fordjuping i grammatikken med svært mykje informasjon, grundige forklaringar, og er skriven utan at nokon har halde han att – han er heilt klart mynta på latinistar, ikkje berre elevar.
Eitrem: Substantiviske bisetningar (leddsetningar)
«At-setningar»
med ut, ut nōn, nē, quōminus, quod og quīnEitrem, Latinsk grammatikk s. 123.
§ 175 tek for seg såkalla eksplikativt quod. Dei forklarar det slik:
Quod med indikativ viser det omstendet at eller det faktumet at. Quod er eigentleg det relative pronomenet i inkjekjønn og blir nærmast brukt som eit indre objekt (jf. § 66): ‹med omsyn til det at›. Dersom setninga inneheld ein grunn, får vi quod som årsakskonjunksjon (§ 180.2).
Eitrem § 175.
Dei forklarar at slike quod-setningar vert brukt som:
- apposisjon til pronomen eller substantiv (hoc, id, ea rēs quod ‹det at›, ‹den ting at›; eller propterea quod ‹av den grunn at›
- som subjekt, t.d. Quod nōn vīvit coniunx, miserrimum est: At ektefellen ikkje lever, er svært leitt.
- som direkte objekt t.d. for accidit quod (‹leggje til at›) praeterīre quod (‹gå forbi at›).
- som direkte objekt for affektsverb (jf. akkusativ med infinitiv [ ] og verb som innebærer ros, kritikk o.l.
- i tydinga ‹med omsyn til det at›, ‹når›.
Tolking
Viss ein ser på første del av setninga att, «quid illud quod», eitt ord av gongen, vert det lettare å kome til eit godt svar:
- Det første ordet quid, må vere ‹kva›;
- det andre ordet kjem me til nedom lista;
- og det tredje ordet, quod må vere eit ‹som› som peikar til første eller første og andre ord som eit heile.
Når ein dermed tolkar illud som ein apposisjon, peikar han her tilbake til quid, sidan det påfølgjande quod er relativpronomenet. Ein kan for så vidt seie at det òg peikar vidare til relativpronomenet for ei nærare utgreiing. Om dette dømet er eit godt generelt døme på korleis apposisjonell illud vert brukt, ser det ut til å eksistere både i høve til det førutgåande og det komande.
Ein får dermed at setninga må verte forstått slik: Quid illud quod morī nōn timuit?
: Kva [med] det omstendet som [at] han ikkje frykta dauden?
Og der har me løysinga. Det var ei interessant gåte å finne ut av, og eg må seie at det gjev meg litt ro i sjela å få sitje med grammatikkane og ordbøkene mine att; eg har verkeleg sakna dei!
Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar
Jeg har nå valgt å ta sjansen på å la alle som ønsker få kommentere. For å forhindre uønskede robotkommentarer, har jeg valgt å slå på kommentarmoderering.
Ta hensyn og les over det du har skrevet før du sender det; et lite øyeblikk ekstra kan ofte gjøre verden et lite knepp bedre.