fredag 20. august 2021

Akademisk salme

Blott ein dag med auga fast i skjermen ingen trøyst å få i det eg må. Alt eg vil: at eg får godkjent termen: «Det du skreiv er godt nok til å stå.» Han som har eit akademisk hjerte, mon han gjer meg fri frå tvilen min. Aldri får ein graden utan smerte. Synd at frukost ikkje kjem med vin. No som fristen verkeleg er nære, er kvar særskilt dag med mager trøyst. Når du skriv åtleine lyt du lære, bær fram ordet ditt med stentorrøyst!1 Med fotnoter, tak du deg i vare! Og med omsut, kritiser diskré! Dagen kjem når du med kraft skal svare «Jau, han tek nok feil på side 3!» Ingen hjelp å få i bøn og jammer, ingen løfter frå ein Herre kjær. Eg må tru at i eit λόγος-kammer er dei ikkje stri og doktrinær.2 Medan eg vil skrike og ut jalme, likar teksten som ei verketann, syng eg traust ein akademisk salme, drøymer om ein vift i alveland.

Kommentarar

31. oktober 2021: Kvifor drøymer om ein vift i alveland? Det var lite eg sakna meir enn å ha lysta og overskotet til å spele rollespel medan eg heldt på. Det vart dårleg med det medan eg heldt på. Men eg greidde det no til slutt, og har no endeleg fått byrja å spele att, skjønt det er ei ri sidan no.

Noter

1. stentorrøyst: Etter den greske helten Stentor, kjend for den kraftige røysta si. Bokmålsordboka | Nynorskordboka.

2. doktrinær: einsidig bunden av visse doktrinar eller teoriar; forstokka
ein doktrinær marxist

Til sist burde eg nemne uttrykket «ender og da»: adv. (norrønt endr atter; samanheng med I enn)
ender og gong(en), dag(en), tid(a) no og da, somtid
. Det tyder altså «no og da». Det var nytt for meg.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

Jeg har nå valgt å ta sjansen på å la alle som ønsker skrive en kommentar. For å forhindre uønskede robotkommentarer, har jeg valgt å slå på kommentarmoderering.

Ta hensyn, og les over det du har skrevet før du sender det.