torsdag 6. juli 2023

Dikt: Kva er eg?

Eg, veit eg kva eg veit? Inkje veit eg av kva eg visste då eg no var meg i går, då eg såg meg som det eg var, er – kan eg bli meg?

Tor-Ivar Krogsæter, 7. juli 2023.

Renoir – Portrait du compositeur Claude Terrasse (étude pour 'Confidence'; no. 2070), vers 1897
Pierre-Auguste Renoir, CC BY-SA 4.0, frå Wikimedia Commons.

Kven er eg? Blei eg nokon gong meg? Hadde «eg då» kjent att «meg no»? Eg veit kor eg er, kva eg er, kva eg gjer, men eg veit ikkje om eg er der eg vil vere. Eg veit ikkje om eg kan gjere noko for å kome meg dit. Eg tenkte i dag på kor eg er. To-og-førti, årsinntekt ein halv G. Eg har folk eg kjenner som har god løn, særs god løn. Nokon med privat tilsetting tenar so godt at eg faktisk ikkje har tent like mykje som dei gjer på eitt år i løpet av dei siste ti åra av livet mitt. Kva har eg eigenleg rota meg bort i med deg eg gjer? Kan eg nokon gong bli den eg vona eg skulle bli? Eg trur eg veit svaret; eg veit ikkje om eg vil høyre meg sjølv seie det.

Det er i tider som dette at eg ikkje får sove. Den siste tida har tinga endra seg i retningar eg ikkje likar. Det er ikkje so lengje sidan eg hadde time hos han eg ser ein gong i kvartalet. På ein knapp time (tre kvart, er det vel) skal eg oppsummere alt som har skjedd dei siste tre månadane og kor eg trur eg er på veg; eg kan vel seie at det ikkje akkurat har so mykje for seg. No skal eg visst òg byrje å ta medisin på eit vis som eg før har blitt fortald at eg absolutt ikkje skal. Eg har ikkje mykje tru på det.

So her står eg no no. Eg veit ikkje kven eg er, og den eg trudde eg skulle vere er ikkje lenger i denne verda; han er blitt noko uoppnåeleg. I det minste kjem det nokre forsøk på lyrikk ut or det; det hjelper no meg iallfall. Kanskje deg òg? Det er no verdt å dele det, om ikkje anna so for det.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

Jeg har nå valgt å ta sjansen på å la alle som ønsker skrive en kommentar. For å forhindre uønskede robotkommentarer, har jeg valgt å slå på kommentarmoderering.

Ta hensyn, og les over det du har skrevet før du sender det.