fredag 21. juli 2023

Typografi: Korleis skrive subskriptprimteikn

Døme på subskriptprimteikn i notasjon av oktavar i Helmholtz-systemet.
Døme på subskriptprimteikn i notasjon av oktavar i Helmholtz-systemet. Òg synleg er eit perfekt formatert kvintuppelt primteikn. Eg la til sist inn noko kniping før apostrofane (og eg har her retta opp i skrivefeilen som var i det opphavlege biletet), av di dei er litt dårleg kerna i skriftdefinisjonane. Klikk på biletet for å sjå det i full skala. Figur: Tor-Ivar Krogsæter

Kva gjer ein stakkar når det ikkje finst definert eigne teikn for å skrive Helmholtz-oktavane sine djupaste tonar? Ein kan sjølvsagt krype til korset og bruke subskriptteikn, men primteikna er jo flotte, so kvifor ikkje når ein kan? I bilete over er det fleire ting på gang som syner kor flott skrifta EB Garamond faktisk er:

  • Nydelege ligaturar definert med liga&calt
  • Ekte kapitelar definert med c2sc og sperring på 5 %, altså 0,6 punkt (Visste du forresten at punkt kan forkortas med enkelt primteikn? 12′ tyder altså «12 punkt».)
  • Ekte primteikn: prim, sekund, ters, kvart og ein elegant formatert kvint.
  • Ekte subskriptprimteikn!
  • Vidare ein veldig pen (synest no eg) kursiv; i biletet her ser ein dog ikkje døme på swsh.

Metode

For å skrive primteikn må ein ty til Unicode-kodepunkta. Jamfør artikkelen primtegn eg no har fått medforfattarkreditering på hos Store norske (eg er stolt av det, so det må vere lov å seie), som for øvrig oppgav posten min om mål i middelalderrollespel som kjelde (for ein skal ikkje drive sjølvplagiat), er desse kodepunkta på følgjande adresser:

Hvis du skulle ha behov for å skrive tegnene i Writer/Word eller HTML, er kodene for dem som følger:

  • U+2032: prim, ′
  • U+2033: sekund, ″
  • U+2034: ters, ‴
  • U+2057: kvart, ⁗
  • U+2035: omvendt prim, ingen kortnavn
  • U+2036: omvendt sekund, ingen kortnavn
  • U+2037: omvendt ters, ingen kortnavn
  • Omvendt kvart er ikke definert

For å taste disse i LibreOffice eller Microsoft Office, skriv inn den heksadesimale tallkoden, for eksempel 2032, og trykk deretter Alt + X.

Men det finst ingen subskriptprimteikn. For å få desse, valde eg å ikkje gjere som Wikipedia, som brukar greske komma; eg tasta heller inn dei faktiske primteikna, og so senka eg dei med 50 %. (Eg trur at eg skal redusere senkinga med eit par prosent for å få dei til å vere meir på halvpunktet, slik subskripttala er.) For at dette skal fungere, er det to ting du må gjere:

  1. Fyrst må du sørgje for at linehøgda ikkje er sett til enkel, halvannan, dobbel eller andre udefinerte storleikar. Bruk fast linehøgd; sjå nedom om korleis du gjer dette.
  2. Tast deretter teiknet som normalt, og lag so ein stil der du definerer kor mykje du vil ha det seinka; i dømet over er det 50 %.

For å definere ei fast linehøgd som verkar som ho skal, zoom inn maksimalt og skriv ei line som inneheld både f og g (det høgste og det lågaste teiknet, og lag ei line som har både antikva (rette bokstavar) og kursiv (skråstilte, handskriftaktige bokstavar). Opne avsnittsstilen, til dømes Brødtekst, og sett linehøgda til Fast og juster ho deretter til du ser at bokstavane ikkje lenger blir klipte i botnen. For ordens skuld, legg til eit tidels punkt so du er heilt sikker på at du ikkje får rendringsproblem i lågare zoomnivå.

Brødtekst sett med enkel linjehøgd. Dette brukar skrifta si definerte linehøgd, men denne blir endra om du senkar eller hevar teikn.
Brødtekst sett med 12-punkt linehøgd. Her er det tydeleg å sjå at ei skrift si linehøgd ikkje er det same som skriftstorleiken.
Brødtekst sett med 18′ linehøgd. Dette er noko tettare enn enkel linehøgd, og noko større enn kva som er absolutt minimum for denne skrifta (17,7′).

Som bileta over syner, kan du sjølv endre linehøgda og setje ho fast. For at linehøgda ikkje skal flytte seg når du senkar og hevar skrift, må linehøgda vere sett til fast; det er det same i Microsoft Office. Når du har gjort dette, kan du sjølv bruke teikn på måtar nett slik Unicode-gruppa meinar at dei skal brukast: eigne typografiske variantar skal ikkje ha eigne kodepunkt, men heller formaterast etter behov; dei typografiske variantane som er definert, so som super- og subskripttala er døme på ting som ikkje kjem til å bli gjort i framtida og er strengt tatt med kun for bakoverkompatibilitet (eitt av kriteria dei styrer etter).

Oppsummering

For å få subskriptprimteikn for å kunne skrive oktavnavn med Helmholtz-notasjon, gjer følgjande:

  1. Endre avsnittsstilen (vanlegvis brødtekst) slik at linehøgda er fast.
  2. Lag ein eigen teiknstil for seinka primteikn.
    1. Definer seinkinga etter kva som passar til skrifta du brukar.
    2. Samanlikn med kor subskripttal er plassert (tilføy subs til subskript-teiknstilen din).
  3. Tast primteikna som vanleg og gjev dei so den nye teiknstilen din for seinka primteikn.

Postscriptum

Korleis legg eg til OpenType-funksjonar til teiknstilane mine? undrar du deg kanskje over. Det er to måtar du kan gjere dette på. Du kan anten klikke Funksjonar attmed der du vel skrifttypen til avsnitts- eller teiknstilen og huke av for dei tinga du vil ha, eller du kan berre tilføye forkortingane til skriftdefinisjonen din. Standardskriftstilen min ljodar EB Garamond:liga&calt&onum&pnum som seier «Bruk skrifta EB Garamond med standardligaturar, kontekstuelle alternativ og teksttal (tal som har over- og underlengd, slik dei små bokstavane har) som vidare har proporsjonal breidd. Dette burde alle ha som minimumsdefinisjonar når dei skal sette einkvar lengre tekst.

Visste du at brødtekst heiter det nettopp fordi han gav det daglege brød til setjaren? Petter Andresen har følgjande å fortelje:

brødtekst er betegnelsen på den løpende teksten i en bok, i trykksaker eller på en webside, i motsetning til for eksempel overskrifter og billedtekster. Før i tiden ble typografenes lønn beregnet ut fra antall linjer de hadde satt. Brødteksten gikk fort å sette og det var i hovedsak det som ga setteren penger til det daglige brød. Brødtekst kalles også brødsats eller brødskrift.

Petter Andresen, Typografisk ordbok: brødtekst

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

Jeg har nå valgt å ta sjansen på å la alle som ønsker skrive en kommentar. For å forhindre uønskede robotkommentarer, har jeg valgt å slå på kommentarmoderering.

Ta hensyn, og les over det du har skrevet før du sender det.