fredag 11. mars 2022

Gunnar og engelsk gun

Dette blir kort; eg vil berre fortelje noko interessant. I forigår kveld fann eg ut noko interessant: Det norsk-svensk-danske (og islandske?) namnet Gunnar og det engelske ordet gun er i slekt. Her er forklaringa:

Bilete av etymologien til ordet etymologi:
              etymologi: «studiet av sann viten» < oldfransk ethimologie < latin etymologia < gamalgresk ἐτυμολογία av etymología ἔτυμον og -λογία fra λόγος. Av Tor-Ivar Krogsæter.Henta frå Wiktionary. Skrift: EB Garamond.
Etymologien til ordet «etymologi», jamfør Wiktionary. Av Tor-Ivar Krogsæter. Satt i EB Garamond Medium.

Gunnar

Gunnar kjem av norrønt Gunnarr. Oldnorrønt gunnr tydar «strid» og etterleddet ‑arr kjem av det protogermanske *harjaz som tyder «krigar». Det protogermanske namnet var *Gunþiharjaz.

gun

Det engelske gun kjem av mellomengelsk gunne/gonne som kjem av namnet på ein enorm armbrøst som blei kalla Lady Gunhilda. Gunhilda og variantar av namnet går tilbake til det norrøne gunnr som over, samt hildr som tyder «strid». Her nemner Wiktionary eit ord som tidlegare var ukjent for meg: «pleonasme». Det kom til engelsk (og er òg tatt opp i norsk) og kjem frå latin pleonasmus frå gamalgresk πλεονάζω (pleonázō): å vere overflødig; opphavet til dét er πλείων (pleíōn som tyder «meir». Gunhild tyder altså «stridstrid» – retteleg ein pleonasme.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

Jeg har nå valgt å ta sjansen på å la alle som ønsker skrive en kommentar. For å forhindre uønskede robotkommentarer, har jeg valgt å slå på kommentarmoderering.

Ta hensyn, og les over det du har skrevet før du sender det.