lørdag 5. mars 2022

Digestane 28.5.49.1: ugudeleg framferd Ⅱ

Bilete av ryggen på Corpus Jūris Cīvīlis

Eg tenkte det hadde vore artig å fortsette på den serien eg la opp til for eit par postar sidan, då eg skreiv om ugudeleg framferd i Digestane for fyrste gong. Nøkkelordet eg søkte opp då i Digestane var sacrilegus, der eg fann 11 treff (som eg tek opp att i kommentarboksen på sida her). I tillegg til dei elleve orda, var det òg tre treff på variantar av impius, nemleg Dig. 28.5.49.1, Dig. 29.2.71pr. og Dig. 37.15.1.2. Sistnemnde har eg allereie omsett; i denne posten skal eg ta fore meg den fyrste, og so kjem eg attende til den siste av dei tre seinare.

Omsetjingar av passasjar i digestane som handlar om ugudeleg og udedig framferd

Treff på sacrilegus
  • Dig. 1.18.13pr.
  • Dig. 10.2.4.2
  • Dig. 12.5.2pr.
  • Dig. 45.1.27pr.
  • Dig. 48.13.4.2
  • Dig. 48.13.6
  • Dig. 48.13.7
  • Dig. 48.13.11.1
  • Dig. 48.19.16.4
  • Dig. 48.2.7.5
  • Dig. 48.4.1pr.
Treff på impius

Lista blir oppdatert med lenkjer etter kvart som eg tek dei for meg.

Meir om ordet impius

Nøkkelordet med har med å gjere her er altså impius. Ordet har trykk på tredje siste staving (altså den fyrste), sidan nest siste og siste staving er korte. Med heilt korrekt uttale, er den fyrste stavinga ein nasal i (/ĩ/), ikkje ein vanleg i følgd av m (feil: /im/). Heile ordet er altså /ˈĩ.pi.ʊs̠/. Streken under s-en tyder at det er ein tilbaketrekt s, altså ein s midt mellom vår s- og sj-lyd. Kvifor? I språk som ikkje har denne skilnaden, er den naturlege s-lyden midt mellom; det er fyrst når språket (eller rettare: viss språket) utveklar ein skilnad mellom desse to lydane, at dei får tydingsberande funksjon, at s-en må flyttast framover. For oss kjenst det litt unaturleg, sidan me er so vane med å seie s-en vår slik; han kjenst nok meir avslappa ut for oss, men i til dømes både gamalgresk og moderne gresk, har ein denne lyden, tilsvarande òg hjå naboen vår Island, eller so langt borte som i Øst-Asia. Det er ikkje utan grunn at amerikanarar synast det er so artig i filmar å få asiatar til å seie ord som city burger.

So kva tydar eigenleg nøkkelordet vårt impius? Ordboka har mange tydingar, akkurat som med pius:

impius, adj. ugudelig, syndig, pliktforglemmende, respektløs, ukjærlig; homo, manus, bellum; in deos, in patrem.

Latinsk ordbok, fjerde reviderte utgåve, Cappelen 2007.

im-pius 3 gudlaus, vyrdlaus, samvitslaus, brotsleg; cives, C[aesar]; manus; ensis, O[vidius]; Tartara der dei gudlause bur,V[ergilius].

Latinsk ordbok av Asgaut Steinnes og Eirik Vandvik, Det norske samlaget, Oslo 1958.

Med denne ammunisjonen kan me ta fatt på å prøve å omsetje dagens «bibeltekst»: Digestane 29.2.71pr.

Digestane 28.5.49.1

Me går rett på sak. Bok 28 handlar i hovudsak om arv og testamente, og kapittel 5 gjeld utnemning av arvingar. Paragrafen 49 innleiar med å seie at Hīs verbīs: " titius hērēditātis meae dominus ēsto", rēctē īnstitūtiō fit.: Med ord [som] desse, Titius skal vere herren over godset mitt har ein rettmessig gjort ein skipnad. Etter dette kjem fyrste underledd, som lyd slik:

Digesta. 28.5.49.1
Mārciānus [librō] 4 Īnst[itūtiōnibus]
Illa īnstitūtiō valet: fīlius meus impiissimus male dē mē meritus hērēs estō: pūrē enim hērēs īnstituitur cum maledictō et omnēs hūjusmodī īnstitūtiōnēs receptae sunt.

Denne skipnaden er rettskraftig: Den mest vyrdlause sonen min, [som har] fortent so låkt frå meg, skal vere arving, for retteleg gjerast han til arving med hæding, og alle skipnadar av dette slaget blir godtekne.

Digestane 28.5.49.1

Sluttmerknadar

Merknad 1

Eg reknar med at dei fleste ikkje har vore borti ordet «hæding»; det hadde heller ikkje eg gjort, om det ikkje var for den fantastiske ordboka eg sit med frå 1958. Ordet kjem frå norrønt hæðing og tyder «spott». Er det ikkje fantastisk?

Merknad 2

Eg er usikker på korleis eg eigenleg skal forstå setningsbygnaden i leddet pūrē enim hērēs īnstituitur cum maledictō. Kvifor er hērēs i nominativ? Setninga er ein passivkonstruksjon, so det eg trur skjer her, er den refleksive bitydinga ein passivkonstruksjon kan ha. Nils Sjöstrand seier dette:

2. Passivum.

a. Passivum av transitiva verb har ofta reflexiv betydelse. Man översätter med reflexiva eller intransitiva verb, som ofta ha samma innebörd (’bege sig = gå, fara, resa’)

Nils Sjöstrand: Ny latinsk grammatik, Gleerups förlag, Malmö 1960, § 70:2.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

Jeg har nå valgt å ta sjansen på å la alle som ønsker få kommentere. For å forhindre uønskede robotkommentarer, har jeg valgt å slå på kommentarmoderering.

Ta hensyn og les over det du har skrevet før du sender det; et lite øyeblikk ekstra kan ofte gjøre verden et lite knepp bedre.