torsdag 31. mars 2022

Dikt til spelarane mine: Invitasjon til nordvestkalamarisk skrivemånad

Å ta bussen er bra: Ein får tid til å tenkje, tid i fred og ro, ein slepp å irritere seg over andre trafikantar, og kan – viss ein legg frå seg nettlesaren, YouTube og Twitter – få tid til å tenkje ein tanke eller to som ein kanskje ikkje har tenkt før; å kjede seg litt er faktisk ikkje så dumt. So mens eg sat på bussen, fekk eg lyst til å skrive, og so datt det ei rytmekjensle i hovudet mitt, og so fekk eg lyst til å utforske språket litt. Her er resultatet:

I morgon, i morgon, ja, då byrjer moroa tida då alle med rollespeldraumar, tida då de som vil knuse og mose alt de eg byggjer og skapar og brengjer so de kan leve i von: Von om å finne eit sjon, sjon som får pralande kjerringsnakkvengjer, sjon som blir bore på angande gose, sjon av ein lovnad om velstandsovflaumar. Tru meg, dei renn vekk, de er utan oktroa. Øv difor sosial interaksjon!

Ordforklaringar og kontekst

Invitasjon til nordvestkalamarisk skrivemånad.
Invitasjon til nordvestkalamarisk skrivemånad 2022.
brengje
verb: brengje/-a eller brenge/-a (-ng(j)er, -ngde, -ngt; brengd, brengt, brengde, brengde; brengande)
tyding:
  1. bryte, rengje, vri (på noko)
  2. vere trong, gå trongt
  3. tvinge (fram)
von
håp
sjon
syn; føredøme
prale
verb: prale/prala (-ar, -a, -a; prala, prala, prala, prala; pralande)
tyding: skryte, kyte, briske seg
ovflaum
stor flaum
oktroa
substantiv (m)
frå fransk
før: offentleg konsesjon, løyve

Kontekst

I år som i fjor blei alle spelarane inviterte til å vere med på nynorskskrivemånad, for å gjeve dei ein arena der dei trygt kan utfordre seg sjølve til noko dei ikkje er vane til. Hackmaster har eit system for sosiale interaksjonar som tek hensyn til kva rase spelaren er, kor sjarmerande og pene dei er, kor godt dei talar språket; og dessutan kva yrke den ein prøvar å inngå sosiale kontakt med har, slik at soldatar er meir mistenksame, medan seljarar er meir opne for kontakt. Resultatet ein får på denne sjekken avgjer kor mykje ein må justere sosiale evnesjekkar med.

Eg har forresten havna på følgjande omsetjingar av dei engelske orda ein brukar i rollespel:
attack: åtak/angrep ❦ battle: kamp ❦ defense: forsvar ❦ skill: evne (tidlegare «ferdigheit») ❦ talent: talent ❦ proficiency: kunne/kunnen (tidlegare «yrke», men det blei for snevert i Hackmaster) ❦ arcane magic: esoterisk magi eller trolldom ❦ divine magic: guddommeleg magi eller trolldom, eller mirakel ❦ abilities: grunntrekk (tidlegare «eigenskap»)
Eg synest desse orda verker godt til dagleg bruk.

Dessutan høyrer det med til historia at dei eventyra eg har skrive til Frandorborg, lèt dei fastbuande tale ei brei dialekt som i skrift blir attgjeven med gamal, landsmålsaktig nynorsk. Dei som er med tapar ikkje noko på å ikkje vere med, mens dei som blir med, får sjansen til å tene seg nokre ekstra sosiale heppepoeng som dei kan bruke i spelet.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

Jeg har nå valgt å ta sjansen på å la alle som ønsker skrive en kommentar. For å forhindre uønskede robotkommentarer, har jeg valgt å slå på kommentarmoderering.

Ta hensyn, og les over det du har skrevet før du sender det.