tirsdag 1. mars 2022

Digestane: Om sjarlatanar

Bilete av ryggen på Corpus Jūris Cīvīlis

Eg held på å lese James B. Rives si bok Religion in the Roman Empire (Blackwell Publishing, 2007), ei bok me hadde som pensum i emnet «antikkens religionar», og har nett gjort meg ferdig med kapitlet Religious Options. I eit avsnitt der han snakkar om kva dei sa at profetar og andre heilage kunne gjere, kjem han med ein referanse til Digestane, som har halde seg overraskande godt til i dag, så da har me ein gyllen sjanse til å få litt latin og omsetjing å kose oss med.

Om usedvanleg juridisk framsyn

Det var overraskande å lese denne passasjen; som eg nemnde over fann eg han då eg leste om lækjarar og anna. Eg laga jo for ei tid tilbake ein komplett database over Digestane, slik at eg skulle kunne leite fram tilknytte passasjar (for min del primært om sjølvdrap) på ein enklare måte enn å gjere grunnleggjande ordsøk. Så med passasjen Rives synte til, nedanståande, har eg no ei grunn til å leite fram om det er fleire liknande passasjar å sjå på til seinare. I alle høve, her er tekstutdraget:

Latinsk grunntekst
Dig. 50.13.1.3

Ulpiānus 8 dē omn[ibus] trib[ūnīs]

Medicōs fortassis quis accipiet etiam eōs, quī alicūjus partis corporis vel certī dolōris sānitātem pollicentur: ut puta sī auriculārius, sī fistulae vel dentium. Nōn tamen sī incantāvit, sī inprecātus est, sī, ut vulgārī verbō impostōrum ūtar, sī exorcīzāvit: nōn sunt ista medicīnae genera, tametsī sint, quī hōs sibi prōfuisse cum praedicātiōne adfirment.

Norsk omsetjing
Digestane, 50. bok, 13. kapittel, 1. del, 3. ledd

Ulpiān, 8. bok: Om alle tribunalar

Lækjarar forstår ein, må ein tru, likeså dei som lovar lindring til kvar og ein kroppsdel eller av [kvar og ei] smerte: det vere seg viss [det er] ei øyreliding, viss [det er] fistlar eller tann[pine]. Men det [gjeld] ikkje viss han forheksar, han påkallar [ting], viss (for å omtale det med det folkelige ordet) han har gjort utdrivingar: Slike slags ting er ikkje frå medisin, sjølv om det finnast dei som stadfestar med lovprising at desse tinga har vore til nytte for dei.

Om tribunen og tribunalen

Ikkje alt som står er like beint fram å forstå, ikkje ein gong i omsetjing. Eg skal difor prøve å forklare nokre av framandorda på ein så kort og konsis måte som mogleg her.

Tribun og tribunal

Ein tribun var opphavleg ein militær tittel brukt om ein rytteriførar, men kunne òg omtale ein mann som var sett til å lede senatet eller folkeforsamling på ordre frå kongen. Då militæret vart omorganisert, blei tittelen brukt om den høgst rangerte offiseren i legionen (ein tribūnus mīlitum). I seinare tid endra tittelen seg til å gjelde embetsmenn som tribūnī plebis: Desse var magistratar valde av den gemene hopen – plebeiarane – for å take vare på deira interessar i opposisjon til aristokratiet (patrisiarane). Desse folketribunane hadde rett til å fenglse konsular som handla mot plebeiarane sine interesser, og dei hadde dessutan vetorett. (SNL.no: tribun og Vlassopoulos, Kostas: Politics : Antiqvity & Its Legacy, I. B. Tauris, London & New York 2010, ss. 8f.) Sjølve namnet frå dei kjem av det latinske ordet for stamme, tribus (med kort i), som kjem av det anten protoindoeuropeisk *triðus eller *triβus. Første ledd kjenn me att som talet tre. Siste ledd derimot tyder anten å setje, plassere; eller å vekse, kome til syne. Ein får då at tydingane av ordet anten var tredelt, satt trefaldig eller vaksen til tre. (Wiktionary: tribus.) Og ja, dette er opphavet til det engelske ordet tribe.

Tribunalen blei ei forlenging av tribun: bygget eller strukturen der tribunane utførte embetet sitt frå. Eg trur me i lovmessig samanheng må forstå ordet brukt om funksjonen, ikkje om strukturen.

I dømet her, vert nok tribunal brukt ikkje om staden, men om funksjonen, men då ikkje om personen. Difor synast det for meg å vere rettare at eg omset det med «tribunalar» heller enn «tribunar», sjølv om dette ikkje samsvarar med slik med forstår ordet i dag.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

Jeg har nå valgt å ta sjansen på å la alle som ønsker skrive en kommentar. For å forhindre uønskede robotkommentarer, har jeg valgt å slå på kommentarmoderering.

Ta hensyn, og les over det du har skrevet før du sender det.