fredag 18. mars 2022

Språket vårt: «de» eller «dem»:
Om preposisjonar og omskrivingsmetoden

Etter å ha grubla litt over kva eg skreiv tidlegare om bruken av de og dem, eller i nynorsk dei og dei (men når ein talar des: De og Dykk!), kom eg til å tenkje på to ting: Eg sa ingenting om preposisjonar og objektform; og eg sa ingenting om omskrivingsmetoden. Her skal eg oppklare og forklare litt nærare kva dette er.

Bilde av tekstspalter fra Samlagets Ordbok for grunnskolen : Nynorsk. Foto: Tor-Ivar Krogsæter.

Tekstspalter i Samlagets Ordbok for grunnskolen : Nynorsk. Gammeldagse ordbøker i papirform har fortsatt nytte, skjønt denne er det kanskje ikke lenger behov for.

Foto: Tor-Ivar Krogsæter. Creative Commons Attribution-NonCommercial-ShareAlike 4.0 International License.

Preposisjonar og kasus

Kort om kasus

Dei som har lært seg andre europeiske språk enn engelsk, har vanlegvis vore borti kasus. Kva er kasus? Ordet kjem frå latin (som so mykje anna i språkvitskap): cāsus (genitiv cāsūs og fleirtal cāsūs, ikkje *cāsī (!) – ordet er blant dei få orda som høyrer til fjerde deklinasjon, så dersom ein seier eitt kasus, men fleire kasi, snakkar ein om ei sak, men øya Casos sitt eller elva Casus sitt. (For meir om dette, sjå kommentaren på sida.) Det heiter altså nom. ille cāsus, akk. cāsum, gen. cāsūs, dat. cāsuī, abl. cāsū; nom. illī cāsūs, akk. cāsūs, gen. cāsuum, dat. cāsibus, abl. cāsibus når ein talar om eit kasus. Men når ein talar om øya Casus eller Casos eller Kásos i Egeerhavet, heiter det nom. illa Casus, vok. Case, akk. Casum, gen. Casī, dat. Casō, abl. Casō, lok. Casī (hugs at land, øyer, byar, trær, småvekster og plantar stort sett er hokjøn). Eller når ein talar om elva Casus i det kaukasiske Albania, heiter det nom. ille Casus, vok. Case, akk. Casum, gen. Casī, dat. Casō, abl. Casō (ingen lokativ). Merk da òg at elva og øya har kort rotvokal, medan saken (altså kasuset) har lang vokal (som tilfeldigvis samsvarar med korleis med uttalar det på norsk). Kasus blir nytta for å seie noko om kven som gjer kva, kven noko skjer med, eller kva noko blir gjort med: Har ein nominativ, veit ein kven eller kva som gjorde det; har ein vokativ, veit ein at den eller det som blir nemnt med namn blir tiltala, ikkje berre snakka om; har ein akkusativ, veit ein kven eller kva det direkte blei gjort med; har ein dativ, veit ein kven eller kva som indirekte blei påverka av det noko blei gjort med – der me i norsk hadde sagt til dømes til Markus, greier ein seg i latin med å berre seie Mārcō; har ein ablativ, veit ein kva eller kven ein fór frå, eller med kva noko blei gjort; og har ein lokativ, veit ein staden der noko skjedde.

Språka me kjenner til tenderer mot færre og færre kasus. Gresk hadde ablativ, men det blei slukt av genitiv, på same måte som instrumentalis og lokativ blei slukt av dativen; latin hadde eit levande lokativ, men det blei i stor grad slukt av ablativ. Norsk hadde fire levande kasus (nominativ, akkusativ, genitiv og dativ), men i skrift er dei så godt som borte: Akkusativ lever i dag berre i pronomen, dativ er dødt og den ablative eller lokative genitivfunksjonen lever kun i faste omgrep, så som «mann av huse» (dativ: alle fór ut) kontra «mann av huset» (litt dårleg norsk som tyder omtrent huset sin mann, mannen som styrer huset); «i live» (dativ: levande) kontra «i livet» (i løpet av tida ein lev); eller «til fjells» (gamal genitiv, på fjellet).

I dialekt står det litt betre til: æinnj skog, ti/åt skojinnj, ti skoja (en skog, til skogen, i skogen); æinnj sjø, sjøn, sjønå (en sjø, til sjøen, på sjøen). I Nord-Norge forsvann dativen for sopass lengje sidan, at sjølv ikkje tante Tone (som var lærar) kunne hugse å ha høyrt nokon bruke det. Per i dag står dativen sterkast i indre Trøndelag, på Vestlandet og i «dalstroka», altså i området frå grensa mot Nordland gjennom det indre av Trøndelag til Nordhordland og Voss og til Hallingdal, Toten, Hedmark og Solør. (SNL: dativ.)

Preposisjonar og akkusativ

Kort sagt er hovudregelen i norsk at alle preposisjonar styrer akkusativ. Det heiter dermed ikkje (i bokmål) «til de», men «til dem» (nynorsk har dei/dei i tredje person fleirtal); ikkje «frå vi», men «frå oss»; ikkje «under du», men «under deg». Kva er preposisjonar? Store norske forklarar:

Preposisjoner er en ordklasse med små ord som ikke bøyes, for eksempel på, før eller av. Preposisjoner binder sammen ord eller fraser, og det leddet som står etter preposisjonen, blir underordnet det som står foran.

Preposisjoner binder sammen ord og fraser litt på samme måte som subjunksjoner binder sammen setninger.

Store norske leksikon: preposisjon.

Det leddet som ein dannar med preposisjonen, kallar me eit preposisjonsledd, og preposisjonsleddet kan vere eit substantiv, eit pronomen og eit verb i infinitiv. Det første stussar neppe nokon på; det andre er av di pronomen er nettopp det namnet seier at dei er: eit ord me nyttar i staden for eit nōmen, ɔ: eit nemneord, ɔ: eit substantiv; og verbet er av di infinitivsformene av verb verkar som substantiv. Døme med verb i presens infinitiv: «Eg likar å syngje.» I denne setninga er eg subjekt, likar verbal, og kva er det eg likar? Eg likar objektet, altså det å syngje. Merk at viss me skriv om setninga til presens indikativ, ser me at ho ikkje lenger er grammatisk: *«Eg likar syngje.» Men me kan skrive ho om til perfektum infinitiv: «Eg likar å ha sunge.» Seier me det same i perfektum indikativ, blir det atter ugrammatisk: *«Eg likar sunge.». Infinitiv kan me altså forstå som ei substantivform av verbet.

Omskrivingsmetoden

Noko av grunnen til at mange slit med om dei skal bruke (bokmål) de eller dem, ligg nok i orda i seg sjølve: Dei er litt fjerne, litt langt der ute, dei er ikkje berre tredje person som allereie er fjernt frå oss, men tredje person fleirtal: Grupper blir gjerne endå fjernare for oss enn enkeltmenneskje. Ein veldig enkel måte å omgå dette på, er med å gjere omskriving og forenkling. Metoden går ut på at ein fjernar so mange unødige ledd som mogleg, at ein skriv om til ein person ein sjeldan eller aldri gjer feil med, som til dømes frå tredje person til første person, og at ein byter ut subjunksjonar (som relativpronomenet «som») med personlege pronomen.

I det som kjem vidare, skal me sjå på nokre dømer saksa frå ulike kjelder, som me kan bruke metoden på. I døma har eg framheva feilen, slik at det blir lettare å følgje prosessen.

Samtidig er bred mobilisering en suksessfaktor. Jo større bredde det er i de sosiale gruppene som deltar – fagforeninger, studenter, religiøse organisasjoner, osv. – jo større er sannsynligheten for at protestene også kan påvirke lojaliteten til de som støtter regimet.

Espen Geelmuyden Rød, Marianne Dahl, Haakon Gjerløw og Hanne Fjelde:
Et folkelig opprør kan bli Putins skjebne,
NRK Ytring, 16. mars 2022 kl. 1030.

Kinas interesser i krigen er langt fra like sterke, og landet har derfor mer begrenset innflytelse enn mange antar. Kina kan ikke bare trykke på en knapp og få Putin til å gjøre som Beijing ønsker. Kina kan heller ikke tvinge frem en forhandlingsløsning. En slik løsning er det først og fremst Russland og Ukraina som avgjør.

Betydningen av interesser forklarer hvorfor svakere parter ofte kan motstå de som er sterkere.

Øystein Tunsjø og Henrik Hiim:
Kina kan ikke stanse Putin,
NRK Ytring, 10. mars 2022 kl. 1456.

Mahmoud Farahmand, Høyre-politikeren som i fjor ble valgt inn på Stortinget, svarte veldig fint på et spørsmål han fikk av en journalist. Journalisten lurte på om han representerte alle med minoritetsbakgrunn fra Vestfold og Telemark.

Mahmoud Farahmand svarte at han representerte alle fra Vestfold og Telemark, og ikke bare de med minoritetsbakgrunn. Det er nettopp den type svar vi politikere med minoritetsbakgrunn bør gi når vi får den type ignorante spørsmål fra journalister som begrenser oss til en ensartet gruppe.

Hadia Tajik:
Mange av navnene som nevnes når man snakker om Tajiks arvtaker har én ting til felles,
Nettavisen, 17. mars 2022 kl. 1155.

Rød m. fl.: jo større er sannsynligheten for at protestene også kan påvirke lojaliteten til *de som støtter regimet

Det første me gjer er å strippe setninga ned, slik at me får berre dei delane som er relevante for analysen. Heile førsteleddet er uviktig her: jo større er sannsynligheten for at; me har dermed setninga protestene også kan påvirke lojaliteten til *de som støtter regimet. Me kan òg fjerne siste del av setninga, samt konjunksjonen «også», slik at me får protestene kan påvirke lojaliteten til *de. Me kan forenkle verbet: protestene påvirker lojaliteten til *de. No har me ei setning som består av eit subjekt, eit verbal, eit direkte objekt og eit preposisjonsledd: protestene påvirker lojaliteten til *de.

Mange synest det er enklare når ein so skriver om setninga til første person eintal, og me ser feilen då endå klårare: protestene påvirker lojaliteten til jeg. Her merkar nok dei fleste at det er noko som ikkje stemmer. Ein kan vidare gjere setnina endå tydelegare med å byte ut substantivet med eit personleg pronomen, til dømes andre person eintal: du påvirker lojaliteten til *jeg. Framleis blir det ikkje rett; det er klårt at det burde vere du påvirker lojaliteten til meg.

Kan me forenkle setninga endå meir? Faktisk ja:

  1. Når me har berre eit subjekt og eit objekt, er det enkelt å skrive om med verbet å slå sidan dette har så tydeleg ein handlande part og ein stakkar som er offer for handlinga.
  2. Når me har setningar som også har indirekte objekt, er verbet å gjeve betre, sidan me instinktivt ventar eit svar på «til kven gjev du?»

Det direkte objektet kan me erstatte me meg viss me kun har subjekt, verbal og direkte objekt (og då verbet å slå), eller med til dømes blomar når me har verbet å gjeve (det indirekte objektet er då meg). Sidan me her har eit indirekte objekt i form av eit preposisjonsledd, kan me erstatte på følgjande vis:

  • protestene er subjekt → du
  • påvirker er verbal → gir
  • lojalitetene er direkte objekt → blomster
  • til dem er preposisjonsledd og indirekte objekt → til meg

Ein får då til slutt at setninga i dømet over protestene påvirker lojaliteten til dem, kan omanalyserast som å tilsvare (vere analog til) du gir blomster til meg – eller, enda meir elegant, sidan me i norsk kan utelate preposisjonen før det indirekte objektet viss me stiller det indirekte objektet framom det direkte objektet: du gir meg blomster.

Tunsjø m.fl.: Betydningen av interesser forklarer hvorfor svakere parter ofte kan motstå *de som er sterkere.
&
Tajik: Mahmoud Farahmand svarte at han representerte alle fra Vestfold og Telemark, og ikke bare *de med minoritetsbakgrunn.

Me kan gjere med desse setningane som me gjorde over: forkorte og forenkle. Betydningen av interesser forklarer hvorfor svakere parter ofte kan motstå de som er sterkere kan me forenkle slik:

No kan det vere at nokon undrar seg over korleis eg kan fjerne heile som-leddet. Det er fordi leddet i praksis verkar som eit adjektiv: Det forklarar substantivleddet. Setninga «ein lortat gut ét» er det same som «ein gut som er lortat ét». (Vyrde fru Chefin og redaktrise, ja, her kunne eg godt ha sett inn eit komma, men det blir so stakkato at eg valde å late vere.) Ein ser då tydeleg at som-leddet er adjektivisk. Med andre ord kan ein skrive om «svakere partar kan tole dei som er sterkare» til «partar, som er svakare, kan tole dei sterkare partane» eller «svakare partar kan tole dei sterkare partane» eller «partar som er svakare kan tole partar som er sterkare»; alle desse setningane seier nøyaktig det same og er strukturelt likeverdige.

  • Betydningen av interesser forklarer hvorfor svakere parter ofte kan motstå *de som er sterkere
  • Svakere parter kan ofte motstå *de som er sterkere
  • Parter motstår *de som er sterkere
  • Parter motstår *de
  • Du motstår *jeg
  • Du motstår meg
  • Tilsvarer:
    Du slår meg

På same vis kan me forenkle Tajik sitt utsagn. Ho sa at Mahmoud Farahmand svarte at han representerte alle fra Vestfold og Telemark, og ikke bare *de med minoritetsbakgrunn. Forenklingsprosessen ser då slik ut:

  • Mahmoud Farahmand svarte at han representerte alle fra Vestfold og Telemark, og ikke bare *de med minoritetsbakgrunn
  • Han representerte alle fra Vestfold og Telemark, og ikke bare *de med minoritetsbakgrunn
  • Han representerte ikke bare *de med minoritetsbakgrunn
  • Han representerte *de med minoritetsbakgrunn
  • Han representerte *de
  • Du representerer *jeg
  • Du representerer meg
  • Tilsvarer:
    Du slår meg

Oppsummering

Ei setning hev objektform når ein har preposisjonsledd og når ein har eit direkte eller indirekte objekt; objekt er objekt. Ein må altså hugse på at 1) viss ein har ein preposisjon, skal det alltid vere akkusativ, altså objektform av pronomenet; og 2) viss ein har objekt i setninga, altså at setninga seier noko om den eller det som direkte eller indirekte vert utsett for handlinga, skal ein ha objektform av pronomenet. Hugs at pronomen berre er erstatting for eit substantiv. Setninga «Eg slår deg» kan like gjerne vere «Kari slår Ola», og setninga «Kari gjev blomar til Ola» er det same som «Kari gjev Ola blomar», som like gjerne kan vere «Du gjev meg blomar» (eller «Du gjev blomar til meg»).

Kort sagt: Er du usikker, forenkl setninga og skriv om, so finn du svaret kjapt. Lykke til! Og hjarteleg velkomen til verda av folk som ikkje lenger skriv og talar som om dei var oslopolitikar. Grøss‽ Me treng ikkje gjere slikt meir, no som me har lært å vite betre enn som so.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

Jeg har nå valgt å ta sjansen på å la alle som ønsker skrive en kommentar. For å forhindre uønskede robotkommentarer, har jeg valgt å slå på kommentarmoderering.

Ta hensyn, og les over det du har skrevet før du sender det.