Eg har skrive lite i det siste på bloggen min, mykje av di eg har hatt lite tid til meg sjølv. No i dag, etter å ha sett Formel 1-laupet i Japan, har me kosetid saman og eg sit med Fantasy Grounds og klargjer til neste speling. Det blir berre betre og betre å bruke, og eg ha oppdaga fleire hurtigtastar som gjer arbeid mykje lettare enn å styre alt med musa, so eg tenkte det kunne vere nyttig for meg (og kanskje andre) å ha ein enkel plass å oppsøkje for å finne hurtigtastane ein kan nytte i Fantasy Grounds, litt slik som eg har ein oversikt over nyttige teikn med hurtigtastar.

Sist oppdatert 6.4.2025. | |
Tekstinntasting | |
---|---|
Brødtekst | Ctrl + 1 |
Overskrift | Ctrl + 2 |
Tale/opplesing | Ctrl + 3 |
Kulepunkt | Ctrl + 4 |
Lenkjeholdar | Ctrl + 5 |
Tabell | Ctrl + 6 |
Ny tabellcelle | Ctrl + ⭾ |