søndag 12. april 2026

Gradering til IV dan (post 2): modellsparring (모범 맛서기)

No er innspurten i gang. Eg var på lokalet i dag (laurdag) og trente, og eg fekk gjort mesteparten av modellsparringa ferdig. Eg har no sett av all fritid framover til innspurt, og byrjer no å kjenne meg førebudd nok. Det einaste som står att å arbeide med no, er sjølvforsvaret og teorien, for eg har ingen å trene sjølvforsvar med og eg har gløymt for mykje av teorien på Ⅱ og Ⅲ dan.

Notatar frå laurdagstrening med fokus på modellsparring. Foto: Tor-Ivar Krogsæter 2026.
Notat frå fritreninga mi 11. april 2026. Denne gongen fokuserte eg ikkje på å øve på koreansken, men på å berre få ned det eg prøvde å gjere og å forkorte det.

Eg kjenner at det er enklare for meg no å take tid til det eg treng i samband med graderinga. Eg har planar om å nytte kvar ein kveld som står att i dei komande vekene til det, med mindre eg er for sliten (for kvile er vel so viktig var det ei klok frue som sa). Det viktigste no er å spikre på plass mønsterhistoriene og å få alt av sparring klårt til graderinga. I dag fokuserte eg på å få prøvd ut modellsparringane mine og å øve på dem, og eg laga nokre nye med. Her er den fullstendige modellsparringa mi (som kanskje kan bli endra noko dei neste vekene.

Eg har teke med forklåringa på kva modellsparring er frå den opphavlege posten min.

Modellsparring (repetert forklåring)

Kva er eigenleg modellsparring? Det er ein type arrangert sparring der ein fyrst syner teknikken ein skal gå i sakte rørsle, for å vise fram styrke og balanse, deretter i normal rørsle (altså vanleg taekwon-do-teknikkrørsle) med ein eventuell vri på slutten. Det vanlege er at åtaket er gåstilling punch og at forsvaret består av tre–sju teknikkar.

I denne sekvensen har eg gåstilling middels rett punch som åtak på samtlige.

Teikn‑ og forkortingsforklåring:

Vnd.
vending
Rtn.
retning
St.
stilling
V
venstre
H
høgre
vf
venstre fot
hf
høgre fot
sett ned foten
⇧⬀⇨⬂⇩…
flytt foten i retninga pila syner
모범 맛서기 – Modellsparring til Ⅳ dan-gradering
Detaljert Kort versjon
Vnd. Rtn. Stilling Teknikk St. Fot Rtn. Teknikk
1 V gåstilling middels rett bogeblokk med handflate 2 bogeblokker
middels omvendt bogeblokk med handflate
middels rett slag med front olboge r. olboge
H vf ⇧ bakfotstilling oppoverblokk med handflate bak vf oppover handflate
H hf ⬂ gåstilling høgt omvendt slag med olboge hf h. olboge
V pressande spark i bakfoten
raskt: fellande nedoverspark over rygg/nakke
pressende spark
raskt: nedoverspark
2 V gåstilling middels omvend bogeblokk med handflate omv. bogeblokk
H hf ⇧ bakfotstilling nedoverblokk med underarma bak hf nedoverblokk underarm
middels punch med midtre knoke punch midtre knoke
H vf ⬃ gåstilling rett punch med open knyttneve vf punch open knyttneve
V lågt front snapspark med kne front snap kne
H vf ⤓
hf⇩
gåstilling høgt halvsirkelpunch vf
hf

h. halvsirkelpunch
3 V gåstilling middels rett sideblokk med knivhand sideblokk knivhand
høgt omvendt støt med dobbel finger omv. støt dobbel finger
høgt rett slag med halvsirkelhand h. slag halvsirkelhand
V hf ⇧ X-stilling høgt innoverslag med tvilling knivhand X hf innoverslag tvilling knivhand
høgre fot oppoverspark med kne hf oppoverspark kne
2 steg ⇨ høgre høgt omvend svingspark 2 steg omv. sving
4 V vf ⬃ gåstilling W-form-blokk med knivhand vf W kniv
vf ⇩ høgre fot lågt front snapspark vf lågt front snap
V hf ⬂ gåstilling høgt omvendt støt med flat spydhand hf omv. flat spydhand
vf ⬀ høgre middels omvend krokspark
høgt sidespark
vf omv. krok‑
sidespark
H hf ⬁ gåstilling middels omvend olbogeslag hf omv. olboge
5 vf ⇩ høgre middels halvsirkelspark vf m. halvsirkelspark
høgre middels gjennomtrengjande sidespark m. sidespark
H hf ⤓ gåstilling oppadgåande blokk med X-knivhand hf oppad X
middels rett punch med handflata på olbogen (YS) m. punch (YS)
vf ⇧ parallell stilling høgre vinkelpunch prl. vf h. vinkelpunch
V vf ⇩ vertikalstilling nedoverpunch med side knyttneve vrt. vf nedoverpunch
H vf ⇩ fiksert stilling u-form-punch fx. vf U-punch
6 H vf ⇧ L-stilling middels garderingsblokk med underarma L-st vf m. gardering underarm
V snu ↷ høg utoverblokk med underarm (SI) snu h. utoverblokk underarm
vf ⇦ gåstilling lågt støt med høgre oppadvende spydhand vf l. støt oppadv. spydhand
høgre pressande sidespark hf pressande sidespark
høgre middels gjennomtrengjande sidespark
raskt: feiespark
m. sidespark
raskt: feiespark
høgre høgt gjennomtrengjande sidespark
raskt: 360° svingspark
h. sidespark
raskt: 360° sving
Det kan vere at eg gjer nokre endringar på 5 og 6. 1–4 er eg ferdig med, skulle eg meine.
Nummer 5 er bygd på Yu-sin teul; nummer 6 er bygd på Sam-il teul.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

Jeg har nå valgt å ta sjansen på å la alle som ønsker få kommentere. For å forhindre uønskede robotkommentarer, har jeg valgt å slå på kommentarmoderering.

Ta hensyn og les over det du har skrevet før du sender det; et lite øyeblikk ekstra kan ofte gjøre verden et lite knepp bedre.