Viser innlegg med etiketten Sotra taekwon-do-klubb. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sotra taekwon-do-klubb. Vis alle innlegg

søndag 12. april 2026

Gradering til IV dan (post 2): modellsparring (모범 맛서기)

No er innspurten i gang. Eg var på lokalet i dag (laurdag) og trente, og eg fekk gjort mesteparten av modellsparringa ferdig. Eg har no sett av all fritid framover til innspurt, og byrjer no å kjenne meg førebudd nok. Det einaste som står att å arbeide med no, er sjølvforsvaret og teorien, for eg har ingen å trene sjølvforsvar med og eg har gløymt for mykje av teorien på Ⅱ og Ⅲ dan.

Notatar frå laurdagstrening med fokus på modellsparring. Foto: Tor-Ivar Krogsæter 2026.
Notat frå fritreninga mi 11. april 2026. Denne gongen fokuserte eg ikkje på å øve på koreansken, men på å berre få ned det eg prøvde å gjere og å forkorte det.

Eg kjenner at det er enklare for meg no å take tid til det eg treng i samband med graderinga. Eg har planar om å nytte kvar ein kveld som står att i dei komande vekene til det, med mindre eg er for sliten (for kvile er vel so viktig var det ei klok frue som sa). Det viktigste no er å spikre på plass mønsterhistoriene og å få alt av sparring klårt til graderinga. I dag fokuserte eg på å få prøvd ut modellsparringane mine og å øve på dem, og eg laga nokre nye med. Her er den fullstendige modellsparringa mi (som kanskje kan bli endra noko dei neste vekene.

Eg har teke med forklåringa på kva modellsparring er frå den opphavlege posten min.

Modellsparring (repetert forklåring)

Kva er eigenleg modellsparring? Det er ein type arrangert sparring der ein fyrst syner teknikken ein skal gå i sakte rørsle, for å vise fram styrke og balanse, deretter i normal rørsle (altså vanleg taekwon-do-teknikkrørsle) med ein eventuell vri på slutten. Det vanlege er at åtaket er gåstilling punch og at forsvaret består av tre–sju teknikkar.

I denne sekvensen har eg gåstilling middels rett punch som åtak på samtlige.

Teikn‑ og forkortingsforklåring:

Vnd.
vending
Rtn.
retning
St.
stilling
V
venstre
H
høgre
vf
venstre fot
hf
høgre fot
sett ned foten
⇧⬀⇨⬂⇩…
flytt foten i retninga pila syner
모범 맛서기 – Modellsparring til Ⅳ dan-gradering
Detaljert Kort versjon
Vnd. Rtn. Stilling Teknikk St. Fot Rtn. Teknikk
1 V gåstilling middels rett bogeblokk med handflate 2 bogeblokker
middels omvendt bogeblokk med handflate
middels rett slag med front olboge r. olboge
H vf ⇧ bakfotstilling oppoverblokk med handflate bak vf oppover handflate
H hf ⬂ gåstilling høgt omvendt slag med olboge hf h. olboge
V pressande spark i bakfoten
raskt: fellande nedoverspark over rygg/nakke
pressende spark
raskt: nedoverspark
2 V gåstilling middels omvend bogeblokk med handflate omv. bogeblokk
H hf ⇧ bakfotstilling nedoverblokk med underarma bak hf nedoverblokk underarm
middels punch med midtre knoke punch midtre knoke
H vf ⬃ gåstilling rett punch med open knyttneve vf punch open knyttneve
V lågt front snapspark med kne front snap kne
H vf ⤓
hf⇩
gåstilling høgt halvsirkelpunch vf
hf

h. halvsirkelpunch
3 V gåstilling middels rett sideblokk med knivhand sideblokk knivhand
høgt omvendt støt med dobbel finger omv. støt dobbel finger
høgt rett slag med halvsirkelhand h. slag halvsirkelhand
V hf ⇧ X-stilling høgt innoverslag med tvilling knivhand X hf innoverslag tvilling knivhand
høgre fot oppoverspark med kne hf oppoverspark kne
2 steg ⇨ høgre høgt omvend svingspark 2 steg omv. sving
4 V vf ⬃ gåstilling W-form-blokk med knivhand vf W kniv
vf ⇩ høgre fot lågt front snapspark vf lågt front snap
V hf ⬂ gåstilling høgt omvendt støt med flat spydhand hf omv. flat spydhand
vf ⬀ høgre middels omvend krokspark
høgt sidespark
vf omv. krok‑
sidespark
H hf ⬁ gåstilling middels omvend olbogeslag hf omv. olboge
5 vf ⇩ høgre middels halvsirkelspark vf m. halvsirkelspark
høgre middels gjennomtrengjande sidespark m. sidespark
H hf ⤓ gåstilling oppadgåande blokk med X-knivhand hf oppad X
middels rett punch med handflata på olbogen (YS) m. punch (YS)
vf ⇧ parallell stilling høgre vinkelpunch prl. vf h. vinkelpunch
V vf ⇩ vertikalstilling nedoverpunch med side knyttneve vrt. vf nedoverpunch
H vf ⇩ fiksert stilling u-form-punch fx. vf U-punch
6 H vf ⇧ L-stilling middels garderingsblokk med underarma L-st vf m. gardering underarm
V snu ↷ høg utoverblokk med underarm (SI) snu h. utoverblokk underarm
vf ⇦ gåstilling lågt støt med høgre oppadvende spydhand vf l. støt oppadv. spydhand
høgre pressande sidespark hf pressande sidespark
høgre middels gjennomtrengjande sidespark
raskt: feiespark
m. sidespark
raskt: feiespark
høgre høgt gjennomtrengjande sidespark
raskt: 360° svingspark
h. sidespark
raskt: 360° sving
Det kan vere at eg gjer nokre endringar på 5 og 6. 1–4 er eg ferdig med, skulle eg meine.
Nummer 5 er bygd på Yu-sin teul; nummer 6 er bygd på Sam-il teul.

lørdag 31. januar 2026

Gradering til IV dan (post 1): modellsparring (모범 맛서기) I

Etter 27 år som utøvar og 23 år som svartbelte, er det endeleg klårt til at eg skal gradere meg til IV dan. Under NM 2025 sat eg med søknaden min og på lillejulaften 2025 fekk eg e-post frå grand master Andresen med beskjed om at søknaden min var godkjent, og etter det har fokuset vore på førebuing mot graderinga. I nokre postar framover, skal eg dele modellsparringa eg lagar meg; og etter kvart kjem det meir om graderingsførebuinga for øvrig.

Notatark frå fritrening med teknikkane til modellsparringa mi skrivne med hangeul.
Notatar under fritrening for å øve på å skrive koreansk og å øve på teorien min. Det var fleire ord eg ikkje hugsa, oppdaga eg.

Modellsparring

Kva er eigenleg modellsparring? Det er ein type arrangert sparring der ein fyrst syner teknikken ein skal gå i sakte rørsle, for å vise fram styrke og balanse, deretter i normal rørsle (altså vanleg taekwon-do-teknikkrørsle) med ein eventuell vri på slutten. Det vanlege er at åtaket er gåstilling punch og at forsvaret består av tre–sju teknikkar. Eg byrja å jobbe på dei no i januar, og har fått tre klåre so langt, skjønt det kan hende eg gjer om på den fyrste frå éi veke siden, av di den fyrste eg laga på fritreninga i dag blei ganske lik den eg hadde frå før.

Etter kvart har eg von om å få teke nokre bilete med som syner korleis det ser ut; inntil vidare er det berre teknikkforklåring.

모범 맛서기 – Modellsparring til IV dan-gradering, forsvar 1–3
Åtak Forsvar
Norsk 한글 Moderne* ITF* Norsk* 한글 Moderne* ITF*
gåstilling middels rett punch 걷는 서 가운데 바로 지르기 geonneun seo gaunde paro jireugi gunnun so kaunde baro jirugi 1 venstre gåstilling middels rett bueblokk med handflata 왼 걷는 서 손바닥 가운데 바로 걸자 막기 oen geonneun seo sonbadak gaunde paro geolja makgi wen gunnun so sonbadak kaunde baro golcho makgi
2 middels omvend bueblokk med handflata 손바닥 가운데 반대 걸자 막기 sonbadak gaunde pandae geolja makgi sonbadak kaunde bandae golcho makgi
3 middels rett slag med front olboge 앞 팔꿈 가운데 바로 때리기 ap pal-kkum gaunde paro ttaerigi ap palkup kaunde baro taerigi
4 i olbogen til motstandaren:
bakfotstilling oppoverblokk med håndflate
뒷발 서 손바닥 올려 막기 dwitbal seo sonbadak ollyeo makgi dwitbal so sonbadak ollyo makgi
5 høgre fot ut på skrå: gåstilling høyt omvendt slag med albue 걷는 서 팔꿈 높은데 반대 때리기 geonneun seo pal-kkum nop-eun-de bandae ttaerigi gunnun so palkup nopunde bandae taerigi
6 felling: pressende punch 눌러 지르기 nulleo jireugi noollo jirugi
venstre gåstilling middels rett punch 걷는 서 가운데 바로 지르기 왼 geonneun seo gaunde paro jireugi wen gunnun so kaunde baro jirugi 1 middels omvendt bueblokk med håndflate 손바닥 가운데 반대 걸자 막기 sonbadak gaunde bandae geolja makgi sonbadak kaunde bandae golcho makgi
2 venstre fot bakover: bakfotstilling nedoverblokk med underarm 왼 발 뒤로: 뒷발 서 팔목 내려 막기 oen bal dwiro: dwitbal seo palmok naeryeo makgi wen bal dwiro: dwitbal so palmok naeryo makgi
3 middels punch med midtre knoke knyttneve 중지 주먹 가운데 지르기 jungji jumeok gaunde jireugi joongji joomuk kaunde jirugi
4 høgre fot side-bakover: gåstilling høyt rett punch med åpen knyttneve 오른 발 옆뒤로: 걷는 서 편 주먹 높은데 바로 지르기 oreun bal yeopdwiro: geonneun seo pyeon jumeok nop-eun-de paro jireugi orun bal yopdwiro: gunnun so pyon joomuk nopunde baro jirugi
5 høyre fot: lavt front snapspark med kne 오른 발: 무릎 낮은데 앞 차 부시기 oreun bal: mureup najeunde ap cha busigi orun bal: moorup najunde ap cha busigi
6 gåstilling høyt slag med albue 걷는 서 높은 팔꿈 때리기 geonneun seo nop-eun pal-kkum ttaerigi gunnun so nopun palkup taerigi
gåstilling middels rett punch 걷는 서 가운데 바로 지르기 geonneun seo gaunde paro jireugi gunnun so kaunde baro jirugi 1 gåstilling middels sideblokk med knivhånd 걷는 서 손칼 가운데 옆 막기 geonneun seo sonkal gaunde yeop makgi gunnun so sonkal kaunde yop makgi
2 høyt omvendt støt med dobbel finger 두 손가락 높은데 반대 †틀기 du songarak nop-eun-de bandae deulgi doo songarak nopunde bandae tulgi
3 høyt slag med halvsirkelhånd 반달손 높은데 때리기 bandalson nop-eun-de ttaerigi bandalson nopunde taerigi
4 høyre fot forover: X-stilling høyt innoverslag med tvilling knivhånd 오른 발 앞으로: 교차 서 쌍 손칼 높은데 안으로 때리기 oreun bal apeuro: gyocha seo ssang sonkal nop-eun-de an-eu-ro ttaerigi orun bal apuro: kyocha so sang sonkal nopunde anuro taerigi
5 høyre fot: oppover spark med kne 오른 발: 무릎 올려 차기 oreun bal: mureup ollyeo chagi orun bal: moorup ollyo chagi
7 til høyre: tostegs vending → venstre høyt omvendt svingspark 오른쪽에: 이보 옮겨 디디기 → 왼 높은데 반대 돌려 차기 oreunjjoge: ibo omgyeo didigi → oen nop-eun-de bandae dollyeo chagi orun ‡joge: ibo omkyŏ tidigi → wen nopunde bandae dollyo chagi
* Romaniseringsmetoden i leksikonet er ei salig blanding av eldre romanisering med ◌̆ (brevisboge) over o og u for å syne o/ (o) frå eo/ (ŏ) og u/ (u) frå eu/ (ŭ), som som regel ikkje vart med når det blei trykt i Vesten (og er heilt manglande i leksikonet); og moderne romanisering, som eu i Po-eun. Tak sistnemnde som døme: Mønsteret heiter Po-eun tul (ITF-romanisering av 포은 틀), der me har to -vokalar, men den fyrste er romanisert moderne med eu medan den andre er romanisert med u, som opphavleg hadde vore ŭ, der brevisboga har falle bort.
† Desse orda er ikkje sikkert stadfesta enno.
‡ Dette ordet står ikkje i bøkene, men eg antek at det hadde vore romanisert slik.

Dagens glose løyst

Det er nokre ord som har stått i databasen min som uløyste i over ti år, og i dag fann eg ut av eit par av dei. Ordet for vending er 돌기 (ITF: dolgi; moderne: dolgi). I boka står det at ettstegsvending er omgyo didimyo dolgi, men det synte seg at det riktige er 옮겨 디디며 돌기 (ITF: omgyo didimyo dolgi; moderne: omgyeo didimyeo dolgi). Didimyeo kjem av verbet 디디다 (moderne: didida) som tyder ‹å trakke, trø på›; det har partikkelen ‑myeo tyder noko som skjer samstundes med noko anna. Verbet 옮기다 tyder ‹å forflytte, skifte›.

Oppsummert er det altso ikkje noko i uttrykket som tyder at det er eitt steg; det står då og i leksikonet fleire øvingar som seier talet på stega.