I denne nye serien vil eg take for meg mønsterhistoriene (i fyrste omgang for Ⅰ–Ⅲ dan) i taekwon-do: Kva står i boka? Kva er riktig og feil? Kva annan informasjon om dei kan gjere dei lettare å hugse, enklare å forstå og ikkje minst kople historiene saman? Desse postene kjem ikkje til å vere djupdykk i historiene, men ein del djupne kjem eg til å søkje. So godt eg evner, kjem eg til å oppgjeve kjelder og å bruke kjeldene mot kvarandre. Eg kjem til å skrive annankvar post på bokmål og nynorsk, av di eg ønskjer det. Alle postane har ei kort kjeldeoversikt til slutt.
Mønster (teul: 틀)
Denne menyen blir oppdatert med lenkjer etterkvart som eg gjer ferdig historiane.
Mønsterhistoriekoplingar
Fleire av historiene er kopla saman. Eg kjem til å leggje til lenkjer her etter kvart som eg får skrive om desse koplingane.
Namnet
Jeong Mong-ju sitt forfattarnamn Po-eun blir i dag skrive 포은, men i samtida hans var ikkje hangeul (det koreanske alfabetet) enno laga; det blei difor skrive med hanjateikna 圃隱. Å søkje på Naver er ikkje noko hjelp her; der får ein berre at Jeong Mong-ju was often known by his pen name Po Eun.
1.b So kva tyder desse?
Det fyrste teiknet er 圃, som har ljoden pǔ. I dag tyder det gartnar, men jamfør Wiktionary-oppføringa1.a er to utdaterte tydingar gartnar
og frodig
. Desse passar nok betre (skulle eg tru) med kva ein kunne ha forstått av namnet i hans eiga tid.
Det andre teiknet er 隱, som har ljoden yǐn. Det har fleirfaldige tydingar:1.a
- å skjule, dekkje
- å dekkje over
- djup, subtil eller delikat
- faktum, kjensler eller problem ein vil skjule, so ein løyndom
- løyndomsfull eller inneslutta
Merknadar til tydingane
Ved hjelp av hanja-versjonen av Naver kan ein tolke det litt meir (ved hjelp av Google Translate, så tak det med ei klype salt). Eg får opplyst at po (pǔ) tyder grønnsaksåker, grønnsakshage, jordbruksarbeid
; og at eun (yǐn) tyder skjul, å skjule, å vere medlidande
.
Oppsummert
Ut frå det over, kan ein tolke namnet hans som «skjult, løynd hage». Eg veit ikkje noko om diktinga hans, men han var ein høgt rangert embetsmann, so kanskje det låg noko i det? Det blir uansett spekulasjonar frå meg per no.
Mønsterhistorie frå boka og tilleggshistorier
Alle mønsterhistoriene i svartbelteboka er utan tilleggshistorier, slik me får i fargebeltebøkene. Cheong Mong-ju si faktiske levetid var frå 13. januar 1337 til 26. april eller 4. mai 1392, ikkje på 1400-talet; han var altso ein samtidig av general Choe-yeong (1316–1388). Mønsterhistoria som ho står i boka har altso iallfall éin direkte faktafeil (som eg kjenn til), i at ho plasserar han eitt hundreår for seint. Historia i boka er som følgjer:
Po-eun er pseudonymet til den lojale Chong Mong-Chu (1400 e. Kr.), en berømt poet som skrev blant annet:
Jeg vil heller bli korsfestet hundre ganger enn å tjene en annen mester.Dette er kjent for enhver koreanser. Chong Mong-Chu var også en pioner innen fysikken. Diagrammet representerer hans usvikelige lojalitet overfor kongen helt til slutten av Koryo-dynastiet.Andresen 2015: 46
Nøkkelpunkt
- Diagram: 一
- Teiknet 一 (yī)
- Tyding: éin, kvar, heil, enkelt, lik, annan
- Rørsler: 36
- Inga kjend årsak.
- Dessutan: Det er det einaste mønsteret som er delt nøyaktig midt på og speglast.
- Samstundes med
- Choe-yeong
- I Seong-gye (referert i Choe-yeong teul)
- Periode
- Goryeo (918–1392)
- Øvrige punkt
- Olbogestøta gjerast utan å sjå bak seg; dette symboliserer at Po-eun stolte på sine eigne og at det var hans eigne som tok han av dage.
Tilleggsinformasjon frå boka eller andre kjelder
Jeong Mong-ju (정몽주) (13.1.1333 til 26.4.13926.a eller 4. mai 13922.b) levde under Goryeo-dynastiet heilt til det kollapsa. Teiknet 一 (yī) representerer dette: Han var fullstendig lojal til kongen og landet sitt sjølv då det var på randa til å kollapse.
5.b Han var fødd i Gyeongsang som eldste son i ein god familie og blei ein høgtståande embetsmann: ein statstenestemann, politikar og filosof.2.b Dei siste to åra av livet sitt var han statsminister.
Jeong Mong-ju var ein reformator og prøvde å forbetre det fallande Goryeo-riket. Han støtta difor ein del av forslaga til I Seong-gye (이성겨), men nokre av dei andre støttespelarane hans ville skipe eit nytt dynasti, og dette var heilt i strid med den konfusianistiske filosofien hans.2.b
På våren 1392 fekk han høyre at I Seong-gye skulle ha blitt skada i ei rideulukke. Då han nokre veker seinare skulle vitje han for å sjå korleis det stod til med han, hadde han òg planar om å nytte dette høvet til å knuse faksjonen til I. Han blei invitert på ein bankett, og der deklamerte sonen til I Seong-gye, I Bang-won (이방원) (hugseregel på engelsk: I bang one – I shoot one: I Bang-won sine støttespelarar snikmyrda Jeong Mong-ju), som blei den tredje kongen av Joseon og faren til kong Sejong den store, eit dikt til han: Hayeoga (하여가), tolsemdsangen (bokmål: overbærenhetssangen), for å måle hjartet til den lojale undersåtten Jeong Mong-ju og for å overtale han
;1.c, 2.b han ønskte altso at Jeong Mong-ju skulle vere med og danne det nye riket. Jeong Mong-ju svara med Dansimga (단심가), songen til det lojale hjartet, der han stadfesta lojaliteta si og avviste frieriet frå I Bang-won, og heller lovpriste lojalitet til Goryeo:1.b
단심가/丹心歌 – 정몽주/鄭夢周
이 몸이 죽고 죽어 일백 번 고쳐 죽어
백골이 진토 되어 넋이라도 있고 없고
님 향한 일편단심이야 가실 줄이 있으랴.Song of Red Heart by Jeong Mong-ju
Though I die and die again a hundred times,
That my bones turn to dust, whether my soul remains or not.
Ever loyal to my Lord, how can this red heart ever fade away?Songen til det raude hjartet (Dansimga)
Om enn eg døyr og døyr att hundre gongar,
at beina mine blir til støv, anten sjela mi blir att eller ikkje:
alltid lojalt mot herren min – korleis kan dette raude hjartet nokon sinne svinne?Short Poem Haiku7.a
Det var ingen tvil om kor lojaliteta hans var. På veg heim blei han snikmyrda på Sonjuk-brua i Gaeseong av fem av I Seong-gye sine følgjarar.2.b Med dauden hans var det ingen mektige støttespelarar att og Goryeo stod for fall. Litt som med skota i Sarajevo blei dauden hans symbolet på den endelege striden som innleia det nye Joseon-dynastiet, som vara frå 1392 til 1897.
Modifisert historie med ny kunnskap
Her er forslaget mitt til ny historietekst (for min eigen del) med den nye kunnskapen:
Nynorsk
Po-eun teul (포은 틀) var pseudonymet til den lojale Jeong Mong-ju (1333–1392), den siste lojale støttespelaren av Goryeo-dynastiet med statsmakt. Han var mellom anna kjend som poet og skreiv diktet Dansimga (단심가), Songen til det raude hjartet, der han deklamerte at om enn han døydde hundre gongar og beina blei til støv, sjølv om han mista sjela si, kom hjartet hans alltid til å vere lojalt mot herren sin. Diagrammet, det kinesiske teiknet 一 (yī), representerer den usvikelege lojaliteta han synte til kongen heilt til slutten av Goryeo-dynastiet. Olbogeslaga me gjer utan å sjå oss attende symboliserer dette: Han stolte på dei rundt seg, men blei snikmyrda på veg heim etter det siste møtet sitt med sonen til I Seong-gye: den komande kongen av Joseon-dynastiet.
Bokmål
Po-eun teul (포은 틀) var pseudonymet til den lojale Jeong Mong-ju (1333–1392), den siste lojale støttespilleren av Goryeo-dynastiet med statsmakt. Han var mellom anna kjent som poet og skreiv diktet Dansimga (단심가), Det røde hjertets sang, der han deklamerte at om enn han døde hundre ganger og beina blei til støv, selv om han mista sjela si, kom hjertet hans alltid til å være lojalt mot herren sin. Diagrammet, det kinesiske teiknet 一 (yī), representerer den usvikelige lojaliteta han viste til kongen heilt til slutten av Goryeo-dynastiet. Albueslagene vi gjør uten å se oss bakover symboliserer dette: Han stolte på dem rundt seg, men blei snikmyrda på vei hjem etter det siste møtet sitt med sønnen til I Seong-gye: den kommende kongen av Joseon-dynastiet.
Påstandar
Eg har ikkje funne andre kjelder som seier at han var ein pioner i fysikken. Eg har likevel med lina inntil vidare, då ho er ein essensiell del av historia slik ho står i boka.
Kjelder
- Ordbøker:
- Wiktionary
- Naver (koreansk)
- Naver (hanja) – for koreansktalende
- Wikipedia:
- Nihaoma Mandaring Learning Lab: Similar Chinese Characters
- Andresen, Per (2015): Taekwon-do : 1. Dan–4. Dan : Sort belte. Master Per Andresen, National Taekwon-Do Norway, Trondheim.
- UNESCO ICM: Learning Korean History through ITF Taekwondo. Kim Yong-woo.
- Korean Historical Dramas:
- Jeong Mong-ju 정몽주. Bibimgirl.
- Korean LII
Ingen kommentarer :
Legg inn en kommentar
Jeg har nå valgt å ta sjansen på å la alle som ønsker få kommentere. For å forhindre uønskede robotkommentarer, har jeg valgt å slå på kommentarmoderering.
Ta hensyn og les over det du har skrevet før du sender det; et lite øyeblikk ekstra kan ofte gjøre verden et lite knepp bedre.