søndag 9. juni 2024

Korleis få meir enn éin fotnote per line (avgrensa triks)

Historikaren likar ikkje berre fotnoten, han treng han. I gode trykksaker ser ein gjerne fleire korte fotnotar på éi line, men det lèt seg ikkje gjere i ein vanleg teksthandsamar, gjer det vel? Faktisk, jo, men det er med å trikse litt, og det har per no nokre avgrensingar. Her forklarar eg kva eg gjorde og kva eg ikkje har funne ei løysing på enno.

Bilete frå Beate Dignas og Engelbert Winter: Rome and Persia in Late Antiquity : Neighbours and Rivals, Cambridge, 2007, s. 42.
Figur 1: Note 140 og 142 er her på same line som føregåande note. Bilete frå Beate Dignas og Engelbert Winter: Rome and Persia in Late Antiquity : Neighbours and Rivals, Cambridge, 2007, s. 42. Foto: Tor-Ivar Krogsæter 2024.

Eg har skrive om fotnotar eit par gongar før. Den mest utfyllande posten er Typografi Ⅵ: Fot­note­tegn, super- og subskript, der eg tek for meg frå start til slutt kor­leis ein forma­ter­er fot­note­teikn typo­grafisk riktig.

Fotnoten er verk­tøyet histo­rikar­en nyttar for å under­byggje saka si; uten fot­noten, ingen historie­fagleg tekst. (Ja, ein kan jo nytte slutt­notar, men … Nei, lat meg no slippe å bla fram og attende.) Fot­noten til histo­rikar­en tener ei større sak enn berre å vere referanse­apparatet, slik han ofte kan vere i andre typar tekstar; i fot­noten kjem histo­rikar­en gjerne med små ut­fyllande for­klåring­ar som ikkje eigenleg treng å ståd i sjølve teksten, men som likevel kan vere nyttige å få sagt – som ein parentes­merknad, men ikkje fullt so høgt. Sjølv­sagt nyttar me han til reine refe­rans­ar òg, men for oss er han meir enn det.

I biletet frå boka ser ein korleis ein kan gjere det i ein profesjonell trykksak. Her er plassen utnytta maksimalt, men utan å vere samantrykt; brødteksten får den plassen han vil og korte fotnotar som berre har med kort referanseinformasjon blir sette ihop so dei ikkje tek opp unødig plass. So korleis i all verden får ein gjort det i ein vanleg teksthandsamar? (Ja, eg veit at tekst­handsamar ikkje er normert, men som eg meinar eg har nemnd tidlegare: bokmål «å be­handle» er helst «å hand­same» på nynorsk, dermed tekst­hand­samar. Nokon må byrje å nytte ordet, so det kan like gjerne vere eg.) Som kjend for dei som har skrive akademiske tekstar, set ein inn fotnoten med referanse­apparatet i tekst­handsamaren sin. Programmet set inn eit fotnote­anker, og nedst på sida dukkar det same talet opp, men kvart av desse tala kjem på ei eiga line. Det kan vere svært ugunstig viss ein treng eit særleg grundig noteapparat ein stad.

Nedom her skal eg kort syne kva som er vanleg praksis og so syne og forklåre korleis eg endra det, so du kan gjere det same, om du skulle ønskje det til tekstane dine.

Vanleg fotnoteplassering

Bilete av fotnotar etter kvarandre. Bilete: Tor-Ivar Krogsæter
Figur 2: Døme på fotnotar som er veldig korte, men blir ståande etter kvarandre.
Bilete: Tor-Ivar Krogsæter © 2024.

I biletet til høgre (Figur 2) ser ein kor­leis det vanlegvis ser ut i ein tekst ein sjølv skriv i tekst­hand­samarar som Word, Open­Office og Libre­Office. Det er ingen funk­sjon som gjer det mogleg å få dei attmed kvar­andre. Lina er kort, notane står nedom kvar­andre og ut­nyttinga av den lodd­rette flata på arket er dårleg. Dette er ikkje gunstig når det blir eit omfattande note­apparat.

Eg har no nyleg hatt gleda av å korrektur­lese ein doktor­grad i historie om dei norske kommando­soldatane i № 5 Norwegian Troop Inter-Allied Commando. Dei som kjenn slekta vår, veit at gamal­onkel Ludvik (mor sin bror) var blant dei. Eg laga ei eiga fil der eg skreiv meir ut­fyllande kommentarar, og der la eg til fotnotar som markerte kva side eg teksten var på i ori­gina­len. Desse notane markerte eg med den tradisjon­elle serien: *, †, ‡, §, ¶; kommen­tarar til teksten markerte eg på vanleg vis med tal. Men på ei av sidene enda eg opp med ti slike merker nedover som då tok opp 178′ lodd­rett tekst­plass. Då fann eg ut at eg måtte finne ein betre måte å gjere det på, og i Figur 3 ser du korleis det blei.

Tradisjonelle fotnotesymbol etter kvarandre på eitt fotnoteavsnitt
Figur 3: Her ser du korleis det ser ut i LibreOffice: Tradisjonelle, klikkbare fotnotesymbol etter kvarandre på eitt enkelt fotnoteavsnitt. Bilete: Tor-Ivar Krogsæter © 2024.

Metoden eg nytta

Det fyrste du må gjere er å lage ein ny avsnittsstil for fotnotar. I LibreOffice, høgreklikk avsnittsstilen Fotnote og vel Ny …; då lagar du ein ny stil som arvar alt frå Fotnote-stilen din. I det nye vindauget er det ikkje so mykje du treng å endre på, faktisk bør alt vere som det er, med to unntak: Du må gjeve den nye stilen eit unikt namn og du må leggje inn nokre tabulatorar. I den fyrste fana (Handsamar (nynorsk) / Organiser (bokmål)) gjev du stilen din namnet du ønskjer, t.d. «Fotnote, 2 merker». Gå deretter til fana Tabulatorar.

Stildefinisjon

I det følgjande tek eg utgangspunkt i eit vanleg A4-ark som er 49,61 pica breitt og som har sidemargar på 4 pica, altso eit tekstområde på 41,61 pica. I tabellen under er namnet det eg gav fotnotestilane mine. Tabulatormerka er alle i pica; merke a er start fotnotenummer og merke b er start tekst.

Tabulatorinnstillingar for fotnoteavsnitt med fleire punkt
«Fotnote, x» Tab 0 Tab 1a Tab 1b Tab 2a Tab 2b Tab 3a Tab 3b Tab 4a Tab 4b
Alle måla er i pica og runda av til to desimalar, so 20,805 ≈ 20,81 pica.
2 merke 2,00 20,81 22,81
3 merke 2,00 13,87 15,87 27,74 29,74
4 merke 2,00 10,40 12,40 20,81 22,81 31,21 33,21
5 merke 2,00 8,32 10,32 16,64 18,64 24,97 26,97 32,29 34,29

Viss du vil spare deg litt ekstra tid, hugs at du kan setje kvar av stilane til å arve kvarandre; då treng du berre å definere dei nye tabulatorane for den neste stilen, heller enn kvar einskild ein.

Gjennomføring

Fleire plassar her syner eg til at eg har lagt inn ein tastatursnarveg, ein hurtigtast. For å gjere det, klikk Verktøy → Tilpass … og vel deretter Tastatur-fana. Her kan du leggje inn snarvegane dine. Dei viktigaste som eg nyttar til dette er:

  • Ctrl + F2: Kryssreferanse­vindauget.
  •  + F10: Set inn fotnote.
  • Ctrl +  + F10: Vel fotnote-vindauget (Fotnotar og
    sluttnotar …
    )

Det neste er å setje inn merka. Den fyrste fotnoten set du inn på nesten vanleg vis, men i stedet for å setje inn automatisk fotnote, set han til sjølvvalt teikn. Eg har laga meg hurtigtasten  + F10 for vanlege fotnoter og Ctrl +  + F10 for å åpne fotnote-menyen. Du finn han òg via Set inn → Fotnote og sluttnote⯈ → Fotnotar og sluttnotar …. I Teikn, tast stjerne (*).

Endre deretter fotnotestilen til t.d. «Fotnote, 4 merker» og set so inn dei øvrige teikna:

  • Tast 2020 og deretter Alt + X for †,
  • 2021 og Alt + X for ‡,
  • § () for § og
  • b6 og Alt + X for ¶.

Neste trinn er å legge inn kryssreferansar. Eg har lagt inn ein hurtigtast (Ctrl + F2) for å opne dette; viss du ikkje har den inne, gå via Set inn → Kryssreferanse …. Vel fana Kryssreferansar og i menyen til venstre vel Sett inn referansepunkt. For kvart av teikna som du sette inn sjølv, merk dei og gjev kvart av dei sitt eige namn slik: I feltet Namn gjev du kvar av dei namnet du ønskjer, gjerne etter kva du vil at dei skal peike til. For min del var det sidetalet for eit bestemt delkapittel, so eg kalla dei «Sidetal 37.1», «Sidetal 37.2» osb.

So skal me setje dei inn i teksten. Klikk i Set inn referanse i menyen til venstre og vel Referert tekst. Klikk no i teksten der du ønskjer at referansen skal inn og anten dobbelklikk Referert tekst eller klikk Set inn-knappen. Gå til neste punkt og sette inn neste referanse på same vis til du har plassert alle referansane.

Per no er dei alt for store, so me må omformatere dei til å vere skikkelege fotnoteanker. Dette er enkelt: Merk alle saman (venstreklikk til venstre for den, Ctrl + venstreklikk til høgre for den), hald inne Ctrl medan du gjentek på alle dei andre. Med alle ankera merka, opne teiknstilmenyen (F11, deretter fana Teiknstilar) og dobbelklikk fotnoteanker.

Viss du no ser at teikna ikkje ser bra ut, legg til eit par kommandoar etter skrift­namnet i skrift­stilen til fotnote­ankera. Viss skrifta er EB Garamond, skal skrifta no seie EB Garamond:sups&ordn. Desse gjer følgjande:

  • sups: superskripttal
  • ordn: superskriptbokstavar og andre ‑teikn

Vidare gå til plassering og fjern teiknforminskinga (den skal stå på 100 %) og senk skrifta til toppen av teikna er på line med overhenget (lina som går opp) på t.d. d eller l. Når det er rett plassert, ser det ut som i Figur 4.

Rett plassering av fotnoteanker. Illustrasjon: Tor-Ivar Krogsæter © 2024
Figur 4: Rett plassering av fotnoteanker. Skrift: EB Garamond. Denne skrifta er særleg god til slit, då ho har alle dei tradisjonelle fotnoteteikna innebygd med eigne superskriptvariantar. Illustrasjon: Tor-Ivar Krogsæter © 2024

Andre metodar

Det kan vere at du får behov for å sett inn større mengder tekst i spaltar slik som dette. Då kan det vere at ei betre løysing er å setje inn ein bolk. Denne bolken kan du gjeve x kolonnar og stille inn kor mykje luft du vil ha mellom kvar av dei, og vidare stille inn om dei skal vere jamnt fordelte eller ha manuelt innstilt breidde. For å setje inn ein slik bolk, gå via Set inn og klikk Bolk …. Eg har sett denne til hurtigtasten Alt + F2. Ein bolk sorterar teksten som vanleg tekst, men lèt deg få spaltar midt på sida der du ønskjer. Den einaste tingen du ikkje kan gjere, er å justere kor vid denne bolken skal vere; han kjem alltid (slik det no er) til å vere lik den heile og fulle sidetekstbreidda di.

Var det noko som var uklårt? Eller har du kanskje andre idéar til korleis ein kan gjere det? Du må gjerne kome med tips til meg òg; eg blir veldig glad for det.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

Jeg har nå valgt å ta sjansen på å la alle som ønsker få kommentere. For å forhindre uønskede robotkommentarer, har jeg valgt å slå på kommentarmoderering.

Ta hensyn og les over det du har skrevet før du sender det; et lite øyeblikk ekstra kan ofte gjøre verden et lite knepp bedre.