onsdag 4. oktober 2023

Ny studiepermisjon og eit hyggjeleg møte

For nokre dagar sidan skreiv eg om korleis det var å kome att på campus. Kva skjedde vidare?

For meg har depresjon blitt som ei olm løve: Ho (det er ein underleg ting at løve er hokjønn medan okse er hankjønn) er der stadig, men eg har blitt ein mykje dyktigare løvetemmar med åra, og no har eg stort sett kontroll på ho … men stort sett er ikkje alltid. Eg merka det godt når eg kom på campus att: Det var som om ho reiste seg og kasta den mørke skuggen sin over meg medan eg stod med ryggen til. Det tok meir enn eit par kremt å få ho til å setje seg ned att og roe seg, men eg greidde det etter kvart. Men ho var der; ho gjekk ikkje og ho snudde seg aldri vekk frå meg.

So kva skjedde etterpå? Og i dagane etter? Til å byrje med møtte eg på denne krabaten i tretoppane på veg frå universitetet gjennom Kelvingrove Park. Eg har aldri høyrt ekorn slik før, so det var veldig artig. Og kven blir vel ikkje oppmuntra av å sjå slikt?

Det var ikkje det einaste som var oppløftande. Praten med Lisa var, som eg fortalde, ei god oppleving. Ein av tinga eg skulle gjere etter at eg kom heim, var å sende den formelle søknaden om å få studiepermisjon; eg gjorde dette i går, skjønt eg daterte han til fredagen som var, for ho snakka om at det burde late seg gjere å tilbakedatere han, so eg tenkte det var greitt. Men eg hadde éin ting til på tapetet: Eg skulle treffe Matthew Fox.

Eit hyggjeleg gjensyn

For dei som har lest bloggen min før, kan namnet høyrast kjent ut. Matthew Fox var han som kom og møtte meg i London då eg hadde jobbsøkarsumaren min; det var takk vere han at eg faktisk søkte om ph. d.-plass her i Glasgow. Han sette meg i kontakt med Catherine Steele, og dei synte begge tilstrekkeleg interesse for prosjektet mitt at eg sette meg ned og søkte. Som eg skreiv for eit par dagar sidan, traff eg han att då eg var på tur opp til Lisa Irene Hau, og me avtalte etter det å møtast no i går.

So i går var dagen då eg skulle attende på campus for å treffe på han att. Møtet var triveleg. Me snakka litt laust og fast, og eg kjende nok ein gong på korleis det var å treffe slikt ei raus og varm menneskje som han er. Han får meg rett og slett til å føle meg vel. Slike som han kan kunsten å fortelje dei vanskelege tinga utan å samstundes få ein til å kjenne seg evneveik. Eg lét han då òg få vite korleis eg har slitt mellom anna med forholdet eg no har til rettleiaren min.

Møtet med han gjorde meg òg tilstrekkeleg gira til at eg i går sende han ein e-post på latin med lenkje til ein Metatron-video som eg tenkte kunne vere til nytte i latinundervisinga han no driv og planlegg.

Eg skal i dette tilfellet våge meg på å påstå at rettleiaren min er meir ein rettleiare enn ein vegleiar, slik Elin Legland problematiserte i artikkelen sin om utfordringa med å skrive mastergradsoppgåva si om vegleiing – eller «rettleiing» som det per no må heite i nynorsk.

Eg har fleire moglegheiter her. Lisa nemnde at det kan vere aktuelt med overføring til Edinburgh; det er ikkje fyrste gongen det har skjedd, og det skulle ikkje vere noko problem å gjere det som fjernstudent i Glasgow. I uansett tilfelle, er det jo ikkje lange reisen til Edinburgh, berre ein times tid frå sentrum. Matthew nemnde at det òg kan late seg gjere å få rettleiar der medan eg framleis er student her i Glasgow. Me får sjå kva tida byr på. I uansett tilfelle har eg no eit år til på meg til å faktisk prøve å bli frisk nok til å gjere dette.

Dette gjev ogso Kjersti tida ho treng, som er heilt essensielt. Ho jobbar fulltid no, men det er i eit eittårig vikariat. Men det latar til at ho trivst godt nok med det til at ho har bestemt seg for å søkje seg inn på rekneskapsstudium: eit grunnkurs på fem studiepoeng (til 45 000 kroner!). Dette kjem til å gjere ho kvalifisert som rekneskapsassistent, eit fyrste steg på vegen til fast jobb og trygg økonomi.

Ei anna moglegheit

Bilete av søknad motteken

Det siste, det er kanskje det som er aller viktigast for oss: Me har vel faktisk aldri hatt stabil, trygg inntekt over tid nokon gong. Då eg var på Emoon, blei me alle sparka utan løn og sumarpengar. Gartnarjobben var no ikkje full, og me hadde det uansett svært stridt i den tida; eg hadde sju stillingar på ein gong på det meste. Jobben på universitetet var uansett mellombels, og berre ei halv stilling. So kva gjorde me? So godt me kunne; me kunne ikkje anna. Det har alltid vore hardt arbeid med liten vinst. Då var tida no under valet ganske so oppløftande. Det var godt å ha noko å stå opp til kvar dag; det er det same Kjersti har sagt at ho kjenner på no.

So no har eg teke sjansen: Eg har søkt meg jobb i Øygarden. Me får sjå kva som skjer! Eg veit iallfall at eg har nokon som heiar på meg.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

Jeg har nå valgt å ta sjansen på å la alle som ønsker skrive en kommentar. For å forhindre uønskede robotkommentarer, har jeg valgt å slå på kommentarmoderering.

Ta hensyn, og les over det du har skrevet før du sender det.