fredag 13. oktober 2023

Gladmelding frå skattekontoret

Dei som kjenn til korleis året har vore, veit at me hadde det veldig, veldig trongt økonomisk. Me hadde so låg inntekt i fjor haust og til omkring mars at me ikkje hadde nok til mat; me måtte få matkupongar. Me måtte faktisk låne ein god del privat, for inntekta mi (og det var alt me hadde) var £ 18,75 per veke. Eg hadde noko ekstra som kom mot slutten av året, då eg endeleg fekk betaling for undervisinga eg hadde gjort på universitetet, men totalen der var ikkje meir enn nokre hundre pund. So det var hardt, veldig hardt.

Brev frå HMRC 2023 som fortel meg at eg har fått attende på skatten.
Brev frå HMRC som fortel meg at eg har fått attende på skatten. Og no har eg lært meg korleis eg pikselerer eit bilete i GIMP.

Litt etter kvart blei det betre, eg fekk meg fleire elevar, og dei to siste månadane før Kjersti fekk seg vikariat som rekneskapsførar, klarte me oss akkurat, so lengje inkje uføresett skjedde. Det er tungt å betale skatt når ein har so låg inntekt. At me difor no får att pengar på skatten, var ei veldig hyggjeleg overrasking, og eg veit akkurat kva eg ikkje skal bruke det på: rekningar.

Det artigaste med det heile, er at det faktisk kom som ein sjekk. Eg har ikkje handtert ein einaste sjekk sidan eg var konfirmert – sidan 1995! – so i morgon skal eg finne ut korleis eg løyser inn sjekken, for det veit eg faktisk ikkje. Artig!

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

Jeg har nå valgt å ta sjansen på å la alle som ønsker skrive en kommentar. For å forhindre uønskede robotkommentarer, har jeg valgt å slå på kommentarmoderering.

Ta hensyn, og les over det du har skrevet før du sender det.