tirsdag 26. september 2023

Attende på campus

I dag våga eg meg attende på campus etter eitt einaste besøk tidlegare i løpet av permisjonsåret som har gått. So korleis er det å vere her att?

Attende på campus

Det var rart å kome hit att. Eg kjende magen knyte seg berre av å bestemme meg for å fare vidare med bussen mot campus, heller enn å gå av i sentrum; og når eg trykte på stoppknappen for å gå av attmed Kelvingrove Park, kjende eg det enno sterkare. So var det vegen gjennom parken, nærmare universitetsplassen, før eg til slutt tok motet til meg og faktisk bestemte meg for å gå heilt til campus. Eg hadde ikkje trudd at eg skulle kome meg hit, men eg gjorde det.

Eg må no berre, for slik er eg no ein gong. Ordet campus, norsk uttale /ˈkɑ́m.pʉ̀s/, latinsk uttale [ˈkämpʊs̠], er av latinsk opphav og har den opphavlege forma campus, ‑ī. Det tyder ‹slette; samtaletema (samtale-slette), debattema (debatt-slette); handlingsrom; moglegheit; grøde›. Ordet er dessverre ikkje definert i de Caprona sitt storverk, men Wiktionary seier at etymologien går tilbake til protoindoeuropeisk *kh₂ém-po-s < *kh₂emp- ‹å bøye, kurve; glatte›, eller at det er eit jordbruksuttrykk lånt frå eit anna språk.

På veg inn på campus, medan eg venta på grøn mann, stod det nokon på den andre sida av gata som eg meinte eg kjende att. Han drog kjensel på meg, eg helste, og det var han eg trudde det var: Matthew Fox. Eg tok han i handa og helste på han, og han var glad for å sjå meg og spurde korleis det gjekk med meg. Betre, svara eg. Han hadde tenkt på meg fortalde han, og ville gjerne skrive åt meg seinare so me kunne treffast.

Bilete av Sculpture Courtyard, University of Glasgow, foto Tor-Ivar Krogsæter
Skulpturplassen mellom bygga tilhøyrande universitetsbiblioteket. Foto: Tor-Ivar Krogsæter.

No sit eg inne i studie­området på universitets­biblioteks­foajéen. Eg har det omtrent slik skulptur­plassen her ute har det: grått og lite inn­bydande. Det er fyrste steg for meg, fyrste reelle steg iallfall. Eg skreiv til Watson for ei veke sidan og har ikkje høyrt noko meir; eg skreiv til Hau for eit par dagar sidan, og må nok vente litt meir før eg høyrer noko frå det haldet òg, skulle eg tru. Då eg skreiv til Omissi tidlegare i år, blei det nokso klårt for meg at eg ikkje er ønskt her meir, iallfall ikkje frå den staden. Det er ikkje nokon grei måte å prøve å stable seg på beina att. Spørs­målet no er om eg skal våge meg vidare eller ikkje. Kjersti var tydeleg då me satsa på dette: No går me inn med begge beina til det er fullført. Eg veit eg har støtte der. Fox har òg vore svært støttande; eg har verkeleg kjensla av at han ønskjer at eg skal gjere dette. So eg har støtte heimefrå og eg har støtte frå nokre hald her. Er det nok? Som dei seier i Flåklypa: Time vill sjåvv.

Nokre tankar kveldstid

So blei det altså ikkje til at eg posta dette no på dagen; eg ville gjerne høyre om det var greit at eg skreiv det som eg gjorde (noko det var). Men ja, kva har skjedd sidan då? Eg har fått svar frå so vel Watson og Hau som Fox. Watson er viljug til å vere med i samtalen min om eg ønskjer det, Hau tek gjerne imot meg allereie denne veka, og Fox ville gjerne treffe meg no i veka som kjem. So eg har greidd å take tak i saken som plaga meg. Det har vore ein bøyg. Og eg prata litt i kveld om kva eg skulle gjere vidare. Per no har me ikkje råd til at eg studerer, so enkelt er det. So er spørsmålet: Skal eg i det heile gjere det? Det kan sjå ut til at det ikkje lèt seg gjere, når det kjem til stykket. Men no til å byrje meg skal eg no iallfall konsentrere meg om éin ting: å finne ut om eg kan forlengje permisjonen min.

Ikkje alle draumar er meint å bli.

Ingen kommentarer :

Legg inn en kommentar

Jeg har nå valgt å ta sjansen på å la alle som ønsker skrive en kommentar. For å forhindre uønskede robotkommentarer, har jeg valgt å slå på kommentarmoderering.

Ta hensyn, og les over det du har skrevet før du sender det.